Navarsete vil ikke utrede oljeboring

Like dokumenter

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

IKT-kompetanse for øvingsskular

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Metodiske verktøy ved kursleiing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Forslag frå fylkesrådmannen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

FANTASTISK FORTELJING

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Frå novelle til teikneserie

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

6. trinn. Veke 24 Navn:

Informasjon til elevane

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

mmm...med SMAK på timeplanen

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

Kulturminneåret er i gang, og prosjektleder Sidsel Hindal er travel med å bistå, organisere og tjene høy og lav for å få markeringsåret på skinner.

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

«Ny Giv» med gjetarhund

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kva er økologisk matproduksjon?

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsplan mat og helse 7. trinn

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ny strategiplan for Høgskulen

Med tre spesialitetar i kofferten

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

ehandel og lokalt næringsliv

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Om å høyre meir enn dei fleste

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Transkript:

Side 22 Side 24 FREDAG 08.01.10 A-AVIS DISTRIKTS-NORGES RIKSAVIS NR. 6 2010 www.nationen.no MARKERING Skal feire Bjørnsons 100-årsjubileum TEATERVÅREN Blodig alvor på Nationaltheatret FOLKEMUSIKK Dårlig start for den nye Riksscenen Side 18 Hver fredag 9 sider > KulturbliKK «Dei må gjerne diskutere høyballar, men når låvane held på å forsvinne, kva skjer då?» Kulturvern Best og verst med kulturminneåret 18 Navarsete vil ikke utrede oljeboring Senterparti-leder Liv Signe Navarsete følger SV og går imot en konsekvensutredning av oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Miljøvernerne jubler. Side 5 Teater Uvanlig aktiv vår på Nationaltheatret 22 Folkemusikk Dårlig start for den nye Riksscenen 24 KOMMENTAR 3 Skremmende «Din melding til Mattilsynet kan være første skritt mot at naboen mister retten til å ha dyr. Det er skremmende.» 17 KULTURBLIKK 18 20 Drude Beer er kommentator i Nationen. Utvatna kulturminneår Målet var mangfald og engasjement. Det kosta om lag 18 millionar. Vi sit igjen med veldig lite, seier leiar i Fortidsminneforeningen, Elisabeth Seip (bildet) og får følgje av fleire sentrale aktørar i norsk kulturminnevern. Foto: Siri Juell Rasmussen DISTRIKT 4 Lokale sykehus kan bli dårligere Samhandlingsreformen medfører økt spesialisering og sentralisering. Det kan svekke lokalsykehusene, frykter Kommunenes interesseorganisasjon for lokalsykehus. NÆRINGSLIV 7 Bedrifter frykter stor eldrebølge Norske bedrifter står overfor et gigantisk generasjonsskifte. Det kommer til bli ekstra tøft for bedrifter i distriktene. Norge kan få et alvorlig problem. Det haster med tiltak, advarer eksperter. KOMMUNALT 10 11 Motiverer til miljøvern Live skal få Hadelandskommuner til å gi gass i klimasaken. FOTO: BJØRN BJØRKLI

Hver fredag 9 sider > 17 Kulturblikk Side 18 «Dei må gjerne diskutere høyballar, men når låvane held på å forsvinne, kva skjer då?» Side 22 Side 24 Kulturvern Best og verst med kulturminneåret 18 Teater Uvanlig aktiv vår på Nationaltheatret 22 Folkemusikk Dårlig start for den nye Riksscenen 24

kulturblikk 18 «Kulturminne Lorem ipsum dolor sit amet, er noko consectetuer meir adipiscing elit, sed enn diam berre nonummy å nibh euismod tincidunt noko.» ut laoree dolore magna minnest Elisabeth aliquam Seip, leiar i Fortidsminneforeningen erat volutpat. Navm Etternavn Kjernepunkt: Når ein gjer flyktige ting til kulturminne, får ein eit problem i forhold til det som er kulturminnevernets kjernepunkt, seier Elisabeth Seip, leiar i Fortidsminneforeningen.

