Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013
Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta på ein god måte, og at skulen er budd på å ta imot barnet o Barnet vert kjend med skulen i god tid før skulestart o Det er samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i barnehage og skule o Pedagogar i barnehage og skule har felles møteplassar for å avklara forventingar, for kompetanseutvikling og felles planlegging o Kommunen tek initiativ til samarbeidstiltak, så slike tiltak er synlege i kommunale mål og planar. Desse planane bør inkludera alle barnehagar og skular i kommunen o Barnehage- og skuleeigar har det overordna ansvaret for å leggja til rette for samarbeid o Føresette godkjenner og medverkar til overføring av informasjon Jamfør Kunnskapsdepartementet sin vegleiar Frå eldst til yngst Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole Læringsplakaten - Prinsipp for opplæring i skolen Plikt til samarbeid Rammeplan for barnehagen og prinsipp for opplæring i skulen (Læringsplakaten) slår fast at barnehage og skule skal samarbeide til det beste for barnet. Barnehagen skal i samarbeid med skolen legge til rette for barns overgang frå barnehage til første klasse og eventuelt skolefritidsordning. Dette skal skje i nært samarbeid med barnets hjem. Planer for barns overgang fra barnehage til skole må være nedfelt i barnehagens årsplan. Mål Rutinar og ansvarsplassering gir det enkelte barn ein god overgang frå barnehage til skule. Samarbeidsmodell 2
Årshjul for samarbeid Årshjulet synleggjer tiltak som gjeld heile kommunen. Dette er minstepraksis. NB: Rektorar og styrarar skal involvera aktuelle tilsette i arbeidet. T ID FASTLAGDE OMRÅDE ANSVAR KOMMENTARAR 3
SOM SKAL GJENNOMFØRAST Notatfelt VÅR 1 Januar 1,5 år før skulestart Skulane får melding om barn med nedsett funksjonsevne i tråd med Handbok for spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder (Helsesøster der barnet ikkje går i barnehage) HAUST August Foreldremøte i barnehagen: o informera om overgangsplanen og samarbeidet med skulen September Innskrivingsmøte for føresette i skulen: o orientera om overgangsplan barnehage - skule o tema om språkutvikling og korleis heimen kan bidra til ein god lese-/ skrivestart o skulehelsetenesta orienterer om arbeidet sitt Rektor Infofaldaren Korleis stimulera til god språkutvikling hos barn, vert delt ut til føresette ( Vedlegg nr. 1 ) Oktober Foreldresamtale i barnehagen med føresette til barn som mottek 5-7 ressursar. PPT Innan 1.nov Skulen får informasjon om barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, og andre som vil ha behov for hjelp og støtte. PPT/ BV VÅR 2 Januar Drøftingsmøte for barn med 5-7 ressurs Februar Barnehagen melder inn endringar og eventuelt nye barn til dei ulike skulane etter munnleg samtykke frå føresette Februar Føresette søkjer om 5-7 ressursar / føresette MERK: styrar har ansvar saman med føresette. 4
Mars/ April Barnesamtale der ein saman med barnet bestemmer kva informasjon skulen skal få Mappe 1 Inneheld informasjon om barnet Mappe 2 Inneheld konfidensiell informasjon om barnet. Døme: Alle med, TRAS, Språkpermen Mappe 1 Framlegg til mal ligg vedlagt ( vedlegg nr. 2 ) Mappe 2 Vert kun levert skulen dersom barnehagen og føresette meiner det er behov for det. April Foreldresamtale: Framlegging og drøfting av munnleg og skriftleg informasjon om barnet frå barnehage til skule / ped.leiar Barnehagen får skriftleg samtykke av føresette om overføring av informasjon om barnet til skulen ( vedlegg nr. 3 ) Mai Erfaringsutveksling mellom pedagogar i barnehage og pedagogar i skule som skal ha 1. trinn frå hausten Pedagogar i barnehage og skule møtest for å avklara forventingar, og utvekslar informasjon om arbeidet i barnehagen og skulen. NB: Fokus på språkutvikling