Gjestar, kollegaer, vener og konkurentar. Vel møtt til Loen og det fyrste ordinære årsmøtet til Fiskebåt Vest. Fyrst vil eg be forsamlinga om å reise



Like dokumenter

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

«Ny Giv» med gjetarhund

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Brødsbrytelsen - Nattverden

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Valdres vidaregåande skule

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Kva er økologisk matproduksjon?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

mmm...med SMAK på timeplanen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Kom skal vi klippe sauen

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Månadsplan for Hare November

Den nye seksjon for applikasjonar

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Nyheitsbrev frå Havfront AS

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Til deg som bur i fosterheim år

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Jon Fosse. For seint. Libretto

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev for Rosa september 2014

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Samansette tekster og Sjanger og stil

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Forslag frå fylkesrådmannen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE

Namning av vegar i Fræna Kommune

Transkript:

1 Gjestar, kollegaer, vener og konkurentar. Vel møtt til Loen og det fyrste ordinære årsmøtet til Fiskebåt Vest. Fyrst vil eg be forsamlinga om å reise seg for å hedre dei av våre kollegaer som har gått bort i løpet av dette året med eitt minutts stillheit.- - - - - - - Takk Fiskebåt Vest fevnar dei aller fleste havfiskefartøya i frå Sogn og Fjordane i sør til og med Nord- Trøndelag i nord. I tillegg har nokre fartøy frå andre distrikt valt å stå i denne foreininga. På mange vis har Stadten laga skiljet mellom dei to foreiningane som no er samanslått. Men, organisatorisk har vi no runda Stadten begge vegar og eg meinar at det har gått heilt fint dette året vi har vore i lag. Og kvifor ikkje? Vi har samarbeida både på havet og på land gjennom generasjonar både i torsk- og sildefiskeria. Line-, trål, ringnot, skitfiske, mm og fiskekjøparane kjenner vi godt på begge sider. Men, slik at det er sagt. Sjøl om vi rundar «kjerringa» så ser vi fram til tunellen bakom ho. Styret har ambisjonar om å gjere Fiskebåt Vest til ein viktig bidragsytar og oppspelar til Fiskebåt sentralt. Det er vår oppgave å gi stemme frå fiskebåtreiarlaga langs vår del av kysten inn til sentralorganisasjonen. Sekretæriatet og tilitsmenn gjer oss slagkraftige inn mot myndigheitene, vi er ein aktiv og levande organisasjon med mange personlegheiter. Vi set viktige fiskerispørsmål på sakskartet til fylkespolitikarar og stortingspolitikarar frå vårt område, slik dei skjønar kor viktig det er at denne næringa får bygge vidare til gagn for regionen og landet. Vi er ein særs viktig samfunnsbyggar i lokalsamfunna. Fiskebåt Vest er i siget. Styret besøkte stortingspolitikarane frå fylka vår på stortinget og det var nyttig, håpar eg, for begge partar., - neste treff er allereide avtalt og dei likte å snakke med oss. Kontakta med fylkespolitiske organ vil også sjølsagt halde fram - kanskje i endå større grad enn før. Styret har arbeidd med mange saker gjennom året. Her nevner eg saka om fylkesbindinga som set restriksjonar for kjøp og salg av linebåtar mellom fylka. Særleg er denne bindinga negativ mellom fylka på begge sider av Stadten. Styret sin nyopptaking av saka er kanskje med på å få slutt på denne forma for reguleringar. Styret har også brukt mykje tid på problema for rekefiskarane i Barentshavet. Her må det tydeligvis både stirrigheit og vilje til før ein kjem frå ord til handling

