MANIFEST MOT MOBBING 2009 2010. eit forpliktande samarbeid for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø

Like dokumenter
MANIFEST MOT MOBBING et forpliktende samarbeid for et godt og inkluderende oppvekst- og læringsmiljø

Manifest mot mobbing. Et forpliktende samarbeid for et godt. inkluderende oppvekst- og læringsmiljø

M ANIFEST M OT M OBBING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

ET GODT PSYKOSOSIALT ARBEIDSMILJØ FOR ELEVER OG BARN I NES KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

MANIFEST MOT MOBBING et forpliktende samarbeid for et godt lærings- og oppvekstmiljø TILTAKSPLAN

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Ta tak i arbeidet mot mobbing!

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Tiltaksplan

Forord

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Hjem-skolesamarbeid og lovverket

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Velkommen til Nygårdslien skole! Førskoledag 20. mai 2015

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Skolemiljøutval. Rettleier til medlemmene

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Elevane sitt skulemiljø. Kapittel 9a i opplæringslova

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Høstkonferansen : Rustet for livet Barn og unges psykiske helse

Sandeid skule SFO Årsplan

Barnehageplan for Vinje kommune

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

11 Eg i arbeidslivet

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Samling med kommunane 4.juni 2013

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

på vegne av barn og unge

ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3. Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø!

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Politisk program for Jølster KrF

Velkommen til Kleppskulen

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø i askerskolen

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Kvalitetsplan mot mobbing

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

FORELDREMØTE STORETVEIT SKOLE KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

9 A-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Transkript:

MANIFEST MOT MOBBING 2009 2010 eit forpliktande samarbeid for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø

Føreord Alle barn fortener ein bra start i livet. I dag er det for mange barn og unge som opplever mobbing. Barnehage, skule, SFO og fritidsmiljø skal vere trygge arenaer for barn og ungdom. Dei vaksne har ansvar for å syte for denne tryggleiken. Gjennom Manifest mot mobbing forpliktar mange viktige partar seg til å førebyggje og få bukt med mobbing. Sidan Manifestarbeidet starta i 2002, har partane medverka til auka medvit om mobbing, fokus på eit godt og inkluderande lærings- og oppvekstmiljø for barn og unge og tiltak mot mobbing. Vi ser at innsatsen gjev resultat. Der det blir satsa systematisk på å få bukt med mobbing, blir det betre. Likevel er vi langt unna målet om at ingen skal oppleve mobbing, og at alle skal kjenne seg trygge på skulen og skulevegen. Derfor held vi fram med arbeidet og stadfestar det vi har forplikta oss til, i Manifest mot mobbing. Jens Stoltenberg Statsminister Mobbing er krenkjande, gjer ein utrygg og kan øydeleggje sjølvtillit. Mobbing finst i ulike former. I dag opplever mange at Internett og mobiltelefonbruk gjev nye arenaer for mobbing, trakassering og utestenging. Det er viktig å arbeide mot dette, gjennom arbeid for nettvett og ved å gjere barn og unge medvitne om konsekvensane av å mobbe. Vi må følgje med i utviklinga og syte for at vi gjer det som verkar, og som gjev resultat. Same kva form og arena mobbinga har, er verknaden den same for den som blir mobba. Vi må derfor kjempe mot alle former for mobbing. Vi har alle eit ansvar for å førebyggje og få bukt med mobbing, som medmenneske og samfunnsdeltakarar. Med dette manifestet inviterer vi til fornya og felles innsats. Vi forpliktar oss til å gjere det som står i vår makt for at alle barn skal ha det bra i barnehagen, på skulen og i fritida. Barn skal få ha ein barndom utan mobbing. Vi veit at innsats nyttar. No held vi fram med arbeidet.

