Retningslinjer for PRAKSIS 2. FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 2 Studieåret
|
|
- Sara Karlsen
- 6 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Retningslinjer for PRAKSIS 2 FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 2 Studieåret Studiekoordinator : Praksiskoordinator : Karen Brænne Britt Loven Ølnes 11. september 2014
2 INNLEIING Praksisopplæringa er ein integrert del av heile faglærarutdanninga, der profesjonsfaget skal danne grunnlag for profesjonell utøving av faget. Profesjonsfaget er tredelt, der pedagogikk, fagdidaktikk og praksis utgjer hovudtyngda i profesjonskunnskapen og ha nær kopling til innhald og arbeidsmåtar i dei praktiske verkstademna i studiet. Såleis vil også faglærarane ved desse emna dele på det faglege ansvaret for praksis, både integrert i undervisninga og som basisgruppeleiarar for kvar sitt praksisparti og samarbeidspart for praksislærarar. Omfanget av praksis er 14 veker og skal fordelast over alle 3 studieåra. Gjennom gradvis progresjon, skal studenten tileigne seg kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse til å fylle heile lærarrolla. Praksis skal leggjast opp med progresjon frå år til år, slik at studenten kan få ei gradvis utvikling frå gruppestøtta praksis til å bli ein meir sjølvstendig aktør i klasserommet. Praksisopplæringa skal vere variert, rettleia, vurdert. På skular der studenten skal følgje to lærarar, er det ønskjeleg at det er ein lærar som er høgskulen sin kontaktperson. Første studieåret har praksis eit omfang på 4 veker og vil i hovudsak bli lagd til barnetrinnet i grunnskulen, der hovudtemaet for praksis skal vere lærarrolla, lærararbeidet og læraren si tilrettelegging for læring i kunst og handverk, men òg få erfaring med faget slik det blir brukt som metode i andre grunnskulefag. Andre studieåret har praksis eit omfang på 6 veker, 3 veker i haustsemesteret og 3 veker i vårsemesteret. Hovudtemaet vil framleis vere lærarrolla, men no gå meir i djupna på emne som gjeld eleven, elevmangfaldet og eleven sitt møte med skule og fag. Praksis vil andre året i hovudsak bli lagd til ungdomstrinnet og ha eit meir kunst og handverksfagleg fokus. Tredje studieåret vil praksis bli lagt til vidaregåande skule, kulturskule eller annan opplæring og formidling som er knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vaksne. Her skal ein også sjå på skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og sentrale instansar utanfor skulen. 2
3 INNHALD OG ORGANISERING AV PRAKSIS 2. STUDIEÅR 6 veker praksis 2. studieår ligg som 3 veker i haustsemesteret og 3 veker i vårsemesteret. Praksis vil i hovudsak bli lagd til ungdomstrinnet og ha eit meir kunst og handverksfagleg fokus. Hovudtemaet vil framleis vere lærarrolla, men no gå meir i djupna på emne som gjeld eleven, elevmangfaldet og eleven sitt møte med skule og fag. Kvar praksisgruppe er til vanleg på 4 studentar og skal ha timar i klasserom og 9-11 timar rettleiing pr. veke. I tillegg må praksislærar møte fagmiljøet på høgskulen til informasjon og samarbeid om praksis. Møta vert gjennomførte før 1. praksisbolk, mellom 1. og 2. praksisbolk og etter 2. praksisbolk. Til vanleg er tidspunktet for slike møte frå kl og Det er knytt eit arbeidskrav til kvar praksisperiode og dei må vere godkjende for å få stått praksis. Praksisperiode 1, 15 dagar haust 2014 Studenten møter praksis med erfaringar frå praksis 1. studieår. Det er likevel viktig at studenten får ein gradvis start med «påhøyring» innleiingsvis. Dette kan vere delar av eller heile dagar og kan ha ei fleksibel organisering. Det er viktig at studenten no får individuelt ansvar for tilrettelegging og leiing av læring i kunst og handverk under kyndig rettleiing frå praksislærar. Viktig at studenten i denne delen av praksis lærer seg gode planleggings- og gjennomførings rutinar. Observasjon av læringssituasjonar både ute og inne er framleis viktig. Planane skal byggje på den didaktiske relasjonsmodellen og leverast som rettleiingsgrunnlag. Viktig at medstudentane blir trekte aktivt og forpliktande inn i rettleiings-/tilbakemeldingsarbeidet. Arbeidskrav knytt til praksisperiode 1 Arbeidskravet er ei gruppeoppgåve og skal handle om verkstadkompetanse. Studentane gjer observasjonar og kartlegging i praksis, som dei etter praksis skal bearbeide og presentere munnleg og IKT basert i ei fritt valt digital presentasjonsform. Det blir laga ei eiga oppgåve formulering til dette. Gruppa vil få ei munnleg tilbakemelding etter presentasjonen og vurderingsuttrykket er godkjent / ikkje godkjent. Praksisperiode 2, 15 dagar vår 2015 Studentane skal i denne perioden ha større individuelt ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av eit større opplegg som går over tid. Prosessen omhandlar planlegging, førrettleiing, gjennomføring, etter-rettleiing og evaluering. Studenten skal vurdere læringsutbyte og måloppnåing til ulike elevar og vurdere eiga utvikling som lærar mot fagkompetanse, klasseromsleiing og relasjonskompetanse. Arbeidskrav knytt til 2. praksisperiode Arbeidskravet er ei individuell skriftleg oppgåve med eit gitt tema og form og ha eit omfang på 1200 ord. Studentane hentar stoff til arbeidet i praksis og bearbeider stoffet etter praksis. Arbeidet skal formidlast til ei relevant målgruppe. Det vil bli formulert ein eigen oppgåvetekst for arbeidet. Vurderingsuttrykket er godkjent /ikkje godkjent. 3
