Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Like dokumenter
Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Tjødnalio barnehage. Korleis skape rom for språkleg samspel i barnehagen Eit språk prosjekt gjennomført i 2009.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Sandeid skule SFO Årsplan

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Informasjonshefte Tuv barnehage

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Innbyggartal: 1320 pr Består av 872 øyar, holmar og skjær Bebudde øyar: Harøy, Finnøy, Sandøy, Ona, Orten Harøy og Finnøy er knytt saman

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Plassebakken Barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Bærekraftig utvikling

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Korleis kan me synleggjera verdiane våre slik at dei vert spegla i vår daglege praksis?

Vi lærer om respekt og likestilling

Dei gode forteljingane

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

HANDLINGSPLAN FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR PÅ STORD 2014

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Plassebakken Barnehage

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Plassebakken Barnehage BA

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Årsmelding for Urhei barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Velkommen til nytt barnehageår!

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HANDBOK GRUPPELEIING

Pedagogisk plattform

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Månadsplan for Hare November

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Månadsbrev Januar 2017

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til Mork barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kva er nytt i rammeplanen?

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Transkript:

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Program for kvelden: 18.00-18.30: Presentasjon av bakgrunnen for og prosessen med utforminga av eit funksjonelt og stimulerande fysisk læringsmiljø i Tjødnalio barnehage. 18.30-19.30: Omvisning i barnehagen, med informasjon og praktiske eksempel på kva val me har teke i høve til arbeid med enkeltbarn og små/større barnegrupper, og korleis me legg til rette det fysiskelæringsmiljøet i barnehagen generelt.

Barnehage vart bygd for 25 år sidan som ein tradisjonell 3 avdelingsbarnehage: 2 avdelingar frå 3-5 år og ein avd. for 1-3 år. Kvar avdeling besto av garderobe, opphaldsrom og eit grupperom. 1 pedagog og 2 assistentar Barnehagen hadde eit fellesrom, felles personalavdeling, og kjøkken. Det kom nye forventningar i samband med innføring av rammeplanen, endringar i personaltettleiken, og samansettinga av barnegruppa på 90 talet og framover. I lys av dette utvikla barnehagen seg til å fungera som ein «sone barnehage». I samband med eit språkprosjekt som Tjødnalio barnehage deltok i frå 2008-2010, vart det utarbeida ein språkplakat Kjenneteikn på kvalitet, som omhandla 4 fokusområde for å utvikla eit godt språkmiljø i barnehagen. Eit av områda handla om barnehagen sitt fysiskemiljø, så med utgangspunkt i det prosjektet gjekk me opp ein ny sti, som etterkvart peika ut dn retninga Tjødnalio barnehage skulle gå. Det er med bakgrunn i val me har teke, kor me har stått, står i dag og går vidare, at me kan presentera barnehagen vår for dykk. Me håper at vår veg kan inspirere dykk i å finne dykkar veg vidare

Kjøkken Avd. 3-6 år Fellesrom Avd. 1-3 år Avd. 3-6 år

Byggeleik Kjøkken Atelier Dramarom Kantina Avd. 1-3 år Rolleleik

1. Barna har tilgang på rom der dei kan leika saman over tid utan å verta uroa: 2. Romma er oversiklege og ryddige, så barna forstår kva dei kan brukast til/ har å tilby: 3. Innhaldet i romma vert endra / utvikla i takt med barna sin utvikling og behov: 4. Det heng bilete på veggane, med tekst under av ting som vert arbeida med: 5. Barnehagen har eigne rom som er tilpassa ulike aldersgrupper og behov:

