OS KOMMUNE Organisasjonseining MØTEPROTOKOLL Os Formannskap Møtestad: Rådhuset,formannsakpsalen Møtedato: 07.11.2006 Frå: 09.00 til 12.40 Innkalte: Funksjon Namn Forfall Møtt for Ordførar Terje Søviknes Varaordførar Lisbeth L. Axelsen Aase Lønningdal Laila Marie Reiertsen FO Børge Lunde Borghild Borgen Ruth Elin Andersen Midtbø FO Tore Rykkel Øystein Nordvik Varamedlem Haldor Fosse Ruth Elin Andersen Midtbø Varamedlem Espen Aspenes Laila Marie Reiertsen Frå adm. : Rådmann Knut Terje Rekve, kommunaldirektørane Jorun Solberg og Øyvind Tøsdal, økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas Andre: Merknader: Til innkallinga: 2 representantar har ikkje fått sakene. Saklista vart godkjendt med utsende tilleggssakliste. Dei fortrulege tilleggssakene vert teke i lukka møte til slutt. Behandla saker: 181/06 189/06 Underskrifter: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 07.11.2006 Terje Søviknes Lisbeth L. Axelsen Borghild Borgen Ordførar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 181/06 05/633 ORIENTERINGSSAK - SENIORPOLITIKKEN I OS KOMMUNE 182/06 06/1892 FRAMLEGG OM RETT TIL PERMISJON I SAMBAND MED OMSORG FOR FORELDRE 183/06 06/638 KUNSTMUSEUM / KULTURHUS I OS 184/06 06/862 TETTSTADUTVIKLING OSØYRO - BARONSELVA 185/06 06/1161 BUDSJETT/ ØKONOMIPLAN 2007-2010 186/06 06/2 POLITISK KVARTER 187/06 06/3 NÆRINGSLIVETS KVARTER 188/06 06/841 Unntatt off., jfr. offl. 6 Offl. 6 KULTURSTIPEND 2006 189/06 03/601 Unntatt off., jfr. offl. 6 Ofl 6 VISNINGSSENTER HAUGSNESFJERO - BRUK AV KOMMUNAL FORKJØPSRETT
181/06 Arkiv: 400 Arkivsaknr.: 05/633 ORIENTERINGSSAK - SENIORPOLITIKKEN I OS KOMMUNE Samrøystes vedtak som innstillinga. Formannskapet tek sak om Seniorpolitikk datert 9.10.06 til orientering. 182/06 Arkiv: 460 Arkivsaknr.: 06/1892 FRAMLEGG OM RETT TIL PERMISJON I SAMBAND MED OMSORG FOR FORELDRE Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. Os formannskap godkjenner at følgjande permisjonsrett vert innført som ei prøveordning i eitt år, frå 01.01.2007: Tilsette som har behov for fri i samband med omsorg for foreldre kan få inntil 2 dagar fri med løn pr. år. Retten til permisjon med løn skal gjelda ved sjukdom, følgje til sjukehus, institusjon o.l. Permisjonen kan takast ut i timar tilsvarande 2 dagar. Ordninga skal evaluerast etter eitt år og leggjast fram for handsaming i personal- og lønsutvalet. 183/06 Arkiv: C56 Arkivsaknr.: 06/638 KUNSTMUSEUM / KULTURHUS I OS Framlegg til tilråding: 1. Os kommunestyre legg til grunn at kommunen i nært samarbeid med Grieg Foundation skal realisera eit kunstmuseum i Os i tråd med dei skissene Per Grieg snr har presentert for kommunen. Museet skal primært presentera biletkunst, og bygget skal framstå som eit signalbygg av internasjonal klasse. 2. Os kommunestyre er kjent med hovudpremissane for Grieg Foundation si gåve, herunder at store delar av Grieg s kunstsamling skal visast i museet og at Os kommune skal ha ansvaret for framtidig drift av kunstmuseet. Kommunestyret ber om at det vert teke initiativ for å redusere det finansielle driftsansvaret for Os kommune, t.d. gjennom fondsavsetningar og tilskot frå andre offentlege instansar.
