> gl. dansk rætferdug > gl. dansk: kundgiøre > gl. dansk: indbygger



Like dokumenter
Samansette tekster og Sjanger og stil

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

«Ny Giv» med gjetarhund

Kva er økologisk matproduksjon?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Saksbehandling kva er no det?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

HØGSKOLEN I BERGEN Avdeling for helse og sosialfag

Månadsplan for Hare November

Aurland kommune Rådmannen

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Brødsbrytelsen - Nattverden

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Samfunnsfag TRINN: 10.trinn

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vegvisar til vilbli.no

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse


Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Begrepsundervisning. bidrag 0l å utjamne sosiale forskjellar når det gjeld borna si læring.

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

mmm...med SMAK på timeplanen

Valdres vidaregåande skule

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.


Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Forslag frå fylkesrådmannen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Halvårsplan 4. trinn Måndalen skule vår 2014

Nynorsk under dobbelpress

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart


Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Årsplan i norsk, 4. klasse,


ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Transkript:

Bokomtaler 291 Martin Skjekkeland: Tysk-danske lånord i nynorsk og i bygdemåla. Om ein frisk debatt - og om ei gransking av ordtilfanget i to bygdemål. (Forskningsserien nr. 16. Høgskolen i Agder). Kristiansand: Høgskolen i Agder, 1999. 130 Den nynorske ordstriden er ein del av kulturhistoria vår. Dei siste 20 åra har svært mye skjedd ved at nynorsken har avklart mange av ordproblema sine gjennom ein lang diskusjon. Premissane er blitt diskutert breitt og grundig. Gjennom denne interessa for orda har vi både fått vete noe meir om norsk språk og forstått meir av språket som kulturobjekt. Siste delen av denne boka åt Skjekkeland er eit bidrag til kunnskapen om norsk ordforråd, første delen er eit utsyn over den nynorske orddebatten siste tiåra. Venås-tilrådinga frå 1983 (Venås o.fl. 1983) er eit vasskilje i ordstriden i nynorsk, for den la grunnlaget for ei ideologisk og politisk avklaring. Frå Aasen skapte landsmålet, har opposisjonen mot dansk-tyske importord vore ei viktig symbol sak for delar av målflokken. Men at nynorsken ikkje har vilja godta vanlige ord i det folkelige talemålet, har gjort det vanskeligare å argumentere for at dette skriftspråket representerer folkemålet. Skjekkeland held seg til den nære historia. Språknemnda oppnemnte Venåsutvalet i 1981 etter eit ordskifte i Syn og Segn mellom Lars S. Vikør og Sigmund Skard. "Utvalet skal på fritt grunnlag vurdere ideologi og tradisjon, normert og røynleg bruk av ordtilfanget i nynorsk," heiter det i mandatet for utvalet (s. 11). Utgreiinga kom i 1983 med ei heilskaplig drøfting av emnet og ei liberal fleirtalsinnstilling. På grunn av indre stridar greidde ikkje Språkrådet å gjøre anna enn eit tomt vedtak på årsmøtet i 1984 (s. 12). Men utgreiinga Ia eit nødvendig grunnlag for debatten som tok seg opp att ti år etterpå da Escola forlag ønskte å "opne slusene" i nynorskordlista si. No kom ei ny vinkling på debatten gjennom eit ønske om å utvikle presise retningslinjer for inntaket av dansk-tyske ord. Det kravde eit nytt presisjonsnivå, nye diskusjonsrundar og nye innlegg. Ikkje bare argument blei gjennomgått, dei internal i serte normene i skrift og tale blei også studert i samband med diskusjonane. På årsmøtet i 1999 vedtok så ny norskseksjonen i Språkrådet med 18 mot 1 stemme "Retningslinjer for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordlister og ordbøker". Desse prinsippa inneheld først fem generelle punkt og deretter fem spesielle punkt om ordstrukturelle krav. Desse retningslinjene er i normeringsfaglig samanheng eit gjennombrott for ein ny arbeidsmåte. Med dei kunne sekretariatet i Språkrådet få i mandat å behandle søknadar om å ta inn nye ord i ordlister. I 2000 sendte det ut ei liste på nye 304 godkjente ord. Dette var ord som hadde passert første kriteriet i retningslinjene om at dei "har stor utbreiing i norske dialektar", dessutan var dei ikkje i strid med dei strukturelle restriksjonane. Etter denne omvøla passar ikkje "forbodsspråk" som karakteristikk av nynorsk lenger. Men så spørs det om spådommar frå debatten slår til, slike som den implisitte påstanden i ein leiarartikkel i Dag og Tid frå 15.01.1998: "Ein hjel-

