Prosjektnamn: Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland - BULYST HORDALAND Oppdragsgjevar: Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: Nina Broch Mathisen, Innovasjon Norge Ole Bakkebø, Fylkesmannens landbruksavdeling Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune som representantar for Regionalt Næringsforum NN, Hordaland fylkeskommune NN, Hordaland fylkeskommune Start: hausten 2007 Slutt: hausten 2010 1. Bakgrunn og grunngjeving for prosjektideen Landbruksavdelinga, Innovasjon Norge-Hordaland, Sparebanken Vest og Hordaland fylkeskommune vil samarbeide for å stimulere lokal utviklingskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. Bygder, tettstader, ein småby eller eit strok i ein større by, alle stader er unike. Likevel kan det vere fellesnemnarar for gode utviklingsprosessar som gjer det interessant å hente inspirasjon hos kvarandre både når det gjeld fysisk tilrettelegging i nærmiljøet, styrking av identitet eller næringsutvikling og mobilisering for nyskaping. Som bakgrunn for utforming av programmet ligg fleire år med utvklingsprosjekt, faglege utgreiingar og sist eit samrådingsmøte med fleire aktørar i Hordaland i februar 2006 1. Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp: Langsiktig og tilrekneleg satsing for utvikling i lokalsamfunn. Stimulere til engasjement og initiativ for utvikling i eige lokalsamfunn ( Bottom-up ) Læring og erfaringsutveksling med andre lokalsamfunn lokalt, på fylkesnivå eller nasjonalt/internasjonalt. Ungdom må vere ein sentral aktør i arbeidet. Samhandling mellom ulike aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt. Kommunane må delta aktivt. Satse både i distrikt og bymiljø Programmet vil vere med å realisere det prioriterte innsatsområdet i Regionalt utviklingsprogram Livskraftige lokalsamfunn. Programmet legg opp til tett samarbeid mellom Fylkesmannen, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen. 1 Rokkan-notat 14/2005 Perspektiv på bygdeutvikling, faglege utgreiingar og prosjekt som til dømes Trivselgrenda og Bærekraftig næringsutvikling i lokalsamfunnet i Hordaland, Bygdeutvikingsprogrammet i Sogn og Fjordane. versjon 12.04.06 1
2. Hovudmålsettingar Program for lokalsamfunnsutvikling skal vere ei langsiktig satsing 2. Dersom evalueringa tilseier det, er tanken å halde fram programmet etter 2010 slik at læringsprosessen held fram og bygdene får eit oversiktleg tilbod utover ulike prosjektperiodar. Viser til bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane som har pågått sidan 1992. Effektmål Vedvarande mobilisering av lokal utviklingskraft gjennom systematisk innsats frå partnarskapen på fylkesnivå for å 1. Auka trivsel og bulyst i Hordaland 2. Styrka lokal entreprenørskap Resultatmål 1. Stimulere utviklingsprosessar i 3-9 lokalsamfunn i løpet av treårsperioden. Kvar bygd skal utvikle lokal handlingsplan i ein brei prosess 2. Kompetanseutvikling i dei utvalte bygdene og andre 3. Nyskaping og entreprenørskap i dei utvalte bygdene 4. Utvikle samarbeid og nettverk mellom lokalsamfunn 5. Årleg konferanse om lokalsamf/småsamf/bygdeutvikling som er open for alle interesserte i Hordaland. Kople oss til nasjonale/internasjonale erfaringar og kunnskapsmiljø. 6. Lærande prosess med fokus på mulegheiter, kommunikasjon og identitetsbygging 7. Medieomtale 3. Aktivitetar i prosjektet Aktivitetane i prosjektet skal gjennomførast i eit tett samarbeid mellom Fylkeskomunnen, Fylkesmannen, Innovasjon Norge. Konferansar og seminar skal gjennomførast som fellestiltak. Prosjektleiar på fylkesnivå skal jobbe oppsøkjande og pro-aktivt på lag med dei utvalte bygdene. Prosjektleiar kan hjelpe med prosess, nettverksbygging, tilrettelegge kunnskap og innovasjonsfokus gjennom tiltak for livslang læring, trainee-utplasseringar, samarbeid med høgskular om studentoppgåver og liknande. Det skal også vere eigne nettverkssaktivitetar mellom dei lokalsamfunna som blir valt ut. Program for lokal utvikling har tre delar A. gi økonomisk støtte, rådgjeving og nettverk til utvalte lokalsamfunn i 3 år B. gi tilbod om nettverksdeltaking til alle aktørar C. formidle tilbod om formell kompetanse i utviklingsarbeid i lokalsamfunn 2 Rokkan-notatet har peikt på prosjekttyranniet versjon 12.04.06 2
