Sakshandsamar, telefon Silje Tingstad, 55 57 20 31 Vår dato 03.01.2018 Dykkar dato 19.09.2017 Vår referanse 2017/11448 461.5 Dykkar referanse Botnevik Statens vegvesen Region Vest Løyve etter forureiningslova til utfylling i Olavika på Askøy for å utbetre fylkesveg 563 Statens vegvesen får løyve til å fylle ut inntil 45 000 m 3 steinmassar i sjøen i Olavika på Askøy. Føremålet med tiltaket er å vinne land til oppgradering av vegbanen, i samsvar med godkjent plan for utbetring av fylkesveg 563. Utfyllinga skal skje bak siltgardin, og turbiditet skal målast i anleggsperioden. Løyvet er gitt med heimel i forureiningslova 11. Vi viser til søknad frå COWI AS, på vegne av Statens vegvesen, 19. september 2017 og dei andre dokumenta i saken. Høyring Søknaden har vært kunngjort i avisene Askøyværingen og Bergens Tidende. Søknaden er også sendt på høyring til Bergen og Omland havnevesen, Fiskeridirektoratet og Askøy kommune. Stiftelsen Bergens sjøfartsmuseum har tidlegare gjennomført marinarkelogiske undersøkingar i området, utan funn, så søknaden vart derfor ikkje sendt på høyring dit. Statens vegvesen har gitt sine kommentarar til uttalene i e-post av 21. desember 2017. Vi fekk desse uttalene: Askøy kommune (28. november 2017): Kommunen sluttar seg til tiltak som er foreslått i overvakingsplanen, som var vedlagt søknaden. Dei minner om at reguleringsplanen må følgjast, og at eventuelle tiltak ut over reguleringsplan må søkast om etter plan- og bygningslova. Fiskarlaget Vest (27. november 2017): Dei meiner det er viktig at det blir gjennomført førebyggjande tiltak for å hindre spreiing av forureining. Siltgardina bør vere nærast mogleg utfyllingsområdet for å avgrense partikkelspreiing mest mogleg. I tillegg må ein hindre at det kjem stein på botnen utanfor fyllinga då det kan hindre fisket i området. Massane som nyttast må vere reine. Fiskeridirektoratet, region Vest (28. november 2017): Heile Olavika er registrert som låssetjingsplass, og det er omfatta av eit større registrert område for fiske etter torsk med garn i perioden januar til april. Truleg er dette fritidsfiske. Dei har ikkje registrert nasjonalt eller Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Miljøvern- og klimaavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
regionalt viktige område for marint biologisk mangfald, fiskeri- eller akvakulturinteresser i eller i grensa til den planlagde fyllinga. Dei ber likevel om at tiltakshavar tek omsyn til steng med fisk om det står slike innanfor influensområdet til arbeidet med fyllinga. Oppstart av arbeidet må varslast. Statens vegvesen skriv at dei vil gjennomføre fyllingsarbeidet i samsvar med Ytre miljøplan, som tek omsyn til punkta som Fiskeridirektoratet omtalar. Bergen og Omland Havnevesen (23. november 2017): Bergen og Omland havnevesen minner om at tiltak som bygging, graving, utfylling i sjø krev løyve frå havnevesenet. Kystverket er rette styresmakt for å få løyve til bruarbeid. Statens vegvesen skriv at dei vil søke til havnevesenet om tiltaket. Kystverket har gitt uttale til reguleringsplanen, og der inngår ikkje bruarbeid. Den regulerte moloen er ikkje er del av søknaden, og vil vere eit tiltak om grunneigar eventuelt kan gjennomføre på eit seinare tidspunkt. Advokatfirmaet Harris DA (30. november 2017): Firmaet representerer grunneigar som vil bli mest råka av tiltaket i Olavika, Magne Jostein Strømsnes, som eig gnr. 4 bnr. 1 og bnr. 1196. Dei skriv at det ikkje er inngått avtale eller gjort ekspropriasjonsvedtak som gir Statens vegvesen rett til å fylle ut massar på Strømsnes sin eigedom i samsvar med vedtatt reguleringsplan. Han har heller ikkje blitt varsla om søknaden, berre er blitt merksam på søknaden via kunngjering i avisa. Dei meiner at Statens vegvesen ikkje kan få løyve til utfylling på Strømsnes sin eigedom utan at det er gjort avtale med Strømsnes eller fatta eit ekspropriasjonsvedtak. Statens vegvesen viser til vedteken reguleringsplan, og vil inngå avtale med grunneigar, eventuelt