DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Like dokumenter
INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVER OG SØKER 10. juni 2015

DISPENSASJON. Hentet fra infoark fra Norsk Kommunalteknisk Forening

Hva kan det ikke dispenseres fra? Det kan ikke dispenseres fra saksbehandlingsreglene i plan- og bygningsloven eller

Pb; 9, 1 K) awe/flab!," Symantec,/75.

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

Søknad om dispensasjon Informasjon til tiltakshaver og søker

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

Særutskrift - 186/246 - nybygg naust - Valen - Janne og Kjell Tore Haugland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 1. januar 2016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 20/40 Arkivsaksnr.: 15/1835

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

Vår ref. 2013/ Særutskrift - Dispensasjon - 186/84 -bruksendring frå garasje til fritidsbustad - Valen - Oddvar Myklebust

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Frådeling jfr. plan- og bygningsloven 20-1, m

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

Hareid kommune - vedtak i klagesak etter plan- og bygningsloven - gnr41 bnr822 - Melshorn Hotell

SØKNADSPAKKEN for søknad om tiltak utan ansvarsrett

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 250/22 - driftsbygning i landbruket - Matre - Haldor Matre Skålnes

Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Sjekkliste for byggesak

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 137/58 - nytt anlegg/konstruksjon - Herøysundet - Herøysund Båtlag

Gnr: Bnr: Fnr: Snr: Gnr: Bnr: Fnr: Snr:

Ny organisering av arbeidet etter plan- og bygningslova og endra praksis i dispensasjonssakene frå

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 18/6 - garasje - Ølve - Jan Egil Skarvatun

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 163/6 - fasade og takendring av naust - Varaldsøy - Bjørnar Torvik

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 82/106 - garasje - Rosendal - Geir Skaala

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 134/22 - garasje - Uskedalen - Torkel Stensletten

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 154/3 - garasje med loft - Sunde - Steffen Olderkjær

Vår ref. 2010/ Særutskrift - BS - 221/2 - spikertelt - Borgundøy - Kari L. Haugland og Jan Harald Fosse

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 185/187 - terrasse - Valen - Jan Gunnar Fatland. Innstilling frå rådmannen:

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 100/5 - deling av grunneigedom - Dimmelsvik - Nils Hjelmeland

2016/ Særutskrift - 189/13 - naust og utlegging av flytebrygge - Halsnøy Kloster - Paul Karsten Sjo

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

Vår ref. 2012/ Dispensasjon frå kommuneplan - 32/15 - Hatlestrand - Arve Søfteland

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Klage på avslag om søknad om ny avkjørsle og dispensasjon frå byggegrense til Fv 63 på Toftevåg på Halsnøy i Kvinnherad kommune

Særutskrift - 136/9 - naust - Herøysundet - Hilde Bakkebø og Trond Inge Kvandal

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Stryn kommune Servicekontoret

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 13/

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik

Dispensasjon. og unntak fra byggteknisk forskrift (TEK) i eksisterende bygg

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss

Høyring - forslag til endringar i plandelen i plan- og bygningslova

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Klage på avslag om søknad om utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå Solstadvegen til Fv 47 i Sveio i Sveio kommune

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Hanne Marie Evensen

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 64/166 - takoppløft - Ænes - Nina Galtung Døsvig Søderstrøm

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

Dispensasjon og løyve til oppføring av naust, kai og flytebryggje - gbnr 138/4 Tveiten øvre

Hvilke forstøtningsmurer er søknadspliktige og hvilke er unntatt fra søknadsplikt?