A.Utvalte lokalsamfunn Det må utarbeidast profil, logo og nettside for prosjektet. Utlysning og kommunikasjon med lokalsamfunna må skje med bruk av eigen profil og logo. Nettsida skal aktivt brukast ved utlysning og i den vidare dialogen med lokalsamfunna. Det skal etterkvart leggast ut materiale til bruk og læring for andre. Døme på dette kan vere prosjektplanar, lokal organisering, referat frå møter, ulike aktuelle tema og invitasjonar til samlingar og konferansar. Felles utlysing av midlar (FMLA, HFK, IN) til lokal utvikling ein gong pr år. Dei utvalte lokalsamfunna får midlar kvart år til stimuleringstiltak, småinvesteringar, aktivetatar, honorar, mobilisering og prosessar. Det første året får dei kr 60.000 frå programmet og kommunen må medverke med kr 20.000 årleg. Med utgangspunkt i ein kort handlingsplan får kvart lokalsamfunn dei to neste åra frå kr 50.000 100.000 frå programmet i tillegg til andelen frå kommunen. Kommunane må også delta aktivt i høve til lokalsamfunnet utover pengeløyvinga. Det må og vere råd å søkje midlar utanom programmet til å delfinansiere større prosjekt/tiltak som kjem opp i den lokale prosessen. Vi startar med 4 bygder/lokalsamfunn. Dei deltar i 3 år. Kvart år tar ein opp 2 nye bygder/lokalsamfunn. For at eit lokalsamfunn kan komme med, må kommunen gi kr 20.000,- og vere aktiv i høve til sitt lokalsamfunn. B. Nettverk og læring Programmet skal stimulere til erfaringsutveksling og læring om lokal utvikling gjennom ulike samlingar, konferansar, skriftleg og digital dokumentasjon, studieturar og liknande. Program for lokalsamfunnsutvikling skal innehalde inspirasjon, påfyll og opplæring for lokale ildsjeler, kommunepolitikarar og administrasjon og evt. repr. for frivillige organisasjonar og næringsliv og offentlege aktørar og forskningsmiljø. Det skal m.a. vere ein årleg konferanse om lokal utvikling med gode døme frå eige fylke, nasjonalt og internasjonalt, faglege innlegg og inspirasjon. Denne nettverks/kompetanse-delen i programmet skal vere open for alle lokale prosjekt til dømes landskapsprosjektet, trivselgrendnettverket, bygdeutvikling, tettstadutvikling, nærmiljø, småsamfunn og andre interesserte. Etter endt 3-års periode kan lokalsamfunna og kommunerepr. fortsatt vere med i fylkesnettverket I tillegg blir det eigne nettverksaktiviteter i mindre skala for dei utvalte bygdene som del av deira utviklingsarbeid. C. Formell kompetanse Programmet skal vurdere behovet for formell kompetanse og sørge for at det blir tilbudt relevant opplæring i løpet av programperioden. Det må evt. søkjast eigen finansiering for dette tilbodet. versjon 12.04.06 3
Fase I: haust 07 haust 08 1. Etablere styringsgruppe 2. Informere om programmet 3. Engasjere prosjektleiar 4. Lage aktivitetsplan for prosjektets første år. 5. Lage profil, logo og nettside. 6. Lage kriteria for utveljing av bygder. Sikre at nye bygder/lokalsamfunn vert trekte med. Ta omsyn til nasjonale og regionale signal. 7. Vurdere føljeforsking/evaluering, evt som studentoppgåver 8. Utlyse midlar og fortelle om programmet 9. Styringsgruppa velgjer ut lokalsamfunn 10. Utvikle ei nettløysing for programmet, kopling mot eksisterande sider 11. Oppstartssamling med dei utvalde lokalsamfunna. 12. Mobiliserings- og tiltaksprosessar i dei utvalde lokalsamfunna skal resultere i handlingsplanar som kan iverksetjast. 13. Resultat frå prosessane og analysar av utfordringar og mulegheiter i bygdene dannar grunnlag for dei planlagde lokale tiltaka og kan også vere innspel til felles tiltak 14. Fagleg påfyll og erfaringsutveksling. 