Universitetet i Stavanger Møtebok Møtebok frå læringsmiljøutvalet Møtestad: AR T-401 Tid: 7.11.2017 kl. 14:00 16:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Husebø, Dag Lund, Anne Marie Rangnes, Brita Strand Sjøberg, Jørgen Øren, Emma Egeli, Aleksander Huseby, Roar I. Litlehamar, Lone Waage, Lene Borgen (på video) Fylgande observatør med talerett møtte: Kristiansen, Arve (vara for Frank Bremnes) Kolstrup, Gitte Frå administrasjonen møtte: Veslemøy Hagen Eilef J. Gard Stig Selmer-Anderssen Marit Cecilie Farsund Tore Klepsvik Møtet vart leia av Dag Husebø Møtebok: Læringsmiljøutvalget, 12.09.2017 1
LU 28/17 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. LU 29/17 Møtebok fra læringsmiljøutvalet 12. september 2017 Korrigering til sak Fyrste møte i studentrådet var 1. juni. Møteboka vart godkjend. LU 30/17 Strategisk tema: Utvikling av læringsmiljøet eksempel fra petroleumsgeologi. Nestor Cardozo og Alejandro Escalona frå institutt for petroleumsteknologi orienterte om korleis det er arbeidd for å skapa eit godt læringsmiljø knytta til studiet i petroleumsgeologi. Presentasjonen vart avslutta med at læringsmiljøprisen for 2017 vart tildelt fagmiljøet for petroleumsgeologi. Læringsmiljøutvalet takkar for orienteringa og ynskjer tillukke med læringsmiljøprisen. LU 31/17 Studiebarometeret 2016 - oppfylgjing og tiltak Utdanningsdirektøren orienterte om oppfylgjing av resultata frå Studiebarometeret 2016. Alle fakulteta har rapportert at dei arbeidar med oppfylgjing av kvalitetsmeldinga. Det vert arbeidg godt med kvalitet i studia ved instotusjonen. Ein av studentrepresentant etterlyste eit fullstedig og samla oversyn over oppfylgjingstiltak etter Studiebarometeret. Fakultetsdirektøren i utvalet svara at det nok kan vera mogeleg å få til, men at det vil krevja eit stort arbeid og at det i praksis vil vera svært vanskeleg. Det vil verta gjort ei oppsummering i kvalitetsrapporten frå fakulteta, sjølv om det ikkje alt vil koma med der heller. Utdanningsdirektøren la til at det vert planlagd ein artikkel på studentsidene med eksempel på gode tiltak. Elles er det fakulteta som skal fylgja opp. Leiar for StOr bad om at informasjon om tiltak vert godt publiserte for studentane. Han peika også på utfordringa med at dei som deltek i undersøkjinga i Studiebarometeret ikkje nødvendigvis er dei som merkar resultata av utbetringstiltaka, då undersøkjinga vert gjort i utvalde semsester i studia. Dag Husebø oppsummerte med å seia at det er gledeleg at fakulteta har levert rapportar, og det er gledeleg at der er større deltaking i Studiebarometeret nå enn tidlegare. LU 32/17 Gjennomgang av varslingssystemene ved UiS Utdanningsdirektøren orienterte. Ei arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til nytt varslingssystem. Systemet vert lagt ut på nettet onsdag 8. november. Gruppa fortset med å utvikla ein prosedyre om 2
korleis meldingar skal handterast, etiske retningliner for veiledrar og retningsliner for handtering av uynskt åtferd. Utvalet ga ros til det arbeidet som er gjort med å laga nytt varslingssystem. Utvalet drøfta vidare korleis meldingar i systemet kan handterasy\t. LU 33/17 Studentombodet Utdanningsdirektøren orienterte om vikarordning for Studentomodet. For tida vert funksjonen ivareteken av juristane i utdanningsdirektøren sin stab. Utvalet ga kommentarar på at det kan vera ei uheldig rollekonflikt ved at dei juristane som handterar klagesaker frå studentane også skal ivareta rolla som studentombod. Utdanningsdirektøren understreka at dette er ei midlertidig ordning, at universitetsdirektøren vil finna ei anna ordning dersom det faste studentombodet får forlenga sjukmelding, og at dei to juristane deler rollene mellom seg, slik at det ikkje vert konflikt mellom Studentombodet og klagenemnda. Det er ikkje eit krav at Studentombodet skal vera jurist, men det er ein stor fordel. Det kom inn forslag om å søkja ei