Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 14.06.2013 Dykkar dato 18.12.2012 Vår referanse 2012/16386 331.1 Dykkar referanse 12/2669 Askøy kommune Postboks 323 5323 Kleppestø ASKØY KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til uendra skatteøyre for kommunane frå 2012,11,6 prosent, også for 2013. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 571,4 mill. i skatt på eige og inntekt for 2013. I 2012 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 6,8 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2012 til 2013 med 5,0 %. Kommunen sitt skattenivå i 2012 var 87,3 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2013 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2013 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr.1 225,0 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 25 81 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2013 er no oppdatert med endelege innbyggjartal pr. 01.01.2013 og innkomen skatt i 2012. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2013. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2012. Dei budsjetterte frie inntektene er i samsvar med den siste inntektsprognosen. Det er også inntektsført andre statlege tilskot i budsjettet. Vertskommunetilskot er inntektsført med kr. 38,4 mill., integreringstilskot flyktningar med kr. 17,0 mill. og rentekompensasjon med kr. 9,2 mill. Eigedomsskatt Kommunen har ikkje innført eigedomsskatt på verk og bruk eller på andre eigedomar. Kommunen har eit særleg lågt inntektsnivå med låge ordinære skatteinntekter. Det er behov for å auka kommunen sine inntekter, bl.a. som følgje av den høge folkeveksten, stort investeringsbehov og eit høgt gjeldsnivå. Kommunen er no ein av få kommunar som ikkje har nokon eigedomsskatt, korkje på verk og bruk eller andre eigedomar. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2013 er i statsbudsjettet 3,3 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % (vekt 0,635) og varekjøp med 2,1 % (vekt 0,365 ). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr.70.449.000,- i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Ordinære avdrag i budsjettet utgjer om lag 3,5 prosent av kommunen si netto lånegjeld ved utgangen av 2012. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2013 skal minimum 80 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til in- 2
vesteringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for same året eller frå tidlegare år. I budsjettet er det eit netto driftsoverskot med om lag kr. 28,6 mill. Netto bruk av avsetjingar (medrekna bruk av tidlegare rekneskapsoverskot) i budsjettet er om lag kr. 2,4 mill. Dette er i sum budsjettert overført til finansiering av investeringar, kr. 31,0 mill., og er den driftsfinansieringa som følgjer av kravet m.o.t. momskompensasjon (80 prosent av kr.39 mill.). Det er m.a.o. ikkje lagt opp til noko driftsfinansiering av investeringar utover minstekravet for momskompensasjon. I år blir 20 prosent av investeringsdelen av momskompensasjon nytta i drift, men frå og med neste år kan ikkje noko av denne kompensasjonen nyttast til driftsføremål. Netto driftsresultat i budsjettet må på denne bakgrunn bli vurdert som svakt. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen hadde eit netto driftsoverskot i rekneskapen for 2012 med kr. 30,8 mill. Etter driftsfinansiering av investeringar og netto bruk av avsetjing, står det for 2012 att eit rekneskapsoverskot med kr. 22,8 mill. Netto driftsoverskot må sjåast i samanheng med at det er inntektsført momskompensasjon for investeringar i driftsrekneskapen. Akkumulert rekneskapsoverskot ved utgangen av 2012 var om lag kr. 40 mill. Kommunen har motteke krav på om lag kr. 8,8 mill. i etterbetaling knytt til barnehagesektoren. Kravet er planlagt dekt frå det akkumulerte rekneskapsoverskotet. Kommunen har opparbeidd eit akkumulert premieavvik for pensjon ved at det er betalt meir i premie enn det som er kostnadsført. Kommunen sitt akkumulerte premieavvik for pensjon var ved siste årsskiftet om lag kr. 125 mill. Premieavviket har svekka kommunen sin likviditet og må bli utgiftsført i rekneskapa i åra frametter. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter Det er budsjettert med brutto investeringar for til saman kr. 359,6 mill. Av investeringane utgjer investeringar i vatn- og avlaupssektoren kr. 129 ½ mill., som må vere fullt ut sjølvfinansierande gjennom avgifter. Dei største investeringane elles er utbygging av Kleppestø ungdomsskule, Ravnanger ungdomsskule, Fauskanger barne- og ungdomsskule, samt opp - gradering av rådhuset. I tillegg kjem ei større investering i psykiatribustader på Juvik (12 bustader). Denne investeringa vil gi kommunen leigeinntekter frå bebuarane, eventuelt med bustønad. Kommunen har eit stort investeringsbehov, for ein stor del innan skulesektoren som følgje av den høge folkeveksten og unge befolkningssamansetjinga. Investeringane er planlagt finansierte med lån (kr. 201,7 mill.), momskompensasjon (kr. 31,0 mill.) og statleg investeringstilskot (kr. 11,4 mill.) m.m. Investeringar i vatn og avlaupssektoren blir lånefinansierte fullt ut (kr. 129,5 mill. ). 3
Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2011 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr. 58.416,-. (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr.70.932,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg i overkant av åtte prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). Kommunen si brutto lånegjeld var ved utgangen av 2012 komen opp i kr. 2175,7 mill., eller kr. 81.090,- pr. innbyggjar (utanom pensjonsforplikting). Netto lånegjeld ved utgangen av 2012 kan reknast til om lag kr. 2025,7 mill., eller kr. 75.500,- pr. innbyggjar. Budsjett og økonomiplan legg opp til ein vesentleg auke i lånegjelda, på bakgrunn av det store investeringsbehovet. For at dette skal vere økonomisk forsvarleg må ein stor del av investeringane vere sjølvfinansierande gjennom auka inntekter eller gi driftsinnsparingar. Kommunen bør vere villig til å styrke inntektene og nytta eige inntektsgrunnlag i større grad. Kommunen har førebels ikkje noko formelt underskot i rekneskapen, men det har samanheng med bl.a. inntektsføringa av momskompensasjonen og premieavvik pensjon, samt eit u- normalt lågt rentenivå. Kommunen sitt gjeldsnivå er høgt som følgje av investeringsbehovet, særleg innan skulesektoren. Ei større utnytting av inntektsgrunnlaget vil difor mest sannsynleg bli nødvendig som følgje av dei store investeringane og det høge gjeldsnivået. Oppsummering Det er ikkje lagt opp til noko driftsfinansiering av investeringar utover minstekravet for momskompensasjon. Netto driftsresultat i budsjettet må bli vurdert som svakt. Kommunen har høg lånegjeld. Budsjett og økonomiplan legg opp til ein ytterlegare auke i lånegjelda som følgje av det store investeringsbehovet. Ei større utnytting av inntektsgrunnlaget kan bli nødvendig som følgje av kommunen sitt høge gjeldsnivå. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart: Deloitte AS, Postboks 6013, 5892 Bergen 4
5