VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Like dokumenter
Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

Øystese barneskule April - 08

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kvalitetsplan mot mobbing

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Sandeid skule SFO Årsplan

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

ØYGARDEN UNGDOMSSKULE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Informasjonshefte Tuv barnehage

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Barnehageplan for Vinje kommune

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Trudvang skule og fysisk aktivitet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Plan for tryggleik og trivsel ved Tangen skule

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

METODIKK FOR SKULEVURDERING

Plan for overgangar. for barn og unge

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Forord

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VURDERINGSRAPPORT Hjelteryggen skule

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Frå tre små til ein stor.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Informasjon til elevane

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Velkomen til Mork barnehage

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET


KOMPETANSE I BARNEHAGEN

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Transkript:

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN EKERHOVD OPPVEKSTTUN Vurderingsveka : veke 17, 21. 24.april 2008-1 -

1 FØREORD Regionalt samarbeid om vurdering og kvalitetsutvikling Fjell, Øygarden og Sund (FØS) har etablert eit samarbeid om ekstern skulevurdering; med start våren 2008. I dette samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Ut frå forskrift 2-1 knytt til Opplæringsglova 14-1, fjerde ledd: Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei enkelte læreplanane for fag. Kommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. I Opplæringsslova 13-10,2.ledd heiter det også: Kommunen skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lova og forskriftene blir oppfylte. Det vart i 2007 vedteke av skulesjefane/skulefagleg ansvarlege i FØS at det skulle etablerast eit vurderingsnettverk i regionen. Mål: Ei vurderingsgruppe på tvers av kommunegrensene skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulane. Føremålet er mellom anna: Knyta saman god praksis i regionen. Vedkjenna oss at skulen både treng, og kjem til å få «auge utanfrå». Nytta ekstern hjelp i vurderingsarbeidet og utvikla vurderingskompetanse. Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunane sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderar si eiga verksemd. Kven er vurderar? 14 personar i regionen er medlemmer i vurderingsnettverket. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera dei 31 grunnskulane i regionen innan 3 år, dvs. om lag 10 skular for kvart skuleår. 2-3 medlemar frå nettverket gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. Denne første gongen (våren - 08) vil tilsaman 4 skular verta vurderte. Det vert ein ny vurderingsrunde hausten 2008 og då med 6 nye skular. Om prosessen Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skuleeigar Fokusområdet må ha utviklingspotensiale. Fokusområdet vert meld inn til prosjektkoordinator. Vurderarane førebur sjølve vurderinga gjennom eit samarbeid med skulen, med utarbeiding av kriterium, og metodeval og verktøy tilpassa det området skulen ynskjer fokus på. Skulevitjing med kartlegging, observasjon og samtalar Vurderinga vert gjennomført. Våren 2008 vil vurderinga verta gjennomført i veke 16 og 17. - 2 -

Rapporten Vurderarane skriv rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekkjer både fram verksemda sine sterke sider innanfor vurderingsområdet, og kva utfordringar skulen har framover. Den gjev også informasjon om rammene for vurderinga tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men kanskje eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med innan det fokusområdet som er vurdert. Det er eit ynskje at dei reiskapar og metodar som har vore nytta, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen si web-side om lag ein månad etter at den er lagt fram for skulen og skuleeigar. 2 FAKTA OM OPPVEKSTTUNET Ekerhovd Oppveksttun ligg i Fjell kommune på Sotra. Oppveksttunet består av 4 bygninger: Gamlebygget ( frå 1957), hovudbygget og gymnastikksal (frå 1978/79) og eit bolighus der barnehagen held til. Skulen har skuleåret 2007/2008 112 elevar fordelt på 7 trinn og 18 barnehageborn. Oppveksttunet har 25 tilsette. Administrasjonen består av rektor, inspektør i 42% admistrasjonsstilling og 11,8 lærarårsverk. Det er 5 assistentar i skule/sfo. Skulen har kontorhjelp i 60% stilling. Oppveksttunet er delt i ein barnehage, som held til eit bustad hus i utkanten av området, og skuledelen som består av tre bygninger med leikeplass og ulike leikeområder. Skulen er delt inn i 7 årstrinn med kvar sin kontaktlærar. Årstrinn Elevtal 1.årstrinn 15 2.årstrinn 16 3.årstrinn 15 4.årstrinn 18 5.årstrinn 17 6.årstrinn 19 7.årstrinn 12 Ekerhovd skule har 3 satsingsområde : 1. Realfag praksisnær undervisning 2. It`s learning 3. Sosial kompetanse - 3 -