søke ekspropriasjon. Grunngjeving for løyvet Etter forureiningslova 7 må ingen sette i verk noko som kan medføre forureining utan at det er lovleg etter unntaksreglane i forureiningslova 8 eller tiltaket har løyve etter 11 i lova. Utfylling av steinmassar kan forårsake spreiing av miljøskadelege stoff, samt partiklar frå botnen og steinstøv som følger med steinmassane kan spreiast, blakke vatnet og føre til nedslamming av vassareal i nærleiken. I slike tilfelle er det nødvendig å regulere tiltaket med eit løyve. Det same gjeld i fall der spesielle naturverdiar kan verte råka av tiltaket. Når forureiningsmynde avgjer om dei skal gi løyve og fastset nødvendige vilkår, skal dei ulemper som følgje av forureining ved tiltaket leggjast vekt på samanlikna med dei fordeler og ulemper som tiltaket elles vil føre til. Prinsippa i naturmangfaldlova 8 til 12 skal leggjast til grunn. Søk i databasen Naturbase og Artsdatabanken 21. desember 2017 viser ingen treff av utvalde naturtypar, prioriterte arter eller verneområde i tiltaksområdet i sjø. Utfyllingsområdet har ikkje kjende viktige marine verdiar som korallrev eller tareskog. Både forureiningssituasjonen og naturmangfaldet er kartlagt, og kravet i naturmangfaldlova 8 om at saken skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap, er dermed oppfylt. Kunnskapsgrunnlaget for tiltaket vurderast som tilstrekkeleg, og føre-var prinsippet i 9 i naturmangfaldlova er ivareteke ved at tiltaket er regulert med vilkår etter forureiningslova. Truleg vil det ikkje vere langsiktig 2
negativ effekt av tiltaket for økosystemet, jf. kravet om økosystemtilnærming i naturmangfaldlova 10. Det er Statens vegvesen som er ansvarleg for å gjennomføre avbøtande tiltak, som ut frå ei samla vurdering gir dei beste samfunnsmessige resultata jf. 11 og 12 i naturmangfaldlova. Tiltak som gir dårlegare miljøtilstand i ein vassførekomst er ikkje lov med mindre det kan gjevast unntak, jf. vassforskrifta 12. I denne saken legg Fylkesmannen til grunn at det vil være eit midlertidig tiltak og at resipienten vil gjenopprettast når påverknaden stansar. Variasjonar i tilstanden til vassførekomstar som følgje av anleggsarbeid kan det gjevast unntak for. Dette følger av rettleiing 1 til vassforskrifta. Vi føreset at Statens vegvesen følgjer opp grunneigarar som vert råka av utfyllinga. Fylkesmannen set vilkår om at berre reine steinmassar nyttast, og at desse er eigna til føremålet. Tiltakshavar må ha beredskap for å reinske opp eventuelle forureiningar, til dømes skyteleidningar av plast, som kan følgje med steinmassane. Utfyllingsområdet er forureina med TBT, PAH og PCB i varierande grad. Det er derfor satt vilkår om at utfyllinga skal gjennomførast bak siltgardin, og at tiltaket skal overvakast med turbiditetsmålingar. Det er god ressursbruk å nytta overskotsmassar frå prosjekt til samfunnsnyttig utfylling. Fylkesmannen meiner derfor ut ifrå ei samla vurdering at de kan få løyve til å fylle ut steinmassane slik det er søkt om. Gebyr for sakshandsaming Fylkesmannen tek gebyr for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. På bakgrunn Fylkesmannens ressursbruk i saka, tek vi gebyr etter sats 6, 26 200 kroner, for handsaming av søknaden, jf. forureiningsforskrifta 39-3 og 39-4. Faktura vert sendt frå Miljødirektoratet. Sjå forureiningsforskrifta kapittel 39 for å lese meir om sakshandsamingsgebyret. Endring og omgjering De pliktar å unngå unødvendig forureining, jf. forureiningslova 7. Viser det seg at forureiningsforholda endrar seg, kan Fylkesmannen med heimel i forureiningslova 18, endre vilkåra i løyvet og sette nye vilkår, og om nødvendig trekkje løyvet tilbake. Endringar skal være basert på skriftleg sakshandsaming og ei forsvarleg utgreiing av saka. At det er gjeve løyve til forureining, ekskluderer ikkje erstatningsansvar for skade, ulemper eller tap forårsaka av forureining, jf. forureiningslova 56. Rett til å klage De har fått løyve til utfylling i sjø. Dersom det likevel skulle være noko de ønskjer å klage på, inkludert vedtaket om gebyrsats, kan de klage til Miljødirektoratet, jf. forvaltningslova 28. Fristen for å klage er tre veker etter at de har fått dette brevet. Klagen bør være skrifteleg grunna, og den skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland. 1 Veileder om unntak fra miljømål. Guidance Document No. 20 Technical Report 2009-027 3
