HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201009419-8 Arkivnr. 714 Saksh. Bjercke, Sigrid Næsheim, Jostein Aksdal og Jens Harald Garden Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 22.02.2011 HØYRING, REGULERINGSPLAN FOR BERGEN KOMMUNE, ÅSANE E39 VÅGSBOTN, NORDRE BRURÅS, EIKÅSTUNELLEN SAMANDRAG Bergen kommune har sendt forslag til reguleringsplan for E39 Vågsbotn - Nordre Brurås, Eikåstunellen i Åsane, på høyring. Statens vegvesen fremjar planforslaget. Føremålet med planen er å regulere ombygging av eksisterande rundkøyring ved Vågsbotn og bygging av ny E-39, Eikåstunell med tilkopling til eksisterande veg i Vågsbotn og ved Haukås. Utbetring av stamveg er positivt i eit regionalt perspektiv. Hordaland fylkeskommune byggjer bussanlegg på Haukås og ei rask framdrift for Eikåstunellen vil vere viktig for å få ei snarleg og effektiv utnytting av bussanlegget. Ei realisering av planforslaget vil kome i konflikt med det regionalt viktige motorsportsenteret på Haukås, og vil gjere vidare drift vanskeleg. I høyringsperioden har det vore møte der det vart semje om ei alternativ løysing. Hordaland fylkeskommune føreset at planforslaget vil verte endra på dette punktet, men fremjar motsegn til planforslaget slik det er sendt på høyring. For å nå mål om redusert utslepp av klimagassar jamfør Klimaplan for Hordaland 2010-2020, etterlysar Fylkesrådmannen ei klarare prioritering av kollektivtrafikk i planforslaget.
FORSLAG TIL VEDTAK : 1 Ei ny kryssløysing og tunnel gjennom Eikås vil gje betre trafikksikring og kortare reisetid lokalt og for kommunane nord for Bergen. Tunellen er eit fleire naudsynte tiltak for god og effektiv samferdsel i bergensregionen.rask framdrift for Eikåstunellen vil vere viktig for å få ei snarleg, effektiv utnytting av bussanlegget på Haukås. 2 I klimaplan for Hordaland er det sett som mål at talet på reisande med kollektivtransport i Bergensområdet skal auke med 50% frå 2007 til 2020. Under utarbeiding av endeleg reguleringsplan ynskjer Hordaland fylkeskommunen å koma i dialog med omsyn til å finna løysingar for betre framkome for buss i rundkøyringa i Vågsbotn og i krysset nord for Eikåstunellen ved Eikås næringspark. 3 Planforslaget, skaper konflikt i høve til dagens bruk og utvikling av det regionalt viktige idrettsanlegget for motorsport på Eikås. Kultur og ressursutvalet er kjent med at det er under arbeid ein alternativ løysing som ikkje øydelegg for drift av senteret. Kultur og ressursutvalet fremjar likevel motsegn til planforslaget slik det er lagt fram. Om Bergen kommune endrar planforslaget i samsvar med alternativ 1, i notat frå Statens vegvesen av 29.11.2010, vil Hordaland fylkeskommune trekkje motsegna i saka. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Notat frå Statens vegvesen av 29.11.2010, (dok 9 ) Forslag til plan kart dagsett 15.10.2010 ( teikning 001, 003 og 004, del av dok 6) FYLKESRÅDMANNEN, 02.02.2011: 2
Bakgrunn Bergen kommune har sendt forslag til reguleringsplan for Åsane gnr 199 m.fl. E 39 Vågsbotn - Nordre Brurås. Vi mottok brevet 30.12.2011 med høyringsfrist 09.02.2011. Hordaland fylkeskommune kan gje fråsegn til planforslaget og fremje motsegn dersom forslaget er i vesentleg strid med regionale interesser nedfelt i fylkesplanen eller der vi har sektoransvar. Fylkesrådmannen tilrår å vurdere motsegn. Kultur og ressursutvalet kan fremme motsegn til reguleringsplanar. Planinnhald Planområdet omfattar delvis eksisterande E39 samt grøntområde og bygningar. Formåla med reguleringsplanen er å betre trafikktryggleik på E 39 og i rundkjøringa i Vågsbotn, regulere tunnel gjennom Eikåsen og få ein betre trafikkløysning mot Eikås motorsenter og næringsområde. Det er gjort funn av elvemusling som er raudlista i Haukåsvassdraget. Planarbeidet har teke omsyn til