3 VURDERINGSTEMA Skulen har bede om vurdering på følgjande område: Sosial kompetanse - Sjå og bli sett Korleis følgjer vi opp satsingsområdet vårt Sosial kompetanse i høve tiltakspunkta på verksemdsplanen vår og i høve verdi-slagordet Sjå og bli sett? Opplæringslova 1.2, 2.3, 2. 9 og 11 omhandlar det aktuelle temaet. Vidare står det på Læringsplakaten i Kunnskapsløftet meir om dette temaet. - 4 -

4 KRITERIUM/KVALITETSKRAV Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriteria er henta frå lov, regelverk, rettleiingar, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderarane gjennomfører ei vurdering, vert kriteria og teikn på god praksis jamført med den informasjon som er samla inn om temaet; gjennom intervju, observasjon o.a. på skulen. Kriteria speglar ønskje om å finna ut om kvar skulen står i dag med omsyn til vurderingstemaet. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderarane, og godkjende av skulen. Glansbilete Ekerhovd oppveksttun. Gjeld: Ekstern vurdering veke 17 med tema sosial kompetanse. KRITERIUM Dei tilsette ved skulen har ei felles forståing av omgrepet sosial kompetanse TEIKN PÅ GOD PRAKSIS Skulen har handlingsplan for arbeidet med sosial kompetanse. Omgrepet sosial kompetanse er definert i skulen sine planar Dei tilsette har felles opplæring i arbeidet med sosial kompetanse. Skulen har ei felles forståing av omgrepet sosial kompetanse, av korleis vi oppfører oss mot kvarandre. Elevane syner sosial kompetanse Elevane skal bli kjende med seg sjølv og bygge opp eigen sjølvtillit. Elevane syner respekt og toleranse i høve til vaksne og medelevar. Elevane svarar høfleg og rosar kvarandre. Elevane veit kva som er forventa av dei og er med på å utforme reglar. Elevane respekterer skulen sin reglar. Elevane vurderar jamleg si eiga sosiale utvikling evne til å sjå seg sjølv. Elevane har gode strategiar for å samhandle med andre. - 5 -

Skulen og dei føresette samarbeider om sosial kompetanse hos elevane Dei tilsette arbeider systematisk med sosial kompetanse Foreldre/føresette har positive haldningar til skulen og snakkar positivt om skulen. Foreldre/føresette er gode rollemodellar. Skulen og heimen samarbeider om eleven sin sosiale kompetanse. Foreldre/føresette er aktive i å utvikla eit godt sosialt miljø ved skulen. Foreldre/føresette er godt informerte om skulen sitt arbeid med sosial kompetanse. Dei vaksne heime og på skulen snakkar positivt om kvarandre, også elevar. Skulen har eit felles verktøy for å utvikle sosial kompetanse. Dei tilsette handhevar reglar og gjennomfører konsekvensar likt. Leiinga involverer seg i det daglege arbeidet med sosial kompetanse. Dei tilsette er gode rollemodellar. Lærarane er tydelege klasseleiarar. Kontaktlærar gjennomfører to elevsamtalar i året. Skulen og klassane har klare sosiale mål som er synlege på vekeplanar og halvårsplanar. Skulen er ein lærande organisasjon Leiinga er pådrivarar for arbeidet med sosial kompetanse. Dei tilsette støttar og hjelper kvarandre. Har felles ansvar for elevane. Dei tilsette driv aktiv erfaringsdeling. Skulen har sett seg konkrete mål i høve sosial kompetanse. Skulen gjennomfører jamleg kartlegging av skulemiljøet. Skulen evaluerer i fellesskap resultata frå kartlegginga. - 6 -