kallar inn i tråd med samarbeidsmodellen sender innkalling og fastset agenda for møtet Mai/ juni Bli-kjent dagar Nye elevar på 1. trinn besøkjer skulen saman med føresette. NB: To dagar Rektor Juni Overføringsmøte Møte og overlevering av mapper til aktuell skule mellom pedagogar i barnehage og pedagogar som skal ha barna på 1. trinn frå hausten av. Rektor Rektor sender innkalling til barnehagane som har barn som skal byrja på aktuell skule. Pedagogar i barnehage og pedagogar som skal ha barna på 1. trinn, går gjennom informasjonen frå barnehagane Juni Overgangsamtale for barn med 5-7 ressursar Rektor 5
Vedlegg nr. 1 6
Korleis stimulera til godt talespråk Bruk språket Snakk med barnet om daglege hendingar Bruk korte setningar Snakk tydeleg og med vanleg språk Gje barnet tid til å snakka ferdig - Lytt til barnet Bruk bøker, eventyr, songar, rim og regler Gje barnet opplevingar, og set ord på dei saman med barnet Lær barnet fakta, stadnamn, namn på tre, blomar osb Leik med barnet. Sjå også TV og spel CD`ar saman med det. Snakk om innhaldet. Gje barnet kjensle av å meistra. Samarbeid med barnet, og la det delta i daglege gjeremål. Ros barnet Ha forventningar til barnet i høve nivået det er på. La det både vera stor og liten avhengig av situasjonen Les for barnet. Bruk bøker, blad, aviser, fotoalbum Bruk biblioteket Kvifor skal me lesa Det stimulerer språkutviklinga til barna Det er gode stunder for dialog og samtale Det stimulerer fantasi og kreativ tenking Barna får øva opp evna til å konsentrera seg og trena minnet Det stimulerer til leselyst og gir opplevingar Barna vert glad i bøker og får oppleva tryggleik gjennom oppattaking Skapar spenning og forventning Mykje omsorg i ei god bok Det er god omgrepslæring og unike stunder til å snakka om mange ting Øver opp evna til å lytta Barna kjenner seg ofte seg sjølv og situasjonar igjen i bøker Førebuande lese- og skriveopplæring Barna får sjå samanheng mellom tekst og bilete Døme: Me kan t.d. visa kva veg me les. Me kan syna korleis me dreg saman bokstavane til ord 7
Vedlegg nr. 2 Døme Mappe 1 Innhaldet byggjer på observasjonsmaterialet TRAS, Alle med, språksprell og observasjonar i frie og tilrettelagte aktivitetar. 8
Vedlegg nr. 3 Til føresette Samtykke til overlevering av informasjon I samband med overgang frå barnehage til skule er det eit mål at overgangen skal vera så god og meiningsfull som mogeleg for det enkelte barnet. Målet med overføring av informasjon om barnet til skulen er å sikra samanheng i læringa og utviklinga til barnet. Kommunen vil med dette sikra at skulen legg tilrette for ei best mogeleg tilpassa opplæring for det einskilde barnet- Likeeins ynskjer kommunen at barnet skal ha trygge rammer både i skuletida og ved tilbod i skulefritidsordninga. Barnehagen sitt ansvar: o o Sjå til at opplysingane har relevans og er til det beste for barnet. Informasjonen skal ha eit positivt utgangspunkt og framheva dei sterke sidene til barnet. For å sikre god overgang skal det vera eit møte mellom pedagogisk leiar som har ansvar for barnet i barnehagen og kontaktlærar til barnet når det byrjar på skulen. Før møtet har: o Barnet fått høve til å bestemma deler av informasjonen som går til skulen om det o Føresette har samtykt i informasjonen som går til skulen om barnet deira og fått kjennskap til kva pedagogen kjem til å fortelja pedagog i skulen om barnet. ( Jamfør reglane om teiingsplikt i forvaltingslova 13 til 13f ) Med helsing [styrar sitt namn og namn på barnehage] Svarslipp: - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -- - - - - - - - Ev merknader: Eg/ me gir samtykke til at barnehagen overfører informasjon om barnet vårt til skulen Eg/ me gir ikkje samtykke til at barnehagen overfører informasjon om barnet vårt til skulen Stad/ dato: Underskrift føresette: 9