Særutskrift - 143/3 - eigedomsdeling - Husnes - Sør - Norge Aluminium A/S

- ', _. Uoff:. FOR BYCGRVALITET etter plan- og bygningslova (pbl) 20 4 og SAK kap. 3 Saksbeh.. f; ' KDP"-

Vi viser til oversending av ovannemnde sak, motteke av Fylkesmannen den

Kvinnherad kommune - Rutinar

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - Deling - 113/1 -to fritidstomter - Dimmelsvik - Åse Madsen

Vår dato Dykkar d

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 171/104 - garasje - Varaldsøy - Nina Skjelnes & Jostein Haukenes

Vedtak i sak som gjeld klage på løyve til planering og opparbeiding av tomt på gbnr. 1/236, i Sogndal kommune

Vår ref. 2010/ Særutskrift - MS - 27/1 - restaurering og ombygging av naust - Hatlestrand - Johannes A. Ask

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 161/22 - arealoverføring - Hatlestrand - Ottar Tjosås

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Lærdal, 10. mars 2015 Jorunn Fosse Fidjestøl

Transkript:

Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Kva er ein dispensasjon? Ein dispensasjon er eit vedtak som innber at det blir gitt eit unntak frå føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningsloven (pbl). Dispensasjon vil seie at kommunen i ei konkret sak gir nokon løyve til å byggje eller gjere noko som ikkje er i samsvar med desse føresegnene. Dispensasjon kan vere varig eller tidsavgrensa. Hovudregelen er at alt skal byggjast slik at det er i samsvar med plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og arealplanar. Døme på arealplanar er kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan, reguleringsplan, områdeplan, detaljplan eller utbyggingsplan. Dei ulike områda i kommunen har ulike planregelverk. Når du skal byggje noko må du difor finne ut kva slags regelverk som gjeld for eigedomen du skal byggje på. Kommunen kan gi deg informasjon om dette. Ingen lovar eller reglar er så presist utforma at dei alltid vil verke riktig slik som lovgivar har bestemt. Det er difor «alltid» nødvendig og viktig å ha moglegheit til å gi dispensasjon, slik at loven ikkje rammar forhold han ikkje var meint å skulle ramme. Plan- og bygningsloven gir ein snever moglegheit til å gå vekk frå føresegnene ved søknad om dispensasjon. Dei ulike føresegnene i både lov, forskrift og arealplanar har blitt til gjennom ein omfattande vedtaksprosess. Det skal difor ikkje vere enkelt å fråvike desse. I nokre tilfelle kan det likevel vere aktuelt å fråvike føresegnene gjennom dispensasjon etter plan- og bygningsloven 19-1 til 19-4. Kva kan det bli dispensert frå? Det kan bli gitt dispensasjon frå føresegner fastsett i eller i medhald av plan- og bygningsloven. Det kan til dømes bli gitt dispensasjon frå arealplanar, byggjeforbod i strandsona (pbl 1-8), forskrifter og lokale vedtekter. Kva kan det ikkje bli dispensert frå? Det kan ikkje bli gitt dispensasjon frå sakshandsamingsreglane i plan- og bygningsloven eller forskrift for byggesak (SAK10). Det er i praksis heller ikkje særleg aktuelt å dispensere frå loven sine krav til estetisk kvalitet i det som skal byggjast, eller frå tryggleikskrava i byggteknisk forskrift (TEK17). (Men også desse reglane har unntaksreglar som skal sikre at verken sakshandsaminga eller forskriftskrava skal verke urimelege eller ramme feil forhold.) Kva skal til for å kunne få dispensasjon? Etter pbl 19-2 kan det bli gitt dispensasjon dersom omsyna bak føresegna det blir dispensert frå, eller omsyna i føremålsavgjerda til loven (pbl 1-1) ikkje blir sett til side i vesentleg grad. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon etter ei samla vurdering vere klart større enn ulempane. Dei to vilkåra i pbl 19-2 er såkalla kumulative vilkår. Det vil seie at begge må vere oppfylte før kommunen kan vurdere om dei skal gi dispensasjon. Ved dispensasjon frå loven og forskrifter til loven, skal det etter pbl 19-2, 3. ledd leggjast særleg vekt på kva konsekvensar dispensasjonen kan få for helse, miljø, jordvern, tryggleik og tilgjenge. Det leggjast særleg vekt på statlege og regionale rammer og mål i vurderinga av om det skal bli gitt dispensasjon frå arealplan. Sjå pbl 19-2, 4. ledd. wwwkommunalteknikk.no 1