5 DELTAKARAR I VURDERINGA Val av vurderingsområde avgjer kven som skal delta. På Ekerhovd oppveksttun var det desse som deltok: Interne: Elevar på alle trinn. Påstandsskjema til alle elevar 4.- 7. klasse. 62 av 66 elevar svarte. 8 elevrådsrepresentantar frå 4. til 7. møtte til samtale. Føresette: Påstandsskjema der 66 av 82 heimar svarte. FAU-møte med samtale. 5 foreldre møtte. Lærarar og assistentar i skulen. Rektor og inspektør Eksterne: Berit Hernar, Torkil Brigtsen og Torbjørg Ordahl Bakke frå vurderingsgruppa. Grunngjeving for val av informantar. For å få god bredde i den informasjonen vi treng for belyse temaet skulen har valt som vurderingsområde, har vi nytta desse informantane: elevane ved skulen, særskilt elevrådet, dei føresette, særskilt FAU, assistentar i skulen, lærarane og leiinga. 6 TIDSBRUK Det er avsett ei veke (5 arbeidsdagar) til å vurdera ein skule. Med i dette er også ein startdag der vurderarane møter skulen for fyrste gong - for avklaringar og planlegging. Møtet vert kalla Førehandsmøtet. Under sjølve vurderinga, er vurderarane på skulen i inntil 4 dagar. Skulen får rapporten siste dagen. I forkant og undervegs førebur vurderarane informasjon, metodar, verktøy og driv vurdering av informasjon og har oppsummeringar. Å gjennomføra ei kvalitetsvurdering på 3 dagar er knapp tid, og inneber ei avgrensing av vurderinga. - 7 -

Tidsplan, Ekerhovd Oppveksttun vurdering veke 17. TID TILTAK ANSVAR Veke 5 31.01 Frist for å melda inn vurderingstema. Skulen Veke 7 12.02 Veke 7 14.02 Veke 10 06.03. Veke 11. 10.03. Møte om vurderingstema på nettverksmøte. Telefonkontakt med rektor. Avtale møte med leiing og tilsette. Kl 12.30. Møte med rektor og inspektør. Rektor får infoskriv til føresette, klar for heimsending. Omvisning på skulen. Kl. 14.00. Møte med tilsette. Info og gruppearbeid om innspel til glansbilete. Sende framlegg til glansbilete. Vurderarane Vurderarane Vurderarane/ rektor Vurderarane 14.03. Retur av glansbilete med innspel frå skulen. Rektor Veke 13. 26.03 Sende endeleg glansbilete og påstandsskjema. Vurderarane Påstandsskjema til elevar, føresette og tilsette. Hugs konvoluttar til føresette.. Rektor Veke 14. 04.04. Henting av alle påstandsskjema på skulen. Vurderarane Veke 16. Rektor Innkalling til FAU møte. Veke 17 21.04 Startdag. 22.04 Kl. 8.15. Morgonmøte. Kl.11.30. Møte med elevrådet. Kl.12.20. Møte med assistentar Kl.13.15. Møte med pedagogisk personale. Kl.19.30. Møte med FAU Vurderarane 24.04 Kl.12.15.Gjennomgang av rapport med skuleleiing og skuleeigar Kl.14-15 Presentasjon av førebels rapport for alle tilsette. Veke 18 04.05. Frist for skulen til å koma med innspel på faktiske feil Veke 20 Før 17.05 Endeleg rapport vert sendt skule/kommune og vert lagt ut på nettet. Veke 23 Skulen sender ei evaluering av vurderingsarbeidet til koordinator Innan 01.06 Innan 6 Rektor rapporterar til skuleeigar om arbeidet med mnd. utviklingsområda. Skulen Vurderarar, skule og kommune Rektor Rektor - 8 -

7 METODAR Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle samtalar og gruppesamtalar, møte og observasjon. I denne vurderinga er følgjande metodar nytta: Dokumentanalyse Vurderarane fekk i forkant av første møte med skulen tilsendt Verksemdsplan og Sosial læreplan. På første møte med skulen fekk vi i tillegg resultat frå Ståstadsanalyse, Handlingsplan mot mobbing, Ordensreglar og Internhandbok for handtering av ordensreglane. Undervegs i vurderingsveka fekk vi Forventningsplakaten og Vekerapportar. Vi har og fått døme på halvårsplanar, på innkalling til konferansetime, notat etter konferansetime, elevsamtaleskjema og vekeplanar. Kriterium og teikn på god praksis Vurderarane utarbeidde kriterium og teikn på god praksis med utgangspunkt i Kunnskapsløftet og lovverket. Vurderingsgruppa gjennomførte eit førehandsmøte med skulen i veke 10. Skulen fekk høve til å koma med merknader til kriteria/teikna på god praksis. Desse punkta, som skulen deretter godkjente, vart utgangspunktet for utarbeiding av samtaleguidar, observasjonsskjema og oppgåver til foreldremøte. Påstandsskjema Ved denne vurderinga valde vi å nytte oss av påstandsskjema. Observasjon I løpet av veka har vi hatt observasjonsøkter i alle klassane på skulen i ulike fag, og i friminutta. Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjere djupdykk i temaet, laga vurderarane samtaleguidar/gruppeoppgåver for samtale med dei tilsette, elevrådet og FAU. Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegle observasjonar, og utsegnene frå tilsette, elevar og føresette mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga vart det trekt konklusjonar. - 9 -