3. Os kommunestyre ynskjer ei nærare utgreiing av potensialet for samlokalisering av kunstmuseet med eit nytt kulturhus for Os, der ein storsal for scenekunst, kino og konferansar er det bærande elementet. 4. Os kommunestyre vel primært Mobergsneset som lokalisering av museet/kulturhuset, og ber om at det vert innleia forhandlingar med grunneigar/eigedomsutviklar Os Sjøfront AS om arealet. Alternativt er lokalisering på ei mindre fylling innanfor Steinnesmoloen framleis aktuelt, primært for kunstmuseet. 5. Os kommunestyre vel følgjande Adhoc-utval, som skal leia arbeidet på kommunal side i den vidare prosessen; Ordførar Terje Søviknes, leiar Varaordførar Lisbeth Axelsen, nestleiar Kom.dir. Øyvind Tøsdal Kultursjef Karl Ole Midtbø Kunstnar Arne Mæland, Os kulturutvikling Utvalet skal etablera naudsynte samarbeidsfora med Grieg Foundation v/per Grieg snr, eigedomsutviklar Os Sjøfront AS og evt. andre partar førebu realisering av kunstmuseum/kulturhus i Os i tråd med premissane gitt i denne saka, herunder vurdera ulike gjennomføringsmodellar (planprosess, finansiering, MVA-kompensasjon, byggherreansvar, anbodsprosess, byggjeprosess, eigarstruktur, organisasjons- og driftsmodell, driftskostnader m.m.) greia ut potensialet for samlokalisering av eit kulturhus med kunstmuseet (romprogram, finansiering, investeringstilskot frå andre off.aktørar, tippemidlar til kulturhus, driftsmodell, driftskostnader) leggja fram relevante saksnotat i høve spørsmål som treng politisk vedtak Utvalet rapporterar fortløpande til Os formannskap, og alle spørsmål som treng administrative eller politiske vedtak skal leggjast fram for ordinær handsaming i administrasjonen, formannskap, forvaltningsstyre eller kommunestyre i tråd med gjeldane Delegasjonsreglement for Os kommune. 6. Os kommunestyre godkjenner at den operative byggekomiteen for prosjektet skal ha slik samansetjing; Per Grieg snr, Grieg Foundation Terje Søviknes, Os kommune 1 person med byggfaglig kompetanse (vert oppnemnd seinare) 1 person med kunstfaglig kompetanse (vert oppnemnd seinare) Tore Rykkel (V) kom med endringsframlegg til 1. setningen i pkt. 1. ønsker å realisera.: Os kommunestyre legg til grunn at kommunen i nært samarbeid med Grieg Foundation ønsker å realisera eit kunstmuseum i Os i tråd med dei skissene Per Grieg snr har presentert for kommunen. Museet skal primært presentera biletkunst, og bygget skal framstå som eit signalbygg av internasjonal klasse.
Haldor Fosse (SV) kom med endringsframlegg til pkt. 5: Rådmannen peikar ut 2 personar frå administrasjonen. Tore Rykkel sitt framlegg fekk 4 røyster (1V, 1Ap, 1SV, 1Tvs) og fall. Administrasjonen sitt framlegg til pkt. 1 vart vedteke. Haldor Fosse sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Resten av innstillinga vart samrøystes vedteke. 1. Os kommunestyre legg til grunn at kommunen i nært samarbeid med Grieg Foundation skal realisera eit kunstmuseum i Os i tråd med dei skissene Per Grieg snr har presentert for kommunen. Museet skal primært presentera biletkunst, og bygget skal framstå som eit signalbygg av internasjonal klasse. 2. Os kommunestyre er kjent med hovudpremissane for Grieg Foundation si gåve, herunder at store delar av Grieg s kunstsamling skal visast i museet og at Os kommune skal ha ansvaret for framtidig drift av kunstmuseet. Kommunestyret ber om at det vert teke initiativ for å redusere det finansielle driftsansvaret for Os kommune, t.d. gjennom fondsavsetningar og tilskot frå andre offentlege instansar. 