MANIFEST MOT MOBBING 2009 2010 eit forpliktande samarbeid for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø Vi, regjeringa Stoltenberg, KS, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Skolenes landsforbund og Foreldreutvalet for grunnopplæringa, forpliktar oss til å arbeide for at alle barn og unge har eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø. Barn og unge skal ikkje bli utsette for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, vald, rasisme, homofobi, diskriminering eller utestenging. Den viktigaste innsatsen mot mobbing må skje der barn og unge er. Vi er derfor opptekne av å motivere og hjelpe til i den lokale og regionale innsatsen mot mobbing. Måla våre: Barn og unge skal ha eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Barn og unge skal få oppfylt rettane sine til medverknad og medråderett i barnehage, skule og fritid Alle skal medverke til godt samarbeid til beste for barn og unge, og foreldre og føresette må sikrast medverknad og medråderett Vaksne skal vite at dei har eit ansvar for at barn og unge blir inkluderte i gode oppvekst- og læringsmiljø Vaksne skal opptre som tydelege vaksne og vere gode rollemodellar overfor barn og unge Alle som har ansvar for barn og unge, skal ha gode dugleikar i førebygging og handtering av mobbing Alle som arbeider med barn og unge, skal ha gode dugleikar i verdi- og haldningsskapande arbeid blant barn, unge og vaksne KS Halvdan Skard Utdanningsforbundet Helga Hjetland Foreldreutvalget for grunnopplæringa Loveleen Rihel Brenna Fagforbundet Jan Davidsen Jens Stoltenberg Statsminister Skolenes landsforbund Stein Grøtting

LOVGRUNNLAGET FOR RETTEN TIL ET OPPVEKST- OG LÆRINGSMILJØ UTEN MOBBING FNs barnekonvensjon omhandlar blant anna retten barnet har til utvikling, medverknad, ikkje-diskriminering, omsorg, vern og sjølvrealisering. Det blir særleg peika på utvikling av respekt for personlegdomen, den kulturelle identiteten, språket og verdiane barnet har. Mobbing kan hemme ei slik utvikling. FNs barnekonvensjon er gjord til norsk lov gjennom menneskerettslova. Barnehagelova 2, tredje ledd, slår fast at omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremje menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. Barnehagen skal gje barn høve til leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar i trygge og samtidig utfordrande omgjevnader. Barnehagelova 3 gjev barn rett til medverknad. Forskrifta rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver utdjupar ansvaret personalet har for omsorgsog læringsmiljøet for barna og for å fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald. Barnehagen skal vere eit miljø der ulike individ og ulike kulturelle ytringar møtest i respekt for det som er forskjellig. Barnehagen har eit særleg ansvar for å førebyggje vanskar og å oppdage barn med særskilde behov. Rammeplanen legg vekt på språkleg og sosial kompetanse som grunnlag for at barna kan delta aktivt i fellesskapet. Opplæringslova kapittel 9a og prinsipp for opplæringa slår fast at alle elevar i grunnskular, vidaregåande skular og skulefritidsordning (SFO) har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle som arbeider i skulen og skulefritidsordning, pliktar å syte for at elevane ikkje blir utsette for sjikane gjennom krenkjande ord og handlingar som mobbing, vald, rasisme og diskriminering. Dersom ein tilsett i skulen eller skulefritidsordninga får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for slike krenkjande ord eller handlingar, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er naudsynt og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Opplæringslova gjev elevar og foreldre stor grad av brukarmedverknad og klagerett. Opplæringslova 11-1a og 11-5a gjev reglar om oppretting av skulemiljøutval i grunnskule og vidaregåande skule. Skuleeigar (kommunar og fylkeskommunar) har plikt til å syte for at det blir fastsett eit ordensreglement for den enkelte grunnskule eller vidaregåande skule, jf. opplæringslova 2 9 og 3 7. Prinsipp for opplæringa legg vekt på skulen sitt ansvar for å utvikle den sosiale kompetansen til elevane, bl.a. ved at dei får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. har som føremål å medverke til at miljøet i barnehagar, skular og visse andre verksemder fremjar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold og dessutan førebyggjer sjukdom og skade. Reglane i forskrifta skal brukast ved planlegging, tilrettelegging og drift av verksemda, jf. forskrifta 2. Forskrift om det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane har som føremål å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skadar. Forskrifta 2-3 slår fast at tilbodet frå helsestasjons- og skulehelsetenesta skal omfatte førebyggjande psykososialt arbeid og samarbeid med skulen om tiltak som fremjar godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevar. Det er også forbod mot trakassering på grunn av kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn mv. i lovverket mot diskriminering; likestillingslova 8a, diskriminerings- og tilgjengelegheitslova 6 og diskrimineringslova 5. I tillegg slår likestillingslova 8a fast at det ikkje er tillate å utsetje ein annan for seksuell trakassering. Arbeidsgjevarar og leiinga i organisasjonar eller utdanningsinstitusjonar har ansvar for å førebyggje og prøve å hindre trakassering innanfor sine ansvarsområde.