2 Som det tredje eksempelet vil eg vise til den store ungdomsmønstringa på Parken Kulturhus i Ålesund Under Matfestivalen. Vel 1000 unge tenåringar møtte ein heil dag og fekk innføring i fiskerinæringa. Ei positiv oppleving for alle og ungdommen kosa seg. Den nye strukturen i Fiskebåt gjer oss meir slagkraftige og effektive. Men også med nærheit til den enkelte medlem slik at signala om retning kan leiast oppover i systemet. Det er opp til oss sjølve å gjere ein god jobb Aktive reiarar, skipperane, maskinister, fiskarar/ og eller andre som jobber i rederia våre er svært viktige for samfunnsutviklinga. Vår kompetanse er unik, den praktiske kunnskap og erfaring tilfører både den Maritime og marine næring mykje gjennom vår erfaring. Vi er inovative,utvikler nye produkt ilag med lokale firma og betaler rekninga. Vi blir ikkje bedre av å syte over at andre får det til. Vi blir som næring heller ikkje bedre av å sitje i kvar vår småflokk der vi er ueinige med «dei andre». Kun kompromiss med retning har verdi. Mykje er stabilt rundt oss og mykje bør takast vare på. Men ting er i forandring,- heile tida. I året som har gått har eg fått høyre frå fleire hald at vi i Fiskebåt er for flinke, og at vi kanskje bør roe oss litt. Med flinke meines gjerne «flott møte på Bristol i Oslo, direktekontakt med politikere, embertsfolk i Departement, direktorat, sjøfartsdir, Havforskning, og internasjonalt. Kanskje er dei som seier det litt misunnelege. Eg forstår det ikkje. Skal eg som fiskar prøve å fiske dårlegare fordi naboen gjer det, nei, Peis på, Stå på, Alltid best. Må mottoet være. Det har vore ei viss uro på organisasjonssida dei siste åra. Utmeldinger, nye organisasjoner, splitta syn utad og mange særinteresser. Organisasjon held oss saman. Min 91 årige svigerfar, Charles Remø tok eg med på Årsmøtet til Møre & Romsdal Fiskarlag i Molde i haust. Mange frammøtte og fleire viktige saker på agendaen. Han er æresmedlem, sildesalgslagsmann, skipper, krigsveteran, gammal i rullestol, men haudet klart. Han bad om mikrofonen til slutt og sa fylgjande. «Organisasjonsarbeid er det viktegaste dokke kan styre med. Dokke må kome ilag, få fram meinigane dokkar, være samla og snakke med ei stemme utad: Då får dokke det akkurat slik dokke vil. I forrege veke traff eg tilfeldigvis vår forrige fiskeriminister på Gardermoen. Vi helsa, snakka litt og eg spurte kor det var med henne, korleis det gjekk? «Hadde du berre visst kor ej sakna dokke, og kor kjekt det var å være ilag med

3 dokke frå Fiskebåt, og kor mykje ej lærte». Det synes teg var kjekt å høyre, og det stadfester at politikarane trivest ilag med oss og at dei har respekt. Fiskerinæringa er i vekst, både små og store reiarlag tener penger. Oljenæringa har stagnert, vi ser resesjon, folk vert permitterte og sagt opp, nyinvesteringer stanser opp, oljefonda og inntektene minkar, Norge som nasjon er i trøbbel. Denne kostnadsdrivande næringa som vi lever side om side med må også tenkje krone og øre, og deira sine ordninger for sine ansatte må revurderast. Alt som har med fisk å gjere ekspanderer. Verda har aukande folketal og alle treng mat, og fisken vi forvalter er villfanga (uten kjemikalier) og næringsrik, det sunnaste vi kan ete for helsa. I Norge og over heile verda, folk ser og lytter til oss, dei treng fisken vår. Auka eksportverdi gjev større og viktigare inntekter for landet. Som fikebåt- eigara har vi eit stort ansvar å forvalte desse resursane på beste måte. D.v.s å få beste kvaliteten som gir beste prisane som igjen gir mest avkastning til alle. I denne næringa svinger det. Gode år, dårlege år, i bølgedaler, men det går alltid betre enn vi trur. Også i inneværande år har vi døme på fleire positive ting Stikkord for året i år var i byrjinga store problem med å få kvoter på plass på nyåret, så kom dei og er no snart oppfiska. Garn linebåter tapte sesongen sin, men håper fortsatt på kompensasjon på nyåret. Putin stengde Russland, vårt viktigaste marked. Heilsvart på makrell, dommedag, i år har vi likevel kanskje beste året. Torsk har vi kjempa oss igjennom store mengder, eit blodslit utan like med kvantum som vi aldri har sett før, solgt på tilbud(halv pris) i månadsvis, plutseleg fauk prisane opp 30-40 %, kjempegreier. Nye marked som fekk smake «Havets Gull» og dei vil ha meir. Det er fortsatt 25% å gå på før vi er oppe på «normalt» torskeprisnivå. Hysa er stabilt kjempedyr, men folk et den og vil ha meir, berre alt for små kvoter. Seien er så dyr at det ikkje lenger er snakk om «gråbeinen», brosma dyrare enn langa. Silda går opp i pris, masse positiv. Verda treng mat., vårt ansvar er å fange den.