3. Os kommunestyre ynskjer ei nærare utgreiing av potensialet for samlokalisering av kunstmuseet med eit nytt kulturhus for Os, der ein storsal for scenekunst, kino og konferansar er det bærande elementet. 4. Os kommunestyre vel primært Mobergsneset som lokalisering av museet/kulturhuset, og ber om at det vert innleia forhandlingar med grunneigar/eigedomsutviklar Os Sjøfront AS om arealet. Alternativt er lokalisering på ei mindre fylling innanfor Steinnesmoloen framleis aktuelt, primært for kunstmuseet. 5. Os kommunestyre vel følgjande Adhoc-utval, som skal leia arbeidet på kommunal side i den vidare prosessen; Ordførar Terje Søviknes, leiar Varaordførar Lisbeth Axelsen, nestleiar Kunstnar Arne Mæland, Os kulturutvikling Rådmannen peikar ut 2 personar frå administrasjonen. Utvalet skal etablera naudsynte samarbeidsfora med Grieg Foundation v/per Grieg snr, eigedomsutviklar Os Sjøfront AS og evt. andre partar førebu realisering av kunstmuseum/kulturhus i Os i tråd med premissane gitt i denne saka, herunder vurdera ulike gjennomføringsmodellar (planprosess, finansiering, MVA-kompensasjon, byggherreansvar, anbodsprosess, byggjeprosess, eigarstruktur, organisasjons- og driftsmodell, driftskostnader m.m.)
greia ut potensialet for samlokalisering av eit kulturhus med kunstmuseet (romprogram, finansiering, investeringstilskot frå andre off.aktørar, tippemidlar til kulturhus, driftsmodell, driftskostnader) leggja fram relevante saksnotat i høve spørsmål som treng politisk vedtak Utvalet rapporterar fortløpande til Os formannskap, og alle spørsmål som treng administrative eller politiske vedtak skal leggjast fram for ordinær handsaming i administrasjonen, formannskap, forvaltningsstyre eller kommunestyre i tråd med gjeldane Delegasjonsreglement for Os kommune. 6. Os kommunestyre godkjenner at den operative byggekomiteen for prosjektet skal ha slik samansetjing; Per Grieg snr, Grieg Foundation Terje Søviknes, Os kommune 1 person med byggfaglig kompetanse (vert oppnemnd seinare) 1 person med kunstfaglig kompetanse (vert oppnemnd seinare) 184/06 Arkiv: 233 Arkivsaknr.: 06/862 TETTSTADUTVIKLING OSØYRO - BARONSELVA Framlegg til vedtak: Styringsgruppa for Strandstaden Os får i oppdrag å snarast realisera Delprosjekt Baronselva med opparbeiding av parkområde og gangsamband mellom Kyrkjeflaten og Os Torg. Strandstaden Os skal arrangere arkitektkonkurranse for oppdraget, inkludert samla arkitektskisse for framtidig oppgradering av den indre sentrumskjernen på Osøyro (torgområdet, gatelegeme, trafikkmønster, parkering, bymøblar, grøntstruktur, lyssetting, utsmykking m.m.). Total prosjektramme er kr 1 500 000, ref. tilsegn frå Hordaland fylkeskommune innanfor ramma av Konsesjonskraftmidlar til strategisk viktige prosjekt for regional utvikling i Hordaland. Ordførar Terje Søviknes (FrP) kom med tilleggsframlegg til 2. avsnittet: Sak vedk. val av arkitetktonisk uttrykk vert å leggja fram for formannskap og kommunestyre. Innstillinga vart samrøystes vedteke. Ordføraren sitt tilleggsframlegg vart samrøystes vedteke. Styringsgruppa for Strandstaden Os får i oppdrag å snarast realisera Delprosjekt Baronselva med opparbeiding av parkområde og gangsamband mellom Kyrkjeflaten og Os Torg. Strandstaden Os skal arrangere arkitektkonkurranse for oppdraget, inkludert samla arkitektskisse for framtidig oppgradering av den indre sentrumskjernen på Osøyro (torgområdet, gatelegeme, trafikkmønster, parkering, bymøblar, grøntstruktur, lyssetting,
