VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 19.02.2019 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 13:10. Frå kl. 09.00: Orienteringsmøte/dialogmøte på Fiskå skule. Ordinært møte vart sett kl. 09.50. Møtet starta med orientering frå brannsjef i Herøy og Vanylven Tore Langvatn; m.a. følgjande: Dataprogram, helseoppdrag, ny brannbil levering neste år, utbetring av brannstasjonen på Fiskå og utvida brannvernsamarbeid mellom fleire kommunar. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 14.02.2019. Ordførar Lena Landsverk Sande leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V Bjarne Sætrenes Varaordførar FRP Ingebrigt Berget Medlem SP Idar Brekke Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Lena Nordal Vedeld Medlem H Ottar Jan Løvoll Medlem AP 7 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte kommunalsjef teknisk sektor Terje Kolstad under brannsjefen si orientering og under delar av «Eventuelt». Ordførar Lena Landsverk Sande gjekk frå som ugild i sak 38/2019. Møtet vart leia av varaordførar Bjarne Sætrenes.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode PS 29/2019 Godkjenning av innkalling PS 30/2019 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 31/2019 Skriv og meldingar Orientering frå rådmannen. PS 32/2019 Vanylven sportsskyttarlag: Søknad om kommunal 256 lånegaranti på kr 380.000 PS 33/2019 Årsmelding frå kommunalt næringsfond (risikofondet) U01 PS 34/2019 Presiseringar knytt til tidligare vedtak om lån frå 252 risikofondet PS 35/2019 Ladestasjon Fiskå - Rekneskapsavslutning K21 PS 36/2019 Representasjon av ungdomsrådet i kommunestyret 033 PS 37/2019 Opprop - grensejustering av Åheim 002 PS 38/2019 B-SAK: Søknad om rente- og avdragsfriheit på lån. 252 PS 39/2019 B-SAK: Søknad om startlån 2019. 252 Eventuelt
PS 29/2019 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend PS 30/2019 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 31/2019 Skriv og meldingar Invitasjon til landsmøte i USS (Utmarkskommunenes sammenslutning) 28.- 29. mars. Formannskapet oppmoda ordføraren om å delta på landsmøtet. Ordføraren vil melde seg på. Orientering frå rådmannen; m.a. følgjande: Tre prosjekt er under avslutning: Leiarutdanning; Nedprosjekt stab (sjukefråver) og mellomleiarsamlingar. Gjere klar stab for tida etter at han har slutta og før ny rådmann tiltrer Rekneskapsavslutning. Orientering frå ordføraren; m.a. følgjande: Møte i Rovdefjordsambandet, møte m/politiet: Nytilsette, førebygging, fleire stillingar til politiet i Møre og Romsdal. Møte med kyrkjeverge, drøfting endring i avtale kommunen/fellesrådet Ordførar-/rådmannssamling i Ørsta fokus på potensial for helse- og omsorg Søre Sunnmøre. Konferanse Stad Skipstunnel på Nordfjordeid Dialogmøte Helse Møre og Romsdal - innsparingar Møte i Sunnmøre regionråd vedk. innsparingar i Helse Møre og Romsdal. Årsmøte i Syvde vassverk, nytt årsmøte i nær framtid. Møte i rådmannens leiargruppe Folkemøte på Åheim. Framlagde skriv og orienteringar vart tekne til vitande. PS 32/2019 Vanylven sportsskyttarlag: Søknad om kommunal lånegaranti på kr 380.000 Samrøystes tilråding som framlegget.
Formannskapet tilrår: 1. Vanylven kommune gir simpel kausjon for lån til Vanylven sportsskyttarlag på inntil kr 380.000. 2. Garantien vert trappa ned lineært over 15 år. Garantien for utfakturerte renter og avdrag varer i inntil 2 år frå terminforfall. 3. Lånet skal brukast til å delfinansiere ny utandørs 25m skytebane for pistol på Lilleeide Skytebane. PS 33/2019 Årsmelding frå kommunalt næringsfond (risikofondet) Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: 1. Årsmelding frå kommunalt næringsfond vert tatt til vitande. 2. Det vert overført kr 20.000 frå fondet til kommunen sitt driftsrekneskap som godtgjersle for administrasjon av fondet. PS 34/2019 Presiseringar knytt til tidligare vedtak om lån frå risikofondet Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Lånetilsagn gitt i f-sak 66/2018 vert endra ved at låntakar vert Strand Stillas AS og ikkje Falco Eigedom AS slik det vart vedtatt. 2. Lånetilsagn gitt i f-sak 27/2019 vert endra ved at låntakar vert Per Berge og ikkje Berge Samdrift DA slik det vart vedtatt. PS 35/2019 Ladestasjon Fiskå - Rekneskapsavslutning Framlegget tilrådd med 6 røyster mot 1 røyst. Formannskapet tilrår at investeringsprosjekt Ladestasjon Fiskå vert reneskapsgodkjent, og at rest kostnadane på kr. 345 918,- vert refinansiert gjennom eit kommunalt låneopptak.
