Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019 Politisk strategi 2019 To skal bli ein. 2019 vil pregast av eit lokal- og fylkestingsval der fleire kommunar skal gå til val som ei kommune. Dette gjeld ikkje minst Hordaland og Sogn og Fjordane, som skal slå seg saman til Vestland fylke. Som konsekvens av at fylka slår seg saman, slår også SV-laga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV seg saman til eit fylkeslag. Vestland SV stiller felles liste til fylkestingsvalet 2019. I dag er SV i Hordaland eit støtteparti til dagens posisjon, og har tre representantar, gruppeleiar Aud Karin Oen er også medlem av fellesnemnda mellom Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I Sogn og Fjordane har SV eitt medlem, Jakob Andre Sandal som også er fystevara til fellesnemnda. SV er også her støtteparti til posisjonen. I 2018 har det jobba fleire nemnder på tvers av fylkesgrensa for å førebu samanslåinga av fylkeslaga. I tillegg har Sogn og Fjordane SV sin fylkessekretær i dag kontor i Bergen, saman med Hordaland SV. I 2019 skal vi stå samla som eit felles og større fylkeslag for å gjere det nye Vestland raudare og grønare etter valet i 2019. Våre hovudmål: I 2019 ha 2400 medlemmar. Ha trygge medlemmar, som føler seg velkomen i Vestland SV Fleire skal ha moglegheit til å røyste SV i 2019 enn ved kommunevalet i 2015. Auke talet på folkevalde ved kommunevalet og fylkestingsvalet i 2019. Ha ein god prosess med å utvikle ein ny politikk for miljø og rettferd for Vestland fylke. Ha trygge og dyktige folkevalde og tillitsvalde SVarar i heile fylket. Styrke den eksisterande partiorganisasjonen og få auke aktivitet i alle lokallag. 1
Hovudsaker Hovudsakene til Vestland SV er kampen for rettferdig fordeling og kampen for klima og miljø. Eit grønt skifte i arbeidslivet i det nye fylket er naudsynt for å erstatte dei mange arbeidsplassane i oljerelaterte yrker, særleg sør i fylket. Gode klimaløysingar og god klimatilpassing er viktig i kampen for arbeid til alle og for å redusere ulikskap. Vi skal kjempe for å oppretthalde gode velferdstilbod og trygge arbeidsplassar knytt til desse velferdstenestene innan utdanning, helse, omsorg og offentleg forvalting i alle deler av det nye fylket. Våre hovudmotstandarar er høgresida og deira angrep på velferdsstaten og arbeidsfolk, deira skadelege miljøpolitikk og manglande solidaritet med fattige og flyktningar. Våre viktigaste allierte er folkelege organisasjonar som fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla og fredsrørsla. 2
Innleiing Arbeids- og organisasjonsplanen er ei langsiktig strategi som slår fast dei overordna politiske og organisatoriske måla for fylkeslaget. Det skal også vera ein operativ plan, med viktige milestolpar. Årsmøtet vedtek og reviderer arbeids- og organisasjonsplanen årleg. Gjennom årsmeldinga gjennomføres årleg evaluering. Planen gjeld for heile fylkeslaget og er gjensidig forpliktande mellom fylkesstyret, folkevalde, lokallaga og andre organ. Politisk strategi Fleire skal ha moglegheit til å røyste SV i 2019 enn ved kommunevalet i 2015. Vestland fylke vil bestå av 43 kommunar. Alle kommunane der det er mogleg å stille lister vil følgjas tett fram til listefristen, fredag 29. mars. Dette vil vera fylkeslagets viktigaste oppgåve i vinter. Oversikt over listesituasjonen slik me ser han i dag: Sannsynlig Usikker Usannsynlig 25 7 11 Auke talet på folkevalde ved kommunevalet og fylkestingsvalet i 2019. For mange av SV sine kommunestyregrupper består av ein representant. Det er eit mål at SV har minst to medlemmar i alle sine kommunestyregrupper. Flere SVere i kommunestyret gjev betre politikk for rettferd og miljø, men det gjer også arbeidet som folkevald lettare, når oppgåver, verv og sakspapir kan delast med fleire. 3