utsmykking m.m.). Sak vedk. val av arkitetktonisk uttrykk vert å leggja fram for formannskap og kommunestyre. Total prosjektramme er kr 1 500 000, ref. tilsegn frå Hordaland fylkeskommune innanfor ramma av Konsesjonskraftmidlar til strategisk viktige prosjekt for regional utvikling i Hordaland. 185/06 Arkiv: 151 Arkivsaknr.: 06/1161 BUDSJETT/ ØKONOMIPLAN 2007-2010 Framlegg til vedtak: Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2006/økonomiplan 2007 2010 vart drøfta. Spørsmål vedk. budsjettet skal sendast økonomisjefen, som så skal senda svar til alle representantane. Det skal arbeidast vidare med tiltaket for rusavhengige fram til budsjettkoferansen. Drøftingane held fram på budsjettkonferansen 20. 21.11. Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2006/økonomiplan 2007 2010 vart drøfta. 186/06 Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 06/2 POLITISK KVARTER Borghild Borgen (Ap) Ho ønsker informasjon om seniorbustadane på Lurane. Ordførar Terje Søviknes (FrP): Brev til dei ca. 200 interesserte ligg no til underskrift hos ordføraren. Prosjektet utviklar seg etter planen. Formannskapet skal få utdelt dei siste skissene frå utbyggjaren. Espen Aspenes (FrP) Ønsker status på konkurranseutsetjing av reinhaldet. Kommunaldirektør Jorunn Solberg: Fristen for anboda er 22.11. Til no er det kome 11 interessentar. Iverksetjingsdato er ut på nyåret. Tore Rykkel (V) Status på den nye vegen, E39, til Bergen. Ordførar Terje Søviknes (FrP): Det kjem ei orientering til kommunestyret 14.11. Os og Bergen har begge reguleringsplan til politisk handsaming i midten av november. Krysset i Rådalen skal handsamast i Bergen i løpet av 2007 sannsynlegvis før ferien. I løpet av hausten/vinteren 2007/08 vert det sendt bompengesøknad. Statens vegvesen innstiller i saka våren 2008. Innspel vert sendt til statsbudsjettet hausten 2008 og kjem til vedtak i
Stortingen i desember 2008. Nasjonal transportplan går ut i 2009, og då må vi ha alle vedtak på plass for ikkje å måtta byrja på nytt (Nasjonal Transportplan 2006-09). Haldor Fosse (SV) Ønsker status på tilbodet på Mobergslio for rusavhengige. Saka vart drøfta litt under saka om økonomiplanen. Han oppfordrar til at tiltaket skal halda fram. Terje Søviknes (FrP): Ordføraren orienterte om korleis det går med Osbadet KF: Besøkstala hittil er gode. Dei passerte 10.000 26. oktober (utanom elevtalet), og det er nær det dobbelte av kva dei må ha for å vera i ballanse. Dei har ikkje brukt vesentleg med pengar på marknadsføring. Det vert jobba med eit konsept med eit rom som skal innreiast for styrketrening. LHL har flytta sine treningar til Osbadet KF. No skal ein prøva å få orden på skiltinga til Osbadet. 187/06 Arkiv: U00 Arkivsaknr.: 06/3 NÆRINGSLIVETS KVARTER Det var ikkje meld inn saker til politisk kvarter på dette møtet. Møtet vart no lukka. 188/06 Arkiv: 076 C Arkivsaknr.: 06/841 KULTURSTIPEND 2006 Framlegg til vedtak: Os kommune sitt kulturstipend på kr 10.000,- for 2006 vert tidelt Tid og stad for utdeling av stipendet vert avgjort av ordførar i samråd med administrasjonen. Kven som vert tildelt stipend vert offentleggjort når tid og stad for utdelinga er bestemt. Framlagt forslag vart samrøystes vedteke. Vedtaket er unnateke offentleg innsyn inntil utdelinga blir føreteke. (Off.l 6)
189/06 Arkiv: U64 Arkivsaknr.: 03/601 VISNINGSSENTER HAUGSNESFJERO - BRUK AV KOMMUNAL FORKJØPSRETT Framlegg til vedtak: Framlegget er unnateke offentleg innsyn jfr. Off.l. 6. Behandlinga er unnateke offentleg innsyn jfr. Off.l. 6. Tilråding: Tilrådinga er unnateke offentleg innsyn jfr. Off.l. 6.