Aukra kommune Notat Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2018/33-36/Q80 13.11.2018 71171558 Til: Rapport frå trafikkregistreringar ved Hollingbygg uke 42 2018. Orientering: I uke 42 2018 vart det gjennomført trafikkregistreringar ved kryss mellom FV662 og FV215 på Hollingen. Registreringane vart gjennomført i tidsrommet (kjernetid) 07.30-09.00 og 12.00-15.00 kvar dag på datoane 15.10.2018 til og med 19.10.2018. Tidspunkt for registreringane er sett ut i frå skole start og slutt ved Julsundet barne og ungdomsskole. På torsdag 18.10.2018 vart det i tillegg gjennomført registreringar i tidsrommet 17.30-19.30. Dette i samband med aktivitet i gymsalen ved Julsundet skole på kveldstid (Turn jenter Ekko Aureosen). Registreringane vart gjennomførte i samarbeid med Statens vegvesen og Aukra kommune fekk tilgang til å bruke ein app som SVV brukar til slike registreringar. Appen kan programmerast til å registrere det som er ønska. Aukra kommune var først ute av alle kommunane i Møre og Romsdal til å nytte seg av appen. Skjermdump av app for registrering av mjuke trafikantar.
Side 2 Aukra kommune fekk appen programmert til å registrere følgjande: - Retning på syklande eller fotgjengarar. - Fotgjengarar. - Syklistar med hjelm. - Syklistar utan hjelm. Ved registreringane fekk vi nytte eit kontor ved Hollingbygg med utsikt mot krysset ved Hollingen. Oversiktsbilde over registreringsppunkt og sikt inn mot kryss
Side 3 Resultat: Taloversikt over mjuke trafikantar registrert i kryssingspunktet. I registreringsperioda samla for morgon og ettermiddag ligg det daglege gjennomsnittet på ca. 40-50 kryssingar. Resultatet viser at det er færre mjuke trafikantar i kryssingspunktet ved morgonen enn ved ettermiddagen. Dette kan bety at mange born og ungdommar blir køyrde til skolen om morgonen. Registreringsdata frå ein dag som vist under: Planlagt tidspunkt 15.10.2018 14:00-16:00 (2 timer) Gjennomført tidspunkt 15.10.2018 13:10-14:28 (1 time og 18 minutter) Registrant Koordinater Lat: 62.779305 Long: 6.9919305 Kommentar (Ingen kommentar fra registrant) Registrert trafikk Felt Sykkel uten Fotgjenger 1 Sykkel uten Fotgjenger 2 Sykkel med Sykkel med Total hjelm 1 hjelm 2 hjelm 2 hjelm 1 4 - Fortau 2 1 2 12 17 6 0 38 2 - Jendem - - - - - - 0 1 - Hollingen - - - - - - 0 3 - Fortau 1 - - - - - - 0 Total 38
Side 4 Gjennomført trafikkregistrering Kode: 678 Planlagt tidspunkt 15.10.2018 08:00-09:00 (1 time) Gjennomført tidspunkt 15.10.2018 07:07-08:27 (1 time og 19 minutter) Registrant Kommentar (Ingen kommentar fra registrant) Registrert trafikk Felt Fotgjenger 1 Sykkel uten Fotgjenger 2 Sykkel uten Sykkel med Sykkel med Total hjelm 1 hjelm 2 hjelm 2 hjelm 1 4 - Fortau 2 1 9 0 0 0 6 16 2 - Jendem - - - - - - 0 1 - Hollingen - - - - - - 0 3 - Fortau 1 - - - - - - 0 Total 16 Det var mest syklistar som vart registrert. Dei fleste av disse utan sykkelhjelm, det var også svært få som brukte refleks.. Det er viktig at både kommune, skole og foreldre har fokus på hjelmbruk og bruk av refleks. Dette er gode vaner som kan redde liv. Når det gjeld trafikkteljing har vi gode tal på det. Det er teljepunkt rett ved krysset i alle tre retningar. ÅDT (Årsdøgn trafikk. Talet på passeringar i eit år, delt på talet på dagar i året. År 2017) på vegen er 2570 på Fv.662 mot Molde, det er 1940 vidare på Fv.215 mot Fræna, og 1600 på Fv.662 mot Hollingsholm. Etter våre berekningar er det til saman 1117 som køyrer gjennom krysset mellom retning Molde og retning ferjekaia (begge vegar). 