Pensjonen din i KLP!
Innhald: 4 Kort om KLP 6 Kven er omfatta av offentleg tenestepensjonsordning i KLP? 8 Kva er du sikra i KLP? 10 Alderspensjon / Avtalefesta pensjon (AFP) 12 Attførings- og uførepensjon 14 Ektefelle- og barnepensjon 16 Kollektive personforsikringar 18 Gunstige tilbod til deg som har pensjonsordning i KLP
Kort om KLP KLP er eit av Noregs største livsforsikringsselskap med offentleg tenestepensjon som spesialfelt. Dei fleste kommunar, fylkeskommunar og helseføretak har pensjonsordning for dei tilsette i KLP, og dei er samtidig eigarar. Det same gjeld ei rekkje offentlege bedrifter. Arbeidstakarar i offentleg sektor har tariffesta rett til tenestepensjon, avtalefesta pensjon (AFP), ulykkes-/yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring. Pensjons- og forsikringsordningane våre sikrar rettane i dei aktuelle tariffavtalane. Per i dag er det ca. 300 000 medlemmer i pensjonsordningane. På grunnlag av eige pensjonsinnskot og premiebetaling frå arbeidsgivar samlar dei opp rett til alderspensjon, attførings-/ uførepensjon og ektefelle-/barnepensjon. Ca. 150 000 personar mottek i dag pensjon frå KLP. Mange arbeidsgivarar har gruppelivsforsikring og ulykkes-/yrkesskadeforsikring i KLP for dei tilsette. KLP har òg mange andre gode tilbod innanfor banktenester og forsikringar, med spesielt gunstige vilkår for deg som er medlem i pensjonsordning hos oss. Ønskjer du å lese meir om KLP, kan du gå inn på www.klp.no. Vil du vite meir om PENSJON I klp? For utfyllande informasjon om alderspensjon/afp, attførings- og uførepensjon og etterlatnepensjon, sjå www.klp.no. Ved å gå inn på heimesida vår kan du som er medlem i KLP, logge deg inn på klp.no/minsidepensjon og kontrollere pensjonsoppteninga di, eller berekne den framtidige pensjonen din ut frå forskjellige alternativ. Du er velkomen til å ringe kundesenteret vårt i Bergen på tlf.: 05554, eller kundesenteret vårt i Oslo på tlf.: 22 03 37 00. Du kan òg sende oss e-post eller brev viss du ønskjer å vite meir om pensjon i KLP. Bruk e-postadressa vår: medlem@klp.no, eller postadresse: KLP, Postboks 400 Sentrum, 0103 Oslo. 4
Kvar åttande nordmann har pensjonsrettar i KLP.
Kven er omfatta av offentleg tenestepensjonsordning i KLP? Alle som er tilsette hos ein arbeidsgivar som har avtale om offentleg tenestepensjon i KLP, og dei fleste sjukehuslegar og sjukepleiarar er med i pensjonsordninga. Føresetnaden for medlemskap er at du er fast tilsett med minst 14 timar i veka, eller at du arbeider minst 168 timar i løpet av eit kvartal. Overtid tel ikkje med. Lurer du på om du er eller har vore medlem i pensjonsordning i KLP? Logg deg inn på www.klp.no/minsidepensjon. Her får du raskt svar på om du er medlem, og kva for rettar du har tent opp. Du kan òg be arbeidsgivaren din sjekke medlemskapen din ta kontakt med personalansvarleg. Skifte av arbeidsgivar Viss du har vore tilsett hos fleire arbeidsgivarar innanfor offentleg sektor, vil den samla medlemstida di bli summert når du skal ta ut pensjonen. Den siste pensjonsordninga