4 VURDERING AV PRAKSIS Praksis vert vurdert med karakteruttrykket stått/ ikkje stått. For å få stått praksis må begge arbeidskrava frå praksisperioden vere godkjende. Det er utarbeidd skjema med vurderingskriterium som praksislærar skal bruke. Skjema er å finne på heimesida til HVO. Praksislærar drøftar vurderinga med basisgruppeleiar og gjennomfører ein vurderingssamtale med kvar student ved midtvegs- og sluttvurdering Vurdering skal skje til slutt i praksisperiode 1, midtvegs og til slutt i praksisperiode 2. Midtvegsvurdering skal gi signal om vurderinga til slutt kan verte stått eller ikkje stått. Det skal vere tydeleg kva studenten må arbeide meir med. Studenten skal ha kopi av midtvegsvurderinga. Studenten blir vurdert ut frå: Relasjons- og yrkesetisk kompetanse: Studenten møter presis, tek ansvar og møter budd til undervisning Studenten har engasjement og positiv haldning til lærarprofesjonen Studenten viser evne til samarbeid og syner evne til endring og utvikling i høve til rettleiing som blir gitt Studenten viser evne til å ha dialog med elevar og til å byggje gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer Klasseromsleiing, fag- og fagdidaktisk kompetanse: Studenten si evne til å vurdere læringsutbyte og måloppnåing til ulike elevar Studenten si evne til sjølvstende og evne til å vurdere eiga utvikling som lærar mot fagkompetanse, klasseromsleiing og relasjonskompetanse Studenten kan oppsummere læringsarbeidet og læringsutbytet, følgje opp arbeid frå læringsøkta og motivere til vidare aktivitet Studenten har relevant og god fagkompetanse Rutinar i samband med karakteren "Ikkje stått" i praksis Dersom ein student får karakteren «Ikkje stått» i praksis 2. studieåret, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på to veker i løpet av studieåret. Dette vert gjennomført etter avtale med praksisansvarleg. I desse to vekene får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten «Ikkje stått» også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet. Skikkavurdering Når det gjeld vurdering av om ein student er skikka for læraryrket skil ein mellom løpande og særskild skikkavurdering. Løpande skikkavurderinga skal gå gjennom heile studiet, medan særskild skikkavurdering byrjar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil melde frå om tvilen til fagansvarleg. Det skal nyttast eit eige skjema til dette. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i 4
5 Lov om universitet og høgskular, 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av KUF 16. august 1999 og i rammeplanar for lærarutdanningane fastsett 3. april Meir om forskrift om skikkavurdering i lærarutdanninga finn ein på: Vi tek likevel med 2: Kriterier ved vurderingen av om en student er skikket er: a) studenten viser manglende vilje eller evne til omsorg og til å lede læringsprosesser for barn og unge i samsvar med mål og retningslinjer for barnehagens og skolens virksomhet b) studenten viser manglende vilje eller evne til å ha oversikt over hva som foregår i en barnegruppe eller klasse og ut fra dette skape et miljø som tar hensyn til barn og unges sikkerhet og deres psykiske og fysiske helse c) studenten unnlater å ta ansvar som rollemodell for barn og unge i samsvar med mål og retningslinjer for barnehagens og skolens virksomhet d) studenten viser manglende vilje eller evne til å kommunisere og samarbeide med barn, unge og vaksne e) studenten har problemer av en slik art at han/hun fungerer svært dårlig i forhold til sine omgivelser f) studenten viser for liten grad av selvinnsikt i forbindelse med oppgaver i lærerstudiet g) studenten viser manglende vilje eller evne til å endre uakseptabel adferd i samsvar med veiledning 5
6 ANSVAR OG OPPGÅVER I PRAKSIS Studentane har obligatorisk frammøte til all praksis, førebuing og etterarbeid og møter presis har ansvar for eit aktivt læringsarbeid i førebuing, gjennomføring og etterarbeid leverer rettleiingsgrunnlag / planleggingsskjema for alle undervisingstimar til praksislærar til fast tid ( innan arbeidstida til læraren) går inn under Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og har m.a. teieplikt. Studenten skriv under ei fråsegn om teieplikt i praksisperiode 1. har god åtferd og høvelege spåkbruk og er budd til timane Studiekoordinator har ansvar, saman med praksiskoordinator, for utforminga av emneplan for praksis skal saman med basisgruppeleiar og praksiskoordinator, lage praksisoppgåver. Praksiskoordinator gjer avtalar med praksisskulane og organiserer praksisplassar lagar retningsliner for praksis og har ansvar for å informere om praksisopplæringa kallar inn til og organiserer praksisførebuande møte organiserer studentane i basisgrupper med basisgruppeleiar har det overordna ansvaret for kontakt med praksisskule og studentar