FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 5. juni, hadde møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen. Møtet tok til kl.18.30 og var slutt kl.21.10. Innkallinga var sendt representantane og vararepresentantane den 23. mai 2014. Desse har meldt forfall til møtet: Ottar Midtrød Hans Magne Kvåle Heidi C Bergesen Følgjande vararepr. møtte: Yngve Bjørndal Toralv Huse Kommunal representant Steinar Skår hadde røysterett i sakene 2014/031-033. Dessutan møtte: kyrkjeverje Harald Geir Sæther. SAKSLISTE: Saksnr.: Sak Tekst: Arkivkode SAK: ARKIV 2014/025 S TRUSOPPLÆRINGSPLAN FOR FUSA - GODKJENNING 362 2014/026 S GUDSTENESTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2014 311 2014/027 S TILTAKSPLAN M.M. FOR 2. HALVÅR 2014 360 2014/028 S SUPPLERINGSVAL HÅLANDSDAL KU 002.39 2014/029 S ORIENTERING OM SOMMAREN 2014 369 2014/030 S AKTUELLE SAKER 369 SKRIV/MELDINGAR A-SAKER 2014/031 A ÅRSMELDING FOR 2013 - GODKJENNIING 046 2014/032 A REKNESKAP FOR 2013 - GODKJENNING 133 2014/033 A FUSA SOKNERÅD SINE PRIORITERINGAR PÅ BYGG OG ANLEGG I 2015-2018 411/511 Det var ikkje merknader til innkallinga.
- side 2 - Utskrift frå møte 5. juni 2014 Kyrkjeverja opna med å lese ei andakt frå boka "Rasteplassen" der temaet var misjon. Soknepresten sin fem minutt: Fellesgudsteneste i Eikelandsosen 17. mai samla meir enn fire hundre menneske, og det fungerte bra Dåpsskule for 6-åringar er gjennomført og har fungert godt med ein viss grad for sentralisering Pinsevandring - samarbeid med skulane - gjennomført alle stadar i Fusa Kyrkjelydsturen til Israel nærmar seg - fleire enn 30 er påmelde Ellen Nordtun har tatt i mot stillinga som prostiprest der del av stillinga skal nyttast i Fusa Det vart orientert om planlagt program for konfirmantane for komande år. Årskullet er over 70. Kyrkjeverja sine fem minutt: orienterte om stor aktivitet med dugnad og elles at Strandvik kyrkje no vert rusta opp orienterte om Rett utskrift, Fusa kyrkjekontor, 5649 EIKELANDSOSEN den 6. juni 2014 Harald Geir Sæther kyrkjeverje
Sak: S TRUSOPPLÆRINGSPLAN FOR FUSA - VEDTAK Saksnr.: 2014/025 Ark.nr. 362 1. vedtek trusopplæringsplanen slik den ligg føre, og planen vert oversendt Bjørgvin bispedømeråd for godkjenning. 2. har i planperioden følgt arbeidet med ny trusopplæringsplan med interesse, både gjennom orienteringar i kvart soknerådsmøte det siste året og ein presentasjon på årsmøtet i april månad. Ein har registrert det grundige arbeidet som er gjort gjennom handsaming av plangruppa, involvering av soknerådet sine fagutval og stab, gjennom presentasjonen på årsmøte og idédugnad på kyrkjelydsmøtet sist haust, og arbeidet som både stab og mentor har vore involvert i. vil takke plangruppa, stab og spesielt kyrkjelydspedagog Norunn R Markhus for eit flott gjennomført arbeid med planen. 3. ser det som viktig å få presentert delar av innhaldet av planen ut til alle i kyrkjelyden, og særleg blant foreldre, barn og ungdom - og på den måten gjere dette til noko som flest mogleg menneske får eit eigartilhøve til. 1. vedtek trusopplæringsplanen slik den ligg føre, og planen vert oversendt Bjørgvin bispedømeråd for godkjenning. 2. har i planperioden følgt arbeidet med ny trusopplæringsplan med interesse, både gjennom orienteringar i kvart soknerådsmøte det siste året og ein presentasjon på årsmøtet i april månad. Ein har registrert det grundige arbeidet som er gjort gjennom handsaming av plangruppa, involvering av soknerådet sine fagutval og stab, gjennom presentasjonen på årsmøte og idédugnad på kyrkjelydsmøtet sist haust, og arbeidet som både stab og mentor har vore involvert i. vil takke plangruppa, stab og spesielt kyrkjelydspedagog Norunn R Markhus for eit flott gjennomført arbeid med planen. 3. ser det som viktig å få presentert delar av innhaldet av planen ut til alle i kyrkjelyden, og særleg blant foreldre, barn og ungdom - og på den måten gjere dette til noko som flest mogleg menneske får eit eigartilhøve til.