du var medlem i, betaler ut pensjonen på vegner av alle. Dette følgjer av overføringsavtalen som gjeld pensjonsordningar for tilsette i offentleg sektor. Dersom du sluttar i offentleg sektor før du blir pensjonist og har samla medlemstid i offentlege tenestepensjonsordningar på minst tre år, har du rett til alderspensjon når du når aldersgrensa for stillinga du hadde, likevel seinast frå 67 år. I slike tilfelle kan kravet til full opptening vere over 30, men maks 40 år. Det er avhengig av kor mange år du kunne fått om du ikkje hadde slutta, men halde fram oppteninga fram til aldersgrensa for stillinga di. Permisjon Viss du har permisjon utan lønn, har du framleis rett til pensjon i tilfelle uførheit eller død i inntil to år, utan at det blir betalt premie i permisjonstida. Dette gjeld òg ved delvis permisjon og delvis lønn. Dersom du ønskjer å få permisjonstida medrekna i den framtidige alderspensjonen din, må du betale full premie, både eigen og den delen arbeidsgivar dekkjer. Etter avslutta permisjonstid vil du igjen bli innmeld i pensjonsordninga på vanlege vilkår. 6
Kva er du sikra i KLP? Gjennom medlemskapen din i offentleg tenestepensjonsordning i KLP har du ei av Noregs beste pensjonsordningar. Denne sikrar deg og den nærmaste familien rett til pensjon ved: Pensjonsalder Uførheit Død Pensjonsnivå Som medlem i KLP får du som er fødd før 1959, minst 66 % av sluttlønna di i samla pensjon frå KLP og folketrygda. Dette gjeld viss du tek ut full pensjon og har samla medlemstid i offentleg sektor på minst 30 år når du tek ut pensjonen. I tilfelle du blir ufør, får du godskrive tenestetid fram til det tidspunktet du ville nådd aldersgrensa for stillinga di. Frå 2011 blir det innført levealdersjustering. Det inneber eit noko lågare pensjonsnivå, avhengig av kor tidleg du tek ut pensjonen. Er du fødd 01.01.1959 eller tidlegare, gjeld ein individuell garanti som sikrar at du likevel får minst 66 % i samla pensjon frå 67 år viss du har full medlemstid og ikkje tek ut pensjonen frå folketrygda før fylte 67 år. I pensjonen frå KLP blir det gjort frådrag for eventuelle utbetalingar frå andre offentlege pensjonsordningar. Når for eksempel folketrygda kjem til utbetaling, blir ho i stor grad fråtrekt i KLP-pensjonen, slik at KLP betaler ut resten opp til det pensjonsnivået som er oppgitt (66 % ved 67 år og full opptening). Dersom annan pensjon ikkje er aktuell, betaler KLP ut heile beløpet. Har du aldersgrense lågare enn 70 år (særaldersgrense) og tek ut alderspensjon frå folketrygda og KLP frå 65 år, skal det likevel ikkje gjerast frådrag for folketrygd før du fyller 67 år. Ver merksam på at utbetalinga både frå folketrygda og KLP vil bli lågare enn om du ventar med å ta ut pensjon frå folketrygda. Regulering av pensjon Pensjonane frå KLP blir auka kvart år i forhold til den generelle lønnsauken. Ved alderspensjon blir det ikkje gitt full kompensasjon for lønnsauken. På klp.no kan du lese meir om offentleg tenestepensjon. 8
Som medlem i KLP har du ei av Noregs beste pensjonsordningar.