ordning for Studentombodet i samarbeidet med Universitetet i Agder og Nord universitet, eller i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. LU 34/17 Pilot i master i energi, miljø og samfunn Utdanningsdirektøren orienterte om erfaringar med felles start for utanlandske og norske studentar ved masterstudiet i energi, miljø og samfunn. Utdanningsdirektøren vil føreslå at det vert felles oppstart for alle studentar i 2018. Tore Klepsvik la til at der er eit større, men skjult behov for slike tiltak, pga at der er mange studentar med ein annan kulturell bakgrunn enn den majoritetsnorske, sjølv om dei er registrerte som norske studentar. Utvalet ga ros til pilotordninga ved Institutt for medie- og samfunnsfag. Utvalet støttar at tiltaket vert spreidd til andre studier. Målet må vera at så mange studier som mogeleg legg opp til felles oppstart. Utvalet ba likevel om at det ikkje vart innført som eit pålegg for alle. Ei slik ordning vil krevja fleire ressurser og utvalet tilrådde ei gradvis innføring der einingane får gjera sine eigne val med omsyn til når og korleis tiltaket vert sett i verk. Frå biblioteket vart det uttrykt ynskje om å vera involvert i tiltaket. LU 35/17 Rapport fra Universell 2017 3
Emma Øren og Eilef Gard deltok på konferansen og orienterte kort. Det kjem ny likestillings- og diskrimineringslov 1. januar 2018. Universell gir ut ein veliedar for arbeid med læringsmiljøet i desember. LU 36/17 Sensur våren 2017 Utdanningsdirektøren orienterte. Dette er oppfylgjing av sak LU 07/17 frå februar. Lova er klar, utsetjing må handsamast av styret sjølv. Tala som er lagde ved i saka syner at der er fleire brot på sensuren enn tidlegare, og det kan ikkje stemma. Deler av tala kan forklarast med uryddige rutiner. Det er vanskeleg å setja i verk omfattande tiltak før me kjenner grunnlaget. Fram til neste møte vil utdanningsdirektøren gå grundig gjennom tala og avdekka korleis verkelegheita er. Utvalsleiaren la til at me står saman om eit veldig sterkt ynskje å gjera noko med desse tala. Studentrepresentantane viste til vedtaket i LU 07/17 og ga kritikk for at saka ikkje inneheldt konkrete forslag til endringar av rutiner. Vidare ynskte dei at det i sak til neste møte vert greia ut ei ordning med bøter for brot på sensurfristen, og kva konsekvensar ei slik ordning ville ha fått for sensuren våren 2017. Studentrepresentantane la fram eit nytt forslag til vedtak: a) Utdanningsdirektøren legg fram forslag til minst to tiltak for å redusera talet på seinsensurar, der botsystemet som StOr har føreslege skal vera eitt av dei. b) Med utgangspunkt i sensenurtala for hausten 2017 vert det lagt fram tal for korleis botsystemet ville påvirka fakulteta. a) Utdanningsdirektøren legg fram forslag til minst to tiltak for å redusera talet på seinsensurar, der botsystemet som StOr har føreslege skal vera eitt av dei. b) Med utgangspunkt i sensenurtala for hausten 2017 vert det lagt fram tal for korleis botsystemet ville påvirka fakulteta. LU 37/17 Plan for læringsmiljøets arbeid i 2018 Utdanningsdirektøren innleia i saka. Utvalet ba om at arbeid med det fysiske læringsmiljøet vert inkludert i planen. Utvalet vart oppfordra til å senda inn eventuelle fleire forslag til planen, til utdanningsdirektøren før saka vert lagt fram i neste møte. Utvalget ber om at innspill fra møtet blir tatt med i utforming av plan for utvalgets arbeid for 2018. LU 38/17 StOr orienterer Får liste frå Emma. 4
LU 39/17 Utdanningsdirektøren orienterer Utdanningsdirektøren rapporterte om fylgjande saker: a) Rapport om studiestart. b) Evaluering av ordninga med læringsmiljøutval. Evalueringsskjema var sendt ut før møtet. Dag vil invitera utvalet i eit samskrivingsprosjekt i vurderingsdelen av skjemaet. c) Fordeling av strategiske midler. Dag Husebø orienterte. LU 40/17 Eventuelt Campusutvikling ved UiS var meldt under eventuelt. Saka vart flytta til neste møte. 5