Dei gode forteljingane

Like dokumenter
Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjonshefte Tuv barnehage

Leikande, glade barn og natur hand i hand

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Skjema for eigenvurdering

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsplan for Hare November

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plassebakken Barnehage

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Sandeid skule SFO Årsplan

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.


Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Vi lærer om respekt og likestilling

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til Mork barnehage

Frå novelle til teikneserie

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Metodiske verktøy ved kursleiing

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Saman om Ørstabarnehagen

Årsmelding for Urhei barnehage

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Jon Fosse. For seint. Libretto

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Tjødnalio barnehage. Korleis skape rom for språkleg samspel i barnehagen Eit språk prosjekt gjennomført i 2009.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Kvalitetsplan mot mobbing

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Bærekraftig utvikling

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Transkript:

Utarbeidet av Småfolk barnehage, Etne PROSJEKTTITTEL «Dei gode forteljingane» FORANKRING I RAMMEPLANEN 2.5 Språkleg kompetanse Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling gjennom kroppsspråk og leik med lydar er vesentleg del av måten det vesle barnet nærmar seg andre menneske på. At vaksne oppfattar og stadfestar uttrykket til barnet og samstundes set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis talespråket utviklar seg vidare. Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Barnehagen må sørgje for at alle barm får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen (Rammeplanen s. 29). 3.3 Kunst, kultur og kreativitet Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til å sjølve uttrykke seg estetisk. Å vera saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skapar sin eigen kultur utifrå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (s. 36). BARNEHAGENS GENERELLE HALDNING TIL ARBEID MED KUNST OG KULTUR Kunst og kultur har vore eit av Småfolk barnehage sine satsingsområder sidan 2009. Me valde å setja noko me allereie arbeida mykje med i eit system. Me endra også visjonen vår til: Barnehagen med dei gode forteljingane. Dette for at me synest at forteljing og kulturformidling er svært viktig, og at kunst og kultur heng svært tett i saman. Me meinar at gode forteljingar er både kunst og kultur; ein kan formidle mykje gjennom eit maleri og andre kunstformer. Forteljing, og spesielt eventyr, har vore ein del av den norske kulturarven i lang tid. Me i Småfolk meinar at det er dei vaksne sitt ansvar at dette blir teke vare på, slik at det kan leve vidare i mange generasjonar. Samstundes er det viktig å skape nye forteljingar i saman med borna. Me synest også det er viktig å ha fokus på kulturar frå andre land, då me har fleire minoritetsspråklege i barnehagen. Difor har me alltid fokus på dei ulike kulturane me til ei kvar tid har representert i barnehagen. Samefolkets dag markerar me også. I det daglege har me fokus både på vaksenrolla i kunst- og kulturformidling, men også at romma har en funksjon for å styrke formidlinga. Romma skal vera den 3.pedagog. Me har blant anna ein eventyrskog med samlingskrok, leikekrok og lesekrok. Her skal det vera rom for både å skape forteljing og kultur gjennom den frie leiken, samt at den vaksne kan formidle den gjennom bøker. Me har eit eige formingsrom som skal inspirera borna til kunstnarisk utfalding. Rommet blir 1