Når kan du gå av med alderspensjon? Alderspensjon / avtalefesta pensjon (AFP) Dei fleste av KLPs medlemmer kan velje når dei vil gå av med pensjon, etter fylte 62 år. Tariffavtalane gir deg rett til å ta ut avtalefesta pensjon (AFP) frå månaden etter at du fyller 62 år. NAV og KLP gir svar på om du oppfyller krava til AFP, og størrelsen på denne pensjonen. Den vanlege aldersgrensa i offentleg sektor er 70 år. Mange yrkesgrupper har ei lågare aldersgrense (særaldersgrense). I KLP kan den grensa vere 60 eller 65 år. Aldersgrensa avgjer når du har rett og plikt til å slutte i stillinga di. Alle kan gå av med alderspensjon frå fylte 67 år. Dei som har særaldersgrense, kan velje å gå av med alderspensjon tre år før aldersgrensa, viss summen av alder og medlemstid er minst 85 år. Kombinasjon arbeid og pensjon Du kan velje å ta ut delvis alderspensjon eller AFP og samtidig halde fram i arbeid. Reglane for arbeidsinntekt ved sida av pensjon er forskjellige for alderspensjon og AFP. Pensjonsgrunnlaget er den delen av lønna di som blir lagd til grunn ved pensjonsfastsetjinga. Som regel er dette fast årslønn inkludert faste tillegg på det tidspunktet du går av med pensjon. Lønn utover ca. 900 000 kroner (12 grunnbeløp) gir ikkje rett til pensjon. Tariffavtalane set grenser for kor mykje som skal reknast med av lønnsauke du får dei siste to åra før du går av med pensjon. Korleis blir alderspensjon frå KLP fastsett? Alderspensjon frå KLP blir fastsett ut frå: lønna di og eventuell deltid (pensjonsgrunnlag) pensjonsprosent (66 %) medlemstid (X/30) barn under 18 år (barnetillegg) pensjonsgrad levealdersjustering 10
Viss du har arbeidd deltid, blir den gjennomsnittlege stillingsprosenten din gjennom alle år lagd til grunn når pensjonsgrunnlaget blir fastsett. Dersom du har meir enn 30 års opptening, blir gjennomsnittet av dei 30 beste åra brukt. Pensjonsprosenten for KLP-pensjonen er 66. Det vil seie at alderspensjon utgjer 66 % av pensjonsgrunnlaget ditt ved full opptening. Medlemstida er dei åra du har tent opp pensjonsrett i KLP og eventuelle andre offentlege tenestepensjonsordningar. For full pensjon blir det kravd 30 år. For kvart år ein har mindre enn 30, blir pensjonen redusert med 1/30. NB! Merk at krav til full medlemstid kan vere over 30 år, men maks 40, viss du har slutta i stilling i det offentlege før pensjon er aktuelt. Det gjeld òg viss du sluttar i offentleg sektor og vel å ta ut alderspensjon frå folketrygda. Det gjeld ikkje viss du i staden tek ut AFP i same tidsrom. Dei som forsørgjer barn under 18 år, får barnetillegg tillagt pensjonen. Dette utgjer 10 % av pensjonen din for kvart barn. Alderspensjonen blir redusert dersom du held fram med å jobbe delvis etter at du har begynt å ta ut pensjonen. Kor mykje du held fram med å jobbe, bestemmer pensjonsgraden. For den delen du jobbar, held du fram med pensjonsoppteninga. Frå 2011 blir det innført levealdersjustering. Det inneber at pensjonen blir redusert i forhold til forventa levealder for ditt årskull. Reduksjon som følgje av levealdersjustering kan motverkast ved at du står lenger i arbeid før pensjonen blir teken ut. Er du fødd før 01.01.1959, kjem du inn under garantireglar som vi har beskrive på side 8, under overskrifta Pensjonsnivå. Korleis blir AFP fastsett? AFP blir fastsett og utbetalt på følgjande måte: AFP i offentleg sektor kan utbetalast i perioden mellom 62 og 67 år. AFP utgjer like mykje som folketrygda di ville utgjort dersom du hadde halde fram i jobb til fylte 67 år, med tillegg av eit årleg beløp på kr 20 400, men maks 70 % av den tidlegare arbeidsinntekta di. Frå fylte 65 år vil AFP-pensjonistar i offentleg sektor alternativt få pensjonen berekna som ein ordinær alderspensjon, viss det gir ei høgare utbetaling enn folketrygdbeløpet og tillegget på kr 20 400 til saman. KLP vil gi deg beskjed om kva for eit alternativ som gir deg høgast pensjon. Du kan ikkje ha alderspensjon frå anna offentleg pensjonsordning i tillegg til AFP. Dette gjeld også når AFP er berekna etter reglane for ein ordinær alderspensjon frå KLP. 11