292 Bokomtaler per ikkje nynorsken til å overleva ved å sende han inn i dødskampen." Slike og andre dramatiseringar kan i seg sjølve vere interessante, for vi lærer noe om språket som institusjon i kulturen vår; der kan førestellingane om språket leve nokså uavhengig av det faktiske språket. Skjekkeland går nøye gjennom debatten og dei ymse forslaga til retningslinjer frå 1993 til 1999 da Språkrådet gjorde endelig vedtak. Han har gått igjennom alle referata frå arbeidet i Språkrådet, og historikken og argumentasjonen blir ryddig og saklig lagt fram, slik at ein her kan lett studere motsetningane som kjem fram når ideologisk retorikk skal omformas til lingvistiske prinsipp. Skjekkeland har ikkje sjølv noen ideologisk eller sosiologisk analyse av striden, dessverre. Men kanskje vi bør vente lenger før tida er moden for ein slik analyse. Verdien i denne første delen av boka ligg i dei nøyaktige og nøkterne referata. Ein slik ordstrid er sosiolingvistisk interessant. I praksis er ikkje alle ord like gode - verken i bokmål eller nynorsk. Men i bokmålet er ikkje dei sosiolingvistiske konfliktane like berrsynte, for dei får ikkje formaliserte uttrykk. I nynorsk er motsetningane avdekte så grundig at dei kan utnyttast til underhaldning for andre. Dette er eit eksempel på språket som kulturobjekt, og prinsipielt er det ikkje ulikt alle andre sider ved språket som får symbolverdi - i kva som helst språk. Korleis ordvalet er styrt i bokmålet, ville forresten eigna seg som sosiolingvistisk forskingsemne. Forskingsbidraget frå Skjekkeland er undersøkinga han har gjort av importord i dialektane i Bø i Telemark og i Kvinesdal i Vest-Agder. Jamføringa mellom dei lo stadane gir interessante innsikter, og ho kan knytas nettopp til nynorskdebatten. Der er det ofte blitt hevda at talemålet ikkje kan brukas som referanse for ordforrådet i nynorsk, for dialektane er for "utvatna", og påstandane gir ei kjensle av at det er fri flyt av ord i dialektane på grunn av "det sterke presset frå bokmål som nynorsk er utsett for i dag" (s. 46-47). Dette er ein påstand om språkendring som bør etterprøvast, slik at det ikkje blir bare ein lettvinn stereotypi. Eit sentralt spørsmål er nettopp om dialektbrukarar kjenner klåre grenser for ordforrådet i målet sitt. Det er ein premiss for slike ordgranskingar i det heile. Skjekkeland bad informantane svare ut frå det "daglege talespråket", og dei hadde tydeligvis grenser for kva ord dei godtok. Dessutan hadde Skjekkeland som mål å undersøkje forskjellen på dialektane i Kvinesdal og Bø og om det var ulikskapar mellom generasjonane. Eit underspørsmål gjekk på om det er forskjellar på ordklassane når det gjeld importord. Metoden hans var å spørje informantar etter ei spørje! i ste på 487 ord. Orda til lista valte Skjekkeland ut frå "fornorskingsordlista" hos Hellevik (1985), og såleis kunne orda og oppfattas som "problemord" for nynorsk. Orda skulle vere heilt eller delvis "naturlege" i kvinesdalsmålet, som Skjekkeland i utgangspunktet meinte hadde Hest dansk-tyske importord. Han spurte fem informantar i Bø og sju i Kvinesdal, og orda sette han inn i setningar. Informantane kunne slik prøve om orda var naturlige i bruk. Oppgåva for informantane var å svare på spørsmålet: "Vil du kunna 'gripa til 1 dette ordet når du skal forklara noko eller fortelja om noko?" (Side 62.)