Med helsing Magne Nesse senioringeniør Silje Tingstad overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Bergen og omland havnevesen Postboks 6040 5892 BERGEN Fiskarlaget Vest Askøy kommune Klampavikvegen 1 5300 KLEPPESTØ Advokatfirmaet Harris Postboks 4115 Sandviken 5835 BERGEN Fiskeridirektoratet Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN 4
Løyve til utfylling av steinmassar i sjø i Olavika på Askøy Fylkesmannen gir Statens vegvesen løyve til utfylling av steinmassar, med heimel i forureiningslova 11. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar i søknad av 19. september 2017 og opplysningar som kom fram under handsaming av søknaden. Dersom verksemda ønskjer endringar utover det som vart opplyst i søknaden eller under sakshandsaminga og som kan ha miljømessig verknad, må verksemda på førehand avklare dette skriftleg med Fylkesmannen. Dette løyvet er gyldig i fire år frå dags dato. Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er tatt i bruk innan fire år, skal verksemda gi beskjed til Fylkesmannen. Fylkesmannens referanse Løyvenummer Anleggsnummer 2018.0013.T 1247.0197.01 Bedriftsdata Bedrift Statens vegvesen Postadresse Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger Org.nummer / Eigd av 974 740 621 / 971 032 081 Tiltakets plassering Olavika, Askøy Løyve gitt: 3. januar 2018 Magne Nesse senioringeniør Silje Tingstad overingeniør Løyvet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift
1. Kva løyvet gjeld 1.1 Omfang Løyvet gjeld utfylling av inntil 45 000 m 3 steinmassar på sjøbotnen i Olavika på Askøy. Føremålet med utfyllinga er å vinne nytt land til oppgradering av vegen i området. Tiltaket skal gjennomførast i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området. 2. Tidsavgrensing Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet region Vest skal varslast når arbeidet vert sett i gong. 3. Generelle vilkår 3.1 Grunnlag for løyvet Fylkesmannen legg til grunn at tiltaka skal gjennomførast som nemnt i søknad av 19. september 2017, med mindre anna er avtalt med Fylkesmannen. 3.2 Ansvar Statens vegvesen er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert haldne, og pliktar å sørgje for at dei som skal gjennomføre tiltaka er kjent med dei vilkår som gjeld. 3.3 Plikt til å redusere forureining All forureining frå verksemda, også utslepp til luft og vatn og dessutan støy og avfall, er isolert sett uønskt. Sjølv om ein held utsleppa innanfor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere utsleppa sine, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. Plikta gjeld også utslepp av komponentar det ikkje uttrykkjeleg er sett grenser for gjennom vilkår i dette løyvet. 3.4 Endring av løyve Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, setje nye vilkår, og om nødvendig kalle løyvet tilbake, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe tiltaket. 3.5 Saksbehandling etter anna lovverk Dette løyvet fritek ikkje for handsaming etter anna lovverk som er relevant i saka, for eksempel hamne- og farvasslova, plan- og bygningslova eller kulturminnelova. 4. Internkontroll, beredskapsplan og akutt forureining 4.1 Internkontroll Verksemda plikter å ha internkontroll. Internkontrollen skal sikre og dokumentere at verksemda held krava i løyvet, forureiningslova og relevante forskrifter til lova. Verksemda plikter å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda plikter alltid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til forureining og kunne gjere greie for risiko. På basis av risikoanalyse skal verksemda iverksette risikoreduserande tiltak.