brukt etter barna sitt eige initiativ, og sjølvsagt i tilrettelagte aktivitetar. Barna i Småfolk skal få oppleve gode forteljingar gjennom eventyr, bøker og spontan samtale/forteljing mellom barn og vaksne. Forteljingar skal bli til gjennom opplevingar, og me oppmuntrar barn til å fortelje ting dei har opplevd, og ting frå deira eigen frie fantasi. Sidan me har mange minoritetsspråklege barn i Småfolk var og tanken bak dette prosjektet at dei skulle få tileigne seg det norske språket på ein god måte. Det å lære norsk gjennom kunst og gjennom eventyr ser me på som svært verdifullt og effektfullt. MÅLSETTING MED PROSJEKTET Hovudmål: Barna skal styrke sin språklege kompetanse gjennom bøker Delmål: 1 åringane: Ei veke kvar månad har me «Kunst og kulturveke», der me arbeidar på tvers av alle gruppene i barnehagen. Alle arbeidar med det same prosjektet, men som blir tilpassa dei ulike aldersgruppene. Vaksne frå kvar gruppe sit i ein komité som planlegg og delegerer innhaldet. Desse vekene nyttar me ressursar både innanfor og utanfor barnehagen. BAKGRUNN FOR PROSJEKTET Barnehagen starta opp med dette prosjektet på bakgrunn av visjonen vår som er Barnehagen med dei gode forteljingane. Visjonen vår blei til ved at me ynskte å ha fokus på kor viktig forteljing er for barna. Forteljing er viktig for den språklege utviklinga, for den sosiale kompetansen og gir både trivnad og glede. 2 åringane: 3 åringane: Barna skal kjenne att dyr og dyrelydar gjennom bruk av bøker. Barna skal kjenne att dyr og dyrelydar gjennom bruk av konkreter i samlingsstunda. Barna skal kunne namna på dei ulike dyra gjennom bruk av bøker. Barna skal kunne namna på dei ulike dyra gjennom bruk av konkreter i samlingsstunda. Barna skal kunne stavinga i namnet sitt, ved å klappe medan namnet blir uttala. Gjennom bøker skal barna kunne binde saman ordlydane; pa-pe-pi-po-pu-på 2

4 og 5 åringane: Gjennom lesing av bøker skal barna få kjennskap til preposisjonar (over, under, ved sida, bak, framfor) Gjennom bøker skal barna bli introdusert for motsetningar (storliten, opp-ned, høgre-venstre, kaldvarm, hard-mjuk). Førskulebarna: Me brukar ein skriven tekst kvar dag. Me samtalar om den ulike teksten. PROSJEKTBESKRIVELSE Alle gruppene har laga eigne bokkassar som har vore eit viktig verktøy i dette arbeidet. Bokkassane har både kunst og kultur som verktøy for formidling og for måloppnåing. I tillegg til høgtlesing er frileiken og turar viktige arbeidsmåtar for å fremje barn sin språklege kompetanse. Her skjer det mange gode og viktige samtalar barna imellom, samstundes som det er viktig at den vaksne er medviten på å vera eit godt støttande stilas i desse situasjonane. Med det meinar vi at dei vaksne skal stø barnet i dei språklege situasjonane ved å gå føre som gode eksempel og legge til rette for eit godt språkmiljø ved å bruke språket aktivt med konkreter. Fagleg grunngjeving av prosjektet: Vi må ikke være fornøyd med å plukke opp de med åpenbare språkproblemer. Vi må tilby et helhetlig og stimulerene læringsmiljø til alle, også før de har språk. Gjør vi det vil vi se færre barn komme ut på problemsiden. Nettopp fordi de fikk hjelp i tide. (Spesialpedagog og føredragshaldar, Heidi Aabrekk). Dette har vore eit utgangspunkt for Småfolk barnehage. Me ynskjer å legge til rette for eit godt språkmiljø for alle, ifrå dei heilt yngste til dei eldste, for dei minoritetsspråklege og for dei som generelt treng å styrke sin språklege kompetanse. Her har dei vaksne i barnehagen ei sentra rolle. Det handlar om å legge til rette for eit godt språkmiljø, og gå føre som gode eksempel. Dette har me gjort i Småfolk ved at ein har hatt samlingsstunder med høgtlesing og lagt til rette for høgtlesing i dei meir uformelle stundene i barnehagen. Førskulegruppa fokuserer på skrivne tekstar, og samtalar om kva desse tekstane handlar om. Ved turar er det viktig at den vaksne set ord på det ein ser på turen, spesielt med tanke på dei minoritetsspråklege barna. Dei lærer fyrst at eit tre er eit tre, når me peikar på treet og seier ordet tre. Barn som har språklege utfordringar vil og styrke språket sitt ved at den vaksne gjentar ord som barnet seier. Ein gjer det altså ikkje ved å rette på barnet og peike på at ordet blir uttala feil, men at ein gjentar det barnet har sagt, med rette ord. Dette gjeld også for dei yngste barna. Peik på gjenstandar og sei orda seint, klart og tydeleg. Learning by doing er det sentrale i dette prosjektet. Gjennom å uttrykke seg estetisk gjennom for eksempel maling, så er det mange 3