4 Av all elendigheita i rekeflåten går i alle fall prisane oppover. I år vart det skote masse kval, det beste året sidan 1976, kjempebra for den næringa. Krillfiskeriet langt vekkifrå i Anktarktis, gir oss rekordresultat med så høge tal både i investering og inntekter at vi mest ikkje forstår kva det er for noko. Men vi forstår at det dei produserer er sunt for helsa og då betales det godt for produkta og avkastninga god. Tenk forteneste vi knapt har sett før av den minste fisken/ reka eller individet som kan fiskast, fantastisk. Og kanskje kjem verdas største fabrikk for desse nærmast ukjende produkta til Nordvestlandet. Menge reiarlag har skaffa nytt fartøy. Ein serie nye Trålere er bygd, det same gjeld Ringnotfartøy, og vårt reiarlag dryler på med ny topp moderne line/garnbåt. Kystflåten er fornya, desse kystbåtane (sjarkane) er mykje lenger enn vi likar, dei pustar oss snart i nakken. Bytteordinger, faste lønnsavtaler, faste turskifte gjer at Fiskerinæringa i dag tilbyr gode og forutsigbare arbeidsvilkår for alle sine ansatte, og er fisket godt tjener vårt mannskap betre enn dei aller fleste i dag.fortsatt lott etter fangstverdi. Norsk Fiskerinæring kan idag by sine arbeidstakere, fiskara, ungdom dei finaste hotella som finnes og er mulig å få utøve yrket sitt på som arbeidsplass. Og kommunikasjonen på mail, telefon, Facebook, etc er det same som å arbeide på land. I år har vi hatt så mykje fint ver at fartøya nesten ikkje he slingra heller. Oljeprisane går nedover, mindre utgifter, svært positivt. Fiskarfrådraget er viktig for oss i konkurransen om arbeidskrafta. Forrige regjering ville auke det, noverande regjering aukar det ikkje, og i går høyrde eg forslag om at det skal avviklast heilt. Ei fortsatt viktig sak for oss fiskarane. Sjøfartsdirektoratet og andre sin iver etter å innføre nye ordningar, til dels særordningar for norske fiskarar, er frustrerande. Både kostnadsdrivande og ikkje minst tidskrevjande. Mi bekymring er at dette dokumentveldet går utover dei fokusa vi skal ha.