TILTAK Manifestpartane vil følgje opp arbeidet frå dei første manifestperiodane, og vil i fellesskap arbeide for at lovreglane på området blir følgde opp. Manifestpartane har ulike roller og ulike arbeidsfelt. Partane forpliktar seg til å arbeide saman og kvar for seg mot det same målet. Tiltaka i manifestet vil så langt det er mogleg vere basert på kunnskap om kva som verkar. Partane vil arbeide for eit betra kunnskapsgrunnlag om mobbing, blant anna gjennom forsking. Manifestpartane vil arbeide for at ingen barn og unge skal utsetjast for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, vald, rasisme, diskriminering eller utestenging. Partane skal leggje vekt på å hindre trakassering og krenkingar på grunn av kjønn og seksuell orientering. Digitale medium er ein viktig del av kvardagen for barn og unge. Mange opplever mobbing og trakassering via mobiltelefon og Internett. Manifestpartane vil arbeide for at barn og unge ikkje blir utsette for denne forma for mobbing. Det viktigaste arbeidet og engasjementet mot mobbing og for eit godt oppvekstog læringsmiljø må skje der barn og unge er. Eit godt oppvekst- og læringsmiljø føreset at det enkelte barnet, ungdomen og dei vaksne blir møtte med respekt. Partane er derfor opptekne av å motivere og hjelpe til i den lokale innsatsen mot mobbing. Partane vil også oppmuntre lokalsamfunnet til å forplikte seg til vidare innsats mot mobbing. Manifestpartane vil spreie informasjon og materiell om førebygging og handtering av mobbing.

Tiltak for barn og unge i skule og skulefritidsordning 1. hente inn røynsler med uavhengige kontrollutval og ombod for elevar i Noreg og nordiske land, for å vurdere om det bør opprettast eit sentralt elevombod 2. støtte implementeringa av tiltak og program med dokumentert effekt for arbeidet med læringsmiljøet og mobbing 3. gjennomføre ei forskingsbasert utvalsundersøking for å få eit betre bilete av kva som ligg attom tala i Elevundersøkinga om førekomst av mobbing og diskriminering 4. gjennomføre nasjonalt tilsyn med skular og skoleeigarar om etterlevinga av opplæringslova kapittel 9a om psykososialt læringsmiljø 5. samle og spreie kunnskap om korleis skulane kan arbeide for å skape gode læringsmiljø gjennom blant anna Program for inkluderande lærings- og oppvekstmiljø 6. leggje vekt på kunnskap om læringsmiljø i skuleleiarutdanninga og lærarutdanninga 7. utarbeide og spreie rettleiingsmateriell om kjønnsrelatert mobbing 8. forsterke innsatsen i arbeidet med dei utfordringane som digitale medium medverkar til, blant anna gjennom informasjon, rettleiing og kurs 9. implementere Psykisk helse i skulen 10. spreie informasjon til tilsette og føresette om barns psykiske helse 11. medverke til at tilsette på skular og skulefritidsordningar har kompetanse i og planar for arbeidet mot mobbing 12. leggje til rette for kurs/skolering og spreie informasjon om arbeidet mot mobbing 13. tydeleggjere ansvaret knytt til arbeidet mot mobbing gjennom diskusjonar om yrkesetiske problemstillingar 14. revidere og distribuere rettleiingsmateriell om skulemiljøutval Tiltak for barn i barnehagen 15. spreie informasjon til tilsette i barnehage om barns psykiske helse 16. leggje vekt på lærings- og omsorgsmiljø ved å følgje opp rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagen 17. medverke til at tilsette i barnehagar har kompetanse i og planar for arbeidet mot mobbing 18. leggje til rette for kurs/skolering og spreie informasjon om arbeidet mot mobbing 19. medverke til å tydeleggjere ansvaret knytt til arbeidet mot mobbing gjennom diskusjonar om yrkesetiske problemstillingar Tiltak for barn og unge i organiserte fritidsmiljø 20. tydeleggjere ansvaret knytt til arbeid mot mobbing overfor tilsette og tillitsvalde i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane og fritidsklubbar gjennom dialog og kompetanseheving 21. følgje opp forskings- og utviklingsarbeid om sosial kompetanse 22. medverke til eit aktivt inkluderingsarbeid og skape møteplassar og konferansar om oppvekstmiljø for barn og unge 23. medverke til å få bukt med mobbing og trakassering via digitale medium og kjønnsrelatert mobbing gjennom informasjons- og haldningsskapande arbeid

