2012 Sansehage Kleppheimen Anne Reidun Garpestad Ressurskommune universell utforming Klepp og Time 01.06.2012
Sansehagen ved Kleppheimen Sansehagen vart opna vår 2012. Det er eit gammalt utområde ved Kleppheimen som nå har fått ei skikkeleg oppgradering. Kleppheimen er ein institusjon for eldre, og det er knytta ei aktivitetsavdeling til institusjonen. Sansehagen ligg rett ut av aktivitetsavdelinga. Sjå skisse side 6. Planlegging Prosjektet starta i 2011. Landskapsarkitekten fekk innspel frå tilsette på Kleppheimen, samt innspel frå rapport «Sansehage Kleppheimen», sjå under. Kommunen sitt krav til universell utforming skulle og ivaretas. Hausten 2010 vart det laga ein rapport til prosjektet «Sansehage Kleppheimen». To tilsette i Klepp kommune, HegeSkotheim, arealplanleggjar og Kjell Stangborli, prosjektleiar kommunal eigedom, gjekk på vidareutdanning i universell utforming ved NTNU. Oppgåva dei skreiv i samband med studiet omhandla sansehage ved Kleppheimen Sansehagen hadde ein kostnadsramme på 3,6 mill. Med bru og lysthus, som kom i tillegg til opprinneleg kalkyle, vart budsjettet på 4,6 mill. Arbeid med sansehagen var ein del av eit større rehabiliteringsarbeid på Kleppheimen. Totalkostnad var over 10 mill. Kommunen fekk tilskot frå Husbanken til sansehagen på 1 080 mill, dvs 30 % av budsjett. Tilskotsrammen er auka til 40 % i 2012,så det kan evt bli noko meir tilskot når rapport er sendt Husbanken. Val av materiale. Vindavskjerming er utført av nett i rustfritt stål, ei løysing som fungerer bra i forhold til demping av vind. Dette materialet, som er gjennomsiktig, gjer at hagen framstår open, samstundes som den er skjerma. Asfalt er brukt som underlag i gangsonen, og marktegl er brukt som naturleg leieline og avgrensing mellom gangsone og møbleringssone. Det er og marktegl ved sittegruppe. Det er mange benkar med armlen og ryggstø, og med god sitjehøgde. Borda kan det trillast rullestol under. Belysninga skulle ikkje blenda. Det er difor berre låge lyktastolpar. Lys på gangbru er integret i rekkverket Betre adkomst frå 2. etg til hagen var eit viktig poeng. Brua har gort dette mogleg, samstundes som brua gjer evakuering ved f eks ved brann enklare. 1
Hagen skulle vera skjerma, samtidig som det skulle opplevast open. Porten er difor trekt litt tilbake slik at den mindre synleg. Hagen er inngjerda på ein diskret måte. Hensikten er å kunne skjerme, utan at det vert opplevd som eit «fengsel». Det er eit lysthus midt i hagen, avskjerma med tak og netting i veggene. Det er og laga til ein pergola ved sitjegruppene, som skal få tak av plantar når dei veks til. Eit viktig punkt for brukarane ved Kleppheimen var opphøgde plantekassar. Det skulle vere enkelt for alle å lukte på eller plukke med seg ein blomst eller ein krydderkvast. Fleire utvendige elektriske punkt var og viktige, slik at f eks vaffelsteiking lett kunne organiserast, utan lange skøyteleidningar. For å skape identitet til Jæren og det som beburarane ved Kleppheimen er vane med frå sin bustad, er det sett opp steingarder som skille, samt kjente frukttre og bærbuskar. Resultat Her er eit oversiktsbilete. Her var det før ein skråning kledd med ein stor hekk. Det er mogleg å gå ei lita rundløype. Den er ikkje heilt flat, men litt opp og ned, ikkje meir enn at det fungerer bra for rullator og rullestol. Gjer hagen og turen litt meir spennande. 2
Det er mange benkar langs «løypa», som gir kvilemoglegheiter undervegs. Benkene er høge og med armlen. Det er gode kontrastar mellom gangsone og møbleringssone. Bilete over viser brua midt i hagen. Den vart laga for at bebuarane i 2. etg skulle kunne koma rett ut i parken, og ikkje måtte bruke innvendig heis/trapp. Brua fungerer som eit fint element i hagen, samtidig som det gir støtte for levegg i stål. Samtidig vil brua ha ein viktig funksjon ved evt evakuering. 3
Det er sett inn fleire gjennomsiktige leveggar av stål. Dei fungerer som vinddemparar, samtidig som det delar hagen opp i fleire «rom» Over er det bilete av Lysthuset, som er skjerma både for vind og regn. Gode benkar er det mange av. Det er brukt mykje steingardar, som er ein viktig del av den jærske identitet. Skapar gjennkjenning for bebuarane. Det var fleire opphøgde bed, med ulike krydderurter. Desse blir brukt i matlaging på kjøkkenet. Dei er også gode å berre lukte på. Det er i tillegg planta bærbuskar og frukttre i hagen. Det er og laga ein pergola, med slyngplantar som skal vekse opp og gi skjerming for sol og regn. 4
Vegen slynger seg fint oppover, og ein ser tydeleg gang og møbleringssoner. Dersom ein vil utvide turen, kan ein gå rundt bygget. Det er sett inn bord som rullestolar kjem innunder. Det er mange utvendige elektriske kontaktar. Det gjer det enkelt f eks å steike vafler ute. Ein treng ikkje lange skjøyteledningar. Materialvalet gir ein varmt uttrykk. Det fungerer bra med svart asfalt, røde teglheller og grønt gras. Ein har unngått at alt vart grått, slik som ein ofte kan oppleve med andre type materiale. Det er valt allergivennlege tre, blomster og planter. Det er forholdvis lite med plen, og den er ikkje lagt inn til bygget. Høgast på ynskjelista nå står ei bålpanne, til å steike på og koke kaffe. Sansehagen framstår som eit svært vellykka prosjekt. Den er funksjonell og fin å sjå på. Ein har teke med jærske element, som steingardar og har laga ly for vind og regn, som det er ein del av på Jæren. Til tross for ein kald og regnfull sommar i år, har hagen blitt mykje brukt. Kontaktpersonar: Anne Reidun Garpestad, prosjektleiar universell utforming Klepp og Time kommune Anne.reidun.garpestad@time.kommune.no Arne Ove Teigen, byggje og prosjektleiar Klepp kommune arne.ove.teigen@klepp.kommune.no 5
6