1. Barna har tilgang på rom der dei kan leika saman over tid utan å verta uroa: - Me kombinerte større fellesareal, med fleire mindre grupperom. - Me satte inn vindu i dørane, noko som gav meir rom for ro og konsentrasjon, -både for barn og vaksne. 2. Romma er oversiktlege og ryddige, så barna forstår kva dei kan brukast til/ har å tilby: - Ved å behalda nokre funksjonsrom, sikra me eit godt areal til dans/drama og musikk, Atelier og konstruksjonsleik. - Grupperomma innbyr til rolegare leik og samspel. - Romma vart tydeleg definerte, ein går til det rommet som tilbyr den aktiviteten ein ønskjer halde på med. - Det vart enklare å organisera utstyr og halda romma ryddige. 3. Innhaldet i romma vert endra/utvikla i takt med barna sin utvikling og behov: - Funksjonsromma vert organisert utifrå kva dei skal tilby, = mangfald, samarbeid og kreativitet. - Grupperomma vert organisert utifrå interessene til dei ulike gruppene, og dei måla me har sett oss i progresjonsplanen. - Ved å organisera grupperomma utifrå dei ulike aldersgruppene, gjev me kvart år, nye utfordringar og variasjon, samstundes som me sikrar barna forutsigbarhet. - Det er plassert bøker i dei aller fleste romma. 4. Det heng bilete på veggane, med tekst under av ting som vert arbeida med: - Det heng framme dokumentasjon av prosjekt som dei ulike gruppene jobbar med. - Det er høve til å leike med tal og bokstaver på ulike måter i baseromma til dei 2 eldste gruppene, medan alle barna vert presentert for tal- og bokstavsymbol på m.a. på Atelieet og i møtesona. 5. Barnehagen har eigne rom som er tilpassa dei ulike aldersgruppene og deirar behov: - Kvar gruppe, har eigne rom som er spesielt tilpassa til deira alder, interesser og behov for stimulering. - Funksjonsromma legg til rette for varierte og gode aktivitetar både for alle barna, både i tilrettelagte og i dei frie aktivitetene.

Grupperom 4-5 år Grupperom 3-4 år Kjøkken Avd. 1-3 år Atelier Dramarom Kantina Grupperom 5-6 år

Me innsåg fort, at samarbeid og frigjering av areal, måtte henge saman med korleis me organiserte oppgåvene våre på og korleis me la opp dagsrytmen vår. Me endte difor opp med å jobba parallelt både med rom og organisering i prosjektet vårt: Språkmiljø og språkstimulering, Stord kommune 2009-2010). 1. Dagsrytmen gjev barna tid til å fordjupa seg i leiken. 2. Deler av dagen er barna i smågrupper på maksimum 6 barn. Då får me engasjert alle barna i eit språkleg samspel. 3. Barnehagen har system for å stimulera barn som i liten grad søkjer kontakt med vaksne. 4. Barna har lett tilgang på bøker med ulike sjangrar og for ulike aldersgrupper.

Kva sakna me framleis? Ein felles møtestad, slik at alle foreldra var sikker på at barna deira vart ivareteke. Eit godt rom å vera i, i fellestida om morgonen og ettermiddagen. Ein rolegare frukost. (Kantina fungerte som møtearena for mange foreldre og barn.) Større areal til dei yngste, og unngå at det var dei som hadde den lengste veien i barnehagen. Eigne grupperom til alle dei 4 ulike aldersgruppene våre. Gode funksjonsrom, som sikrar barna ulike aktivitetstilbod. Eit rom for natur/miljø, og eksperimentering/utforsking. Ein god fordeling av personalresurssar. Ei organisering bygd på grunnbemanninga vår, som ville vera forutsigbar, der alt ekstrapersonale kjem inn som ei styrking. Eit godt verktøy som kunne rettleie oss, og sikra systematisk arbeid med dei ulike fagområda, og progresjon i gruppene.

For å innfri ønskja våre, måtte me tenke heilt nytt i høve til det fysiske læringsmiljøet vårt. Felles garderobe til alle barna. = Frigjorde garderoben på Luren. Sikra: Barna kunne få faste garderobeplasser, søsken kunne plasserast attmed kvarandre, og dei yngste slapp å ha så lang vei. Me kunne nytte Luren garderoben til grupperom, og slik få 4 grupperom, slik at alle gruppene hadde eit rom dei kunne knyta seg til, og som vart tilrettelagt ut frå deira behov. (Prosjekt 2010-2011) Flytting og endring av funsksjonsrom: Møtesona og felles leikerom/ bursdagsrom. Nytt drama og rolleleiksrom. Nytt atelier og eit Laboratorium. Småbarnsbase og Kantina vert slått saman, og dei store byrja å ete frukost på kjøkkenet. Betre fordeling av vaksne, Både i den frie tida, og for å sikre godt arbeid i grupper og basert, spesielt utfordrande når der er fråvære i personalgruppa. (Vaktplan) ORGANISERING: Var organiseringa vår god nok? Utnytta me potensialet vårt? Skapte me tid og rom for inndeling i små grupper og konsentrert leik over lenger tid, slik at det språklege samspelet får gode vilkår? Endring av organiseringa vår: Me kom etter ein prosess fram til ein dagsrytme som sikra oss rom til samarbeid morgon og ettermiddag, medan me delte oss inn etter alder, midt på dagen. Me deler oss både i to basar i t.d. måltid, medan me er i fire aldersinndelte grupper i tilrettelagte aktivitetar. Me utarbeide eit system som sikrar at det er vaksne til stade i alle rom som er i bruk. Dei ulike basane har fått ansvar for ulike sonar på huset i høve til vedlikehald, vidareutvikling og HMT.