Når du skal søkje om dispensasjon bør du grunngi dispensasjonen med forhold som er spesielle for saka di. Generelle argument som mange andre også kan kome med, vil normalt ikkje bli tillagt særleg vekt. Det kan likevel vere viktig at du gjer greie også for desse. Har du argument som tel positivt for omsynet bak regelen du søkjer dispensasjon frå, vil det vere ein fordel for deg. Argument som er knytt til meir personlege forhold, slik som til dømes behov for større plass, reint personlege forhold som sjukdom eller liknande, eller at dispensasjonen er nødvendig som ledd i eit arveoppgjer, har ofte ikkje avgjerande vekt i dispensasjonsvurderinga. Berre i avgrensa utstrekking kan slike omsyn leggjast vekt på, sidan arealbruk blir fastsett i eit livslangt perspektiv, mens eigarforholda på staden vil kunne vere skiftande. Individuelle omsyn som sosialmedisinske, personlege eller sterke menneskelege omsyn kan i enkelte tilfelle «tippe vektskåla» for dispensasjon der det ikkje er andre forhold som talar tyngre mot ein dispensasjon. Personlege ønskje om å nytte eigedomen på ein bestemt måte kan i enkelte tilfelle vere samanfallande med omsyna plan- og bygningslovgivinga skal ta hand om. Døme på dette er tilfelle der dispensasjonen fører til at bygget eller arealet for uteopphald får betre funksjonalitet, eller der dispensasjonen vil gi betre arkitektonisk kvalitet. Korleis gå fram for å søkje om dispensasjon? Som tiltakshavar (tiltakshavar = du som skal byggje / gjere noko) kan du søkje om dispensasjon sjølv. Du kan også la nokon andre gjere jobben på vegner av deg. I søknaden skal du beskrive tydeleg kva føresegner du søkjer dispensasjon frå. Etter pbl 19-1 skal du også grunngi kvifor du meiner dispensasjon bør bli gitt. I tillegg skal du varsle naboar etter pbl 21-3 og SAK10 5-2. Du finn meir informasjon om korleis du gjer dette i infoarket «Nabovarsel innhald og varslingsmåtar». Merk deg at det er noko vanskelegare å la vere å varsle ein eller fleire naboar i dispensasjonssaker enn i reine byggjesaker. Sjå pbl 19-1 2. punktum siste del. Du kan velje å søkje om dispensasjon først, før sjølve tiltaket (tiltaket = det du skal byggje / gjere). Dette er særleg aktuelt om det du skal gjere er avhengig av dispensasjon, men elles unntatt søknadsplikt etter pbl 20-5 og SAK10 4-1. Du kan også velje å søkje om dispensasjon på same tid som du søkjer om sjølve tiltaket. Denne varianten er den mest vanlege når det du skal gjere er søknadspliktig etter pbl 20-2. Kommunane har ulik praksis for korleis dei fastset gebyr for dispensasjonar og byggjesaker som blir sende inn på same tid. Nokre kommunar tar gebyr også for handsaming av søknad om løyve til tiltak, sjølv om dispensasjonen blir avslått. Om du ønskjer å unngå dette kan du presisere at du ikkje ønskjer at søknaden om løyve til tiltak blir handsama dersom du får avslag på dispensasjonen. Ved eit eventuelt avslag på dispensasjonssøknaden skal du då berre betale gebyr for handsaminga av denne. Søknad om dispensasjon skal alltid vere skriftleg. Du kan skrive han i form av eit brev, eller bruke vedlagte skjema for søknad om dispensasjon. Søknaden skal vanlegvis innehalde: Kven som er tiltakshavar og søkjar. Kva slags eigedom søknaden gjeld. Kva du skal byggje / gjere. Kva slags føresegn du søkjer dispensasjon frå. Grunngiving for korleis du meiner dispensasjon bør blitt gitt. Grunngi i samsvar med begge dei to vilkåra. Kvittering for nabovarsel og Opplysningar gjeve i nabovarsel som viser at naboar er varsla om dispensasjonssøknaden. Forklaring for eventuelle merknader naboar har kome med til søknaden, og du eller den ansvarlege søkjaren si vurdering av desse. Situasjonsplan. Sjå informasjonsarket «Situasjonsplan» for meir informasjon om dette. Eventuelle teikningar i målestokk 1:100 og om nødvendig terrengprofil. Sjå informasjonsarket «Teikningar» for meir informasjon om dette. wwwkommunalteknikk.no 2