19 Kulturminneåret 2009 er over. Det kosta om lag 18 millionar. Vi sit igjen med veldig lite, seier leiar i Fortidsminneforeningen, Elisabeth Seip og får følgje av fleire. Eit slag i lause lufta? Foto: Siri Juell Rasmussen Kulturminneåret 2009 tok for seg «Dagleglivets kulturminne». Målet var mangfald og engasjement. Ved årets slutt slår tre sentrale aktørar i norsk kulturminnevern fast: Vi sit igjen med lite. Dagleglivets kulturminner viste seg å vere meir enn det ein vanlegvis tenkjer på som kulturminner. Her dukka det opp hallodamer, hårfrisyrar og digitale forteljingar. No stiller Kulturminneåret 2009 sjølv spørsmålet til publikum: Kva er best og verst med kulturminneåret 2009? Vi hjelper dei litt på veg. Feil prioritering Direktør i Norsk Kulturarv, Grete Horntvedt meiner det er flott om ein har fått bevisstgjort mange på kulturminne. Mange har også engasjert seg, men ho stiller spørsmål ved prioriteringa: Ein er oppteken med å få fram dagleglivets kulturminne, i mellomtida rotnar kulturarven på rot. Kva er viktigast? Å få folk til å skrive noko inn på ein digital greie, eller ta dei tunga løfta for det som ramlar saman. Det er positivt at ein blir bevisstgjort, men det mange eigarar er opptekne av er å ta vare på gamle garder, setrer og naust. Ja, kva er viktigast? Å ta vare på bygningane som blir borte. Horntvedt er også skuffa over tildelinga frå Kulturminneåret. Vi er nitten organisasjonar i Norges Kulturvernforbund. Norsk kulturarv har fått inn til saman 20.000 kroner. Sparebankstiftelsen bidrog med ein million kroner til aksjonen «Rydd et kulturminne», som aktiviserte 7000, ifølgje Horntvedt. Svært lite har gått til frivillige organisasjonar. Mykje har gått til administrasjon. Sparebankstiftelsen bidrag har vore kjærkome, seier Horntvedt. Kva sit vi att med etter kulturminneåret? Forhåpentleg er det ei auka forståing for å ta vare på kulturarven, men det veit vi ikkje noko om. Eg veit heller ikkje om det blir gjort noko undersøking på det, seier Horntvedt. Fortidsminneforeningens leiar, Elisabeth Seip sukkar og seier ho vil begynne med det gode. Kva er viktigast? «Å få folk til å skrive noko inn på ein digital greie, eller ta dei tunga løfta for det som ramlar saman.» Grete Horntvedt Direktør i Norsk Kulturarv Eg synest dei har gjort ei stor satsing på den digitale sida. Elles har vi i foreininga vore ganske kritiske, vi meiner dei har gått for breitt ut. Kva er de kritiske til? Vi synest kulturminneomgrepet er blitt utvatna. Når ein gjer flyktige ting til kulturminne, får ein eit problem i forhold til det som er kulturminnevernets kjernepunkt: Å velje ut og bevare. Eg meiner ein må spørje seg om kor eigna det er å fokusere på dagleglivets kulturminne. Stolen etter bestemor er mitt private kulturminne, men det har lita meining om det ikkje står i ein samanheng. Kulturminne er noko meir enn berre å minnest noko. Kva sit vi igjen med etter kulturminneåret 2009? Veldig lite. Det har vore ei digital tilrettelegging. Det har vore nokre dugnader og arrangement og eg håper at kulturminneløyper får bestå, men vi sit ikkje igjen med noko handfast. Det har til dømes ikkje komme noko fleire pengar, lover eller vedtak om å styrke kulturvernet, seier Seip og legg til: Det viktigaste som skjedde i fjor var regjeringa si tiltakspakke. Det var eit viktig bidrag til vedlikehald av kulturminne som bidrog til sysselsetjing. Det hadde null og niks med kulturminneåret å gjere, seier Seip. Feigskap Kulturhistorikar og Nationen-spaltist Sjur Harby, som også står bak seminarrekkja Breidablikk, seier det slik: Mitt største ankepunkt er feigskapen. Eg saknar grunnleggjande spørsmål og diskusjonar om norsk kulturminnevern i eit kulturminneår. Vi har hatt eit anonymisert kulturminnevern, prega av politisk overstyring, seier Harby og held fram: Eg er samd med dei som seier at det blir praktisert ei utvatning av kulturminneomgrepet. Svært mange av dei store diskusjonane har ikkje kulturminneåret tatt tak i. Kvifor tar ein ikkje opp tema som organisering og økonomi, skattepolitikk og frådragsmuligheiter? Dei må gjerne diskutere høyballar, men når låvane held på å forsvinne, kva skjer då? Kva sit vi att med? Eg har ikkje noko svar. Ein kan gå til partiprogramma og spørje: Har det skjedd noko endring? Har dei ulike politiske partia fått større medvite når dei formulerer seg ved neste stortingsval? Eg veit ikkje kva evalueringssystem ein har for å sjå på verknaden av det arbeidet som er gjort. Eit slag i lufta, seier Sjur Harby. Meining Kommunikasjonsansvarleg ved Kulturminneåret 2009, Ulla Heli, har enno ikkje motteke noko svar frå publikum om kva som er best og verst med kulturminneåret. Spørsmålet er

