Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit.

Like dokumenter
Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frå novelle til teikneserie

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Tilgangskontroll i arbeidslivet

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vurderingsrettleiing 2011

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brukarrettleiing E-post lesar

Brukarrettleiing. epolitiker

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Valdres vidaregåande skule

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Samansette tekster og Sjanger og stil

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Informasjon til elevane

Om å høyre meir enn dei fleste

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Store dokument i Word

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

ehandel og lokalt næringsliv

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Ny strategiplan for Høgskulen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

HORDALANDD. Utarbeidd av

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

8 tema for godt samspel

Vi lærer om respekt og likestilling


Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Å løyse kvadratiske likningar

FANTASTISK FORTELJING

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Eksamen Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rådgjevarkonferanse 2009

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

6. trinn. Veke 24 Navn:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?


Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Rådgjevarkonferanse 2010

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Frå tre små til ein stor.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

Kvardag er tittelen på eit lite dikt av Olav H. Hauge, som på lavmælt vis teikner opp eit tilvære prega av nærvær i enkle oppgåver og ein stille refleksjon. Eg vil i det følgjande sjå på korleis forfattaren har brukt bilete og andre verkemiddel for å formidle meining. Eg vil óg vise korleis diktet både peikar ut over seg sjølv og reflekterer over seg sjølv, og at dette er med på å berike tydinga av diktet. Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit. Kvardag Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja. (Stegane et. al., 2010, s. 541) Kvardag er henta frå samlinga Dropar i austavind som kom ut i 1966, i den delen av Hauges forfattarskap som ofte blir beteikna som modernistisk, minimalistisk eller nyenkel (Andersen, 2001, s. 447). Som mange andre modernistiske dikt, er Kvardag skreven som såkalt frie vers (Janns og Refsum, 2010, s. 60), utan strofar, enderim eller fast metrum. Det er vanskeleg å identifisere noko mønster i rytmen, for i dette relativt korte diktet finn vi både lange og korte setningar og vers. Denne tilsynelatande tilfeldige komposisjonen og rytmen kan seiast å vere med på å bygge opp under temaet kvardag ved at diktet snakkar til lesaren i et nær kvardagsleg språk. Spesielt den første og dei to siste setningane er bygd opp som vanlege, ikkje kunstige, setningar (med unnatak av linjedelinga). Men om komposisjonen er kvardagsleg og språket tilsynelatande enkelt, er innhaldet rikt på bilete og tettpakka med meining, noko som vi skal sjå vidare. s1/6

Diktet henvender seg til eit du som går igjen gjennom stort sett heile teksten. Kven du er, må tolkast. Som lesar kan ein tenkje at diktet talar direkte til ein. Dette er sjølvsagt ikkje mogleg, sidan diktaren ikkje kjenner lesaren, og det dessutan vil finnast mange forskjellige lesarar. Du blir såleis ein representant for alle lesarar, med ei implisering av at diktet inneheld ein almengyldig bodskap. Samstundes er bruken av 2. person eit verkemiddel som kan gjere at lesaren identifiserer seg sterkare med diktet enn om det hadde nytta 1. eller 3. person. Du representerer dermed både lesaren og alle lesarar på ein gong, med ein personleg, men almengyldig bodskap. Samstundes er det eit personleg dikt, der det er naturleg å tenkje at diktaren tek utgangspunkt i si eiga erfaring, og du blir i så fall ein representasjon for diktaren sjølv, eller i alle høve diktets lyriske eg. Desse tre tolkingane av du står kanskje tilsynelatande i motsetnad til kvarandre, men lever side om side i Kvardag. Å setje likskapstegn mellom forfattar og dikt-eg er ein feilslutning ein bør unngå. Men med ein viss kjennskap til Olav H. Hauges liv og forfattarskap, blir det svært nærliggjande å anta at duet i diktet i stor grad refererer til forfattaren sjølv. Til tross for manglande formell estetisk utdanning, var han ein belest autodidakt og svært internasjonal i sin intellektuelle og estetiske orientering, og han interesserte seg blant anna for kinesiske dikt (Andersen, 2010, s. 446). Heile sitt liv levde han som fruktgarntar i Ulvik i Hardanger. Når du først utfører tradisjonelt jordbruksarbeid for deretter å ete tradisjonell bondekost ( flesk ) og lesa kinesiske vers, er det ikkje vanskeleg å forestille seg at dette er glimt frå Hauges eigen kvardag. Kvardag består kun av 19 vers og er ikkje delt inn i tydelege strofar. Innhaldsmessig går det allikevel an å dele inn diktet på forskjellig vis, og det kan synast naturleg å sjå i alle høve dei første sju versa i samanheng, som ei skildring av fortida til den du som diktet henvender seg til. Det var dei store stormane då du ikkje tenkte over kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, men berre var. Dette er noko du har attum deg - eit bilete på ein tid og kanskje ein livsfase som er tilbakelagt. kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk kan tolkast som eit bilete på fortid og framtid, men også meir filosofisk som spørsmåla om korleis vi er skapte og kva som skjer med oss når vi dør. Uansett handlar det om lite refleksjon rundt dette, til fordel for å leve i nået: du berre var i stormen, var i elden. Stormar og eld må tolkast metaforisk og kan antyde ei stormfull og turbulent ungdomstid, men kan også tenkjast å omfatte både ungdomstid og vaksenliv. Vaksenlivet kan jo også vere nokså hektisk, med mykje jobb og mindre tid til refleksjon. Uansett er det snakk s2/6

