Anne Elisabeth Katmo From: Sigurd Felde <sigurd.felde@fnf-nett.no> Sent: 5. oktober 2017 15:10 To: Anne Elisabeth Katmo Subject: Reguleringsplan Myrdal stasjon Hei Eg berre lurer på om det er mogleg å få noko meir detaljerte plan for Myrdal stasjon som dokke er utbyggarara av? I forhold til planovergangen: Er det kunn tatt hensyn til sommartrafikken, eller er det ein planovergang som kan brukast av skituristar vinterstid og? Skiturismen i området er i sterk vekst, spesielt innanfor topptursegmentet, so viktitg at det blir tatt hensyn til. Uansett, eit godt tiltak som sikkert vil gagne mange. Mvh Sigurd Felde Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane 1
Sakshandsamar: Dag Endre Stedje Vår dato Vår referanse Telefon: 57643150 03.11.2017 2017/3447- /421.4 E-post: fmsfdst@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 05.10.2017 Rambøll Postboks 9420 Sluppen 7493 TRONDHEIM Fråsegn til oppstartvarsel for arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon i Aurland kommune Vi viser til oversending dagsett 04.10.2017. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for sikker kryssing av togspora for mjuke trafikantar på stasjonsområdet. I tillegg er det behov for ny plattform til spor 2 (Bergensbanen). Fylkesmannen ser det som positivt at det skal leggast til rette for sikker kryssing av togspora for mjuke trafikantar på stasjonsområdet, og har ikkje avgjerande merknader til oppstartvarslet. Med helsing Heidi Sandvik seniorrådgjevar Dag Endre Stedje seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har difor ikkje underskrift. Kopi: Aurland kommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde
Rambøll Norge AS - Trondheim Postboks 9420 Sluppen 7018 TRONDHEIM Vår dato: 20.10.2017 Vår ref.: 201707254-2 Arkiv: 323 Dykkar dato: 04.10.2017 Dykkar ref.: Anne Elisabeth Katmo Sakshandsamar: Ole-Jakob Sande 1 Fråsegn til varsel om planstart - arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon - GBnr 47/73 mfl - Aurland kommune Viser til brev datert 04.10.2017. Saka gjeld varsel om planstart for arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon. Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for sikker kryssing av togspora for mjuke trafikantar på stasjonsområdet. I tillegg er det behov for ny plattform til spor 2 (Bergensbanen). I aktsemdkart for skred, jf. NVE Atlas er planområdet definert som potensielt fareområde for snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred. Det betyr i første omgang at det må gjerast ei nærare vurdering av skredfaren i samband med planarbeidet. Til dette arbeidet må det nyttast tilstrekkeleg fagleg kompetanse, og skredfarevurderinga må underleggast kontroll av sidemann eller uavhengig part. Dersom skredfaren er reell må det definerast faresonegrenser i samsvar med tryggleikskrava i Byggteknisk forskrift (TEK17). Ev. fareområde må innarbeidast i planen, dvs. syne som omsynssone (jf. PBL 12-6), og ha tilhøyrande føresegner som sikrar akseptabel tryggleik før utbygging kan finne stad. Dersom det er trong for sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik rår vi til at det aktuelle området vert teke inn i planen. NVE har utarbeidd ei prosedyreskildring for identifisering, vurdering og kartlegging av skredfare i bratt terreng ved utarbeiding av arealplanar. Vi oppmodar om å nytte prosedyren så langt som det er naudsynt for å avklare skredfaren i området. Til prosedyreskildringa er det kopla to rapportmalar som kan nyttast i arbeidet. NVE retningsline 2/2011, Flaum- og skredfare i arealplanar seier korleis erosjons- flaum- og skredfare bør greiast ut, takast omsyn til, og innarbeidast i kommunale arealplanar etter PBL. Retningslina, samt anna rettleiingsmateriell, kan lastast ned frå https://www.nve.no/flaum-ogskred/arealplanlegging/. Vi syner elles til NVE sine sider om arealplanlegging, https://www.nve.no/flaum-ogskred/arealplanlegging/. Der ligg mellom anna ei sjekkliste for vurdering av tema innanfor NVE sine forvaltningsområde. E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvegen. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen Postboks 2124 Postboks 4223 0301 OSLO 7075 TILLER 8514 NARVIK 3103 TØNSBERG 6800 FØRDE 2307 HAMAR
Side 2 Med helsing Brigt Samdal regionsjef Ole-Jakob Sande senioringeniør Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Vedlegg: Kopi til: post@aurland.kommune.no
Side 1 av 2 Nærings- og kulturavdelinga Rambøll Norge AS Postboks 427 Skøyen 0213 OSLO Sakshandsamar: Glenn Heine Orkelbog E-post: Glenn.Heine.Orkelbog@sfj.no Tlf.: 41530612 Knut Åland E-post:knut.aland@sfj.no Vår ref. Sak nr.: 17/7911-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 40013/17 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 24.10.2017 Oppstart av arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon gbnr. 47/73 - Kulturminnefagleg fråsegn Vi viser til brev av 4. oktober 2017, der Rambøl melder om at det vert starta opp eit arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon i Aurland kommune. Automatisk freda kulturminne Sogn og Fjordane Fylkeskommune har i dag ikkje kunnskap om automatisk freda kulturminne i tiltaksområdet. Vi har såleis ikkje avgjerande merknader til planen når det gjeld omsynet til automatisk freda kulturminne. Vi ser likevel ikkje bort i frå at det kan ligge automatisk freda kulturminne i det området som søknaden gjeld. Vi ber difor om at tiltakshavar vert gjort merksam på følgjande. Tiltakshavar har plikt til å vise varsemd og til å straks melde frå til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga dersom ein under arbeidet skulle støyte på automatisk freda kulturminne, jfr 8, 2. ledd i Lov om kulturminne. Automatisk freda kulturminne kan i denne samanheng vere konsentrasjonar av trekol i under grunnen eller i groper, steinsettingar eller samling av stein, samt våpen, reiskap og liknande i metall eller stein. Kulturminne frå nyare tid På Myrdal stasjon er det 3 SEFRAK- registrerte bygningar. Dette er stasjonsmeisterbustaden, stasjonsbygningen og pakkhuset. Samla utgjer desse bygningane eit viktig verneverdig kulturmiljø. Stasjonsmeisterbustaden er datert til 1895 med eit påbygg i 1920 1930 åra. Stasjonsbygningen, Myrdal stasjon er frå same tidsperiode. Denne bygningen har fått eit påbygg av reisverk i 1920-30 åra. Pakkhuset er opphaveleg frå 1895, men har seinare påbygg i to omgangar. Nord for stasjonen og på vestsida av sporet, ligg det ein SEFRAK- registrert ruin etter ei anleggsbarakke som vart sett opp i samband med anleggsarbeidet på Bergensbanen. Her er det berre grunnmuren som viser i terrenget. Mot vest ligg det 3 andre ruinar murar etter anleggsbarakke frå bygginga av Bergensbana. Myrdalsleitet Forsamlingshus, er registrert som vedtaksfreda bygning. «Myrdal Forsamlingshus er ein rektangulær bygning oppført i fuga gråsteinsmur. Taket er eit skifertekt saltak med ark mot søraust. På grunn av det bratte terrenget ligg langfasaden mot nord fritt, medan sørfasaden ligg delvis nedgravd i bakken. Tilbygget i nordvest er av tre, og det er eit bislag på østre gavl. Tilbygget er truleg like gamalt som hovuddelen av bygget. Denne er kledd med liggjande fas- /staffpanel. Det er tømmermannspanel i gavltrekanten mot vest og på arkoppbygget. Bislaget som er frå 1970,har eit valma pulttak, og veggane