Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal (Dokumentet vil bli kontinuerleg oppdatert og informasjonen som ennå ikkje er fylt ut vil bli klar i tida fram mot studiestart. Endringar kan koma.) Velkommen til PPU- allmenne fag- heiltid på campus Sogndal. I studiehefte finn du relevant informasjon om innhald og organisering av PPU-A-H. Det er viktig for deg som student å vere orientert og med i drøftingar som kan utvikle kvaliteten av studiet. Innhald Organisering... 1 Arbeidsformer... 1 Arbeidskrav... 2 Praksis... 2 Anbefalt litteratur... 4 Eksamen... 4 Studentmedverknad... 4 Viktige lenker... 5 Kontaktpersonar... 5 Organisering Studie inneheld 30 studiepoeng i pedagogikk og 30 studiepoeng i fagdidaktikk. Desse er delt inn i to emne: Haust: Leiing av læreprosessar Vår: Skulen i samfunnet Fagdidaktikk og pedagogikk er integret i emna, men har i hovudsak undervising kvar for seg. Pedagogikk har fellesundervising med alle på PPU-A-H. Faglærar i pedagogikk har studiekoordinatorfunksjon (emneansvar). Studiet skal kople teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gi framtidige lærarar ein startkompetanse. Det er undervising kvar veke, om lag 6 timar med pedagogikk, og 4-6 timar med fagdidaktikk. I tillegg vil det vere felles profesjonsdagar med sentrale tema for lærarolla. Arbeidsformer Eit mål med lærarutdanninga er at du som student skal utvikle både praktisk og teoretisk kunnskap og forståing for korleis du som lærar kan gjere pedagogiske val og utvikle didaktiske handlingsrom i ein kompleks skulekvardag. I den samanheng er det viktig at du som student er aktiv og deltakande i undervisinga. Det er lagt opp til studentaktive arbeidsformer som arbeid med tekstar, gruppearbeid, diskusjonar, presentasjonar m.m. I tillegg er det tradisjonelle førelesingar, og førelesingar kombinert med varierte arbeidsformer.
Arbeidskrav Leiing av læreprosessar. PPU-H Haust, PPU-deltid haust/vår Arbeidskrav Fag Tema Form Arbeidskrav 1 Pedagogikk Observasjon/ Skriftleg Lærarrolla Arbeidskrav 2 Pedagogikk Læringsperspektiv Blogg? Vurdering Arbeidskrav 3 Pedagogikk Klasseleiing Skriftleg munnleg/ munnleg Arbeidskrav 4 Fagdidaktikk Val ulike tema Munnleg/ Arbeidskrav 5 Pedagogikk Danning- kritisk tenking skrifteleg Munnleg gruppe Skulen i samfunnet. PPU-H haust, PPU- deltid haust/vår Arbeidskrav Fag Tema Form Arbeidskrav 1 Pedagogikk Lærar i utvikling Utviklingsarbeid Arbeidskrav 2 Pedagogikk Berekraft-tverrfagleg, fleirfagleg Skriftleg/munnleg Arbeidskrav 3 Pedagogikk Utfordringar i praksis Arbeidskrav 4 Pedagogikk Tverrprofesjonelt samarbeid Munnleg/skriftleg Refleksjonsnotat Refleksjonsnotat NB! Førebels arbeidskrav det kan bli justeringar. Meir informasjon om arbeidskrav i Canvas. Praksis Det er 12 veker praksis på PPU-A-H. 6 veker i grunnskulen og 6 veker i den vidaregåande skulen. Haust 2019: Veke 42-47 i vidaregåande skule, 1 veke observasjon (veke 42) Vår 2020: Veke 5-11 i grunnskulen, 1 veke observasjon (veke 5) HVL campus Sogndal har avtalar med skular i Sogn og Fjordane om praksisplassar til studentane. Praksiskoordinator på HVL har ansvar for koordinering av praksisplassar, og gjer avtalar med praksisskulane. Studentane kan kome med ynskje. Praksiskoordinator i lag med studiekoordinator og programleiar avgjer fordelinga av plassar med utgangspunkt i dei rammevilkåra som ligg føre.