om den første delen av livet, ein fase som du no har lagt bak seg. Det er lett å tenkje seg at dette er ein fase der du må ha vert ung og sterk. Storm og eld er kraftfulle naturbilete, og ein som står i storm og eld må antakeleg vere sterk. Kontrasten kjem så i dei neste sju versa om kvardagen, som blir teikna som den grå stille dagen. Dette synest ikkje å vere den hektiske varianten av kvardagen som mange av oss kanskje lever i, den kvardagen vi kjenner med tidsklemme og stress. Tidsklemme-kvardagen kan nok betre plasserast saman med stormen og elden i første del av diktet. Den kvardagen som målast opp for lesaren her, er ein kvardag med tid til mangt å tenkja på. Kvardagen kan her tolkast som eit symbol på ein annan og seinare livsfase enn det som blir skildra i starten av diktet. Kanskje er det (seint) vaksenliv, kanskje (tidlig) alderdom. Kanskje har ikkje alder så mykje med det heile å gjere - forskjellen ligg gjerne meir i det mentale. det gjeng an å leva / i kvardagen òg står det i diktet, og dette må seiast å vere ei underdriving, som understrekar at vi no går inn i ein meir lavmælt del av diktet, då diktet som heilskap gjev eit inntrykk av at kvardagen er ein svært god livsfase å vere i. Her finn ein ro og refleksjon i dei små rutineoppgåvene: setja potetor, raka lauv / og bera ris. Her kjem plass for tanken, og kanskje ei erkjenning om eiga forgjengelegheit, at tida vår er begrensa: eit manneliv strekk ikkje til. Dei siste fem versa kan tolkast som nok ein livsfase Etter strævet. No har alderdomen komen og det er tid for kvile og rekreasjon: steikja flesk / og lesa kinesiske vers. Eventuelt er desse siste versa kun ei utdjuping av kvardagen som blei beskreven i dei foregåande sju versa: Dagane er rolegare enn i starten av diktet, men består av både arbeid ( setja potetor, raka lauv / og bera ris ) og kvile ( lesa kinesiske vers ). Arbeid blir også nemnt i denne siste delen av diktet ( skar klunger / og grov om fiketrei ), og dette saman med tittelen kvardag gjer at eg heller mot denne siste tolkinga, altså at alle dei 12 siste versa i diktet handlar om den same kvardagen. Denne todelinga av livet støttast òg av kontrasten på slutten av diktet, mellom Laertes som lever i kvardagen, medan heltane slåst ved Troja. Vi kan seie at diktet deler livet inn i kun to fasar, ein tidleg, dramatisk fase og ein sein, stille fase; kvardagen. Dei siste tre versa kan lesast som ein minimal versjon av diktet som heilheit, men der rekkefølgen er motsett fordi den startar med den seine livsfasen og endar med den tidlege. I diktet som heilheit er det dei sju første versa som handlar om den tidlege livsfasen, og som danner ein kontrast til resten av diktet som handlar om kvardagen. s3/6