Når kan eg ha rett til attførings-/uførepensjon? Attførings- og uførepensjon Når sjukdom eller skade er årsak til at du går ned i lønn, kan du ha rett til attførings- eller uførepensjon frå KLP. Pensjonen blir utbetalt frå det tidspunktet lønn/ sjukepengar tek slutt, vanlegvis etter eitt års sjukmelding. Det er ikkje krav om varig uførheit eller nedre grense for bortfall av arbeidsevne for å kunne få pensjon frå KLP. KLP yter delvis pensjon dersom ein er delvis arbeidsufør. For eksempel kan det ytast pensjon for 20 % uførheit. NB! Rett til attførings-/uførepensjon frå KLP fell bort viss du blir sjuk før du har jobba to år i det offentlege, og uførheita kjem av ein sjukdom eller veikskap du visste om ved innmeldinga. Også deltidsauke eller betydeleg inntektsauke blir omfatta av denne avgrensingsregelen. Ved attførings- og uførepensjon vil siste deltid (ev. full stilling) bli lagd til grunn når pensjonsgrunnlaget blir fastsett, dersom den er høgare enn den gjennomsnittlege stillingsprosenten din. Til forskjell frå alderspensjon blir medlemstid godskriven utover det som er opptent på tidspunktet du tek ut pensjonen. Medlemstida blir rekna fram til nådd aldersgrense for stillinga. Pensjonen blir redusert i forhold til kor stor grad av arbeidsuførheit ein faktisk har (pensjonsgrad). Forsørgjarar med barn under 18 år får barnetillegg. Det utgjer 10 % av pensjonen din for kvart barn. Levealdersjustering er ikkje aktuelt ved attførings- og uførepensjon. Det blir først aktuelt når uførepensjonen skal reknast om til alderspensjon ved fylte 70 år. For dei som har særaldersgrense, blir levealdersjustering gjort når dei fyller 67 år. Korleis blir attførings-/uførepensjon frå KLP fastsett? Attførings- og uførepensjon frå KLP blir fastsett ut frå: lønna di og eventuell deltid (pensjonsgrunnlag) pensjonsprosent (66 %) medlemstid (X/30) barn under 18 år (barnetillegg) pensjonsgrad 12
I meir enn 60 år har vi levert pensjon til offentleg tilsette.
Rett til ektefelle og barnepensjon Ektefelle- og barnepensjon Ektefelle/registrert partnar og barn under 20 år har rett til pensjon når ein KLP-medlem døyr. Viss gjenlevande ektefelle giftar seg på ny, fell retten til ektefellepensjon normalt bort. Fråskild ektefelle som ikkje er gift på ny, kan òg ha rett til pensjon. Sambuarar har ikkje rett til pensjon etter partnaren sin. Ektefellepensjon frå KLP kjem i tillegg til eventuelle utbetalingar frå andre pensjonsordningar, i motsetning til alders-, attførings- og uførepensjon. Gjenlevande ektefelles inntekt har ingen ting å seie for ektefellepensjonen. Desse reglane for ektefellepensjon gjeld frå 01.01.2001. Dei som er fødde før 01.07.1950, får pensjon som er rekna ut etter andre reglar enn dei som er beskrivne her. Levealdersjustering er ikkje aktuelt for ektefellepensjon. Korleis blir ektefellepensjonen fastsett frå KLP? Ektefellepensjon blir fastsett ut frå: lønna til avdøde og eventuell deltid (pensjonsgrunnlag) pensjonsprosent (9 %) avdødes medlemstid (X/30) Barnepensjon frå KLP kjem i tillegg til eventuelle ytingar frå folketrygd og andre pensjonsordningar, i motsetning til alders-, attførings- og uførepensjon. Barnepensjon blir utbetalt til fylte 20 år. Barns eiga inntekt har ingen ting å seie for barnepensjonen. Levealdersjustering er ikkje aktuelt for barnepensjon. Korleis blir barnepensjon frå KLP fastsett? Barnepensjon blir fastsett ut frå: lønna til avdøde og eventuell deltid (pensjonsgrunnlag) pensjonsprosent (15 % for kvart barn) avdødes medlemstid (X/30) 14