Bokomtaler 293 Det er ikkje lett for ikkje-språkvetarar å svare direkte på slike spørsmål, men det viser seg å fungere, dvs. at det kjem fram eit tydelig mønster i svara, og det er eit godt indisium på at ein på denne måten greier å avdekke normer i språksamfunnet. Materialet eignar seg ikkje til statistisk testing, både fordi informanttalet er lågt, og fordi det er tvilsamt kor representative informantane er for heile populasjonen. Yngste informanten i Kvinesdal er fødd i 1950, og yngste i Bø i 1942. Skj ekkel and understrekar sjølv at granskinga "gjeld i første rekkje språket til dei som i 1988 var 40 år og eldre" (s. 64). Men forfattaren fortel ikkje korleis dei tolv informantane er valt ut, bare at dei "snakka alle eit språk som av sambygdingar vil bli karakterisert som 'vanleg k vi nesdalsmål V'vanleg bøheringsmål'" (s. 64). Strengt tatt er ikkje dette fullgodt metodisk, for ein risikerer at ev. homogenitet eller eit mønster i materialet kan komme av utveljinga av informantane. Eg tvilar ikkje på at det fins klåre dialektnormer for ordforrådet i lokalsamfunna. Men i tillegg til ubevisste normer kan det og finnas førestellingar eller ideal om kva som er 'best og mest dialekt'. I visse perspektiv er det legitimt å granske denne norma hos dei som folk oppfattar som mest typiske, men studieobjektet er ikkje i slike tilfelle nødvendigvis det same som "vanlig dialekt". Her kunne forfattaren ha gitt oss noen refleksjonar eller opplysningar om dialektomgrepet hans går på ei førestelling om noe typisk, eller om det går på statistisk gjennomsnitt. Eit metodisk spørsmål som forfattaren ikkje tar opp, er kva det har å seie at han sjølv er frå Kvinesdal og dermed fortrulig med eine miljøet og språket. Kan det å sitte med ein sambygding gi informantane ein annan terskel for å svare ja eller nei enn den informantane i Bø opplever? Her må ein lite på lokalkjennskapen og dømmekrafta åt forfattarane også når det gjeld bøheringsmålet, og at det ikkje er for stor sprik mellom dei to omgrepa 'gjennomsnittlig talemål' og 'dialektnorm'. Med dette atterhaldet må ein seie at resultata er svært interessante. Heile 106 ord (21,8 %) av orda på lista blei avvist av alle informantane i begge bygdene, dvs. at dei brukar ikkje ord som avta, berette, ryste, segne osv. På hi sida blei 55 (11,3 %) av "problemorda" i nynorsk brukt av alle informantane (s. 69), og 92 blei brukt av minst 10 av dei 12 informantane. (Mange av desse orda blei forresten akseptert i nynorsk i 2000, somme også før.) Eit interessant drag er at det mest er substantiv og adjektiv som kjem inn i språket, mens tilhørande verb kan mangle. Dermed finn ein f.eks. beredskap, bestyrar og betegnelse, men ikkje berede, bestyre og betegne. Desse resultata viser dermed at det ikkje er "fri flyt" av ord, og "at det går ei klar grense mellom tysk-danske lånord som er vanlege i 'naturleg norsk folkeleg talemål' og dei som ikkje er det" (s. 107). Utgangshypotesen åt Skjekkeland om ein forskjell på dei to bygdene viser seg å stemme. Ved 168 ord (34,5 %) seier alle Kvinesdals-informantane ja til at dei brukar ordet. For Bø-informantane er dette tilfellet bare ved 59 ord (12,1 %). Denne forskjellen er så stor at han må uttrykke noe. Om vi ville finne ein slik dialektforskjell viss vi studerte andre delar av ordforrådet, f.eks. ein viss type heimlige ord, veit vi ikkje. Men for dette ordområdet er i alle fall resultatet interessant, og Skjekkeland meiner den påviste skilnaden slår tyde li gast ut ved dei abstrakte