Som tidlegare nemnt talar diktet til oss i eit kvardagsleg språk, og dette blir særleg tydeleg mot slutten. I starten av diktet finn vi alliterasjon ( Dei store stormane / har du attum deg. / Då spurde du ikkje, kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk ) og anaforar (t.d. var i stormen, / var i elden.. Her er språket manande og kanskje meir kunstig eller poetisk. Bileta som vert brukte i denne delen er som allereie nemnt kraftfulle naturbilete, og til saman gjer dette denne delen av diktet meir høgstemt, dramatisk og kanskje meir tradisjonelt lyrisk. Mot slutten blir setningane vanlegare og bileta meir nøkterne og kvardagslege (t.d. setja potetor, steikja flesk ). Dette er ikkje lenger analogiskapande metaforar, men snarare synekdoker, der eksempel som bera ris og lesa kinesiske vers står som utheva bilete på ein kvardag av liknande aktivitetar. Igjen ser vi altså at (mangel på) språklege verkemiddel harmonerer med bileta som er brukte og understreker det kvardagslege motivet i dei 12 siste versa. Nyenkel lyrikk er nettopp kjenneteikna ved kvardagslege motiv og enkelt, direkte språk (nyenkelhet, 2012-10-02), og dette diktet med tittel kvardag og ein nyenkel stil (i alle høve i dei siste 12 versa), må difor kunne seiast å ha eit tydeleg anstrøk av sjølvrefleksivitet, altså at diktet formidlar ei innsikt i den doble referansen diktet har til sitt eige prosjekt og samstundes til all tidlegare diktning (Janns og Refsum, 2010, s. 34). Denne sjølvrefleksiviteten forsterkast av fleire referansar til annan lyrikk, både til kinesiske dikt og til Homers Odysséen (Laertes var far til Odyssevs i Homers Odysséen (Stegane et. al., 2010, s. 541)). Kvardag må kunne seiast å vere eit dikt med ekstreme kontrastar. Fra stormane til grå stille dagen, fra var i elden til raka lauv. Og der diktet startar med høgstemt dramatikk i første del og tar oss ned til nøktern kvardag i siste del, rundar det av i siste vers med å ta opp att det dramatiske, men no på trygg avstand, når det står at Laertes let heltane ståst ved Troja. Her blir det kvardagslege ( skar klunger / og grov um fiketrei ) brukt som kontrast til ein av dei mest dramatiske hendingane i verdslitteraturen, nemleg slaget ved Troja. Og på snedig vis blir det kvardagslege og nyenkle no blanda saman med ein av dei største klassiske legendane vi har ved å bruke Odyssevs gamle far som eksempel på nettopp den kvardagen diktet vil formidle. Og det er ein kvardag som nok ser enkel ut på overflata, med sine enkle, men naudsynte aktitivtetar ( setja potetor, raka lauv / og bera ris ), men som samstundes muleggjer eit indre liv som er svært rikt. Når det står i byrjinga at Då spurde du ikkje / kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, impliserast det at det er nettopp dette diktets du får tid til i kvardagen. det er so mangt å tenkja på her i verdi står det i 13. strofe, og det skin gjennom at det er nettopp tankane som får god plass s4/6

blant kvardagsoppgåvene. Kvardagen beskrivast jo ikkje som beståande berre av arbeid, men også nyting. Steikja flesk kan sjåast som arbeid, men like gjerne som ein metonymi for å eta flesk, som ein beløning Etter strævet. Det er imidlertid ikkje berre flesk som er løna for strevet, men også lesing av kinesiske dikt. Som tidlegare nemnt kan alle desse aktivitetane sjåast som synekdokar for ein kvardag som består av mange forskjellige aktivitetar, slik at diktlesinga kan tolkast som bilete på ein intellektuell overflodsaktivitet som det er tid og rom for i kvardagen. Igjen ser vi korleis det kvardagslege ( steikja flesk ) og det opphøgde ( kinesiske dikt ) blir sett saman i ein antitese, men no som forskjellige element i den same kvardagen. Kvardagen er altså ikkje nødvendigvis så kvardagsleg som han gjev seg ut for å vere, men har plass til både det store og det vesle - både dei små kvardagsoppgavene og filosofering over dei store spørsmåla. Tradisjonelt har Hauges dikt, og særskilt dei seinare dikta, blitt tolka med vekt på ei direkte lesemåte, der bileta ikkje tolkast symbolsk eller allegorisk (Olav H Hauge, 2012-10-02). Kvardag slik eg har analysert og tolka det her, er full av synekdoker og metonymiar, men eg tolker likevel diktet sett under eitt temmeleg direkte. Diktet gjev seg ut for å fortelje om korleis det er å leve i kvardagen, og slik tolkar eg det også. Kvardagen er ikkje ein allegori for noko anna. Samanstillinga steikja flesk / og lesa kinesiske vers er nok eit eksempel på diktets sjølvrefleksivitet, og denne samanstillinga peiker også i ein slik tolkningsretning, der dei konkrete tinga steikja flesk blir sett saman med diktlesing. Eg voner eg med dette har klart å syne korleis Kvardag er eit dikt med mange lag. Tilsynelatande er det eit enkelt dikt om å leve i ein sille kvardag, men kvardagen viser seg altså å femne om eit rikt indre liv med plass til filosofi og refleksjon som gjer dei ytre sett store og dramatiske hendingane mindre vesentlege. Ved hjelp av referansar både til seg sjølv og til annan litteratur og ved å setje det store både opp mot og saman med det vesle, oppvurderer diktet ein kvardag som på overflata kan synast grå og stille og hjelper oss å med å sjå det store i det vesle. Litteraturliste Andersen, Per Thomas (2001). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget AS Janss, Christian og Refsum, Christian (2010): Lyrikkens liv. Innføring i diktlesning Oslo: Universitetsforlaget. (1. utgave 2003) nyenkelhet(2012-10-02). I Store norske leksikon. Hentet fra: http://snl.no/nyenkelhet s5/6

Olav H Hauge(2012-10-02). I Store norske leksikon. Hentet fra http://snl.no/.nbl_biografi/ Olav_H_Hauge/utdypning Stegane, Vinje og Aarseth (2010). Norske tekster. Lyrikk. Oslo: Cappelen. (Første utgave 1998, heftet utgave 2007, 2. opplag 2010) s6/6