8 SKULEN SINE STERKE SIDER INNAN VURDERINGSOMRÅDET Vurderingsgruppa har funne følgjande sterke sider innanfor arbeidet med sosial kompetanse: 1. Sosial kompetanse er eit av satsingsområda i skulen sin verksemdsplan for 2007-2008. Elevane skal lære seg ordensreglane og syne god folkeskikk. Elevane skal vere med og utforme klassereglane. 1. klasse skal gjennomføre undervisningsopplegget Zippy s venner 2. Skulen har mange gode dokument innan vurderingsområdet. Verksemdsplan 2007-2008 Sosial læreplan Handlingsplan mot mobbing Skuleundersøking om mobbing Ordensreglar Internhandbok for handtering av ordensreglane Forventningsplakaten Vekerapportar 3. Skulen sitt slagord, Sjå og bli sett, gjennomsyrer arbeidet ved skulen. Slagordet er synleg overalt i bygga. Fødseldagsliste ved hovudinngangen. I fleire klassar vert kvar elev teke i mot og handhelsa på. Mange gode tiltak for å styrke sjølvkjensla til elevane, mellom anna Godstolen. I fleire klassar trenar elevane på å gje respons og ros. Dei vaksne som har tilsyn ute, nyttar refleksvestar. - 10 -

4. Lærarane ved skulen er tydelege klasseleiarar. 5. Dei tilsette ved skulen er gode rollemodellar. 6. Leiinga ved skulen er pådrivarar i arbeidet med å vidareutvikle sosial kompetanse. 7. Skulen har store og allsidige uteområde. Uteområda gjev rom for fleire typar leik, spel og aktivitetar, og har positiv verknad for det sosiale livet på skulen. - 11 -

9 SKULEN SINE UTVIKLINGSOMRÅDE INNAN VURDERINGSOMRÅDET Vurderingsgruppa har valt følgjande utviklingsområde innanfor arbeidet med sosial kompetanse: 1. Skulen må avklare og definere omgrepet sosial kompetanse. 2. Skulen bør utarbeide klare mål for arbeidet med sosial kompetanse. På lik line med Kunnskapsløftet sine kompetansemål i fag, skal elevane også ha mål for sosial kompetanse. Småskulen og mellomsteget kan til dømes utvikle felles sosiale mål, som kan stå på vekeplanane eller henge på oppslagstavla. Skulen bør vidareutvikle Sosial læreplan. Planen må bygge på skulen si felles forståing av omgrepet sosial kompetanse. Måla ein set opp må vere klare og konkrete, og kunne evaluerast. Sosial kompetanse bør framleis vere eit satsingsområde. 3. Skulen må jamleg gjennomføre trivselsundersøking. Trivselsundersøkinga skal gjennomførast anonymt og før elevsamtale. Resultata må evaluerast og drøftast blant dei tilsette og med elevane på skulen, og med dei føresette. Trivselsundersøkinga må komme i tillegg til Skuleundersøking om mobbing. 4. Erfaringsdeling og felles opplæring Skulen bør utvikle felles verktøy og metodar for arbeidet med sosial kompetanse. Felles opplæring, eksternt eller internt, kan danne grunnlag for felles forståing av omgrep og metodar. Ein må ta vare på det gode arbeidet som vert gjort, og dyrke dei gode døma. Erfaringsdeling om arbeid med sosial kompetanse bør prioriterast i Pedagogisk forum, og i samarbeidstid mellom lærarar og assistentar. - 12 -