skal kontaktast ved eventuell permisjonssøknad frå studentar Basisgruppeleiar har ansvar for praksisoppfølging på praksisskulen og skal: - observere studentane si undervisning og ta del i før- og etterrettleiing - ha samtale med studentar og samtale med praksislærar om vurdering av studenten Praksislærarane har ansvar for praksisopplæringa er i samsvar med emneplan for praksis har ansvar for informasjon til studentgruppa i innleiande praksismøte på høgskulen skal i starten av kvar praksisperiode, ha ei forventingssamtale med studentane gir studentane før- og etterrettleiing ut frå rettleiingsgrunnlaget har ansvar for avtale med basisgruppeleiar for praksisoppfølging gir midtvegsvurdering og sluttvurdering med utfylling av skjema for praksisvurderinga og tek kontakt med basisgruppeleiar eller praksisansvarleg ved tvilstilfelle skal evaluere praksisgjennomføring, med særleg fokus på sin skule som læringsarena. Praksislærar og fråvær frå praksis. Korte fråvær: Praksispartiet kan ta ansvar for klassen, men praksislærar må syte for at ein annan lærar er tilgjengeleg som hovudansvarleg for klassen. Den faste praksislæraren tek ansvar for planlegging, og skal gje studentane rettleiing. Høgskulen får melding om dette. Lange fråvær: Praksisskulen v/rektor vurderer ordnar med vikar for fråverande praksislærar. Praksisansvarleg må gjerast kjend med kven som skal vere vikar for å sikre nødvendig informasjon og at vikaren kan gje studentane rettleiing. Ein student kan ikkje vera løna vikar. 6
7 PRAKSISOPPFØLGING, MØTE OG RETTLEIING Praksisførebuande møte på høgskulen Møte mellom student, praksislærar og basisgruppeleiar. Praksislærar presenterer plan for praksisperioden som viser undervisningstid og rettleiingstid, kva fag og klasse undervisninga skal skje i. Studentane førebur seg på å presentere gjennomgått fagstoff. Praksislærar og basisgruppeleiar gjer avtale om dag og tid for praksisoppfølging i si gruppe. Studentane møter praksiskulen Her får studentane generell informasjon om praksisskulen (t.d. reglement for skule og/eller klasse, vaktordningar, bruk av kopimaskin og PC, bibliotek, rom for undervising, rom til studentane sitt føre- og etterarbeid, rom til rettleiingstimane osv.) Det blir orientert om undervisningsplanar, semester og årsplanar, elev-/klasselister Praksisoppfølging på praksisskulen Basisgruppeleiar kjem til praksisskulen til avtalt tid og skal ta del i i ulike delar av studentane sin praksis og på den måten danne seg eit bilete av studentane i si praksisgruppe. Praksislærar legg fram midtvegsvurderinga og drøftar den med basisgruppeleiar. Rettleiing Eit «arbeidsfellesskap» hvor målet er å gi kvalifisert hjelp til eleven, slik at han eller hun kan gjøre kloke valg og handlinger. (jf. Høigaard, Jørgensen og Mathisen, 2001).Rettleiinga går føre seg i samtaleform og er prega av medviten refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksisfeltet. Rettleiingstida er sett til 9 11 timar pr. veke. Under rettleiinga er det viktig å halde fokus på den som får rettleiing. Det er alltid viktig å ha fokus på det konstruktive og på det å finne gode løysingar, slik at studenten kan kome vidare i utviklingsprosessen og bli tryggare i lærarrolla. Praksisrettleiing er ei yrkesfagleg rettleiing til ein student eller ei studentgruppe og tek opp: forhold mellom teori og praksis studenten si eiga lærarverksemd utvikling av studenten sin praksisteori (studenten si forståing av kva praksis er). Råd om rettleiing Fokuser på å skape eit trygt rettleiingsmiljø og gi tydelege, konkrete og konstruktive tilbakemeldingar slik at studentane vert meir medvitne, kritiske og reflekterte Ver godt budd og ha struktur og orden på rettleiinga. Still tydelege krav til studenten men ha best mogeleg «takhøgd» med tanke på studenten sine behov, synspunkt og idear. Forventingssamtale Ved oppstarten av kvar praksisperiode skal det gjennomførast ein forventingssamtale der praksislærar og student avklarar gjensidige forventingar og krav for den komande 7
8 praksisperioden. Dette er med på å leggje eit godt grunnlag for gjennomføring av praksis. Viser vidare til boka Praksislæraren av Vivi Nilssen (2010). Samtalen kan handle om: Tydeleg avtalar om frammøte, rutinar og arbeidsoppgåver Rolleavklaring for dei ulike aktørane i klasserommet i ein undervisningssituasjon Studenten sine utviklingsmål for praksisperioden. Ta utgangspunkt i forbetringspotensialet, slik det kjem til uttrykk i tidlegare praksisvurderingar. Avtale om tidsfristar for når praksislærar forventar innlevering av rettleiingsgrunnlag Retningslinjer i tilfelle sjukdom, når skal det meldast og til kven. Aktuelle tema for rettleiingstimane Praksislærar skal vere tydeleg rettleiar og rollemodell. I rettleiingstida skal studentane få kunnskap om følgjande tema: Praksislærar og skulen sitt systematiske arbeid for å utvikle eit godt læringsmiljø Praksislærar og skulen si forståing av arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter Planlegging av undervisning i lys av Kunnskapsløftet og skulen sin utviklingsplan Planar som undervisningsverkty, frå rammeplan