si sak 2014-025 held fram - side 2 - Trusopplæringsplan for Fusa - vedtak Framlegget samrøystes vedteke. 1. Framlegg til lokal plan for Fusa (sendt pr e-post til alle) 2. Oversikt over tilbod for kvart alderssteg Den 18. oktober 2012, sak 2012/051, vedtok soknerådet å oppnemne følgjande plangruppe til utarbeiding av trusopplæringsplan for Fusa sokn: Ella Marie Brekke Vangsnes, Ingebjørg Sundfjord Gjøn, Norunn Rød Markhus, Hans Einar Markhus og sokneprest Roar P Strømme. Ørnulf Elseth har vore mentor under planprosessen. Planen har involvert mange; m.a. fagutvala, stab, kyrkjelydsmøte, årsmøte og soknerådet. Det har dessutan vore informert om trusopplæringsarbeidet med jamleg mellomrom i kyrkjebladet. Det er soknerådet som er ansvarleg for planen og den vidare gjennomføringa av den. Men etter vedtak i soknerådet skal planen sendast Bjørgvin bispedømeråd for godkjenning. Frist er 15. juni d.å. Saka vert lagt fram for soknerådet til drøfting og vedtak.
Sak: S GUDSTENESTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2014 Saksnr.: 2014/026 Ark.nr. 311 Gudstenesteplanen vert teken til etterretning. Gudstenesteplanen vert teken til etterretning. Gudstenesteplanen vert teken til etterretning. 1. Oppdatert gudstenesteplan for Fusa 2. halvår 2014 vart lagt fram i møte Det er utarbeidd ny gudstenesteplan, denne gongen for 2. halvår 2014. Når saka vert skriven har vi enno ikkje fått beskjed om tilsett prest har teke i mot stillinga. Det vil vi vite til soknerådsmøte den 5. juni d.å. Samstundes ser ein at situasjonen uansett vil bli annleis enn før når det gjeld presteressursar - då eit samarbeid med Strandebarm sokn vil gi andre og nye konstellasjonar. Det er difor fleire usikkerheitsmoment både når det gjeld denne planen og korleis ein vil kunne stette kravet om 94 forordna gudstenester i året. Så ein må arbeide både med kortsiktige og langsiktige løysingar når det gjeld korleis både gudstenester og anna kyrkjeleg arbeid skal leggjast til rette for i tida som kjem. Det vil bli gitt meir orientering i soknerådsmøte.
Sak: S TILTAKSPLAN M.M. FOR 2. HALVÅR 2014 Saksnr.: 2014/027 Ark.nr. 360 Tiltaksplanen vart teken til etterretning Tiltaksplan for 2. halvår 2014 vert godkjent som rettleiande. Tiltaksplanen vart teken til etterretning. 1. Oppdatert tiltaksplan vart lagt fram i møte. Det er i staben vore arbeidd med tiltaksplanen for 2. halvår 2014. Som vanleg er der fleire uavklara faktorar, men samstundes gir planen ein god samla oversikt over det som i all hovudsak skal skje komande halvår, og kven som har ansvar. Gudstenesteplanen er ikkje innarbeidd i dette dokumentet.