PS 36/2019 Representasjon av ungdomsrådet i kommunestyret Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: To representantar frå ungdomsrådet får møte- og talerett i kommunestyret. Ungdomsrådet blir invitert inn med representantar til politisk plan- og utgreiingsarbeid. Ungdomsrådet nyttar saksystemet til kommunen for å sikre at sakar frå ungdomsrådet går vidare som referatsaker til aktuelle politiske utval. Ungdomsrådet blir invitert inn til folkevaldopplæringa etter nyval. PS 37/2019 Opprop - grensejustering av Åheim Etter framlegg frå ordføraren vart det gjort slik samrøystes Saka vert utsett. Formannskapet ber administrasjonen legge fram informasjon i høve moglege konsekvensar, for Åheim og resten av kommunen. Viktige moment er folketalsendring, økonomi, skule, næringsliv og helsetenester. Vi ber initiativtakarane utdjupe kvar dei meiner grensa skal gå. Ber om rask oppfølging, slik at det er mogleg å evt. legge til rette for folkerøysting samtidig med kommuneog fylkestingsval. PS 38/2019 Søknad om rente- og avdragsfriheit på lån Ordføraren tok opp spørsmål om gildskap nær venn av vedkomande som har skrive søknaden. Med heimel i forvaltningslova 6 særeigne forhold, vart ho kjend ugild og gjekk frå under handsaminga. Varaordføraren tok over leiinga av møtet og bad om at saka skulle handsamast for lukka dører. Debatten om lukking vart halden for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 2 vedtok formannskapet å handsame saka for lukka dører. Grunngjevinga er at det finst lovbestemt teieplikt; jfr. off.lova 13 og dessutan fvl. 13.
Framlegget vedteke med 5 røyster mot 1 røyst. 1. **får avdragsfriheit på lån fram til 31.12.2020. 2. Renter på lånet må betalast i samsvar med vilkåra i gjeldbrevet. PS 39/2019 Søknad om startlån 2019 Ordføraren bad om at saka skulle handsamast for lukka dører. Debatten om lukking vart halden for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 4 vedtok formannskapet å handsame saka for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld personlege/sensitive tilhøve til einskildpersonar. Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Det vert gitt tilsagn om startlån inntil kr. 1.528.000,-.. 2. Vanylven kommune sitt lån har 1. prioritet. 3. Lånet skal tilbakebetalast i månadlege avdrag over 30 år utan avdragsfri periode i samsvar med gjeldande regelverk for Vanylven kommune. Rentevilkåra er bestemt av Kommunaldepartementet og Husbanken etter vedtak i Stortinget. 4. Bustaden skal til ei kvar tid disponerast slik det er føresett i søknaden. Tilbodet er gjeve på bakgrunn av innsend dokumentasjon. Kommunen tek atterhald om utbetaling av lånet dersom det er endringar i tilhøva som er lagt til grunn i samband med handsaminga. 5. Lånetilsagnet er gyldig i 6 månader frå den dato du mottek dette brevet. Eventuelt: Ottar Jan Løvoll tok opp desse sakene: Skulebussen som ikkje køyrer gamlevegen på Slagnes. Utrygt for skuleelevane å gå på og av bussen på fylkesvegen. Kva gjer vi? Uttrykte ynskje om eit møte med Statens vegvesen. Ordføraren opplyste at ho har teke kontakt med nestleiar i livsløpsutvalet med sikt på å få teke saka opp til handsaming i livsløpsutvalet. Viktig å involvere livsløpsutvalet og oppvekstsektoren. Vidare opplyste ho at fylkeskommunen har sagt seg villig til eit møte med kommunen. Spurde om det stemmer at bygging av gang- og sykkelveg på Tunheim er utsett. Kommunalsjef teknisk sektor Terje Kolstad opplyste at Statens vegvesen har gitt melding om at prosjektet er utsett på ubestemt tid har ikkje fått pengar. Vegvesenet er heller ikkje nøgd med reguleringsplanen.
Idar Brekke tok opp sak vedk. nybygg Fiskå skule og skulestruktur: Bad om at det vert lagt fram ei sak om skulestruktur i kommunen. Bad om at det vert arrangert eit bygdemøte om ny gymsal v/fiskå skule. Lag og organisasjonar må bli inviterte til møtet. Bad om at det vert lagt fram ei sak om byggenemnd for nybygg v/fiskå skule. Ingebrigt Berget tok opp spørsmål vedk. fastlegeliste. Rådmannen opplyste at i 2017 var det 442 personar frå Vanylven som hadde fastlege utanfor kommunen. I 2018 var talet 446. I 2017 hadde 112 personar frå andre kommunar fastlege i Vanylven. Talet for 2018 var 108. Lista vil bli lagt ut på internett. Ordførar Lena Landsverk Sande tok opp problemstilling kring vedtak i kommunestyret 04.02.219 sak 08/2019 Starttilskot til nyetablerarar. Det vart vist til vedtekne retningsliner for etableringsstøtte til nye bustader andre føresetnader punkt 2: Ordninga gjeld frå vedtaksdato (bustadbygging igongsett før denne dato vert ikkje omfatta av ordninga), og evaluert ved årsskiftet 2020/2021. Setninga i parentesen fører til utilsikta verknader. Formannskapet var samde om at administrasjonen får fullmakt til å gjere ei redaksjonell endring ved å stryke setninga i parentesen. Idar Brekke tok opp sak der det vart stilt spørsmål om saka skulle drøftast for lukka dører. Debatten om lukking vart halden for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 2 vedtok formannskapet å drøfte saka for lukka dører. Grunngjevinga er at det finst lovbestemt teieplikt; jfr. off.lova 13 og dessutan fvl. 13. Idar Brekke viste til oppslag i avisa Kommunal Rapport i november 2018 der det går fram at Vanylven får landets nest høgaste sum pr. brukar for ressurskrevjande brukarar. Spurde om ein får utbetalt korrekt sum. Ordføraren viste til at kommunalsjef helse- og omsorg opplyser at alle kommunane på Søre Sunnmøre nyttar same søknadsskjema og at kommunen har mange ressurskrevjande brukararar. Rådmannen viste til at det har vore ein gjennomgang v/kommunerevisor. Dette har resultert i ein liten nedgang i inntektene. Rett utskrift 20.02.2019 Kåre Kvangarsnes