Kl. 06.45-09.45 Kl. 09.45-11.00 Kl. 11.00-13.30. kl. 13.30-16.15. Felles samarb.tid Gjev m.a. rom for kontortid til ped. Frukost Morgonmøte 5-6 år Storebasen Felles samarb.tid 4-5 år 3-4 år Lunsj. Leik inne eller ute (Pauseavvikling) Gjev m.a. rom for kontortid til ped. Leik inne eller ute Samlingsstund på basen 1-3 år Litlebasen Lunsj/ Kvile

Grupperom 1-3 år Vognhus Småbarns base Grupperom 5-6 år Laboratorium Atileer Atelieer Dramarom / Rolleleik / +Fellessamlingar Møte sone med leikerom og plass til felles bursdags feiring og rom for dei som har utetid. Grupperom 3-4 år Grupperom 4-5 år

Me har innført morgonmøte, slik at kvar base har oversyn over korleis dagen ser ut, og kva tid me må samarbeide osv. Dette møtet har vert viktig for å fremme eit godt samarbeid på tvers av basane. Me starta eit nytt prosjekt 2010-2011, som har som mål å utvikla innhaldet i grupperomma, og finne fram til ulike metodar som gjev god stimulering i dei ulike aldersgruppene. Me utarbeida i dette prosjektet eit verktøy, som kan hjelpe oss med å sikra jamlege observasjonar, og dokumentasjon frå foreldresamarbeid, som er vidareutvikla i etterkant. Me har utarbeid plakater for kvar aldersgruppe, som skal rettleie oss vaksne i kva me skal stimulera, på dei ulike alderstrinna i høve til progresjonsplanen. Bygd opp kring kartleggingsverktøya, TRAS, MIO og Alle med. Me har omarbeid progresjonsplanen vår, slik at den samsvarer med rammeplanen og stimuleringsplakaten

Haldningar og Handlingar; både i høve til godt arbeid kring språkutvikling, men og for å sikre kvalitet innan alle fagområde og kvardagssituasjonar i barnehagedagen krev det medvite arbeid i høve til vaksenrolla. Fokus på det individuelle barnet, og barns rettar sett store krav til relasjonskompetanse hos dei vaksne som jobbar i barnehagen. Det inneber m.a.: Den vaksne skal vera empatisk. Den vaksne skal sørge for eit likeverdig forhold mellom seg og barnet. Den vaksne har det fulle ansvaret for å møte barnet varmt og inkluderande. I pedagogisk relasjonskompetanse kviler heile ansvaret hos dei vaksne. Barn får med seg alt: Både tale- og kroppsspråk. Uttrykker desse to språka ulike haldningar, intensjonar eller engasjement, vert den vaksne utydeleg og motstridande for barnet. Me jobber no målretta med å bygge eit felles verdisyn under visjonen vår, som skal hjelpe oss å skille mellom den personlege og den profesjonelle vaksnerolla vår i barnehagen. Me vil bort frå personleg synsing og utvikle medvitne vaksne som tek vala sine ut frå kunnskap om barn/grupper, pedagogiske dokumentasjon og refleksjonar og som jobber saman med å nå felles målsetnader. (Dokumentasjon av prosessen så langt på Pauserommet ) Helga Sotnak: All vekst krev motstand som skapar spenning, som fører til at me må tenke nytt, eller gjera noko ansleis enn tidlegare. SPENNING -> MOTSTAND-> VEKST. Individet ------------------------------------------------------------------------------------------------------ Fellesskapet (Barnet) Spenningsfeltet (Den vaksne) Oppleving Barns lærings- og danningsarena Sosialisering Fri vilje Oppdragelse Sjølvkjensle Roller Identitet Tilhørighet Av verdi for meg Den frie viljen, kjem til uttrykk gjennom vala våre Av verdi for oss