10 IDEAR TIL VIDARE ARBEID Utviklingsområde 1. Skulen må avklare og definere omgrepet sosial kompetanse. 2. Skulen bør utarbeide klare mål for arbeidet med sosial kompetanse. 3. Skulen må jamleg gjennomføre trivselsundersøking. 4. Erfaringsdeling og felles opplæring Idear Hefte frå Læringssenteret 2003: Utvikling av sosial kompetanse. Veileder for skolen, ISBN 82-486-0971-5 Undervisning i sosiale ferdigheter En håndbok. Kommuneforlaget 2002, ISBN 82-446-0909-5 Elevinspektørane Klasseromsledelse en bok om relasjonar, makt, og følelser, av Bodil Wennberg og Sofia Nordberg, Damm ISBN 82-04-11807-4. I tillegg er det utarbeidd eit program for å utvikle Emosjonell Intelligens/EQ, bodil@eq.nu Til dette arbeidet er det ein perm som inneheld ei mengd elev-/klasseoppgåver for Utvikling av selverkjennelse, empati, ansvar, kommunikasjon og konflikthåndtering. Kontakte Sund skule, og få tilsendt døme på trivselsundersøking. Diverse hefter frå FUG og KUD. 6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Ekerhovd oppveksttun 24.04.2008 Berit Hernar Torbjørg Ordahl Bakke Torkil Brigtsen Vurderar FØS vurderingsnettverk 7 vedlegg - 13 -

Til foreldra ved Ekerhovd skule Mars 2008 SKULEN DIN SKAL HA EKSTERN VURDERING I APRIL! Lærarar, foreldre, elevar og styremakter er alle opptekne av kvaliteten i skulen. Alle skular har ynskje om å utvikla seg og å gjera tilbodet til elevar og føresette best mogleg. Difor har dei i mange år vurdert arbeidet sitt, eller delar av det, for at kvaliteten stadig skal verta betre. Skuleeigarane i (SFØ) har no etablert eit eige vurderingsnettverk som skal hjelpa skulane i dette arbeidet. Nettverket er sett saman av 14 pedagogar frå kommunane våre. Desse skal i åra som kjem reise rundt for å hjelpa skulane i vurderingsarbeidet, og for å sjå skulen gjennom nye briller. Vurderarane på din skule vil alltid koma frå ein av dei to nabokommunane. I april får skulen besøk av to frå dette nettverket. Me skal vera på skulen i veke 17 frå måndag 21. til torsdag 24. og skal hjelpa skulen å vurdera kvaliteten på skulen sitt arbeid innanfor emnet: Sosial kompetanse Kan henda treng me hjelp av foreldra i arbeidet vårt? De vil då få nærare beskjed frå skulen om dette. Me ser fram til dette arbeidet og vonar det verkeleg kan vera til nytte i skulen sitt læringsarbeid. Resultatet av vurderinga vert m.a. lagt fram i ein rapport, som vil vera tilgjengeleg for alle. Me ser fram til eit spennande møte og godt samarbeid. Helsing Vurderingsnettverket i Berit Hernar vurderar Torbjørg Ordahl Bakke vurdera - 14 -

Veit ikkje Vurderingsnettverk for skuleutvikling PÅSTANDSSKJEMA TIL ALLE ELEVAR 4.-7. ÅRSTRINN Nr Påstandar. Set kryss under 4 dersom de er heilt samde i påstanden, glidande nedover mot 1 dersom de er heilt usamde. Dersom de ikkje veit noko om påstanden så set de kryss under veit ikkje. 1. Eg kjenner reglane for god åtferd på skulen. 4 SANT 3 2 1 2. Eg har vore med på å laga reglar for orden og åtferd. 3. 2Eg held reglane som gjeld på skulen.. 4. 3Dei vaksne reagerer likt på reglane.. 5. 4Elevane rettar seg etter det dei vaksne seier.. 6. 5Eg er høfleg og rosar andre.. 7. 6Dei andre er høflege og rosar meg.. 8. 7Eg seier frå om nokon vert plaga(mobba,. erta) 9. 8Eg syner andre elevar respekt.. 10. Eg trivst 9 på skulen.. 11. Eg har 1elevsamtale med læraren min. 0. - 15 -