elvemuslinga. Planområdet er sett av til ny vegtrase med tunnel i gjeldande kommune- og kommunedelplan. Veganlegget er tidligare regulert i reguleringsplan Plan 9970000, og seinere endra i plan 18580000. Det nye planforslaget er utarbeidd for å etterkomme strengare krav om trafikktryggleik med krav om to tunelløp i staden for eit. Planen regulerer ny veg med fire felt frå rundkøyringa i Vågsbotn, tunnel gjennom Eikås, og veg i dagen fram til Nordre Brurås. Etter tunellmunningen i nord blir felta på firefeltsvegen ført saman til tofeltsveg. Avkøyring til Eikås næringsområde med bussanlegg og Eikås Motorsportsenter er del av planforslaget. Vurdering Regionalt utbyggingsmønster: Ei ny kryssløysing og tunnel med to løp, gjennom Eikås vil gje betre trafikksikring og kortare reisetid lokalt og for kommunane nord for Bergen. Tiltaket vil gjere miljøtilhøva betre for bustadområde på Vikaleitet. Tunellen er ei av fleire naudsynte tiltak for god og effektiv samferdsel i bergensregionen. Samferdsel Kollektiv I klimaplan for Hordaland er det sett som mål at talet på reisande med kollektivtransport i Bergensområdet skal auke med 50% frå 2007 til 2020. I planområdet som er ein del av stamvegnettet mellom bergensområdet og Nordhordland, vil det vere viktig med gode løysingar for framkome for buss. I dag er det fire armar i rundkøyringa i Vågsbotn og vegkrysset verkar som ein flaskehals med lange køar. Planframlegget viser ein femte arm inn i rundkøyringa, noko som i følgje planskildringa, vil føre til at talet på konfliktpunkt vil auke. Forslag til endring går ut på å auke dimensjonen på rundkøyringa slik at avstanden mellom konfliktpunkta vert større. Regulering av en stor rundkjøring i krysset E16 x E39 gjer at trafikksikring vert betra. For å unngå kø tilbake i tunnelen held ein fram med ei løysning med filterfelt frå nord. Hordaland fylkeskommunen byggjer bussanlegg i Haukås næringspark. Avkøyringa er vist på plankart 004. Det vil vere viktig å sikre løysingar for flyt i trafikken frå bussanlegget og inn på E39, til dømes med rundkøyring eller lysregulering. Under utarbeiding av endeleg reguleringsplan ynskjer Hordaland fylkeskommune å kome i dialog med Bergen kommune og Statens vegvesen for å finna løysingar for framkome for buss i rundkøyringa i Vågsbotn og i krysset nord for Eikåstunellen ved Eikås næringspark. Rask framdrift for Eikåstunellen vil vere viktig for å få ei snarleg, effektiv utnytting av bussanlegget. 3
Sykkel Det er positivt at det vert lagt til rette for delt funksjon og samanhengande gang- og sykkeltilbod langs strekninga på nord- og sørsida av tunnelen. Redusert trafikk på vegen rundt Vikaleitetet vil også gjere sykling meir attraktivt. Idrettsanlegg I høve til Eikås Motorsenter, som er eit regionalt motorsportsenter i Hordaland vil planforslaget ha innverknad for framtidig bruk av idrettsanlegget. I forslaget til ny trasé gjennom Eikåsen, er ny tilkomstveg for grunneigarar og industriverksemd (steinbrot) lagt over depotplassen til motorsportsenteret. Dette inneber at det ikkje er mogleg å avvikle verken trening eller arrangement i motorsportsanlegget. Eikås motorsportsenter er klassifiserte som fylkesidrettsanlegg. Idrettsanlegg på dette nivået er store og kostnadskrevjande med høg standard, der det kan arrangerast norske meisterskap og større internasjonale idrettsarrangement. Ordninga har dei seinare åra vorte utvida til idrettsanlegg med regional verdi. Eikås Motorsenter er eitt av 19 anlegg i Hordaland som har fått det fylkeskommunale investeringstilskotet på grunn av den viktige rolla senteret har for utøving av motorsport både lokalt, regionalt og nasjonalt. I Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (2008-2012) Aktiv kvar dag vert det stadfesta at den regionale idretts- og friluftslivspolitikken har som