Eid råd for funksjonshemma Møteinnkalling Møtedato: 13.04.2016 Møtestad: Eid rådhus, Trollenykjen 1. etg Møtetid: Kl. 14:00 Sakliste Sak nr. Saktittel 001/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 002/16 Godkjenning av møteprotokoll 003/16 Orienteringssaker Eid råd for funksjonshemma - 13.04.2016 004/16 Planstrategi 2016-2020 - innspel til arbeidet 005/16 Kommunedelplan for oppvekst 2016-2026 - innspel til arbeidet 006/16 Årsrapport 2015 Eid kommune Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er til post@eid.kommune.no eller tlf. 57 88 58 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Eid kommune 06.04.2016 Odd Rune Heggen leiar
Kristina Kostopoulos Sekretær
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 001/16 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: K1-, K2- Objekt: Arkivsaknr 16/829 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Innkalling og sakliste 13.04.2016 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 002/16 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: K1-, K2- Objekt: Arkivsaknr 16/830 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 25.11.2016 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 003/16 JEA Avgjerd av: Saksbehandler: Janne Endal Andersson Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr 15/1065 Orienteringssaker Eid råd for funksjonshemma - 13.04.2016 1. Gjennomgang av gjennomført kurs v/leiar og nestleiar RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vert teken til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 12.04.2016 015/16 CMÅ Eid ungdomsråd 12.04.2016 010/16 CMÅ Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 004/16 CMÅ Avgjerd av: Saksbehandler: Kristina Kostopoulos Arkiv: 14 Objekt: Arkivsaknr 16/331 Planstrategi 2016-2020 - innspel til arbeidet Prenta vedlegg: 1. Eid kommune sin samfunnsdel 2. Orienteringsbrev om planstrategien til råda 3. Gruppearbeid til råda Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova (pbl.) Kva saka gjeld: Prosjektgruppa ynskjer at råda, som referansegruppe i arbeidet med planstrategi, kjem med innspel til arbeidet. I forslaget til prosjektplan er det lagt opp til at råda får delta i arbeidet med utarbeiding av planstrategi ved to høve; i oppsette møte i april og juni. I orienteringsmøtet i april vil råda få meir informasjon om kva planstrategien er og få høve til å kome med innspel til arbeidet med planstrategi. Bakgrunn for saka:
Kommunestyret i Eid vedtok oppstart av arbeidet med planstrategi i møtet 10. mars, jf. vedtak i KS-sak 028/16. Planstrategien skal gi eit oversyn over planbehovet i Eid kommune og ei prioritering av planarbeidet i kommunestyreperioden. Eid eldreråd, Eid råd for funksjonshemma og Eid ungdomsråd skal vere rådgjevande organ til dei politiske utvala, formannskapet og kommunestyret. Det er difor viktig at råda i arbeidet med planstrategien får høve til å seie noko om utviklingstrekka innafor sine interessegrupper i samfunnet. Saksutgreiing: Råda skal i vare ta interessene til eldre, folk med nedsett funksjon og barn og unge i kommunen våre vår. I kommuneplanen sin samfunnsdel har Eid kommune sett mål for utviklinga knytt til Eid kommune som samfunn og organisasjon. Som det går fram av figuren over skal organisasjonen arbeide ut mot samfunnet. I kommuneplanen sin samfunnsdel er målsettingar knytt til samfunnet delt inn i fem kategoriar; å bu i Eid, å vekse opp i Eid, å ha sitt helse og omsorgstilbod i Eid, å arbeide eller drive næring i Eid og å tilbringe aktiv fritid i Eid. Ved gruppearbeidet, i samband med orineteringsmøtet om planstrategi, er det lagt opp til at råda kjem med innspel på utviklingstrekk for dei ulike områda, med utgangspunkt i si interessegruppe. Prosjektgruppa ynskjer å ta med råda sine innspel som grunnalg ved utarbeiding av planstrategi for 2016-2020. Det er lagt opp til at formannskapet skal handsame forslag til planstrategi i møtet i mai, og at råda får høve til å sjå næare på forslaget i møtet i juni før endeleg vedtak i kommuenestyret. Økonomiske konsekvensar: Innspel til arbeidet med planstrategi gir ingen økonomiske konsekvensar. Vurdering:
Saka vert lagt fram utan tilråding. Det er lagt opp til gruppearbeid i etterkant av orienteringsmøtet 12. april slik at råda skal få eit godt utgangspunkt for å kome med innspel til planarbeidet, sjå vedlagt opplegg for gruppearbeid. Prosjektgruppa ber om at råda, med utgangspunkt i orienteringsmøtet og gruppearbeidet, gjer vedtak om dei innspela som dei ynskjer å gi til arbeidet med planstrategi. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. Åslaug Krogsæter -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Oppvekst- og kulturutvalet 12.04.2016 017/16 HSI Eid ungdomsråd 12.04.2016 011/16 HSI Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 005/16 HSI Avgjerd av: Saksbehandler: Anne-Grete Eikås Arkiv: 143 Objekt: Arkivsaknr 14/734 Kommunedelplan for oppvekst 2016-2026 - innspel til arbeidet Prenta vedlegg: Kommunedelplan oppvekst 2016-26 - Kapittel 1-4 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova 2008 Eid kommune Planstrategi 2012-16 Kva saka gjeld: Arbeidet med kommunedelplanen for oppvekst er organisert som eit prosjekt der Eid råd for funksjonshemma og Eid ungdomsråd er referansegrupper. Kapittel 4 «Ståstad for oppvekst i Eid» gir føringar for vidare arbeid med hovudtema og handlingsdel. Før prosjektgruppa går vidare med planarbeidet, ønskjer ein innspel frå råd og utval. Saksutgreiing: Kommunedelplanen er eit politisk dokument og styringsverktøy for å oppnå dei måla kommunen har for området. Kommunedelplanen styrer både dagleg og langsiktig arbeid og skal vere eit konkret arbeidsverktøy for politisk handsaming som vedkjem oppvekstsektoren.
Gjeldande kommunedelplan for oppvekst er «Kommunedelplan for grunnskulen i Eid 2012-2015». I Planstrategidokumentet pkt. 11.3.1 vert det lagt føringar for at revidert plan for oppvekst ikkje berre skal gjelde grunnskulen, men heile oppvekstsektoren for aldersgruppa 0-18 år. Vurdering: Det er viktig for prosjektgruppa å informere og få innspel frå råd og utval i denne fasen av arbeidet. Tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort, vil hjelpe prosjektgruppa til å fullføre planarbeidet etter oppsett framdriftsplan med politisk godkjenning i Kommunestyremøte 22.06.16. Deretter vert planen lagt ut til høyring. Saka vert lagt fram utan tilråding. Prosjektgruppa ber om at råd og utval gjer vedtak om dei innspela som dei ønskjer å gi til arbeidet med kommunedelplanen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Åslaug Krogsæter -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid ungdomsråd 12.04.2016 012/16 OST Oppvekst- og kulturutvalet 12.04.2016 023/16 OST Eid Eldreråd 12.04.2016 016/16 OST Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 006/16 OST Helse-og sosialutval 13.04.2016 019/16 OST Teknisk-og samfunnsutval 13.04.2016 OST Arbeidsmiljøutvalet 21.04.2016 OST Finansutvalet 21.04.2016 OST Formannskapet 21.04.2016 OST Administrasjonsutvalet 21.04.2016 OST Kommunestyret 28.04.2016 OST Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Årsrapport 2015 Eid kommune Arkiv: 004 Objekt: Arkivsaknr 16/793 Prenta vedlegg: Årsrapport 2015 kommunal tenesteyting Årsrapport investeringsprosjekt pr 31.12.15 Saksutgreiing: Rådmann viser til vedlagde årsrapportar for 2015.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann-
Side 1 av13