Kollektive personforsikringar Tariffavtalen i offentleg sektor gir tilsette rett til gruppelivsforsikring med eingongserstatning ved dødsfall. Også uførepensjonistar skal vere dekte fram til dei fyller 67 år. Alle tilsette i offentleg sektor skal òg ha ulykkes- og yrkesskadeforsikring gjennom arbeidsgivaren sin. Gruppelivsforsikring Mange arbeidsgivarar har avtale om gruppelivsforsikring for dei tilsette i KLP. Forsikringa blir utbetalt til ektefellen til den forsikra (likekjønna og ulikekjønna), sambuar og/eller barn. Erstatningsbeløpet er maksimalt 10 grunnbeløp (G), men blir redusert forholdsmessig viss den forsikra var over 50 år. Minimum er 5 G, som blir utbetalt viss avdøde var over 59 år. Viss avdøde ikkje etterlet seg nokon med rett til erstatning, blir det utbetalt eit minimumsbeløp til dødsbuet. Ulykkes- og yrkesskadeforsikring Forsikringane gir arbeidstakar rett til eingongserstatning ved ulykke i arbeidstida og ved yrkesskade og yrkessjukdom. Dei fleste tilsette er også forsikra på direkte reise mellom heim og arbeidsstad, og på tenestereiser. Arbeidsgivar kan utvide forsikringa til også å omfatte ulykker i fritida. Kvar enkelt arbeidsgivar har oversikt over kva for forsikringar og forsikringsummar som gjeld for dei tilsette. Erstatning blir utbetalt ved varig medisinsk invaliditet, uførheit i samband med erverv, eller dødsfall. Erstatningsbeløpet er m.a. avhengig av grad av uførheit, alder og inntektsgrunnlag. På klp.no kan du lese meir om dei kollektive forsikringane våre. 16
I offentleg sektor har du rett til gruppelivs-, ulykkes- og yrkesskadeforsikring.
Gunstige tilbod til deg som har pensjonsordning i KLP Forsikring Som medlem i den offentlege tenestepensjonsordninga i KLP får du spesielt låg pris på alle dei forsikringane du treng. Vi har ingen forvirrande samlerabattar. På klp.no finn du praktiske kalkulatorar for dei private forsikringstilboda våre. Banktenester; innskot og lån KLP tilbyr effektive og prisgunstige nettbanktenester. Du som har pensjonsordninga di i KLP, får spesielt god rente på innskot både på brukskonto og sparekonto. Aksje- og rentefond Aksje- og rentefonda våre har nokre av dei lågaste forvaltningshonorara i Noreg. Vi tilbyr fleire typar fondssparing som gir deg sjanse til å spare med den risikoen du sjølv ønskjer. På klp.no finn du raskt fram til tilboda våre innanfor fondssparing. Vi har gode vilkår på lån med sikkerheit i bustad. På klp.no finn du enkelt moglegheiter og vilkår for alle banktilboda våre. FOR DAGANE SOM KJEM 18
Kommunal Landspensjonskasse Pb. 400 Sentrum, 0103 Oslo E-post: klp@klp.no www.klp.no Hovudkontor Dronning Eufemias gate 10, Oslo Tlf.: 22 03 35 00 Faks: 22 03 36 00 Regionkontor Vågsallmenningen 16, Bergen Tlf.: 05554 Faks: 55 54 85 90 Bl. nr. F-190b opplag 1000, januar 2010. Med atterhald om trykkfeil og endringar. KLPs oppdrag er å sikre verdiskaping, men det er ikkje likegyldig korleis! Vi har etiske minstekrav for all vår kapitalforvaltning. Derfor kan du som medlem vere viss på at pensjons- og sparepengane dine ikkje blir investerte i verksemder som er til skade for andre menneske eller miljø. Les meir om vår vilje til å ta samfunnsansvar på www.klp.no.