er kledde utvendig med weatherboardpanel». Både Myrdalsleite Forsamlingshus og dei SEFRAK- registrerte bygningane er viktige kulturminne som ikkje må komme til skade ved det føreståande anleggsarbeidet. I samband med Besøksadresse: Postadresse: E-post: post@sfj.no Kultur: Storehagen 1B, Førde Askedalen 2 Heimeside: Næring: Fylkeshuset, Leikanger 6863 LEIKANGER www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 2 reguleringsplanarbeidet vil vi tilrå at desse bygningane og arealet rundt, vert regulert med omsynssone H570 og reguleringsføresegner som sikrar bygningane og dei kulturhistoriske verdiane for framtida. Med helsing Ingebjørg Erikstad Ass. fylkesdirektør Glenn Heine Orkelbog rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Mottakar (ar) Rambøll Norge AS Postboks 427 Skøyen 0213 OSLO
Anne Elisabeth Katmo From: Siri Bøthun Naturforvaltning <post@sbnatur.no> Sent: 6. november 2017 11:12 To: Anne Elisabeth Katmo Cc: 'Ingunn Bårtvedt Skjerdal' (ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no); trygve.skjerdal@privat.alb.no; 'Olav J. Bøtun (olav.j.botun@sogn.no)'; Per Aksel Knudsen Subject: SV: Oppstart av arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon gnr/bnr 47/73 med fleire i Aurland kommune Hei Takk for varsel om oppstart av planarbeid på Myrdal stasjon. Me ser ikkje nokon umiddelbar trong for merknad til saka, men set pris på å være på adresselista for høyring. Villreinnemnda ynskjer å sjå framlegget til plan når dette er klart, slik at me evt. kan gje innspel dersom me ser nokon fare for konflikt, det kan også handle om omsyn under utføringa av arbeidet. Med helsing Siri Wølneberg Bøthun Sekretariatet Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd Sogn Naturforvalting AS Fresvikvegen 995 6896 Fresvik post@sbnatur.no tlf.: 97514784 Fra: Anne Elisabeth Katmo [mailto:anne.elisabeth.katmo@ramboll.no] Sendt: 5. oktober 2017 09:24 Til: fmsfpost@fylkesmannen.no; postmottak.sentraladm@sfj.no; rv@nve.no; Siri Bøthun Naturforvaltning <post@sbnatur.no>; sognogfjordane@fnf-nett.no; post@aurland.kommune.no; info@visitflam.com; info@sognefjord.no Kopi: Stene Knut Oddvar (Knut.Oddvar.Stene@banenor.no) <Knut.Oddvar.Stene@banenor.no>; Dretvik Håvard Mordal (Havard.Mordal.Dretvik@banenor.no) <Havard.Mordal.Dretvik@banenor.no>; Dagfinn Hårstad <dagfinn.harstad@ramboll.no> Emne: Oppstart av arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon gnr/bnr 47/73 med fleire i Aurland kommune Hei! I samsvar med plan- og bygningsloven 12-8 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan for Myrdal stasjon gnr/bnr 47/73 med fleire i Aurland kommune. Bane NOR er tiltakshavar og Rambøll bistår med reguleringsarbeidet. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for sikker kryssing av togspora for mjuke trafikantar på stasjonsområdet. I tillegg er det behov for ny plattform til spor 2 (Bergensbanen). Meir informasjon i vedlagde brev. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Anne E. Katmo anne.katmo@ramboll.no eller 95 15 21 10 1
Med vennlig hilsen Anne Elisabeth Katmo Arealplanlegger M +47 95152110 anne.katmo@ramboll.no Rambøll Mellomila 79 PB 9420 Sluppen N-7493 Trondheim www.ramboll.no 2
Telefonsamtale med Eldrerådet v/marit Berge Dato: 06.11.2017 Det er stor glippe mellom perrongen og stigbrettet på togene på Myrdal stasjon. Spesielt utfordrende på vinterstid. Bedring? Om det er planer om å gjøre Myrdal stasjon om til en stille stasjon vil dette medføre kaos med et så stort antall reisende og tog i tre retninger på stasjonen på samme tid. Vil gjerne informeres framover har også mye lokalkunnskap, kontaktinfo: marit.berge@privat.alb.no