Oppgåver til kapittel 3 Oppgåver til side 130 Definer og gje døme på dei følgjande sentrale omgrepa: a) Morfem b) Leksikalsk morfem c) Grammatisk morfem d) Leksem e) Rot f) Stamme g) Bøyingsmorfem h) Avleiingsmorfem i) Affiks j) Prefiks k) Suffiks l) Fuge Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem. b) Ord, rot og stamme. c) Affiks, prefiks og suffiks. d) Grammatisk morfem, bøyingsmorfem, avleiingsmorfem, prefiks og suffiks. Oppgåve C Analyser orda ved hjelp av morfemtre. Kommenter gjerne vala dine. a) Arbeidskontrollrommet b) Eggedelar c) Oppvaskmiddelflaske d) Ungdomsklubbar e) Musikkundervisningsplanane f) Underlegare 1
Oppgåver til side 133 Rekn opp dei ti ordklassane våre. For å definera ordklassane nyttar me tre kriterium. Kva for nokre? Oppgåve C Forklar skilnaden mellom: - opne og lukka ordklassar - innhaldsord og funksjonsord Oppgåver til side 135 Sorter desse orda ut frå fellestrekk i a) tyding, og b) bøying. gutane raud køyrer trikk bilar små elva Lars gjekk fin er Utenfor bilvinduene var byen i ferd med å våkne til en grå og tung septemberdag. Selv innså jeg at dagen kom til å bli en helt annen enn jeg hadde tenkt meg. Jeg misunte allerede de som var på vei ut av de gule bussene for å gå på kontoret eller til en annen helt alminnelig jobb et eller annet sted i byen, alle andre steder enn hos politiet. (Gunnar Staalesen: Ingen er så trygg i fare (2014)) a) Del orda i teksten over inn i ord med bøying og ord utan bøying. b) Sorter orda med bøying etter kva slags type bøying dei har (bøying med bøyingsending, bøying med stammeendring, bøying med stammeendring og bøyingsending, bøying med forskjellige stammar, og bøying med hjelpeord). 2
Oppgåver til side 155 Me deler her mellom ordklassar med bøying og ordklassar utan bøying. Men dette er ikkje eit absolutt skilje. I nokre ordklassar har alle ord bøying. Kan du rekna opp desse? Andre ordklassar som er klassifiserte som ordklassar med bøying inneheld også ord utan bøying. Kva for nokre? a) Me deler inn i finitte og infinitte verbformer. Kva er ulikskapen? Sorter verba i teksten under i finitte og infinitte former: Bøker, filmer og en rekke andre produkter om magi, spådomskunst og trollfolk er i dag bestselgere og utgjør en klar trend. Heksenes verden er i vår tid blitt svært så mangfoldig. Figuren dukker opp overalt og kan sies å ha en universell appell i sentrale deler av underholdningsbildet og kulturindustrien. I den moderne utgaven er det lite igjen av den forfulgte historiske skikkelsen. Bildet av hekser og trollmenn er i mange tilfeller så forskjellig fra heksejaktens tidsalder at det gjerne blir nødvendig å minne om at heksene faktisk har en brutal fortid. Dagens forestilling om heksa synes å helle i retning av en selvbevisst, slu, vakker og ung kvinne. Og hun kan være både snill og slem. (Rune Blix Hagen, Hekser. Fra forfølgelse til fortryllelse (2003: 87)) b) Kopier tabellen som presenterer finitte og infinitte former i figur 6, s. 137. Fyll ut med rette former av verba dukka, minna, hella, vera, ha, gå, lesa og bera. c) Kopier oversynet av presens- og preteritumsystema i figur 7, s. 137. Fyll ut med rette former av verba dukka, minna, hella, vera, ha, gå, lesa og bera. d) Del substantiva i teksten over inn i konkrete og abstrakte substantiv. e) Bøy adjektiva i teksten over i grad. Sorter i to grupper: Den eine er adjektiva som vert bøygde med bøyingsendingar, den andre inneheld adjektiv som får denne bøyinga ved bruk av hjelpeord. f) Finn alle pronomen i teksten under, og sorter dei kategoriane personleg pronomen, refleksivt pronomen, resiprokt pronomen, spørjepronomen og ubestemt pronomen, Han kunne sove i luften uten å falle, han lå bare flatt på ryggen og fløt, men det var fordi han var så lett at hvis du kom bak ham og blåste på ham, suste han fortere av gårde. «Vær så snill å være høfligere mot ham,» hvisket Wendy til John da de lekte «Følg Lederen». «Da får du be ham slutte å skape seg,» sa John. 3
Når han lekte «Følg Lederen», fløy Peter like over vannflaten og tok borti hver eneste haifinne idet han for forbi, akkurat slik som du kan la fingeren gli bortover et rekkverk med jernspiler når du går på fortauet. Her klarte de ikke å følge ham, så kanskje det var å skape seg litt, særlig når han så seg tilbake for å se hvor mange haifinner de ikke traff. (J.M. Barrie, Peter Pan (2007: 54)) g) Leik deg med pronomena i teksten over, og sjå på effekten av det. Kva om du erstattar omtalen av Peter («han», «ham» og «Peter») med første person eintal? Og kva om «du» vert erstatta med ubestemt pronomen? h) I 1950 vedtok Stortinget at den offisielle teljemåten i Noreg skulle vera på forma «tjueni» og ikkje «ni og tjue». Initiativet til endringa kom frå Telegrafverket fordi ein slik teljemåte ville letta jobben deira, sjå http://forskning.no/sprak/2008/08/enogseksti-eller-sekstien Korleis tel du? Korleis tel dei rundt deg? Nyttar de berre den eine eller begge måtane å telja på? Dersom de nyttar begge, er bruken av desse lik? i) Gå gjennom dei tre tekstane over, finn alle determinativ, og plasser dei i dei tre undergruppene possessiv, demonstrativ og kvantorar. j) Ordet adverb tyder eigentleg «til verb». Stemmer dette? k) Gå gjennom dei tre tekstane over, finn alle adverb, og plasser dei i undergruppene stadadverb, tidsadverb, måtesadverb, gradsadverb og setningsadverb. Oppgåver til side 157 a) Gå gjennom dei tre tekstane over, finn alle konjunksjonar, og kategoriser dei som additive, adversative, alternative eller kausale konjunksjonar. b) Eg har hatt ein norsklærar som sa at feil preposisjonsbruk ved stadnamn var ein av måtane nytta for å avsløra tyskarar på under andre verdskrig. Resten av språket meistra dei til perfeksjon, men særleg preposisjonar ved stadnamn vart vanskeleg. Om det verkeleg er sant, veit eg ikkje, men han hadde eit poeng. Kva er til dømes forskjellen mellom på og i i omtale av stadar? Du kan ofte nytta begge preposisjonar, men dei vil ha ulik tyding. På Voss og i Voss er ikkje det same. Kan du forklara forskjellen? Eit nyttig oversyn om preposisjonar og kva tid me nyttar dei, finn du her http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/skriverad/preposisjonsbruk_nn/ 4
c) Gå inn på www.donald.no. Velg ein Donaldhistorie, finn alle interjeksjonar og plasser dei i undergruppene svarord, kjensleuttrykk, varslingsord og onomapoetikon. 5