kulturblikk 20 «Mitt største ankepunkt er feigskapen. Eg saknar grunnleggjande spørsmål og diskusjonar om norsk kulturminnevern i eit kulturminneår.» Politisk overstyring: Vi har hatt eit anonymisert kulturminnevern, prega av politisk overstyring, seier. Foto: Mariann Tvete nyleg lagt ut, men Heli seier dei ikkje er redde for kritikk og vil gjerne ha debatt. Mykje av debatten rundt kulturminneåret 2009 har dreidd seg om bruken av omgrepet kulturminne. Kulturminne har tidlegare blitt sett på som bygg av særleg verdi. Men året har vist ein god del «betydningsglidninger» gjennom møtet med folk. Kva er «betydningsglidninger»? Det handlar om korleis meiningane til ord forandrar seg over tid. P4 har hatt ein eigen serie der dei spør: «Kva synest du er ditt kulturminne?» Då svarar folk alt frå hårsveisar, røykegardinar på fly og brøytekantar. Det er veldig samansett, både materielle og immaterielle minne. Kulturminne er minner betinga av ein kulturell kontekst. Dette står klart i kontrast til ei anna meir juridisk bruk av omgrepet. Det har nok kome som ei overrasking på ein del fagfolk at denne oppfatninga står så breitt hos folk. Det er vel verdt å ta med seg, folk har ei eiga oppfatning av omgrepet. Det er stadig eit honnørord, men det gjeld ikkje berre bygningar. Sjølv meiner Heli noko av det artigaste har vore den gleda folk viser over å minnest. Ho meiner det har vore ei klar bevisstgjering av kva kulturminne er for noko. Kva betyr bevisstgjeringa når vi berre blir bevisste på våre eigne private minner? Men eg meiner det ikkje er privat. Vi lever i ei samtid som er prega av fortida, i eit samfunnsarkeologisk felt. Mange uttrykk for ulike historiske epokar omkransar oss heile tida. Det er mindre viktig om det er privat eller ei. Når ein er bevisst dette har ein eit heilt anna syn på tap. Då blir tap ein prosess som eksisterer rundt oss. Fortida er ikkje tapt og borte, men til stades i ulike formar, som ruinar, minner og forteljingar. Millionane På nettsidene til Kulturminneåret 2009 står det at det er sett av 18,1 millionar til kulturminnevernåret. Kva har dei 18. millionane gått til? Overføringane for 2009 har vore fem millionar frå Kulturdepartementet og sju millionar kroner frå Miljøverndepartementet. Dette skulle drifte sekretariatet og somme av dei store nasjonale prosjekta, seier prosjektleiar Sidsel Hindal. Fakta Kulturminneåret 2009 Er utført på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet Var i hovudsak gitt til Norges Kulturvernforbund, i lag med Riksantikvar og ABM-utvikling Har hatt eit sekretariat på fire kulturhistorikarar med seks formidlingsprosjekt: «Fordums kraft - nytt liv», «Ukens kulturminne», «Kulturminneløypa», «dagligliv.no», «Kulturminner på reise» og «Artikler om kulturvern» Omfattar også ABMutviklings «Digitale fortalt kulturminner på nett» og Riksantikvarens fredningar av kulturminne som sju melkeramper i Selbu og busskuret Grabben i Bjørnevatn. debatten «Mykje av debatten rundt kulturminneåret 2009 har dreidd seg om bruken av omgrepet kulturminne.» Ulla Heli Kommunikasjonsansvarleg ved Kulturminneåret 2009 Hindal legg til at av desse gjekk 3,6 til lokale tilskot, som både organisasjonar og privatfolk kunne søke på. 2,4 millionar gjekk som tilskot gjennom Norsk Kulturråd. Det vil seie at seks millionar har gått til prosjekt som folk har kunne søke støtte til. Rydding Kulturminneåret er dels ei sjølvstendig formidlingssatsing og dels ei satsing for å løfte fram og styrke eksisterande aktivitetar. Til dømes har «Rydd et kulturminne», som Norsk Kulturarv