til semesterplan, periodeplan og timeplan Vurdering for læring i høve ulike læreføresetnader og kulturell bakgrunn Individuell elevrettleiing, systematisk bruk av elevsamtalen i tilpassa opplæring Skule heim samarbeid Rettleiingsgrunnlag Rettleiingsgrunnlag er ein skjematisk plan for undervisninga og fungerer som planleggingsskjema for undervisningsøkta. Denne skal leverast til praksislærar og medstudentar til avtalt tid før gjennomføring ( innanfor arbeidstida). Her skal studenten grunngje faglege og pedagogiske mål. Ved praksisoppfølging skal rettleiingsgrunnlaget også sendast til basisgruppeleiar seinast dagen før, innan kl Skjema er å finne på s. 10. Før-rettleiing Føremålet med å levere rettleiingsgrunnlag er å få før-rettleiing, der ein skal diskutere opplegg/idear med omsyn til mål, fagleg innhald, rammer, elev- og lærarføresetnader, arbeidsmåtar, organiseringsformer og vurderingsformer. Avklare kven som skal gjere kva. Gjennomføring i klasserommet Praksislærar og observerer og noterer med utgangspunkt i rettleiingsgrunnlaget. Notatane kan gjere rettleiinga meir konkret og konstruktiv og vere eit godt grunnlag for vurdering av studenten. Medstudentar observerer og noterer til aktiv bruk i etterrettleiinga. Etterrettleiing Etterrettleiing tek utgangspunkt i rettleiingsgrunnlaget og observasjonane. Studenten sjølv formidlar eigne opplevingar og erfaringar og evaluerer eiga rolle som lærar. Medstudentar tek aktivt del i etterrettleiinga med sine observasjonar og refleksjonar. Gi tilbakemelding og tankar/refleksjonar omkring studenten sin veg vidare i praksis. 8
9 Didaktisk relasjonsmodell og rettleiingsgrunnlag Rettleiinga ved faglærarlærarutdanningane ved Høgskulen i Volda bygger på didaktisk relasjonstenking. Gunnestad 2008) ELEV (ELEVFØRESETNADER/LÆREFØRESETNADER) Orientering om klassen: kva føresetnader har elevane for å lære? Ta med berre det som er pedagogisk relevant i denne samanhengen. RAMMER Kva rammer har vi å arbeide innanfor? Kva kan hindre eller fremme undervisinga? Ta med berre det som er relevant i denne samanhengen. MÅL Set opp læringsmål på ulike nivå. Overordna mål i LK06 (formulert i generell del og i prinsipp for opplæringa) Føremål i faget (faga)kompetansemål i faget (faga) Konkrete læringsmål (arbeidsmål): kunnskapsmål, handlingsmål og haldningsmål INNHALD Kva innhald, kva kunnskap legg du vekt på? ARBEIDSMÅTAR/ LÆREPROSESSEN Arbeidsmåtar, elevgruppering, læraren si rolle. Kva læringsmiljø ønskjer du å utvikle. Grunngjeving!! VURDERING Korleis planlegg du å vurdere elevane sitt arbeid? Kva vil du vurdere? Korleis vil du vurdere? Kvifor vil du vurdere? KVA ØNSKJER DU RETTLEIING I? Kva ønskjer du særleg rettleiing i før gjennomføring av undervisingseininga? Kva ønskjer du særleg at øvingslærar og medstudentar skal gi tilbakemelding på? Ver så konkret som mogleg. 9
10 RETTLEIINGSGRUNNLAG Student: Dato: Elevgruppe: Tid: Fag: Læreplanmål: Generelle mål, kompetansemål-lk06. Grunnleggande ferdigheiter. Elevføresetnader: Læreføresetnade,; motivasjon, kunnskapar, haldningar, ferdigheiter osv. Rammefaktorar: Lærarar, læremiddel, rom, timeplan osv Mål for økta: Kva skal elevane ha lært etter dagen/økta-fagleg/sosialt? Grunngjeving. Innhald: Kva skal elevane lære om/-tileigne seg. Konkretisering av lærestoff. Arbeidsmåtar: a) Kva lærngsaktivitetar skal elevane ha for å lære. b)grunngjeving. Vurdering: Korleis vil du som lærar finne ut av kva elevane har lært har planen fungert? Eg ønskjer rettleiing på/i: 10
11 FRAMMØTE OG PERMISJONAR FOR STUDENTAR I PRAKSIS Dei nasjonale retningslinjene presiserer at ein faglærarstudent skal gjennom utdanninga ha 40 dagar rettleidd og vurdert praksis. Følgjande reglar for fråvær/permisjon frå praksis vert praktisert: 1. Praksis/praktisk lærarbeid er ein obligatorisk del i alle åra i faglærarutdanninga. 2. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, til praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i tilknyting til praksisperiodane/samtaletimane og til teoriundervisning/planlegging/etterarbeid knytt til praksisoppgåva. 3. Permisjon: Praksislæraren kan gi permisjon for inntil 3 timar. Permisjon for meir enn 3 timar skal rettast til praksiskoordinator. Praksislæraren får melding om permisjonen. Merk at det ikkje vert gitt permisjonar til ferie, konsertar, fotballfinalar og liknande. 4. Dersom studenten vert sjuk eller av anna særleg gode grunnar ikkje kan møte til praksis, må ho/han snarast melde frå til praksislærar/rektor ved praksiskulen og til praksiskoordinator ved Høgskulen i Volda. Ved sjukefråvær over 3 dagar leverer studenten sjukmelding frå lege til praksiskoordinator. 5. NB! Alle permisjonar, også sjukdom og liknande, tel med i fråværs-«kvoten» som er på 10 % i praksis i kvart studieår. Om ein student har meir enn 10 % fråvær/permisjon frå praksis må studenten ta att dagar slik at studenten kjem over 90 % frammøte i praksis. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator. 6. Praksislærar fører eventuelt fråvær på praksisrapporten og orienterer studenten om dette. Praksisrapporten vert send til praksiskoordinator innan 5 dagar etter avslutta praksis. Daglege reiseutgifter i praksisperiodane Prinsippet for tilskot til reiseutgifter i praksisperioden er at studentane skal få tilskot til meirutgiftene ved reiser i praksisperiodane i høve til dei vanlege undervisningsperiodane. Studentane får dekt meirutgiftene til buss, privatbil og ferje frå Høgskulen i Volda til praksisskule. Ved buss og ferje skal moglege rabattordningar nyttast, og billettane leggast ved reiserekninga. Ulike korttypar kan nyttast: Miljøkort, verdikort eller studentrabatt ved vanleg billettering. Kva som vil vere mest lønsamt er avhengig av lengda på praksisperioden og reisestrekninga. Kontakt det aktuelle ferjeselskapet om prisar. Ved kostbare praksisreiser kan ein kontakte praksiskoordinator og få forskottere utgiftene. Ved bruk av privatbil skal studentane så langt råd er køyre samla i ein bil. Taksten for reise til og frå arbeidsstaden er kr.1.95 pr. km for sjåfør og kr.0,20 pr. km for kvar passasjer per 1. august Dersom studentane reiser saman, kan dette verte det billigaste alternativet. Passasjerar må rekne med å betale ein eigendel til bilføraren etter nærmare avtale. Utfylling og levering av skjema. To ulike skjema som ligg i Fronter: Reiserekning ved bruk av eigen bil Reiserekning ved bruk av offentleg transport Studentane fyller ut skjemaet og leverer til Alfhild Øye, snarast råd etter praksis er avslutta. Eigendel Eigendel på daglege reiseutgifter er kr 50,- per dag. 11
Retningslinjer for PRAKSIS 2. FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 2 Studieåret
Retningslinjer for PRAKSIS 2 FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 2 Studieåret 2014 2015 Studiekoordinator : Praksiskoordinator : Karen Brænne Britt Loven Ølnes 2. februar 2015 INNLEIING Praksisopplæringa
DetaljerRetningslinjer for PRAKSIS 1. FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK Studieåret
Retningslinjer for PRAKSIS 1 FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK Studieåret 2014 2015 Studiekoordinator : Praksiskoordinator : Karen Brænne Britt Loven Ølnes 20. september 2014 INNLEIING Praksisopplæringa
DetaljerPRAKSIS 3- SKULEPRAKSIS
Retningslinjer for PRAKSIS 3- SKULEPRAKSIS FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 3 Studieåret 2015 2016 24. september 2015 Studiekoordinator / fagleg leiar : Praksiskoordinator : Janne Heggvoll
DetaljerPRAKSIS. Retningslinjer for FAGLÆRARUTDANNING I FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK Janne Heggvoll. Karen Brænne
Retningslinjer for PRAKSIS FAGLÆRARUTDANNING I FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 2013 2014 Fagkoordinator : Praksiskoordinator : Basisgruppeleiarar: Karen Brænne Britt Loven Ølnes Åshild Sævik Janne Heggvoll
DetaljerRetningslinjer for PRAKSIS 3- INSTITUSJONSPRAKSIS. FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 3 Studieåret
Retningslinjer for PRAKSIS 3- INSTITUSJONSPRAKSIS FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK 3 Studieåret 2016 2017 20. Juni 2016 Praksiskoordinator : Thorstein Vasset INNLEIING Praksisopplæringa
DetaljerPRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET
PRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2016 2017 www.hivolda.no/glu 2 Studieleiar: Praksiskoordinator: Årsstegskoordinatorar: 1GLU 1-7 1GLU5-10 2GLU 1-7 2GLU 5-10 3GLU1-7
DetaljerPRAKSISHEFTE MASTER I GRUNNSKULELÆRARUTDANNING FOR TRINN 1-7 OG 5-10 HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET
PRAKSISHEFTE MASTER I GRUNNSKULELÆRARUTDANNING FOR TRINN 1-7 OG 5-10 HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2017 2018 www.hivolda.no/maglu 2 Studieleiar: Oddvar Aalde - oddvaraa@hivolda.no Praksiskoordinator: Ivar
DetaljerPRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2013 2014. www.hivolda.no/glu
PRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2013 2014 www.hivolda.no/glu Studieleiar: Praksiskonsulent: Årstegskoordinatorar: 1GLU 1-7 1GLU5-10 2GLU 1-7 2GLU 5-10 Odd Helge Mjellem
DetaljerPRAKSISHEFTE MASTER I GRUNNSKULELÆRARUTDANNING FOR TRINN 1-7 OG 5-10 HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET
PRAKSISHEFTE MASTER I GRUNNSKULELÆRARUTDANNING FOR TRINN 1-7 OG 5-10 HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2017 2018 www.hivolda.no/maglu 2 Studieleiar: Oddvar Aalde - oddvaraa@hivolda.no Praksiskoordinator: Ivar
DetaljerPRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET
PRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2018 2019 www.hivlda.n/glu4 2 4 3 ... 5... 5... 5... 6... 7... 8... 8... 8... 8... 8... 8... 8... 8... 9... 9... 10... 10... 10...
DetaljerStudiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal
Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal Velkomen til PPU- allmenne fag- heiltid på campus Sogndal. I studieheftet finn du relevant informasjon om innhald
DetaljerPraksishefte for barnehagelærarutdanninga
Praksishefte for barnehagelærarutdanninga Gjeldande frå 24.10.2018 1 Innhald 1.0 Retningslinjer for praksis i barnehagelærarutdanninga... 3 1.1 Arbeidstid i praksisperiodar... 3 1.2 Grunnskulepraksis...