Verksemda plikter å sjå til at den som til ein kvar tid transporterer og fyller ut, eller på anna måte handterer massar, har internkontroll i tråd med dette vilkåret. 4.2 Beredskapsplan Verksemda skal utarbeide beredskapsplan for tiltaket. Ved endra tilhøve skal beredskapsplanen oppdaterast. Beredskapsplanen skal være tilgjengeleg og kjent for dei som utfører arbeid der akutte hendingar, i følgje planen, kan oppstå. 4.3 Varsling om akutt forureining Verksemda skal varsle akutt forureining eller fare for akutt forureining i samsvar med forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining (nødnummer 110). Verksemda skal også, så snart som mogeleg, varsle Fylkesmannen i slike fall på fmhopostmottak@fylkesmannen.no 5. Avbøtande tiltak under utfylling 5.1 Kontroll av massar og tiltak mot spreiing av plast Det skal berre nyttast reine steinmassar til utfylling. Det skal utarbeidast rutinar for kontroll av steinmassar før utfylling, og utlegging av massar må gjennomførast på ein slik måte at minst mogleg plast og anna avfall følger med utfyllingsmassane. Verksemda skal gjennomføre tiltak for å hindre spreiing av og fange opp flyteavfall og partiklar. Det skal beskrivast i overvakingsplanen. 5.2 Siltgardin Det skal nyttast siltgardin utanfor utfyllingsområdet. Siltgardina skal dekke heile vassøyla og ha feste i botn. Gardina skal stå så langt utanfor fyllingsfoten at den vil fange opp eventuell utgliding av sediment framfor fyllinga mens arbeida pågår. Det skal førast jamleg kontroll med at siltgardina fungerer etter hensikta. 5.3 Turbiditetsmålingar Det skal plasserast ein turbiditetsmålar utanfor siltgardina, som skal måle turbiditet i heile anleggsperioden. Målingane skal gjennomførast som kontinuerleg logging som vert knytt til alarmsystem. Målingane skal takast der det er forventa størst spreiing av partiklar, både av omsyn til vassdjupne og geografisk plassering. Planlegging og utførelse av turbiditetsmålingar skal skje i henhold til NS 9433:2017 "Turbiditetsovervåking av tiltak i vannforekomster." Det skal gjennomførast turbiditetsmålingar som representerer referanseverdi, anten ved ein referansestasjon i anleggsperioden eller gjennomført før oppstart i området der utfyllinga skal gjennomførast. Grenseverdien for turbiditet skal ikkje overstige 10 FTU over referanseverdi. Viss turbiditeten overstig grenseverdien i meir enn 20 minutt, skal arbeida straks stansast, årsakene avklarast og nødvendige tiltak gjennomførast. Frekvens for måling, djupne, referanseverdi og plassering av stasjonar skal beskrivast i plan for overvaking, jf. punkt 7.1.
6. Avfall Verksemda plikter, så langt som råd utan urimelege kostnader eller ulemper, å unngå at det dannast avfall som følgje av tiltaket. Særleg skal innhaldet av skadelege stoff i avfallet reduserast mest mogeleg. Verksemda plikter å sørgje for at alt avfall, også farleg avfall, vert handtert i samsvar med gjeldande regler for dette fastsett i eller i medhald av forureiningslova, spesielt avfallsforskrifta. Siltgardin og flyteavfall skal leverast til godkjent mottak etter bruk. 7. Overvaking og rapportering til Fylkesmannen 7.1 Plan for overvaking Statens vegvesen skal lage ein plan for overvaking av tiltaket, som skal vere del av verksemdas internkontroll. Det skal førast loggbok. Kopi av loggboka skal følgje som vedlegg til sluttrapporten. 7.2 Rapport frå sluttkontroll Statens vegvesen skal sende rapport til Fylkesmannen innan seks veker etter at tiltaket er gjennomført. Rapporten skal innehalde: Opplysningar om volum massar som faktisk har blitt fylt ut Plassering av massane (kart med posisjon og UTM-koordinatar) Oversikt over eventuelle avvik frå løyvet og kva korrigerande tiltak som vart gjennomført Vurdering av tiltakets miljøpåverknad Kopi av loggbok 8. Tilsyn Statens vegvesen plikter å la representantar for forureiningsmynde føre tilsyn med anlegget når som helst.