Sak: S SUPPLERINGSVAL HÅLANDSDAL KU Saksnr.: 2014/028 Ark.nr. 002.39 oppnemnar Turid S Grimstvedt som nytt medlem i Hålandsdal kyrkjeutval for perioden 2014-2015. oppnemnar Turid S Grimstvedt som nytt medlem i Hålandsdal kyrkjeutval for perioden 2014-2015. Framlegget vart samrøystes vedteke. Det er frå Hålandsdal KU kome framlegg om ei endring i utvalet. Knut Kilen går ut etter endt periode, og Turid S Grimstvedt er tilrådd å kome inn i utvalet. Ho har sagt JA til å vere med. AU tilrår at Turid S Grimstvedt kjem inn i Hålandsdal kyrkjeutval for perioden 2014-2015.
Sak: S ORIENTERING OM SOMMAREN 2014 Saksnr.: 2014/029 Ark.nr. 369 Saka vart teken til etterretning. Saka vert teken til etterretning. Saka vart teken til etterretning. 1. Oversikt over ferieavvikling m.v. vart lagt fram i møtet. Det vert gitt ei orientering i møtet om litt av det som skal skje i sommar, og om ferieavvikling, nytilsetjing m.m. som vil få innverknad på drifta til soknerådet. Det kjem også ut eit kyrkjeblad på den tida soknerådet har sitt møte som tar opp mange av dei same emna.
Sak: S AKTUELLE SAKER Saksnr.: 2014/030 Ark.nr. 369 Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Her er det høve for alle å kome med innspel og tankar! Det vart orientert om følgjande i soknerådsmøte: Knut Ivar Askeland si avskilsgudsteneste vert i Strandvik kyrkje den 15. juni. NLM Fusa har tatt kontakt med kyrkjekontoret om innsamlingsaksjon til bygg av kyrkje i Sør-Etiopia. Sak vert lagt fram for misjonsutvalet og kjem tilbake til soknerådet i komande møte
Sak: A ÅRSMELDING FOR 2013 - GODKJENNING Saksnr.: 2014/031 Ark.nr. 046 Årsmeldinga for 2013 vert godkjent. Årsmeldinga for 2013 vert godkjent. Framlegget samrøystes vedteke. Årsmeldinga for 2013 - er utsendt/utlevert før. Årsmeldinga er sendt ut til soknerådsmedlemmene før. Ved å ta kontakt med kyrkjekontoret vil ein kunne få eit nytt eksemplar av meldinga. Årsmeldinga for 2013 vart lagt fram for årsmøtet som vart halde den 1.april, men det kom ikkje merknader til den. Det kom ikkje endringsframlegg til årsmeldinga på årsmøtet, og det er elles få kommentarar som er kome til meldinga fram til dette soknerådsmøte. AU drøfta saka i sitt siste møte, og rår til at årsmeldinga vert godkjent. Årsmeldinga vert lagt fram for soknerådet for handsaming og vedtak.