294 Bokomtaler substantiva, der folk i Kvinesdal kan seie f.eks. "De e ein betryggelse", mens bøheringane seier "De e trygt å veta" osv. Forskjellen på ordlegginga i dei to dialektane kjem tydelig fram i dei 126 orda (dvs. 25,9 % av heile spørjelista) som dei fleste Kvinesdals-informantane godkjenner, og dei fleste bøheringane avviser. Ei lita tilleggsgransking om bruken av nynorske avløysarord eller "skrifttradisjonsord" som fridom og storleik viser derimot liten forskjell, men det er ein tendens til at noen ord er meir godtakande i Bø enn i Kvinesdal. Her bør det takas mange atterhald, for inform an ttalet er to frå kvar stad, og om eine informanten heiter det at "lh o er svært medviten om kva som høyrer det gamle Bø-målet til, og såleis i høg grad representativ for det bøheringane vil kalla 'ekte' Bø-mal" (s. 81). Her ligg det sjølvsagt nær å tenke seg at det kan vere ei ideologisk styring av svara. Om forfattaren har prøvd å unngå det, kjem ikkje fram. Men skiljet mellom ei skriftmålskjensle og ei talemål skj ens le kan vere påverka av det forfattaren s. 91 omtalar for Bø: "Dette har utan tvil å gjera med den lange og solide tradisjonen nynorsk skriftkultur har i dei midtre og øvre telemarksbygdene. Nynorsk skriftmål har her blitt ein del av den regionale identiteten." I Bø blei nynorsk innført i 1908 i skolen (s. 104), og s. 111 meiner forfattaren at "å skriva nynorsk har] langt på veg blitt ei identitetshandling" der. På s. 103 understrekar Skjekkeland det motsette for Kvinesdal. Og da dukkar det kritiske spørsmålet opp: Kan slikt verke inn på svarmåten ved sjølvrapportering? I kapittel 5 går forfattaren over til å drøfte den historiske bakgrunnen som kan gi forklaringa på at vestegdemålet har fleire importord enn andre dialektar. Her kan han vise til at historikarar har påvist ein særlig sterk kontakt mellom Sørlandet og Nederland. At det i tida 1600-1800 er registrert 11 557 bruder og brudgommar frå Noreg i Amsterdam, er ein sterk indikasjon (s. 97). Mange av desse kom nok heim att - kanskje og med nederlandsk ektemake - og intens språkkontakt gir da forklaringa på språkutviklinga. "Min teori er at hopehavet mellom Sørlandet og Holland har vore med på å fasthalda dei tidlegare innlimte lågtyske orda, og mange nye har nok kome til i denne perioden fram mot 1700-talet" seier Skjekkeland (s. 97-98). For å understreke den språklige kontakten nemner han som ein parallell at garpegenitivsområdet begynner i Kvinesdal i Vest-Agder og "breier seg vestover" (s. 99), og han viser til at i Vest-Agder og Sør-Rogaland har konstruksjonen også "trengt inn som genitivsomskriving ved personlege pronomen", dvs. han(s) sin for hans. Men denne siste konstruksjonen er velkjent fleire stader i garpegeniti vsområdet, og dermed er ikkje dette språkdraget noen støtte for at påverknaden var større i Vest-Agder enn elles i landet. Dermed står vi att med at Vest-Agder faktisk er i ytterkanten av garpegeniti vsområdet. Vi kan da seie at kontrasten til Aust-Agder i denne genitiven og ev. i importorda treng forklaring. Korfor er språkpåverknaden annleis der? Siste historiske momentet i forklaringa åt Skjekkeland gjeld dei sterke kristne rørslene på Sørlandet; dei gjorde at ord frå den religiøse stilen blei ein del av allmennspråket (s. 103). Resultatet av det er at ord som f.eks. forgjengelighet, velsignelse og villfarelse er komne inn i målet. I datavedlegget ser vi at det neppe

Bokomtaler 295 bør oppfattas slik at desse orda står sterkt i Kvinesdal - dei er dels godkjent av bare tre informantar - men derimot er det ingen bøhering som godtar orda. Dermed er det her eit samsvar mellom historiske drag og dei språklige dataa. Skjekkeland kjem s. 100-101 inn på vanskane med å skilje mellom ord som er komne direkte til norsk frå "det lågtyske språkområdet" (dvs. inklusive nederlandsk), og dei som har vore i transitt i dansk. Som 'lågtyske ord som vart først omlaga til dansk", nemner han f.eks. rechtverdich kunt maken inbuwe > gl. dansk rætferdug > gl. dansk: kundgiøre > gl. dansk: indbygger > norsk rettferdig > norsk: kunngjøre > norsk: innbygger Hg kan her ikkje sjå kva språklige merke som viser at desse orda må ha tatt vegen via dansk for å komme til norsk. Dette tar forfattaren for lett på, og det same gjeld det han seier i framhaldet om else-orda. Framstillinga i avhandlinga er lett og ryddig, men ho kunne ha vore stramma litt opp i utforminga. Her er for mange oppattakingar. På s. 80 finn vi endatil to avsnitt som er nesten identiske. Boka vil ha nytte som beskriving av ein episode i nynorsknormeringa, men største verdien i verket har ordstudien av dei to bygdemåla. Skjekkeland viser i den korleis språkkontaktspørs målet kan analyseras gjennom ordforrådet. Lite og inkje av slikt er gjort før. Sjølv om det står att å utvikle betre metodikk, viser denne studien veg. Helge Sandøy Universitetet i Bergen Institutt for nordisk og litteraturvitskap Sydnesplassen 7 NO-5007 Bergen helge.sandoy@nor.uib.no [Mottatt 11.03.2003.]