Korleis grunngi ein dispensasjonssøknad? Føresegnene i pbl 19-1 krev at du grunngir søknaden. Når du skal skrive grunngiving skal du 1. Vurdere om omsynet bak føresegna du søkjer dispensasjon frå blir sett vesentleg til side. (Kva omsynet bak ei føresegn er finn du ut ved å lese forarbeida til føresegna eller annan juridisk litteratur. Forarbeida til føresegnene til ulike arealplanar finner du i eit dokument som heiter planbeskrivelse. Du kan få tilgang til planbeskrivinga ved å kontakte kommunen). Denne vurderinga kan du gjere på følgjande måte: Skriv kva omsynet bak føresegna er. Skriv så kvifor du meiner at føresegna ikkje i vesentleg grad set dette omsynet til side. Dersom det du skal byggje / gjere har noko å seie for nokon av dei omsyna som er nemnt i føremålsavgjerda til plan- og bygningsloven ( 1-1), kommentere du dette. Dersom statlege eller regionale styresmakter allereie har uttala seg negativt til det du skal byggje / gjere, kommenterer du dette også. (Om dispensasjonen kjem inn på saksområda til fylkeskommunen eller andre statlege styresmakter, må saka sendast på høyring etter pbl 19-1 og 21-5 og etter SAK10 6-2. Vanlegvis vil sakshandsamar i kommunen ta seg av dette, men tiltakshavar / ansvarleg søkjar kan velje å gjere dette sjølv før du sender søknaden om dispensasjon til kommunen.) 2. Grei ut om kvifor fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempane. Det kan du gjere på følgjande måte: Skriv kva som er ulempane med det du skal byggje / gjere. Det kan til dømes vere ulempar for ålmenta, naboar, for det omsynet føresegna er meint å ta vare på. Skriv deretter kva som er fordelane med dispensasjonen. Vurder fordelar og ulempar opp mot kvarandre, og grunngi kvifor du meiner fordelane er klart større enn ulempane. Søkjer du dispensasjon frå plan- og bygningsloven eller forskrifter til loven tar du også med kva slags fordelar og ulempar dispensasjonen kan få for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge i desse punkta. På denne måten sett du dei ulike interessene i saka opp mot kvarandre, for til slutt å konkludere med at vilkåra for å gi dispensasjon er til stades. (Konkluderer du med at dei ikkje er til stades, sender du ikkje søknaden til kommunen.) Etter at du har sendt dispensasjonssøknaden til kommunen: Når kommunen mottar søknaden din har han etter pbl 21-7 maksimalt 12 veker på seg til å gi deg svar. Kommunen vurderer først om dispensasjonssøknaden inneheld all nødvendig dokumentasjon. Dersom dispensasjonen kjem inn på saksområda til fylkeskommunen eller andre statlege styresmakter, vil saka sendast på høyring dersom du som tiltakshavar / ansvarleg søkjar ikkje allereie har gjort dette. (Andre styresmakter har 4 vekers svarfrist, og kommunen sin frist på 12 veker blir forlenga med desse 4 vekene). Kommunen kan i enkelte tilfelle forlengje fristen. I den vidare handsaminga vil kommunen vurdere om vilkåra for å kunne gi dispensasjon etter pbl 19-2 er til stades. Kommunen vil normalt gi medhald til søknaden din, dersom dei kjem fram til at vilkåra for å kunne gi dispensasjon er oppfylte. Du vil då motta eit svarbrev med vedtak om at dispensasjon er gitt. Kommunen kan setje vilkår for dispensasjonen. wwwkommunalteknikk.no 3