ting ein set ord på som er med på å styrke den språklege kompetansen. Det same med bokkassane som har konkreter i tillegg til bøker. Barna får høve til å vera med og leike forteljingane ifrå boka, og er dermed meir aktiv og på den måten meir mottakeleg for læring. Dei små er vidåpne for alle inntrykk. Her har vi et utrolig ansvar i forhold til å bli bevisste på hva vi presenterer for barna og hvordan vi prater med dem. De får med seg mer enn vi tror. Da er det opp til oss å være bevisst på hva vi putter inn. Det er ikke vanskeligere for de minste barna å lære å si fugl eller skjære og kråke enn å si pip-pip. Dette er me svært medvitne på hjå dei yngste. Sauen heiter ikkje Bæ, den heiter sau og den seier bæ. Me vaksne gjer ting på ein måte me trur er enklare for barna. Det medfører eigentleg at ein brukar lengre tid på å lære barna å sei noko, og nokre tilfelle må ein avlære ting dei allereie har lært, for så å lære noko nytt. I tillegg til at me som vaksne aktivt brukar språket vårt i arbeidet med barna, er det like viktig at me er aktive lyttarar. Når barna kjem til oss med forteljingar er det viktig at me som vaksne er engasjerte og lydhøyre i det barnet har å fortelje. Gi av tida di, la barna få bruke god tid til formidling og du vil få sjå effekt av god språkutvikling. Det at vaksne tileignar seg god forteljarkunnskap, og brukar dette aktivt i arbeidet med barna, kan vidare lære barna god leikekompetanse. Dette kan hjelpe barna seinare i lese og skrivetileigninga og det å sortera kunnskap. Dette viser kor viktig det er at dei vaksne er medviten sin kunnskap, og brukar den rett i arbeidet med barna. Vårt arbeid i barnehagen vil få konsekvens for barnet si utvikling seinare i livet. Difor har me også hatt fokus på kompetanseheving innan forteljing her i Småfolk. Me har i forkant av prosjektet hatt to kurskveldar med Maritha Nilssen som har kunnskap innan forteljing. Ho formidla kor viktig det er med forteljing, lærte oss forteljarteknikkar og tips til samlingsstunder. Som eit ledd i prosjektarbeidet har dei tilsette vore på kurs med Trude Anette Brendeland, der fokuset var inspirasjon til språk, leik og samvær på ein kreativ måte med dei yngste i barnehagen. Forteljarteknikkar ein bør bruke med barn er å snakke litt seinare enn vanleg. Ha augekontakt med barnet, og at den vaksne er forteljinga. Og at ein brukar kroppen sin i formidlinga. Vi nyttar gestikulering og Tegn til tale. GJENNOMFØRING AV PROSJEKTET Arbeidsmetode: Innhenting av informasjon, prosjektmøter og informasjon på personalmøter hjalp oss til å halde fokus på målet, samt at det var eit verktøy viss det var naudsynt å endre arbeidsmetode for å nå målet. For at me skulle nå målet vårt hadde me fokus på det me gjorde som var bra, og kva me kunne gjera enda betre. Me brukte LØFT sin skala metode : alle vurderte målet frå 1-10 alle skulle sei noko om kvifor målet ikkje var på ein lågare skala, dvs. fokus på kva me allereie gjor som var bra. Alle skulle skrive kor på skalaen dei ynskte å vera, og kva ein gjor då når ein kom høgare opp på skalaen. 4