12. Eg er 1med på foreldresamtalen. 1. 13. Vi har 1sosiale mål på vekeplanen. 2. 14. Eg er 1med på å vurdere korleis eg er mot dei 3vaksne og medelevar. - 16 -

Veit ikkje Vurderingsnettverk for skuleutvikling PÅSTANDSSKJEMA TIL FØRESETTE Nr Påstandar. Set kryss under 4 dersom de er heilt samde i påstanden, glidande nedover mot 1 dersom de er heilt usamde. Dersom de ikkje veit noko om påstanden så set de kryss under veit ikkje. 1. Eg/vi kjenner til at skulen har ein plan for sosial kompetanse. 4 SANT 3 2 1 USANT 2. Dei tilsette ved skulen er gode rollemodellar i høve til sosial kompetanse. 3. Arbeid med sosial kompetanse er synleg i skulekvardagen og planane til elevane. 4. Dei tilsette handhevar reglane ved skulen likt. 5. Dei tilsette gjennomfører konsekvensar for brot på reglane likt. 6. Kontaktlæraren har 2 elevsamtalar i året. 7. Elevane er med på foreldresamtalen. 8. Det er fokus på sosial kompetanse i foreldresamtalen. 9. Elevane syner respekt og toleranse i høve til medelevar og vaksne. 10. Eg/vi er godt informerte om skulen sitt arbeid med sosial kompetanse. - 17 -

11. Eg/vi er aktive i å utvikla skulen sitt sosiale miljø. 12. Skulen gjennomfører jamleg kartlegging av skulemiljøet. 13. Eg/vi har positive haldningar til skulen og snakkar positivt om skulen. 14. Skule og heim har ein god dialog og samarbeider godt. - 18 -

Veit ikkje Vurderingsnettverk for skuleutvikling PÅSTANDSSKJEMA TIL LÆRARAR/ASSISTENTAR Nr Påstandar. Set kryss under 4 dersom de er heilt samde i påstanden, glidande nedover mot 1 dersom de er heilt usamde. Dersom de ikkje veit noko om påstanden så set de kryss under veit ikkje. 1. Eg kjenner til at skulen har ein handlingsplan for sosial kompetanse. 4 SANT 3 2 1 USANT 2. Vi tilsett ved skulen har felles innhald i omgrepet sosial kompetanse. 3. Eg har fått opplæring i arbeidet med sosial kompetanse. 4. Vi tilsette er gode rollemodellar i høve sosial kompetanse. 5. Læraren i klassen er ein tydeleg klasseleiar. 6. Vi tilsett handhevar reglane ved skulen likt. 7. Vi tilsett gjennomfører konsekvensar for brot på reglane likt. 8. Kontaktlæraren har 2 elevsamtalar i året. 9. Elevane veit kva som er forventa av dei innan sosial kompetanse. 10. Elevane er med å utarbeida reglar. 11. Elevane respekterer skulen sine reglar. - 19 -

12. Elevane syner respekt og toleranse i høve til medelevar. 13. Elevane vurderer jamleg si eiga sosiale utvikling. 14. Arbeidet med sosial kompetanse er synleg i skulekvardagen og planane til elevane. 15. Dei føresett kjenner godt til skulen sitt arbeid med sosial kompetanse. 16. Skule og heim har ein god dialog og samarbeider godt. 17. Dei føresette tek aktiv del i å utvikla det sosiale miljøet ved skulen. 18. Dei føresette har positive haldningar til skulen og snakkar positivt om skulen. 19. Leiinga ved skulen er pådrivarar for arbeidet med sosial kompetanse. 20. Leiinga legg til rette for at dei tilsette driv aktiv erfaringsdeling. 21. Vi tilsette støttar og hjelper kvarandre i skulekvardagen. 22. Vi tilsette har felles ansvar for elevane. 23. Vi tilsette har planar med konkrete mål for sosial kompetanse. 24. Vi evaluerer planane kvart år. 25. Skulen gjennomfører jamleg kartlegging av skulemiljøet. 26. Skulen evaluerer i fellesskap resultata frå kartlegginga. - 20 -