kjører, fått støtte av oss. Eg synest vi har fått mykje ut av dei midla som har blitt lagt fram, seier Hindal og nemner oppbygging av ein digital struktur. Det betyr å delta gjennom ulike nettsider? Til dømes har Østfoldmuseene sett dei ulike nettprosjekta som ligg der og brukt dei aktivt gjennom sin formidling, dokumentasjon og i samarbeid med skular og organisasjonar i sin region. For å spørje med Grete Horntvedt i Norsk Kulturarv: Kva hjelp det med digitale verktøy når låvar rotnar på rot? Det forstår vi også, men her var oppdraget at det skulle satsast på formidling. På den måten kan ein bidra til å aktualisere, sjå ting i samanheng sjølv om det ikkje kan redde noko. Eg trur at det blir uomtvisteleg at det er ein sektor der alle ser at det er behov for å få midlar til å drive dette viktige arbeidet. Det skulle vere eit år som skulle skape engasjement, bevisstgjering og nå ut til mange. Vi skulle også stimulere til eit ordskifte og skape engasjement, noko vi har klart. Synleg Korleis merkar de engasjementet? På mange måtar, alt frå stor søknadsmengde, til saman 8 900 søknader, til deltaking i prosjekt. Det var stor interesse rundt fredingane til Riksantikvaren. Det var mange debattar og mange innslag i nitimen. Det har vore arrangement i skular og barnehagar. Dette er eit område som folk bryr seg om. Vi visste at det var der, men no har vi klart å synleggjere det. Den langsiktige tenkinga har vore viktig. Utfordringa er at ein klarer å ta vare på det. Ja, kva skjer vidare? Prosjektet Digitalt fortalt, gjennom ABMutvikling, blir vidareført. Det er vedteke og er med på Statsbudsjettet. Kulturvernforbundet, som er ansvarleg gjennomfører av størstedelen av prosjektet, vil ta med seg erfaringar vidare og bruke det til å styrke organisasjonen. Kulturminneløypa er eit prosjekt som det jobbast bevisst med, kvar det vil ende kan eg ikkje seie per i dag. «Fordums kraft»-utstillinga som er eit stort prosjekt, vil vi også sikre ein heim til. Dei har også blitt kritisert for å teie ved dei store, aktuelle sakene i kulturminnevernet. Til dømes Nordli gard i Sørum. Kvifor var ikkje Kulturminneåret meir aktivt ute og meinte noko her? Vi har ikkje mandat til å meine noko, vi har mandat til å bringe fram mange stemmer. Vi kan ikkje meine det eine eller det andre. Ja, når det gjeld Nordli gard, som var ei forferdeleg tragisk sak, fokuserte vi på den på våre Facebook-sider og på nettsidene våre. Då du vart intervjua i Aftenposten i fjor vinter ville du som prosjektleiar i eit kulturminneår ikkje seie noko om dei store kulturbygningane i Oslo som Nasjonalgalleriet og Kunstindustrimuseet? Oppdraget Kulturminneåret 2009 hadde dagleglivets kulturminner som tema. Ein ting er rolla som prosjektleiar, det andre er at kunstmuseet og nasjonalgalleriet, som eg også synest er viktig sak, fell ikkje inn under det kulturminneåret sitt fokus. Tenkjer de då at fokus kanskje var feil? Eg trur dagleglivet har vore viktig for å kunne kommunisere med mange ulike grupper, og historia og samfunnet vårt består av så utruleg mange ulike fagområde. Vi har arbeidstid, fritid, heim, det var viktig å få fram breidda der. Praktbygga står der og er fantastiske, men vi fokuserte på det vi omgir oss med. I utgangspunktet kan det vere alt og det har vore viktig i forhold til den kommuniseringa som vi har gjort og bidraga som har kome inn. Desse diskusjonane blir det viktig å føre vidare. Val av tematikk har ført til ein reell diskusjon av kva som er verdt å ta vare på, seier prosjektleiar Sidsel Hindal. Laura Djupvik Laura.djupvik@nationen.no