Kommunen skal avslå søknaden din, dersom dei kjem fram til at vilkåra ikkje er oppfylte. Du vil då motta eit svarbrev med vedtak om avslag. Alternativt kan kommunen kontakte deg og gi deg rettleiing om alternative måtar å kome fram til ønskt resultat på. Ingen har krav på dispensasjon. I svært sjeldne tilfelle kan det difor hende at du får avslag på dispensasjonssøknaden sjølv om vilkåra for å kunne gi dispensasjon er til stades. Kommunen må ha sakleg grunn for avslaget. Både du og andre med rettsleg klageinteresse (det kan til dømes vere naboar eller anna styresmakt som saka vedgår) kan eventuelt klage på vedtaket etter føresegnene i forvaltningsloven kapittel VI. Når du har fått innvilga dispensasjon: Om det du skal byggje er unntatt søknadsplikt etter pbl 20-5 og SAK10 4-1 kan du gå i gang med å byggje. Om det du skal byggje er søknadspliktig etter pbl 20-2, og du ikkje har søkt om løyve til tiltak på same tid som dispensasjonssøknaden, kan du no søkje om løyve til tiltak. Har du fått innvilga ein mellombels dispensasjon etter pbl 19-3, gjeld vedtaket for tidsrommet du har fått innvilga, eventuelt til kommunen gir deg melding om at dispensasjonen er avslutta. Når tida er ute er du sjølv ansvarleg for fjerning / å avslutte bruken. Ein dispensasjon er etter pbl 21-9 gyldig i 3 år frå dato for vedtaket. Har du ikkje sendt inn søknad om løyve til tiltak innan den tida, eller starta å byggje innan same tid (dersom du har søkt om dispensasjon og løyve til tiltak på same tid) fell han bort. Ønskjer du framleis dispensasjon for å byggje må du søkje på nytt. Anna: Nokre fylkesmannsembete har laga ei dispensasjonsrettleiing. Sjå mellom anna Fylkesmannen i Hedmark og Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Dispensasjonsrettleiingane er skrivne for sakshandsamarane i kommunen, men inneheld informasjon som er nyttig også for deg som skal søkje om dispensasjon. Skal du byggje om, rehabilitere (så omfattande at det blir søknadspliktig) eller endre bruken av eksisterande bygg, og du ikkje greier å oppfylle krava i TEK17 fullt ut, kan du søkje om fråvik etter pbl 31-2 fjerde ledd. Vilkåra for fråvik frå TEK17 er annleis enn vilkåra for dispensasjon. Du finn meir informasjon om vilkåra for fråvik og korleis gå fram for å søkje om dette i Eksempelsamling om anvendelse av byggereglene ved arbeid på eksisterende byggverk - pbl 31-2. wwwkommunalteknikk.no 4

SØKNAD OM For tiltak på følgjande eigedom: Gnr:.. Bnr:. F.nr:. S.nr:... Adresse: Søknaden er send av : Namn på tiltakshavar: Adressa til tiltakshavar:. Kontaktperson: Telefon dagtid:. Epost-adresse:... Eg / vi søkjer om dispensasjon frå: (sett kryss for det riktige) Kommuneplanen sin arealdel Kommunedelplan for. Reguleringsplan (områdeplan, detaljplan, utbyggingsplan) Namn på plan: Plan- og bygningsloven (pbl) Byggteknisk forskrift (TEK17) Anna Beskriv:. Eg / vi søkjer om dispensasjon frå følgjande føresegner knytt til ovannemnde: For å kunne byggje / gjere: (beskriv kva du skal byggje / gjere, som til dømes byggje garasje, bruksendre del av eksisterande bygg frå bustad til næring osb.) Eg / vi søkjer om : Dispensasjon etter pbl 19-1 (permanent) Dispensasjon etter pbl 19-3 (mellombels) fram til følgjande dato: wwwkommunalteknikk.no 5

Grunngiving for dispensasjonssøknaden: (bruk gjerne eige ark i tillegg om du treng meir plass) Signatur(ar):.. Dato og underskrift tiltakshavar. Dato og underskrift eventuell ansvarleg søkjar Vedlegg: Beskriving av vedlegg Lagt ved Ikkje relevant Kvittering for nabovarsel (skal alltid vere med) Teikningar Situasjonsplan Eventuelle uttalar / vedtak frå andre styresmakter (sjå SAK10 6-2) Andre vedlegg: wwwkommunalteknikk.no 6