DetaljerOrganisering Studie inneheld 30 studiepoeng i pedagogikk og 30 studiepoeng i fagdidaktikk. Desse er delt inn i to emne:
Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal (Dokumentet vil bli kontinuerleg oppdatert og informasjonen som ennå ikkje er fylt ut vil bli klar i tida fram
DetaljerGLU 1 7 og GLU 5 10 Studieåret
Plan for praksis HVL GLU 1 7 og GLU 5 10 Studieåret 2017 18 Studieprogramplanane for GLU 1-7 og 5-10 viser målsettinga for praksisopplæringa og vidare omfang og modell for organisering av praksis i utdanninga.
DetaljerRetningslinjer for PRAKSIS 1. FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK Studieåret 2014 2015
Retningslinjer for PRAKSIS 1 FAGLÆRARUTDANNING FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK Studieåret 2014 2015 Studiekoordinator : Praksiskoordinator : Karen Brænne Britt Loven Ølnes 2. februar 2015 INNLEIING Praksisopplæringa
DetaljerPraksis 1. studieår 30 dager ( trinn)
Praksis 1. studieår 30 dager (5. - 10. trinn) Emnekode: GLU2P10_1, Vekting: 0 studiepoeng Tilbys av: Det humanistiske fakultet, Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk Semester
DetaljerSpørsmål i løpet av praksisførebuande møte: Velkommen til praksisførebuande møte for 3 BLUBVA
Spørsmål i løpet av praksisførebuande møte: Velkommen til praksisførebuande møte for 3 BLUBVA 5.11.2018 Praksisførebuande møte Praksis 3 BLUBVA Informasjon frå HVO til praksisfeltet: Praksisbolk 1 Praksisbolk
DetaljerMål/Innhald I samsvar med gjeldande Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning skal studentane gjennom programmet utvikla:
1 Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp) Programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk kvalifiserer for arbeid som musikkpedagog på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen,
DetaljerINFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID
INFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID NB: Alle delane av praksis er obligatoriske Høgskulen i Sogn og Fjordane Avdeling for samfunnsfag v/ praksisansvarleg Marita Brekke Skjelvan
DetaljerPraksis 4. år - 10 dager vår ( trinn)
Emne GLU1P45_1, BOKMÅL, 2013 HØST, versjon 31.mai.2013 13:47:47 Praksis 4. år - 10 dager vår (1. - 7. trinn) Emnekode: GLU1P45_1, Vekting: 0 studiepoeng Tilbys av: Det humanistiske fakultet, Institutt
Detaljer2PEL171N-1 Pedagogikk og elevkunnskap 1
2PEL171N-1 Pedagogikk og elevkunnskap 1 Emnekode: 2PEL171N-1 Studiepoeng: 15 Språk Norsk Krav til forkunnskaper Ingen spesielle krav Læringsutbytte Faget i lærerutdanningen Fagplan i pedagogikk og elevkunnskap
Detaljer«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
DetaljerNy Øyra skule. Pedagogisk plattform
Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god
DetaljerOm forholdet mellom læringsutbytteformuleringar, arbeidskrav, arbeidsformer og vurderingsformer
Emneplanarbeid Ny grunnskulelærarutdanning, HVL Om forholdet mellom læringsutbytteformuleringar, arbeidskrav, arbeidsformer og vurderingsformer 1. september 2016 Ann Karin Sandal Ny grunnskulelærarutdanning
DetaljerPraksis 3. år - 20 dager ( trinn)
Emne GLU1P30_1, BOKMÅL, 2012 HØST, versjon 08.aug.2013 11:17:08 Praksis 3. år - 20 dager (1. - 7. trinn) Emnekode: GLU1P30_1, Vekting: 0 studiepoeng Tilbys av: Det humanistiske fakultet, Institutt for
DetaljerRettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
Detaljer2. studieår høst ungdomstrinn. 1. studieår vår mellomtrinn
Vurderingstrappa De fem områdene i praksis og utviklingen av dem. I denne skjematiske framstillingen er det satt opp en progresjon i forhold til hva man kan forvente av studentene i de ulike praksisperiodene.
Detaljer2PEL Pedagogikk og elevkunnskap 1
2PEL5101-1 Pedagogikk og elevkunnskap 1 Emnekode: 2PEL5101-1 Studiepoeng: 15 Semester Høst / Vår Språk Norsk Krav til forkunnskaper Ingen spesielle krav Læringsutbytte Faget i lærerutdanningen Fagplan
DetaljerBarnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng
Høgskolen i Bergen Bachelorstudium: Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Innleiing Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskningsbasert, profesjonsretta og
Detaljer1. studieår vår mellomtrinn
Vurderingstrappa De fem områdene og utviklingen av dem 11.02.09 I denne skjematiske framstillingen er det satt opp en progresjon i forhold til hva man kan forvente av studentene i de ulike praksisperiodene.
DetaljerINFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
DetaljerRapport fra arbeidsgruppe for studiekultur
Rapport fra arbeidsgruppe for studiekultur 10.5.2013 Øyvind Halse Lisbet Sæter Britt Loven Ølnes Jo Fredrik Øiamo Innleiing I samband med drøfting rundt ordninga med årsstegskoordinatorar i GLU, vedtok
DetaljerPraktisk gjennomføring av praksis i miljøarbeid
Bachelor i vernepleie, Sogndal Praktisk gjennomføring av praksis i miljøarbeid Informasjonshefte til praksisfeltet Kontakt høgskulen Praksiskoordinator Siv Kjersti Schmidt e-post: siv.kjersti.schmidt@hvl.no
DetaljerPRAKSISPLAN FOR GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGA 1.-7. TRINN DELTID, DESENTRALISERT OG NETTSTØTTA. Pr. august
PRAKSISPLAN FOR GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGA 1.-7. TRINN DELTID, DESENTRALISERT OG NETTSTØTTA Pr. august 2015 Innhaldsliste 1 Innleiing... 3 2 Grunnskulepraksis og samfunnspraksis... 3 3 Omfang... 4 4 Organisering...
DetaljerSANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER
SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa
DetaljerProgramområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2
Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerPlan for praksisopplæring. Lektorutdanning i engelsk og Lektorutdanning i norsk
Plan for praksisopplæring Lektorutdanning i engelsk og Lektorutdanning i norsk Studieåret 2013-2014 Forord Gjennom heftet Plan for praksisopplæring ønsker vi å informere om praksisopplæringen i lektorutdanningen
Detaljer2PEL171-3 Pedagogikk og elevkunnskap 3
2PEL171-3 Pedagogikk og elevkunnskap 3 Emnekode: 2PEL171-3 Studiepoeng: 15 Språk Norsk Forkunnskaper Ingen spesielle krav Læringsutbytte Faget i lærerutdanningen Fagplan i pedagogikk og elevkunnskap for
DetaljerPPU2002L. Praksis i Lektorprogrammet: Del 2. Retningslinjer for studenter og praksisskoler. Praksis i Lektorprogrammet:
PPU2002L Praksis i Lektorprogrammet: Del 2 Retningslinjer for studenter og praksisskoler Praksis i Lektorprogrammet: praksis@ils.uio.no 1 Praksis i Lektorprogrammet: Del 2 (PPU2002L) 1.1 Hovedtema for
DetaljerKvalitetskriterium i PP-tenesta
Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke
DetaljerLæreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift
Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21.6.2018 etter delegasjon i brev 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17.
DetaljerHovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13
DetaljerPlan for veiledet praksis
Lærerutdanning for tospråklige lærere Plan for veiledet praksis Practical Training in Teacher Education for Bilingual Teachers Varighet: 8 semester Studieprogramkode: TOSBA Godkjent av fakultetets studieutvalg
DetaljerUtviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."
Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid
DetaljerPraktisk gjennomføring av praksis i helsefag
Bachelor i vernepleie Praktisk gjennomføring av praksis i helsefag Informasjonshefte til praksisfeltet Kontakt høgskulen Praksiskoordinator Siv Kjersti Schmidt e-post: sivksc@hisf.no Tlf: 57 67 63 90 Fagansvarlege
Detaljer2MPEL171-1 PEL 1, emne 1: Et læringsmiljø preget av mangfold
2MPEL171-1 PEL 1, emne 1: Et læringsmiljø preget av mangfold Emnekode: 2MPEL171-1 Studiepoeng: 15 Språk Norsk Krav til forkunnskaper Ingen spesielle krav Læringsutbytte Ved bestått emne har kandidaten
DetaljerPrinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.
Prinsipper for opplæringen Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006. ARTIKKEL SIST ENDRET: 25.08.2015 Innhold Innleiing Læringsplakaten Sosial og kulturell kompetanse Motivasjon
DetaljerVidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring
Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring Åsmund Bertheslen Ressursperson Askvoll og Fjaler,Sogn og Fjordane Disposisjon Bakgrunn: Om regionen, kommunane, skulane og utdanninga Kva er
DetaljerUtviklingsplan Bremnes Ungdomsskule
Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase
DetaljerHøle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016
SANDNES KOMMUNE Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016 1 Innhald Velkomen til Høle skule som student!... 2 Fakta om Høle Barne- og Ungdomsskule... 3 Kva
DetaljerPraksisopplæring GLU2 Grunnskolelærerutdanning 5.-10.trinn kull 2010
lærerutdanning Grunnskolelærerutdanning 5-10 HiVe Fagplan Side 1/8 FAGPLAN HØGSKOLEN I VESTFOLD Praksisopplæring GLU2 Grunnskolelærerutdanning 5.-10.trinn kull 2010 INNLEDNING Praksisopplæringen har en
DetaljerPraksis 2. år - 30 dager (1.-7. trinn)
Praksis 2. år - 30 dager (1.-7. trinn) Emnekode: GLU1P21_1, Vekting: 0 studiepoeng Tilbys av: Det humanistiske fakultet, Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk Semester undervisningsstart
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.
FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive
DetaljerFORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling
FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis
DetaljerTrygg og god overgang mellom barnehage og skole
Aukra kommune Trygg og god overgang mellom barnehage og skole ephorte: 18/1018-2 K-sak x/y, 21.5 2019 Plan for overgang barnehage skole ephortenr. 19/ Innhald 1.0 Føremål med samarbeid om overgang mellom
DetaljerTema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011
Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar
Detaljer2PEL Pedagogikk og elevkunnskap 3
2PEL5101-3 Pedagogikk og elevkunnskap 3 Emnekode: 2PEL5101-3 Studiepoeng: 15 Språk Norsk Krav til forkunnskaper Ingen spesielle krav Læringsutbytte Faget i lærerutdanningen Fagplan i pedagogikk og elevkunnskap
DetaljerProgramområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2
Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet
DetaljerPRAKSIS I PRAKTISK-PEDAGOGSIK UTDANNING
Vedlegg til studieplan: PRAKSIS I PRAKTISK-PEDAGOGSIK UTDANNING Fagleg ansvar og oppgåver i samband med praksis Innhald 1.0 Innleiing s.4 2.0 Organisering av praksis. s.5 2.1 Praksisorganisering PPU-heiltid
Detaljer2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7
2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7 Emnekode: 2NK171-3 Studiepoeng: 30 Språk Norsk Krav til forkunnskaper Norsk 1 for GLU 1.-7.trinn eller tilsvarande må være fullført og bestått. Læringsutbytte I norsk 2 skal
DetaljerUtviklingsplan 2013 Foldrøy skule
Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule Foldrøy skule sin visjon er illustrert av to symbol, egget og pyramiden. Egget er symbolet på at: Alle elevar blir sett. Alle elevar skal ha medverknad i eigen læreprosess
DetaljerKapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg
DetaljerStudenters forberedelser til praksis (GLU 1-7 og GLU 5-10)
Studenters forberedelser til praksis (GLU 1-7 og GLU 5-10) Innhold Generelt... 1 Opprettelse av kontakt mellom praksislærer og praksisgruppe... 1 Den enkelte student sine personlige forberedelser til praksis...
