EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-001 Arkivsak ID: 16/120-1 Journalpost ID: 2016000928 Saksh.: Lygre, Aud Opheim Dato: 10.02.2016 SAKSGANG Utvalg Møtedato Saknr Eidfjord kommunestyre 18.02.2016 16/010 Rådgjevande folkeavrøysting i Eidfjord Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Det vert halde rådgjevande folkerøysting i Eidfjord kommune om Eidfjord skal halde fram som eigen kommune, eller slå seg saman med alle eller nokre av kommunane Ulvik, Granvin og Ullensvang. Valstyret utformar endeleg spørsmålsformulering på røystesetlane. 2. Folkerøystinga vert halde måndag 25.april 2016. 3. Valstyret får fullmakt til å gjennomføra folkerøystinga etter vallova sine føresegner så langt dette let seg gjera. 4. Alle som har folkeregistrert adresse i Eidfjord pr.1.3.2016, og som fyller 16 år i løpet av valåret (fødd 2000) har røysterett, så lenge dei stettar dei andre vilkåra for røysterett. Det vert henta inn eit manntal som inneheld alle røysteføre pr.1.3.2016. Manntalet vert lagt ut til offentlig ettersyn når det er klart. Valstyret kan endra skjæringsdatoen om nødvendig. 5. Valstyret utformar røystesetlar, likevel slik at desse er tilnærma like i kommunane. 6. Førehandsrøysting vert halden i perioden 1.april til og med 22.april 2016. Valstyret nemner opp røystemottakarar og legg til rette for førehandsrøysting. Tidlegrøysting vert ikkje praktisert. 7. Valstyret avgjer kvar røystegjevinga skal vera på valdagen, og kva tidspunkt ein kan røysta på valtinget. Valstyret nemner opp medlemer til røystestyre og røystemottakarar. 8. Det vert ikkje opna for postrøystegjeving korkje innanriks eller utanriks. Det vert ikkje sendt ut valkort. 9. Valstyret utarbeider prosedyre for handsaming av eventuelle klager på folkerøystinga.
Kommunestyret er klageinstans. 10. Eventuelle kostnader med gjennomføring av folkerøystinga vert dekka frå kapitalfondet. 18.02.2016 - Eidfjord kommunestyre Ordførar sette fram fylgjande framlegg til endringar: Pkt. 2: Kommunestyret delegerer til valstyret å fastsetje dato for folkerøysting. Pkt. 6: Kommunestyret delegerer til valstyret å fastsetje perioden for førehandsrøysting. Tidlegrøysting vert ikkje praktisert. Røysting: Samrøystes vedteke. KST - 16/010 - Vedtak: 1. Det vert halde rådgjevande folkerøysting i Eidfjord kommune om Eidfjord skal halde fram som eigen kommune, eller slå seg saman med alle eller nokre av kommunane Ulvik, Granvin og Ullensvang. Valstyret utformar endeleg spørsmålsformulering på røystesetlane. 2. Kommunestyret delegerer til valstyret å fastsetje dato for folkerøysting. 3. Valstyret får fullmakt til å gjennomføra folkerøystinga etter vallova sine føresegner så langt dette let seg gjera. 4. Alle som har folkeregistrert adresse i Eidfjord pr.1.3.2016, og som fyller 16 år i løpet av valåret (fødd 2000) har røysterett, så lenge dei stettar dei andre vilkåra for røysterett. Det vert henta inn eit manntal som inneheld alle røysteføre pr.1.3.2016. Manntalet vert lagt ut til offentlig ettersyn når det er klart. Valstyret kan endra skjæringsdatoen om nødvendig. 5. Valstyret utformar røystesetlar, likevel slik at desse er tilnærma like i kommunane. 6. Kommunestyret delegerer til valstyret å fastsetja perioden for førehandsrøysting. Tidlegrøysting vert ikkje praktisert. 7. Valstyret avgjer kvar røystegjevinga skal vera på valdagen, og kva tidspunkt ein kan røysta på valtinget. Valstyret nemner opp medlemer til røystestyre og røystemottakarar. 8. Det vert ikkje opna for postrøystegjeving korkje innanriks eller utanriks. Det vert ikkje
sendt ut valkort. 9. Valstyret utarbeider prosedyre for handsaming av eventuelle klager på folkerøystinga. Kommunestyret er klageinstans. 10. Eventuelle kostnader med gjennomføring av folkerøystinga vert dekka frå kapitalfondet. Desse har uttalt seg i saka: Særutskrift skal sendast til: Ulvik, Granvin og Ullensvang herad og Fylkesmannen i Hordaland Endeleg avgjerd i: Eidfjord kommunestyre Saka gjeld: I inndelingslova 10 heiter det: «Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte.» Styringsgruppa i Eidfjord ynskjer å nytta folkerøysting som metode for høyring etter inndelingslova 10. Kommunestyra i dei andre kommunane vil leggja opp til folkerøysting eller innbyggjarhøyring for sin kommune. Dei ulike metodane for innbyggjarhøyring -som er nemnt i inndelingslova 10 - er skildra i vedlagte notat. Fakta Lovgrunnlaget for å halda lokal folkerøysting er Kommunelovens 39b, som lyder: 1. Kommunestyret eller fylkestinget kan selv bestemme at det skal avholdes rådgivende lokale folkeavstemninger. 