Organisatorisk strategi Analyse Vestland SV er to fylkeslag som nå slår seg saman til eitt. Status: - Vestland SV hadde per 31.12.2018 1632 medlemmar - 35 lokallag. 25 med representasjon i kommunestyret, og 10 utan. - 54 folkevalde representantar i kommunane. - 2 varaordførarar. - 4 representantar i fylkestingene - 1 representant i Stortinget. - 2 representantar i SVs sentralstyre + 1. vara - Ein direktevalt landsstyrerepresentant + 1. vara - 2 representantar i SUs sentralstyre Organisatoriske mål Gjennomføre fylkeslagssamanslåing. Hjelpe til med lokallagssamanslåing Gjennomføre ein god valkamp i heile fylket, med dyktige kandidatar og skolerte medlemmar. 2400 medlemmar ved utgongen av 2019 Ha trygge medlemmar, som føler seg velkommen i Vestland SV Fleire skal ha moglegheit til å røyste SV i 2019 enn ved kommunevalet i 2015. Øke antall folkevalde ved kommunevalet og fylkestingsvalet i 2019. Ha ein god prosess med å utvikle ein ny politikk for miljø og rettferd for Vestlandet fylke. Ha trygge og dyktige folkevalde og tillitsvalde SVere i helie fylket. Styrke den eksisterande partiorganisasjonen og få økt aktivitet i alle lokallag. Det bør arbeidas for at minst eitt fbylkesstyremøte vert halde i ein distriktskommune. 4
Organisatoriske prioriteringer Medlemmar og rekruttering Vestland SV har i dag 1632 medlemmar Ved utgangen av 2019 skal Vestland SV ha 2400 medlemmar Ved arrangement i regi av Vestland SV skal det alltid oppmodast til verving, eller haldast eit lite vervekurs. Alle nye SV medlemmar i Vestland SV vil få ein e-post frå fylkeslaget. Lokallaga oppmodast til å ringe alle nye medlemmar for å ynskje dei velkomen og invitere dei med på møter eller anna. Fylkeslaget skal hjelpe lokallaga til å gjennomføre gjenbetalingsringing i månadskiftet november/desember. Lokallag Vestland SV har per i dag 35 lokallag Gjennomføre lokallagsamanslåingar i forbindelse med kommunesamanslåingene i 2020. Ha aktivitet i alle lokallag i valkampen. Halde tett dialog med dei lokallaga som skal slå seg saman, for å sikre gode prosessar i alle dei aktuelle lokallaga. Fylkesstyret skal i samarbeid med lokallaga gjennomføre «lokallagsløftet» i dei lokallaga som ynskjer dette. «Lokallagsløftet» vart satt i gong av SV-sentralt i fjor, med mål om økt aktivitet og tettere oppfølging av lokallaga. Alle lokallag som vert med på lokallagsløftet skal få oppfølging til å skape ein større aktivitet i valkampen. 5
Folkevalde Vestland SV har 55 folkevalde representantar i kommunane, 4 representantar i fylkestinga og 1 stortingsrepresentant. Ha trygge og dyktige kandidatar og tillitsvalde SVarar i heile fylket. Øke antall folkevalde ved kommunevalet og fylkestingsvalet Til våren arrangere valkampkonferanse for medlemmar og kandidatsamling for alle fylkestingskandidatane og toppkandidatane til kommunevalet. Samlinga leggjast til Bergen. Oppfordre flest mogleg av kandidatane til å delta på SV-sentralt sine to kandidatsamlingar våren 2019 og alle folkevalde etter valet på sentral samling hausten 2019. Gjennomføre ein god valkamp i heile fylket Utarbeide eit tilbod for einslege kommunestyrerepresentantar Skolering Alle som ynskjer å delta i valkampen 2019 skal få tilbod om skolering i SV sine valkampsaker. Ha trygge og skolerte valkampaktivistar. Til våren arrangere valkampkonferanse for medlemmar. Arrangere regionale valkampkonferanser tidleg haust. Lage ein kort presentasjon av Vestland SV sine hovudsaker i valkampen. Gjennomføre skolering i SV sin politikk til alle nye medlemmar i løpet av valkampen. Val 2019 Det setjast ned ein eiga valkampgruppe som lager strategi til valkampen. Gruppa består av AU i Vestland SV, 6 øvste kandidatane på fylkestingslista, og ansatte på fylkeskontoret. 6