mål at innbyggjarar i Hordaland skal kunne vere aktive etter eigne ønskje og føresetnader i anlegg og friluftsområde, helst i nærleiken til der dei bur. Ei reduksjon eller avgrensing i bruk av Eikås Motorsenter vil ha konsekvensar for den regionale idretts- og friluftslivspolitikken. Eikås motorsportsenter er eit fleirbruksanlegg der det er mogleg å drive med ulik organisert motorsportsaktivitet, til dømes go-kart, trial, bilcross og rallycross. Aktiviteten er tilrettelagt for mange ulike aldersgrupper, spesielt for ungdom. Eikås Motorsenter stiller motorsportsanlegget ope for trafikksikringskurs og statlege etatar (Helse Bergen, politiet m. fl) har opplæring/trening i trafikktryggleik. Hordaland friomsorgskontor (Kriminalomsorgen) nytter Eikås Motorsenter i samband med gjennomføring av samfunnsteneste/samfunnstraff. Motorsenteret har motteke statlege spelemidlar til utvikling av motorsportsanlegget. I følgje Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2010 (V-0732, KUD) pliktar mottakar av spelemidlar (anleggseigar) å halde anlegget ope for allmenn idrettsleg aktivitet i 40 år frå ferdigstilling av anlegget. Ved misleghald av fastsette krav, kan Kulturdepartementet krevje at tilskotet blr betalt attende. Planforslaget slik det er sendt på høyring, er i konflikt med dagens bruk og utvikling av fylkesidrettsanlegget for motorsport i Hordaland. I notat frå Statens vegvesen til Bergen kommune (datert 29.11.2010) vert det skissert to alternative løysningar der Eikås Motorsenter sitt anlegg ikkje vert rørt ved. Desse alternativa vart ikkje del av materialet som vart lagt ut til høyring. Seinare i høyringsperioden har det vore møte med mellom anna planfremjar, grunneigare, kommunen og kulturavdelinga i fylkeskommunen, der alternative løysingar vart drøfta. I møtet vart ein samde om å arbeide vidare med ei ny løysing for tilkomstveg, vist som alternativ 1 i notat frå Statens vegvesen. Hordaland fylkeskommune legg til grunn at ein no kan bli einige om ei løysing, men fremjar motsegn til planforslaget slik planen er lagt fram. Om Bergen kommune endrar planforslaget i samsvar med alternativ 1 av 29.11.2010, vil Hordaland fylkeskommune trekkje motsegn i saka. Alternativ er vist i notat frå Statens vegvesen i dokument 9, som ligg ved saka. Kulturminnevern På møte mellom Hordaland fylkeskommune og Vegkontoret den 24/09 2010 vart det lagt fram 4
plankart som viser forslag til trase. Det regionale kulturminnevernet ser at endringane i ny oppstartsmelding med omsyn til kulturminneinteressene i området er små. Hordaland fylkeskommune vurderer difor at registreringa frå 2007 og dekkjer dei endringane som no ligg føre. Det blir difor ikkje stilt krav om tilleggsregistrering jf. 9 i kulturminnelova. Samandrag Ei utbetring av stamveg E39 er positivt i eit regionalt perspektiv. Planforslaget er i konflikt med regionalt motorsportsenter då tilkomstveg er lagt over depotplass for senteret og vil øydelegge for fortsett drift. Ei alternativ løysing der ein flyttar avkjørsla er under arbeid. Fylkesrådmannen føreset at saka kan løysast, men fremjar motsegn til planforslaget slik det er lagt ut til høyring. Fylkesrådmannen har merknader til rundkøyringa i Vågsbotn og kryssløysing ved Håukås næringspark. For å nå målet om redusert utslepp av klimagassar og auka kollektivandel, jamfør Klimaplan for Hordaland 2010-2020, bør omsynet til kollektivtrafikk få ei klar prioritering i planforslaget. Under utarbeiding av endeleg reguleringsplan ynskjer Hordaland fylkeskommune å kome i dialog for å finne løysingar for betre framkome for buss i rundkøyringa i Vågsbotn og i krysset nord for Eikåstunellen ved Eikås næringspark. Rask framdrift for Eikåstunellen vil vere viktig for å få ei snarleg, effektiv utnytting av det fylkeskommunale bussanlegget på Haukås. 5