2. Kommunene og fylkeskommunene plikter å rapportere de opplysninger som departementet finner er nødvendig for å offentliggjøre informasjon om lokale folkeavstemninger. Ut over dette står kommunestyret fritt til å gjennomføra folkerøysting. For å sikra tillit til valresultatet, er det vanleg å ta utgangspunkt i vallovgjevinga ved folkerøysting. Men det er høve til å gjera tilpassingar. Kommunestyret må ta stilling til fylgjande: At det skal haldast folkerøysting Spørsmåla det skal røystast over Valstyre Røysterett
Førehandsrøysting Postrøystegjeving Om valet er gyldig Valstyret tek stilling til fylgjande: Manntal Røystesetlar Røystegjeving på valdagen Godkjenning av røystegjeving og røystesetlar Klage Vurdering Folkerøysting og alternativa det skal røystast over Det vert halde rådgjevande folkerøysting i Eidfjord kommune om Eidfjord skal halde fram som eigen kommune, eller slå seg saman med alle eller nokre av kommunane Ulvik, Granvin og Ullensvang. Valstyret utformar endeleg spørsmålsformulering på røystesetlane. Valdag Folkerøystinga vert gjennomført måndag 25. april 2016. Valstyre Valstyret får ansvaret for å gjennomføra folkerøystinga. Formannskapet er valstyre. Røysterett Det vert lagt opp til at dei som er fødde i 2000 kan røysta ved valet. Dermed kan alle 16- åringar røysta. I tillegg vil mange 15-åringar også kunne røysta. Skjeringsdatoen for manntalet vert 1. mars. Valstyret kan likevel endra denne datoen dersom det er nødvendig av praktiske årsaker. Alle som har folkeregistrert adresse i kommunen ( og som står i manntalet) pr.1.3.2016 kan røysta. Manntal Manntal må tingast frå skattedirektoratet. Det vil vera uproblematisk å tilfredstilla vallova sine føresegner om utlegging av manntalet til offentleg ettersyn. Valstyret får fullmakt til å vurdera alle tilhøve knytte til manntalet, også om det skal sendast ut valkort. Manntalet kan ikkje leggast ut til offentlig ettersyn på internett på grunn av føresegnene i folkeregistreringslova 13. Krav om retting, innføring av røysteføre busett i utlandet og underretning om endringar i manntalet skal skje i tråd med vallova 2-7 og 2-8. Røystesetlar Valstyret utformar røystesetlar til førehandsrøystinga og røystegjevinga på valtinget. Førehandsrøysting Kommunestyret må ta avgjerd om det skal vera høve til å røysta på førehand, og når førehandsrøystinga skal starta. Det vert tilrådd å ha førehandsrøysting på kvardagar frå og med 1. april til og med 22.april 2016. Vanleg rutine for ambulerande røysting og røysting i institusjon vert følgd. Valstyret fastset dato for dette. Tidlegrøysting vert ikkje praktisert. Det vert lagt til rette for at veljarar kan førehandsrøysta i andre kommunar som har
folkerøysting. Postrøystegjeving Vallova 8-2 (4) gjev veljarar som oppheld seg i utlandet, og som ikkje har høve til å oppsøkja ein røystemottakar høve til å røysta pr. post. Det vert ikkje opna for at det skal vera høve til dette ved folkerøystinga m.a. av omsynet til anonymitet. Dette gjeld postrøysting både innanriks og utanriks. Røysting på valdagen (valtinget) Det vert lagt opp til at alle røysteføre skal røysta ved ein røystekrins. Det er naturleg at tenestetorga i dei tre kommunane tek imot røyster for alle krinsane. Valstyret avgjer. Valstyret nemner også opp valfunksjonærar. Klage Ved ordinære val har alle som har røysterett klagerett. Dersom klagen gjeld retten til å røysta, har også den som ikkje er manntalsførd klagerett. Klagen skal vera skriftleg og setjast fram seinast 7 dagar etter valdagen. Klagen skal stilast til valstyret. Ved kommunestyreval er departementet klageinstans. Det vert tilrådd å nytta kommunestyret som klageinstans, sjølv om valstyret då vil vera inhabile. Godkjenning av valet Kommunestyre godkjenner valet. Andre metodar for å høyra innbyggjarane Det er høve til «høyra» innbyggjarane gjennom spørjeundersøking. Denne metoden er skildra i vedlagte notat, og er eit alternativ til folkerøysting. Økonomiske konsekvensar: Eventuelle kostnader med gjennomføring av folkerøystinga vert dekka frå kapitalfondet. Juridiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Personalmessige konsekvensar: Konsekvensar for folkehelse: Aud Opheim Lygre rådmann sakshandsamar