Me hadde fokus på desse spørsmåla: Kva kloke grep har me sett i gong, og kvifor har det vist seg å vera lurt? Kva har du sjølv bidrege med? Er det noko anna de tenker på? Alle hadde fokus på konkrete, små, viktige og realistiske forslag på vegen mot målet. Verktøy me blant anna brukte i dette prosjektarbeidet var: Ein tekst som barna sjølv kunne kjenne seg igjen i Humor Oppi desse kassane hadde me: Ei bok Konkreter som passa til boka Songar og aktivitetar som passa til boka og konkretene Bokkassar: Kassar me har er blant anna: Påls bleie : den er tenkt for dei yngste og tek føre seg situasjonar som dei små kan kjenne seg igjen i. Desse laga personalet sjølv. Me laga 16 bokkassar som var tilpassa dei ulike aldersgruppene og me hadde ein pedagogisk tankegang kring bøkene me valde: Enkle og lærerike for minoritetsspråklege barn Ein tekst tilpassa delmåla i prosjektarbeidet Henrik And : ein bokkasse for dei eldste. Den handlar om Henrik And som kunne tenkt seg å vore ein annan med andre eigenskapar. Men kom til slutt fram til at det beste er faktisk å vera seg sjølv. Snakkepakken: Snakkepakken er eit pedagogisk verktøy som skapar motivasjon og lystbetont bruk av språket. Det blei laga med tanke på dei 5

minoritetsspråklege, men passar likevel til alle barn frå 2-9 år, uansett språkstyrke og morsmål. Ordbok: Sidan me har fleire minoritetsspråklege valde me å laga eigne ordbøker. Desse bøkene tek føre seg dei mest kvardagslege orda me tar i bruk, som for eksempel eple, do, vaske hender, dukke, etc. Me har ordbøker på polsk og på litauisk. Den har ein ring i enden, slik at dei vaksne kan henge den i belte og heile tida ha den tilgjengeleg. Me brukte og informasjonsinnhenting som ein metode. To assistentar intervjua og observerte vaksne og barn; ein gong haust og ein gong vår. På den måten kunne me sjå om me var på rett veg mot målet, og me kunne gjera naudsynte justeringar undervegs. Ei stadfesting på at forteljing er viktig for borna kom frå ei jente på fire år: Meir medviten på korleis me ordlegg oss til barna, for å fremje deira språklege kompetanse. Meir medvitne på korleis me legg til rette for gode aktivitetar som igjen legg til rette for gode språksituasjonar. Tar i bruk verktøy som me veit er bra for den språklege utviklinga. Lagar verktøy sjølv som me tilpassar det me held på med, og den aldersgruppa me har ansvar for. Dette prosjektarbeidet synest me har gjort gode endringar, og har eit såpass viktig fokusområde, at me ynskjer å flette det inn i det pedagogiske arbeidet vårt vidare. Det kjem stadig nye barn til barnehagen, og når me har kriterier knytta til dei ulike aldersgruppene, vil me få ein god progresjon vidare. Difor vil me arbeide kontinuerleg og strukturert vidare for at alle skal få styrke sin språklege kompetanse gjennom bøker. Det er så kjekt når dei vaksne fortel i barnehagen. Det er så kjekt som det høgaste talet som finst! Heilt opp til 10 talet!! EVALUERING AV PROSJEKTET Gjennom observasjonar og samtalar med barna har me sett at me har oppnådd dei delmåla me har sett oss for dei ulike aldersgruppene, og kan difor sei at me har nådd målet vårt med å styrke den språklege kompetansen hjå borna. Me har blitt gode på: Meir medvitne på kor viktig det er med bøker og forteljing for å styrke det språklege arbeidet hjå borna. 6