Sak: A REKNESKAP FOR 2013 - GODKJENNING Saksnr.: 2014/032 Ark.nr. 133 1. Rekneskap for 2013 vert godkjent. 2. 20% av dei frie renteinntektene, om lag kr.20.000,-, skal nyttast til eit nødhjelpsføremål eller anna tiltak. Soknerådet får sak om dette til handsaming i førstkomande møte. Dekning: Bruk av uspesifisert disposisjonsfond. 3. AU konkretiserer eit aktuelt prosjekt i Sierra Leone; Sierra Leone Community Based Organization (SLCBO) 1. Rekneskap for 2013 vert godkjent. 2. 20% av dei frie renteinntektene, om lag kr.20.000,-, skal nyttast til eit nødhjelpsføremål eller anna tiltak. Soknerådet får sak om dette til handsaming i førstkomande møte. Dekning: Bruk av uspesifisert disposisjonsfond. Framlegg til vedtak frå Randi Hauge: Som framlegget, men med følgjande tillegg: 3. AU konkretiserer eit aktuelt prosjekt i sierra Leone; Sierra Leone Community Based Organization (SLCBO) Randi Hauge sitt framlegg samrøystes vedteke. 1. Årsmelding for rekneskapen 2013 2. Fråsegn frå revisjonen om rekneskapen 3. Rekneskapstal for 2013 vert lagt fram i møtet. 4. Kostratal for rekneskapen 2013 der ein samanlikner Tysnes, Samnanger, Vaksdal, Ullensvang og Fusa vart lagt fram i møtet
si sak 2014-032 held fram - side 2 Godkjenning av sin rekneskap for 2013 Straks soknerådet vart orientert om at det truleg gjekk mot nedskjeringar f.o.m.2013, iverksette soknerådet v./kyrkjeverja ein del innstrammingstiltak som også fekk noko verknad frå 2012. Dette viser att i rekneskapen for 2013. Det vert vist til årsmeldinga for rekneskapen og til rekneskapstala. har gjennom m.a. reduserte brøkstillingar innan administrasjon og kyrkjemusikk, redusert bruk av løna vikarar, redusert bosstømming, omlegging av innkjøp og auka festeavgifter greidd omstillinga økonomisk frå 2012 til 2013. Kyrkjeverja er godt nøgd med at ein har greidd dette. Ein vesentleg faktor var at ein iverksette nokre av tiltaka før endeleg budsjett for 2013 var fastsett. Soknerådet såg konturane av kva som ville kome, og kunne difor setje i gong tiltaka svært tidleg. Kostratal I samband med budsjettarbeidet for 2013 fekk ein inntrykk av at ein del kommunale folkevalde "stressa" bruken av kostratal. M.a. for vart dette aktivt brukt for å vise at ein i Fusa låg "godt an" økonomisk. M.a. vart vi samanlikna med Tysnes. Vedlagt (blir lagt fram i møtet) følgjer oversikten for perioden 2010 til 2013 der vi samanliknar tala med nabokommunane Tysnes og Samnanger i tillegg til to kommunar med noko lik geografisk og kyrkjeleg struktur som Fusa; Vaksdal og Ullensvang. skulle hatt overført kr.450.000,- meir frå Fusa kommune i 2013 om vi skulle kome opp på same nivå som den nest lågaste sokneråd/fellesråd; som er Tysnes. Resultat Det vert vist til årsmeldinga til rekneskapen og rekneskapstala. Reelt resultat for hovudkapitla: H.k.3.1. Sokneråd/Administrasjon + kr.233.000,- H.k.3.2. Kyrkjer - kr.125.000,- H.k.3.3 Kyrkjegardar + kr. 97.000,- Samla resultat h.k.3.1-3.4 + kr.205.000,- H.k.3.4 Kyrkjelydsarbeid +kr. 0,- Overskotet frå h.k.3.1-.3.3 er sett av på uspesifisert disposisjonsfond og til kyrkjegardsfondet, i tråd med soknerådet sitt vedtak frå møte 3.desember 2013, sak 2013-066. Evt. disponering av renteinntekter i 2013 har dei seinare åra, om den samla rekneskapen har tillate det, løyvd 20% av dei frie renteinntektene til eit nødhjelpsføremål eller liknande. Soknerådet avgjer om ein vil halde fram med denne ordninga. Her kan soknerådsmedlemene kome med framlegg om eit slikt prosjekt i møtet. Alternativ tek ein det opp som eiga sak i førstkomande møte. Summen utgjer om lag kr.20.000,-. Revisjonsmeldinga. Revisjonen har i sin konklusjon ingen merknader til rekneskapen. Men det vert presisert at årsrekneskapen ikkje er framlagt innan gitte fristar.