Spørsmål til elevrådet (4. 7.kl.) ved Ekerhovd skule Planar Elevane sin sosiale kompetanse Lærar - elev Vegen vidare Veit du kva skulen sitt slagord er? Kva veit du om det? Kva reglar fins på skulen for korleis ein skal oppføra seg? Kven har laga desse reglane? Kva skjer viss nokon ikkje følgjer desse reglane? Korleis synes de at elevane følgjer reglane for god oppførsel? Er alle elevane på skulen høflege? Om nokon vert plaga, kva gjer de då? På kva måte roser de kvarandre her? Klarar du å vurdere korleis du er mot dei vaksne og medelevar? Kva er det å trivast på skulen? Kvifor trivst du på skulen? Trur du det er nokon som ikkje trivst? Korleis arbeider de med å lære om korleis vi skal vere mot kvarandre? Korleis opplever de at dei vaksne reagerar om nokon bryt reglane? Kva snakkar de om på elevsamtalen med læraren? Er du med på samtalen mellom læraren og dei føresette? Kvifor? Kvifor ikkje? Korleis kan Ekerhovd verte ein skule der alle har det bra? Kva tenkjer du om å ha sosiale mål på vekeplanen? - 21 -

Gruppeoppgåver tilsette 22.04.08 Planarbeid: Kva ulike planar har skulen innan sosial kompetanse? Korleis vert dei nytta? Korleis vert dei evaluerte? Dei tilsette sitt arbeid med sosial kompetanse: Korleis arbeider de med å utvikle sosial kompetanse på dei ulike trinna? Er det lett å handheva reglane ved skulen likt? Kvifor? Kvifor ikkje? Kvifor hender det at avtalte konsekvensar for brot på reglane vert gjennomført ulikt? Elevane sitt arbeid med sosial kompetanse: I kva grad opplever de at elevane kan vurdere si eiga sosiale utvikling? Korleis kan ei slik vurdering gjennomførast? Heim - skule samarbeid om sosial kompetanse hos elevane: Ut frå Påstandsskjema oppfatta dei føresette samarbeidet meir positivt enn dei tilsette. Korleis informerer og samarbeider de med foreldra om elevane sin sosiale kompetanse? Skulen som lærande organisasjon: Korleis legg leiinga til rette for aktiv erfaringsdeling for dei tilsette? Rammer, tid og tidspunkt? Med utgangspunkt i skulen sitt slagord Sjå og bli sett og sosial kompetanse som satsingsområde: Korleis er arbeidet med sosial kompetanse synleg i skulekvardagen? Kva syns de om å gjennomføre trivselsundersøkingar, i tillegg til jamleg mobbeundersøking? Korleis kan resultata evaluerast. Vegen vidare: Kva meiner de skal til for at skulen skal utvikla seg vidare innan sosial kompetanse? Sosiale kompetansemål på vekeplanen? Felles opplæring? Korleis? - 22 -

Gruppeoppgåver FAU 22.04.08. Planarbeid Svært mange av dei føresette kjenner til at skulen har ein plan for sosial kompetanse. - Kva slags plan eller planar har de sett? - Veit de kva planen eller planane inneheld? - Veit de kva skulen sitt slagord er? Dei tilsette sitt arbeid med sosial kompetanse Dei aller fleste av dei føresette meiner at arbeid med sosial kompetanse er synleg i skulekvardagen og i planane til elevane. - På kva måte synleggjerast dette? Elevane sitt arbeid med sosial kompetanse - Korleis kan du få vite meir om korleis elevane arbeider med sosial kompetanse på skulen? Samarbeid heim - skule om sosial kompetanse Eit fleirtal av dei føresette seier at dei er godt informerte om skulen sitt arbeid med sosial kompetanse. - Korleis vert de informerte? - Er det god informasjon om skulen sitt generelle arbeid med sosial kompetanse, eller berre om eigne barn si utvikling? - Korleis driv skulen arbeid med sosial kompetanse? Dei føresette har positive haldningar til, og snakkar positivt om skulen. - Kvifor er dette viktig? - Kva trur de dei føresette sine haldningar til skulen har å seie for elevane sine haldningar? - Er dette noko som vert teke opp på foreldresamtalar? Skulen som lærande organisasjon Eit fleirtal av dei føresette seier at skulen jamleg gjennomfører kartlegging av skulemiljøet. - Korleis kartleggast skulemiljøet? - Korleis vert kartlegginga følgd opp? Vegen vidare - Korleis kan skulen utvikle arbeidet med sosial kompetanse? - 23 -