5 Vi bør snakke godt om kvarandre, som fiskara, positiv omtale gir godt omdøme og ungdommen vil være med oss. Ikkje berre klage og gramme oss. Fleire unge kjem til i reiarlaga, både innen administrasjon og om bord. Vi rekrutterar ungdom og har lærlingeplasser på nesten alle våre havgåande fiskefartøy i dag. Ein aktiv fiskebåtredar sin tankegang er ikkje alltid fornuftig. Han er annleis. Han investerer i båt og kvoter for sitt selskap og/ eller familie. Og tenkjer alltid langsiktig. I mange høve ikkje opptatt av avkasting av investert kapital i det heile. Bankvesenet med sine «høgt og super utdanna økonomer, samt analyttiker og investorer forstår lite av kva vi styrer med. Dei kan ord som EBITEA, 10% avkasting før utgifter, etc. Vi er sjeldan på same planet. Eg har aldri høyrt ein bankmann eller økonom uttale at pris på ei kvote har vore passeleg, den er alltid for dyr. Det vil ikkje løne seg. Men paradokset er at fleire reiarlag både med dyre fartøy og dyrekjøpte kvoter går bra, også med god avkastning. Vi er nøysame og gode på drift. Fiskebåt redaren ser annleis på det. Han skal bu der han bur, han har kaia, sin eigen familie, mannskapets familie, administrasjinsbygning eller kontor og mange leverandører i lokalmijøet å ta vare på. Han tek risiko, men «Bygger landet på sin lokale heimstad» Mange har skjønt at fisken skal fiskast, den må ha utstyr til å få rett kvalitet og ikkje minst er pris pr kg avgjerande for resultatet. Dette har ført til at mange har engasjert seg i eksport av fisk også Anten med eigne små selskap i reiarlage eller ilag med andre. Dei har hatt evne til å invistere i kompetanse for eksport. Dette har skapt mange arbeidsplasser og mange reiara har fått «utlendingane «heim». D.v.s at mange av oss er internasjonale, har mange kunder i Utlandet som også er venner med oss. Vi snakker andre språk og liker oss i det globale markedet. Men grunnen til dette er alltid jaget etter høgare pris på fisken, og eller i alle fall stabile priser som gir oss godt nok grunnlag for drifta vår.

6 Det er i alle fall heilt sikkert at det er desse rederia med sine exportselskap som kjemper dagleg ilag med mannskapet om å få betre og betre produkt og betre priser. Heile Norge tener på denne tankegangen / engasjementet. Og i nisjemarked over heile verda finnes ein eller annan som kan betale litt meir enn gjennomsnitts auksjonspris eller kjøpe til lavaste pris siste veke, dei treng fisk til sine kunder igjen. Fiskebåtreiarar søker desss. Mange av oss i kvitfisk sektoren fisker h/g fisk, men kva er det for slags fisk. Forstår vanlege folk kva type fisk det er. Eg har siste året bestemt meg for å kalle den fersk frosen, eller fresh frosen og har faktisk gjennomført det. Tenk om vi kunne få F/F på landingsseddlane våre og at alle i Norge får forståelse for det begrepet. Eg trur at då hadde vi fått solgt masse fisk, dei hadde gladeleg kjøpt det dagleg. For kva er betre fisk / mat til forbrukar enn ein sprellande fersk fisk som vert rensa, utblødd, frosen, pakka og i fryseromet på minus 24 grader. Eg tenker då både på kappa/spretta og filet. I tillegg må dei forstå at den er frosen om bord. Husmora eller husfaren vil aldri få betre mat på sitt bord. Men dei må forstå kva dei skal kjøpe. Utover ettermiddagen skal vi snakke om framtida. Om ei næring som blir sett lys på. Fyrst skal Statssekretær Amund Drønen Ringdal snakke om aktuelle fiskeri- og næringspolitiske spørsmål. Så kjem Knut Helge Vestre frå det prisbelønna Coldwater Prawns for å snakke om dette firmaet sin bakgrunn og historie. Eit godt eksempel på eit selskap frå egne medlemmer som har funne si nisje, og lukkast i alle fall godt med å få prisen på reka opp.tilslutt har vi Professor Frank Asche som skal snakke om dei forslaga hans arbeidsgruppe har levert til styresmaktene om endringar av regelverk med meir til Tveteråsutvalget. Mest sansynleg ein person som kan analysere oss litt i «fugleperspektiv og kan utale seg fritt utan å ta hensyn til noko som helst. Det såkalla «Tveterås- utvalget» skal legge fram si innstilling om ei vekes tid. Vi er spente på kva som kjem, heilt sikkert forslag om masse endringer som vil skape stor debatt. Debatten seinare i dag håper vi vert ein liten forsmak på dette. Mitt råd i debatten vil være at vi fortsatt treng stabile rammevilkår for den enkelte utøvar, men vi må tilpasse oss notida på enkelte punkt.

7 Den delen av fiskerinæringa vi tilhøyrer er ei suksesshistorie, la optimismen råde og omdømet vårt vert godt. Takk til styret, administrasjon for eit godt første år! Og godt møte her i Loen, kos dokk!