Tiltak for helsestasjon og skulehelsetenesta 24. mobilisere helsestasjons- og skulehelsetenesta som ein sentral samarbeidspart for skulane og barnehagane i arbeidet med å skape eit godt psykososialt læringsmiljø Tiltak for foreldre og føresette 25. spreie informasjon til foreldre og føresette med barn i barnehage og skule om barns psykiske helse 26. medverke til å avklare forventingar og fellesansvar mellom heim og skule blant anna gjennom foreldremøte og nettverksgrupper 27. styrkje samarbeidet mellom barnehagen og foreldra for å fremje eit godt barnemiljø 28. halde føredrag om foreldre og føresette sine oppgåver og ansvar for å få bukt med mobbing 29. gje råd og hjelp til foreldre og føresette på e-post og telefon Tiltak for kommunar og fylkeskommunar 30. hjelpe til med vidareutvikling av verktøy for arbeidsgjevarstrategi 31. drive prosjekt for kvalitetsutvikling på helse- og omsorgsområdet 32. kartleggje kva kommunar og fylkeskommunar treng for å utvikle eigne kvalitets- og styringssystem, og gje tilbod om støtte 33. stimulere til god etisk standard i kommunesektoren, blant anna gjennom regionale kurstilbod 34. utforme tiltak til Kvalitetskommuneprogrammet slik at arbeid mot mobbing i oppvekstsektoren blir inkludert i programmet 35. systematisere og formidle kunnskap om inkluderingsarbeidet til skuleeigarane, blant anna i Kvalitetskommuneprogrammet

Hovudansvarlege for tiltak Barne- og likestillingsdepartementet Ansvarleg for tiltak nr. 20, 21, 22, 23 Fagforbundet Ansvarleg for tiltak nr. 11, 12, 13, 17, 18, 19, 22, 34 FUG (Foreldreutvalet for grunnopplæringa) Ansvarleg for tiltak nr. 5, 14, 26, 28, 29 Helse- og omsorgsdepartementet/helsedirektoratet Ansvarleg for tiltak nr. 2, 9, 10, 15, 24, 25 KS Ansvarleg for tiltak nr. 30, 31, 32, 33, 35 Kunnskapsdepartementet/Utdanningsdirektoratet Ansvarleg for tiltak nr. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 10, 11, 14, 16, 27 Skolenes landsforbund Ansvarleg for tiltak nr. 8, 11, 12, 13, 26, 34 Utdanningsforbundet Ansvarleg for tiltak nr. 8, 11, 12, 13, 17, 18, 19, 26, 27, 34

Referansar: Lover, forskrifter og regelverk: FNs barnekonvensjon Barnehagelova Opplæringslova Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova Diskrimineringslova Likestillingslova Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. Forskrift om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta www.lovdata.no Prinsipp for opplæringa www.utdanningsdirektoratet.no

Barne- og likestillingsdepartementet Postboks 8036 Dep., 0030 Oslo Telefon: 22 24 90 90 E-post: postmottak@bld.dep.no Nettside: www.regjeringen.no/bld Utdanningsforbundet Postboks 9191 Grønland, 0134 Oslo Telefon: 24 14 20 00 E-post: post@utdanningsforbundet.no Nettside: www.utdanningsforbundet.no Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep., 0032 Oslo Telefon: 22 24 90 90 E-post: postmottak@kd.dep.no Nettside: www.regjeringen.no/kd KS Postboks 1378 Vika, 0114 Oslo Telefon: 24 13 26 00 E-post: ks@ks.no Nettside: www.ks.no Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 Dep., 0030 Oslo Telefon: 22 24 90 90 E-post: postmottak@hod.dep.no Nettside: www.regjeringen.no/hod Foreldreutvalet for grunnopplæringa Postboks 8119 Dep., 0032 Oslo Telefon: 22 24 75 63 E-post: post@fug.no Nettside: www.fug.no Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen, 0608 Oslo Telefon: 23 30 12 00 E-post: post@utdanningsdirektoratet.no Nettside: www.utdanningsdirektoratet.no Helsedirektoratet Postboks 7000 St. Olavs plass 0130 Oslo Telefon: 810 200 50 E-post: postmottak@helsedirektoratet.no Nettside: www.helsedirektoratet.no Fagforbundet Boks 7003 St. Olavs plass 0130 Oslo Telefon: 23 06 40 00 E-post: servicetorget@fagforbundet.no Nettside: www.fagforbundet.no Skolenes landsforbund Boks 8783 Youngstorget 0028 Oslo Telefon: 23 06 13 62 E-post: skolenes@skolenes.no Nettside: www.skoleneslandsforbund.no www.sisteskrik.no Foto: Jannecke Sanne, Bjørn Sigurdsøn/SMK, side 2