STUDIEPLAN FOR VIDAREUTDANNING AV RETTLEIARAR I POLITIET SIN BEKYMRINGSSAMTALE 5 studiepoeng Utkast til behandling i høgskolestyret 16. oktober 2014
1. Innleiing Bekymringssamtalen er eit strukturert verktøy for samtalar som politiet fører med ungdomar og deira føresette når det gjeld risikoåtferd og kriminalitet. Samtaleverktøyet vert nytta til å kartleggje og identifisere faktorar som aukar eller reduserer risikoen for at ein ungdom blir kriminell. Føremålet med samtalen er å gjere ungdomen og dei føresette ansvarlege for å førebyggje ei framtidig kriminell åtferd. I tråd med 13 i politilova kan politiet påleggje ungdomen og dei føresette å møte til bekymringssamtale. Føresetnaden er at politiet har grunn til å tru at ungdom under 15 har gjort noko som elles er straffbart, eller at ungdom under 18 år har gjort noko straffbart. Ein førebyggjande koordinator eller skikka polititilsett skal gjennomføre opplæring og rettleiing i eige distrikt, og trygge, støtte og motivere til auka bruk av bekymringssamtalar som verktøy innanfor rammene av Veilederen. 2. Føremål med utdanninga Føremålet med utdanninga er å gjere polititilsette betre kvalifiserte til å gjennomføre bekymringssamtalar, og på den måte styrkje det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1. Målgruppe Målgruppa for utdanninga er polititilsette som har særleg ansvar for førebyggjande arbeid blant born og unge, og polititilsette på den enkelte driftseininga som er eller skal bli faglege rettleiarar. Studieplan for rettleiarar i politiet sin bekymringssamtale - 2014 Side 1
3.2. Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskole-/politihøgskoleutdanning vere tilsette i politi- og lensmannsetaten ha minst 3 års praksis kunne dokumentere at dei har gjennomført minst 10 bekymringssamtalar ha bestått utdanning i rettleiingspedagogikk på minst 5 studiepoeng, eller kunne dokumentere utdanning som kan erstatte denne Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå kravet om 3 års praksis, og kravet om eit visst tal på bekymringssamtalar. 4. Læringsutbyte 4.1. Generell kompetanse Etter avslutta utdanning kan studentane: vise større innsikt og tryggleik i eiga rolle reflektere over etiske dilemma 4.2. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: politiet sin bekymringssamtale lovgrunnlaget krav og forventingar til rolla ungdom og oppvekst tverrfagleg samarbeid kollegarettleiing planlegging, leiing og evaluering av opplæring Studieplan for rettleiarar i politiet sin bekymringssamtale - 2014 Side 2
4.3. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane: rettleie kollegaer som gjennomfører bekymringssamtalar i tråd med Veilederen identifisere utfordringar og behov hos ein ungdom og hos familien og resten av nettverket til vedkomande gjennomføre lokal opplæring 5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 4 månader. Utdanninga tek om lag 140 timar. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingstida utgjer inntil 35 timar fordelt på éi eller fleire samlingar. Samlingane vil omfatte førelesningar, diskusjonar i plenum, utveksling av erfaringar, praktisk trening og øvingar. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Noko aktivitet utover ordinær arbeidstid må påreknast. Arbeidsmåtane i studiet skal gje deltakarane godt læringsutbyte, og særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje deltakaraktivitet. Arbeidskrav: Før studentane kan ta eksamen, må dei få godkjent følgjande arbeidskrav: Gjennomføre ein bekymringssamtale før første samling. Denne skal filmast og nyttast som utgangspunkt for drøfting og rettleiing i samlinga. Gjennomføre og skrive eit refleksjonsnotat (inntil 800 ord) om ei kollegarettleiing. Studieplan for rettleiarar i politiet sin bekymringssamtale - 2014 Side 3
6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein skriftleg 4-timars heimeeksamen. Karakterane er bestått / ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1. Obligatorisk litteratur (301 sider) Barth, T., Børtveit, T. & Prescott, P. (2013). Motiverende intervju: Samtaler om endring. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: kap. 3 (s. 43 59), kap. 5 (76 89) og kap. 7 (s. 111 121). I alt 59 sider. Berg, M. E. (2006). Coaching: Å hjelpe ledere og medarbeidere til å lykkes. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 8.3 (s. 190 200). 11 sider. Bjørgo, T., & Carlsson, Y. (1999). Vold, rasisme, og ungdomsgjenger: Forebygging og bekjempelse. Oslo: Tano Aschehoug. Pensum: kap. 2 (s. 28 56), kap. 3 (s. 57 84) og kap. 7 (s. 139 149). I alt 65 sider. Gundhus, H. I., Egge, M., Strype, J. & Myhrer, T-G. (2008). Modell for forebygging av kriminalitet?: Evaluering av samordning av lokale kriminalitetsforebyggende tiltak (SLT) (PHS Forskning; 2008:4). Oslo: Politihøgskolen. Pensum: kap. 6 (s. 149 179). 31 sider. Hiim, H. & Hippe, E. (2009). Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 2 (s. 31 39) og kap. 7 (s. 91 116). I alt 35 sider. Kvello, Ø. (2010). Barn i risiko: Skadelige omsorgssituasjoner. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: kap. 4 (s. 78 152) og kap. 5 (s. 156 176). I alt 94 sider. Nordanger, D. & Braarud, H., C. (2014). Regulering som nøkkelbegrep og toleransevinduet som modell i en ny traumepsykologi. Tidsskrift for norsk psykologforening, 51(7), 530 536. 6 sider. Studieplan for rettleiarar i politiet sin bekymringssamtale - 2014 Side 4
7.2. Følgjande litteratur skal vere kjent Instruks for føring av referat i Indicia (Politiregisterlova med tilhøyrande føresegner på dette området). Pensum frå modul 1 i Rettleiingspedagogikk på Politihøgskolen. Politidirektoratet. (2011). Veileder: For politiets bekymringssamtale: Dialog for ansvar og positiv endring. Oslo: Politidirektoratet. 7.3. Tilrådd litteratur Bjørgo, T. & Carlson, Y. (1999). Vold, rasisme og ungdomsgjenger. Oslo: Universitetsforlaget. Heile boka. Borge, A.I.H. (2010). Resiliens: Risiko og sunn utvikling. Oslo: Gyldendal. Juul, J. (1996). Ditt kompetente barn. Oslo: Pedagogisk forum. Kvello, Ø. (2010) Barn i risiko: Skadelige omsorgssituasjoner. Oslo: Gyldendal akademisk. kap. 3 og 6. Mossige, S. & Stefansen, K. (Red.) (2007). Vold og overgrep mot barn og unge: En selvrapporteringsstudie blant avgangselever i videregående skole (NOVA Rapport; 20/2007). Henta frå http://www.nova.no/asset/3059/1/3059_1.pdf Røkenes, O. H. & Hanssen, P-H. (2006). Bære eller briste: Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. Bergen: Fagbokforlaget. Øvreeide, H. (2009). Samtaler med barn: Metodiske samtaler med barn i vanskelige livssituasjoner (3. utg.). Kristiansand: Høyskoleforlaget. Studieplan for rettleiarar i politiet sin bekymringssamtale - 2014 Side 5