487 kjem frå Fræna og svingar høgre ned mot ferjekaia og motsett veg. Det er 1450 som køyrer rett fram (i begge retningar). Den største auken i trafikk har vore på Fv. 215 med ca. 100 fleire i ÅDT sidan 2015. Det er omlag 5-600 køyretøy mindre i døgnet på helg. Når det gjeld fartsnivået på staden, har vi også ein god del tal på det. Fartsgrensa her er den generelle som er utanfor tettbygd strøk jf. vegtrafikkloven 6 2.ledd (80 km/t). Det er med andre ord trafikantens ansvar å tilpasse farten etter stad, føre-, sikt- og trafikkforholda jf. vegtrafikkloven 6 1.ledd. Teljepunkta til Statens vegvesen måler også fart. Vi tek berre med fartsnivået i teljaren ca. 60 m. frå kryssingspunktet mot ferjekaia. Tala gjeld begge vegar. Det er heilt klart flest som held høg fart på fredag, laurdag og søndag. Grovt sett kan ein seie at på kvardagar er det høgast fart mellom kl. 15:00 og 17:00. Medan på helg er det høgast fart mellom klokka 10:00 og kl. 16:00. Snittfarta i punktet er 59km/t og høgast snittfart er det i retning frå Hollingsholm ferjekai (liten forskjell). 15% av køyretøya som passerte hadde ei fart på 82 eller meir. Det er naturleg vis slik at fartsnivået i sjølve kryssingspunktet nok er mykje lågare på grunn av krysset. Statens vegvesen meiner fartsnivået, spesielt for dei som køyrer frå Molde og skal ned mot ferjekaia, ville vore enno lågare dersom det var trafikkøy/dråpe i krysset. Dette ynskjer Statens vegvesen å bygge dersom det kjem pengar. Konklusjon: Det er no gjort registreringar av Aukra kommune 1 veke hausten 2018, Statens vegvesen gjorde registreringar våren 2018. Dette gir eit bilete av at aktiviteten ved krysset er forholdsvis låg. Dette kan nok skuldast at mange blir køyrde til og frå skolen. Grunnen til dette er uviss. Været i registreringsperioda varierte frå fint haust vær til kraftige regnskurer, talet på mjuke trafikantar virka å være uavhengig av vær. Det vart ikkje observert nokon farlege situasjonar ved registreringane, men det vart registrert at elevane som sluttar av skoletida si ved 14. tida kjem til krysset ved Hollingen ca. samtidig med ferjebilane. Dette kan skape uheldige situasjonar. Det er tidleg for tidleg å konkludere etter berre ei registrering. Difor ønskjer Aukra kommune å arrangere fleire registreringar i krysset ved Hollingen. Dette til våren 2019.
Side 5 Ut i frå dei grunnlagsdata som Statens vegvesen og Aukra kommune no har innhenta per dags dato, ser det ut til at både ÅDT, fartsnivå og mengde mjuke trafikantar i kryssingspunktet ved kjernetidene kan tyde på at tiltak som betre belysning i kryssingspunktet, trafikkøy/ dråpe i krysset og ei eventuell regulering av fart i området vil være tilstrekkelege tiltak for å sikre dei mjuke trafikantane i området. Det bør bli eit satsingspunkt for kommune/ skole å halde på med haldningsskapande arbeid i høve bruk av refleks og sykkelhjelm. Dette er enkle tiltak som reduserer risikoen for alvorlege ulykker. Driftsleiar veg og kommunalteknikk Aukra kommune