DetaljerHeile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360
Videregående opplæring RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN(IOP) Dette dokumentet, mal for IOP, inneheld 3 delar. Del 1: skal fyllast ut av kontaktlærar. Den generelle delen skal innhalde
DetaljerRiple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane
Strategisk plan Riple skule 2012-2016 1. Skulen sitt verdigrunnlag 2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon 4.
DetaljerLæreplanverket for Kunnskapsløftet
Læreplanverket for Kunnskapsløftet Prinsipp for opplæringa «Prinsipp for opplæringa» samanfattar og utdjupar føresegnene i opplæringslova og forskrifta til lova, medrekna læreplanverket for opplæringa,
DetaljerStyringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20
Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018
DetaljerTil: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:
Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur
DetaljerProgramområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2
Læreplankode: AKT2-01 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-
DetaljerPåstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon
Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva
DetaljerRetningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune
rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt
DetaljerPraktisk gjennomføring av praksis i barnevern og sosialt arbeid
Campus Sogndal Praktisk gjennomføring av praksis i barnevern og sosialt arbeid Informasjonshefte til praksisfelt og studentar Kontaktinformasjon Praksiskoordinator Siv Kjersti Schmidt e-post: siv.kjersti.schmidt@hvl.no
DetaljerUtviklingsplan skuleåret Varhaug skule
Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø
DetaljerMÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET
MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og
DetaljerModellar for lektorutdanning ved UiB
Endre Brunstad Modellar for lektorutdanning ved UiB 27.05.2013 (Til programstyremøtet 16.05.2013) Denne modelloversikta (per 14. mai 2013) er utprøvande og er meint som hjelp til arbeidet med å utvikle
DetaljerHøgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:
Høgskolen i Østfold Studieplan for Norsk 1 Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Dato: Endret av Dato: Innholdsfortegnelse INNHOLDSFORTEGNELSE... 2 MÅLGRUPPE OG OPPTAKSKRAV... 3 STUDIETS
DetaljerSkuleåret 2017/2018.
Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva
DetaljerTrafikksikringsplan Hillestveit skule
Trafikksikringsplan Hillestveit skule 1. 7. trinn 8. februar 2017 Rådmannen Innhaldsliste: 1. Kort om skulen:... 3 2. Målsetting:... 3 3. Tiltak:... 4 4. Kompetansemål frå læreplanen Kunnskapsløftet:...
DetaljerPedagogisk plattform
Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:
DetaljerSkulebasert praksisplan Kyrkjeberget 2, 4364 SIREVÅG Tlf: E-post:
Skulebasert praksisplan 2018-2019 Kyrkjeberget 2, 4364 SIREVÅG Tlf: 51 43 60 60 E-post: post.ogna.skule@ha.kommune.no Innhald Innhaldsliste s. 2 Velkommen til Ogna skule s. 3 Praksisparti 2018-2019 s.
DetaljerVurdering på barnesteget. No gjeld det
Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev
DetaljerInnhold. Sist oppdatert Studiested Stord
Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag Dokumentet vil bli kontinuerlig oppdatert og informasjonen som ennå ikke er fylt ut vil bli klar i tiden fram mot studiestart. Studiested
DetaljerTredje semesters praksis på Lektorprogrammet. Høsten Informasjonshefte til studenter og praksisskoler
Tredje semesters praksis på Lektorprogrammet Høsten 2010 - Informasjonshefte til studenter og praksisskoler Innhold 1 Tredje semesters praksis 2 1.1 Ferdighetsmål etter tredje semester praksis 2 1.2 Kunnskapsmål
DetaljerKandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.
Vurderingskriterier for aktivitørfaget Planleggingsdel Bestått meget Bestått Ikke bestått - Innsamling av info -Dagsplan - Mål og observasjonsmuligheter av bruker og aktivitet - Motivasjon av brukere -
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage
DetaljerFyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta
DetaljerProsedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2018 BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt funksjonsevne
DetaljerNorsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)
Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleiar Dato: 01.08.2005 Endra av Eystein Arntzen, avdelingsleiar Dato: våren 2006 Innhald
DetaljerUtviklingsplan skuleåret Varhaug skule
Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv
DetaljerRettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar
Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.
DetaljerUtviklingsplan Skule: Vigrestad storskule
Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske
DetaljerPPU2003L Praksis i Lektorprogrammet: Del 3
PPU2003L Praksis i Lektorprogrammet: Del 3 Retningslinjer for studenter og praksisskoler Praksis i Lektorprogrammet: praksis@ils.uio.no 1 Praksis i Lektorprogrammet: PPU2003L 1.1 Hovedtema for PPU2003L
DetaljerSENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin
DetaljerAlversund skule 5911 Alversund Tlf
Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50 FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet
Detaljer