Sak: A FUSA SOKNERÅD SINE PRIORITERINGAR PÅ BYGG OG ANLEGG I 2015-2018 Saksnr.: 2014/033 Ark.nr. 411/511 INVESTERINGAR: År Tiltak Kalk.pris 2015: Opprusting Baldersheim kyrkjegard 400.000 2016: Opprusting innvendig Sundvor kyrkje 400.000 2016-2017: Utviding Hålandsdal kyrkjegard og parkering 2.000.000 2014-2015: Opprusting orgel Strandvik kyrkje 1.000.000 2016-2017: Opprusting av tårn m.m. i Hålandsdal og Strandvik kyrkje 500.000 2018-2019 Skifte av tak Fusa kyrkje 1.000.000 Reiskapshus Baldersheim må søkjast om til Bjørgvin BDR - bygging på dugnad Tilkomst Aakre - fremjast for Fusa kommune - gjennomførast på dugnad Få på plass godkjende kart over gravplassane - ei omfattande sak ein må sjå nærmare på. Må gjerast i tråd med forskriftene til gravferdslova gjeldande frå 1. januar 2013. Det må sendast informasjon til Fusa kommune vedr. regulering av areal til utviding av kyrkjegardane/gravplassane på Eide i Hålandsdalen og på Baldersheim. DRIFT: Soknerådet har store behov når det gjeld oppussing og vedlikehald av både kyrkjer og kyrkjegardar. Stor oppslutning med dugnad fleire stadar gjer at ein får gjort mykje godt arbeid for ein rimeleg sum. Ein del oppgåver kan ikkje gjerast på dugnad, og dessutan kjem det stadig uføresette hendingar som gjer at tiltak må gjennomførast. Det er viktig at ein får styrka rammene til vedlikehald i åra som kjem.
si sak 2014-033 held fram - side 2 - sine prioriteringar på bygg og anlegg i 2015-2018 Framlegg til vedtak frå eigedomsutvalet: INVESTERINGAR: År Tiltak Kalk.pris 2015: Opprusting Baldersheim kyrkjegard 400.000 2016: Opprusting innvendig Sundvor kyrkje 400.000 2016-2017: Utviding Hålandsdal kyrkjegard og parkering 2.000.000 2014-2015: Opprusting orgel Strandvik kyrkje 1.000.000 2016-2017: Opprusting av tårn m.m. i Hålandsdal og Strandvik kyrkje 500.000 2018-2019 Skifte av tak Fusa kyrkje 1.000.000 Reiskapshus Baldersheim må søkjast om til Bjørgvin BDR - bygging på dugnad Tilkomst Aakre - fremjast for Fusa kommune - gjennomførast på dugnad Få på plass godkjende kart over gravplassane - ei omfattande sak ein må sjå nærmare på. Må gjerast i tråd med forskriftene til gravferdslova gjeldande frå 1. januar 2013. Det må sendast informasjon til Fusa kommune vedr. regulering av areal til utviding av kyrkjegardane/gravplassane på Eide i Hålandsdalen og på Baldersheim. DRIFT: Soknerådet har store behov når det gjeld oppussing og vedlikehald av både kyrkjer og kyrkjegardar. Stor oppslutning med dugnad fleire stadar gjer at ein får gjort mykje godt arbeid for ein rimeleg sum. Ein del oppgåver kan ikkje gjerast på dugnad, og dessutan kjem det stadig uføresette hendingar som gjer at tiltak må gjennomførast. Det er viktig at ein får styrka rammene til vedlikehald i åra som kjem. Eigedomsutvalet sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Fusa kyrkjelege eigedomsutval si sak 2014/008 vedteke av eigedomsutvalet den 6.mai 2014
si sak 2014-033 held fram - side 3 - sine prioriteringar på bygg og anlegg i 2015-2018 Fusa kyrkjelege eigedomsutval hadde synfaring i alle kyrkjer og på ni av ti kyrkjegardar/gravplassar den 26. mars og hadde eit oppfølgingsmøte den 6.mai. Dette saman med tidlegare planar m.v. ligg til grunn for eigedomsutvalet si tilråding til soknerådet. Det vert vist til vedlegget i saka. I framlegg til vedtak ligg prioriteringar av investeringar i åra som kjem. Det er viktig at ein også får auka fokus på vedlikehaldsnivået på bygg og anlegg. Saka vert lagt fram for soknerådet til avgjerd. Vedtaket vil bli følgt opp som ein del av budsjett/langtidsbudsjettgrunnlaget som blir overlevert Fusa kommune.