Første veka i praksisperioden haust og vår er studenten observatørar. I dialog med student og praksisrettleiar kan studenten gjennomføre undervising første veka. Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere undervisinga, og delta i vurderingsarbeid i lag med praksisrettleiar. Studenten skal og delta på undervisingsrelaterte oppgåver som samarbeidsmøte rundt elevar, andre samarbeidsfora, førebuing, observasjon av medstudent/lærarar og andre oppgåver som kan liggje til lærarolla i skulekvardagen. Den einskilde praksisperioden skal ha eit omfang som svarar til 30 arbeidsdagar og 250 arbeidstimar. Praksisen skal innehalde: a. Eiga undervising: minimum 50 timar b. Eiga planlegging: minimum 50 timar c. Undervisingsrelaterte aktivitetar: minimum 30 timar (teamarbeid, foreldremøter, samarbeidstid, felles planlegging, observasjon av andre sin undervising mm) d. Observasjon: minimum 20 timar e. Rettleiing: 25 timar Punkt a.-e svarar til 175 timar. Dei siste 75 timane disponerer du og praksislærar fritt på punkta a.-d. Praksis skal i hovudsak gjennomførast i opptaksfaget ditt, men for at praksisen skal kunne bli heilskapleg og mogleg å gjennomføre kan studenten undervise i andre fag etter avtale med rektor og praksislærar. Høgskulen sitt ansvar: Instituttleiar/programansvarleg ved praktisk-pedagogisk utdanning har fagleg ansvar for praksisopplæringa. Programansvarleg og praksiskoordinator har ansvar for å informere om praksisopplæringa. Praksiskoordinator: gjere avtale med praksisskular om praksisplassar for studentar arrangere praksisførebuande møte på Adobe Connect kommunikasjon med praksisfeltet Faglærarar, studiekoordinator og profesjonsrettleiar: delta på eller leie praksisførebuande møte synleggjere praksisrelaterte og fagdidaktiske sider ved faga følgje opp enkeltstudentar i praksis besøke praksisskulen der studentane gjennomfører praksis (i den grad det lèt seg gjere). Faglærar kontaktar praksislærar i rimeleg tid før praksisbesøket Ved praksisbesøket kan faglærar: vere til stades i undervisinga som observatør rettleie etter behov og ynskje ha samtale med studentane og praksislærarane Praksisskulen sitt ansvar Rektor/praksiskoordinator: hovudansvaret for praksisopplæringa på praksisskulen ansvar for å informere studentane om skulen som organisasjon, skuleleiing, pedagogisk plattform og utviklingstiltak
ansvar for å signere avtale om praksisopplæring ansvar for å sende inn refusjonskrav til høgskulen sende vurdering pr. vanleg post til høgskulen seinast 14 dagar etter praksis er avslutta. Praksisrettleiar sitt ansvar: praksisopplæringa i praksisskulen, inkludert rettleiing dvs. før-under - etterrettleiing vurdere studentane i praksisopplæringa og skrive praksisvurdering delta på praksisførebuande møte gjennomføre ein individuell samtale midtvegs i praksisperioden løpande skikkavurderinga av studentane skrive praksisvurdering for kvar student, der den signerte eigenvurderinga frå studenten er inkludert. levere vurderinga til rektor for signering. Studenten sitt ansvar studentane har ansvar for å orientere seg om dei retningslinene som gjeld for ein lærar (instruks, lover, føresegner og gjeldande planar).retningslinene gjeld òg for ein student som er i praksis). studenten skal ta kontakt med praksislærar og lage planar før praksisperioden tek til studenten har ansvar for førebuing, gjennomføring og etterarbeid av praksisopplæringa. studenten skal avtale med praksisrettleiar innlevering av øktplan/undervisningsplan. Anbefalt litteratur Lenke kjem. Eksamen Vurderingsform Haust: Leiing av læreprosessar: Heimeeksamen Ei oppgåve fagdidaktikk. Ei oppgåve pedagogikk. Vår: Skulen i samfunnet Semesteroppgåve. Justerande munnleg eksamen. Eksamensoppgåve: Informasjon i Canvas. Sensorrettleiing: Informasjon i Canvas. Studentmedverknad Det skal veljast ein representant som kan sitje i referansegruppa for studiet. I denne gruppa skal også ein representant frå praksisfeltet og frå faglærarane, studiekoordinator og studieprogramansvarlig
vere til stades. Her kan studentane ta opp forhold som kjem opp undervegs og drøfte moglege justeringar av læringsaktivitetane. Referansegruppa skal ha to møter i året; haust og vår. Viktige lenker Studieprogramplan Emneplan Forskrift Nasjonale retningslinjer Nasjonal strategi for lærarutdanning 2025 Kontaktpersonar Studiekoordinator: Marit Irene Uglum Praksiskoordinator/studierettleiar: Kirsti Møller Bruland Opptakskontoret: Karin Stormo Studentombod: Sindre Rødne Dueland Studieprogramansvarleg: Anne Kristin Rønsen