15. Arangere konferanse/seminar. Fase II : haust 08 haust 09 1. Dokumentere erfaringar frå år 1. Melding til partnarane 2. Vurdere revisjon før ny utlysing, oppdragsgjevarar skal involverast 3. Informasjon og erfaringsutveksling til nye lokalsamfunna. 4. Søknad frå nye lokalsamfunn om å delta. 2 nye lokalsamfunn blir tatt opp i programmet kvart år. 5. Fagtur og erfaringsutveksling for lokalsamfunna og andre aktørar knytt til programmet 6. Fagleg oppfølging frå FK/FM 7. Arrangere konferanse/seminar Fase III haust 09 haust 10 1. Dokumentere erfaringar frå år 2. Melding til partnarane 2. Vurdere revisjon før ny utlysing, oppdragsgjevarar skal involverast 3. Søknad frå nye lokalsamfunn om å delta. 2 nye lokalsamfunn blir tatt opp i programmet 4. Evaluering: Denne 3-årsfasen av programmet skal evaluerast for å sikre kvaliteten vidare og intensjonen er å halde kontinuiteten i satsinga. Evalueringa bør vere ferdig ½ år før programmet skal avsluttast slik at eit evt. framhald kan skje utan store avbrot. 5. Nettverksaktivitetar og konferanse 6. Planlegge vidareføring av programmet 7. Rapportering og oppsummering ved milepæl versjon 12.04.06 4
4. Organisering rapportering Prosjektleiaren skal vere ein tilsett i Hordaland fylkeskommune som kan nytte 60% av tida si til programmet. Tilsette hos oppdragsgjevarane skal samarbeide med prosjektleiar om gjennomføring av programmet. Prosjektet skal gjennomførast med eit tett samarbeid på fylkesnivå. Prosjektleiaren skal ha nær kontakt med Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Styringsgruppe: Representantar frå Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Sparbanken Vest, ei kommune og eit lokalsamfunn. Styringsgruppa skal medverke med kompetanse og sikre framdrift i prosjektet og sikre heilskapen rundt satsinga. Styringsgruppa skal vere pådrivar for å jobbe meir effektivt i det breie nettverket. Oppdragsgjevarane skal ha informasjon ein gong pr år eller ved behov og i tillegg skal det rapporterast til RNF. Lokale arbeidsgrupper: Ulike representantar frå lokalsamfunn/bygd, kommuneadministrasjon, prosjektleiar og evt. andre ressurspersonar på kvar stad. 5. Budsjett og finansiering Kostnadar 2007 2008 2009 Stimuleringsmidlar til lokalsamfunna 240.000,- 360.000,- 360.000,- (4, 6, 6 lokalsamfunn) Fellestiltak, drift av nettverket, mindre 250.000,- 410.000,-^ 410.000,-^ kompetanseheving, gjennomføring av konferanse m.m. Administrasjon og andre driftsutgifter, 50.000,- 50.000,- 350.000,-* reiser, evaluering, diverse SUM 540.000,- 820.000,- 1.120.000,- * siste års budsjett omfattar kr 300.000 til evaluering ^ i 2008 og 2009 vil det bli gjennomført lokalsamfunnskonferansar som vil kreve meir finansiering enn fellestiltaka i 2007. Stimuleringsmidla til lokalsamfunna skal vere faste første året. Men i dei to neste åra kan styringsgruppa tildele ulike beløp mellom kr 50 og 100.000 i tillegg til den kommunale finansieringa, alt etter handlingsplanane som kjem inn. Dersom nokon treng meir pengar, kan det bli færre lokalsamfunn enn i planen. versjon 12.04.06 5
Finansiering 2007 2008 2009 Hordaland Fylkeskommune 250.000,- 390.000 550.000 Fylkesmannen i Hordaland 200.000,- 250.000 350.000 Innovasjon Norge 50.000,- 80.000 100.000 Sparebanken Vest 40.000,- 100.000 120.000 SUM 540.000,- 820.000 1.120.000 7. Kritiske risikofaktorer Felles evne og vilje til å få til ting blir avgjerande for å lukkast. Både kommunen og lokalsamfunnet må vere motivert for og budd på endringsprosessar. Breie prosessar lokalt i utvikling av handlingsplan, slik at det ikkje blir klubbutvikling. Opplæring i prosjektorganisering for dei lokale aktørane. Dekking av reiseutgifter og godtgjering av tapt arbeidsinntekt på samlingar utanfor lokalsamfunnet slik at dei lokale aktørane kan delta i nettverket. Raske synlege resultat Dato:... Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune.... Ole Bakkebø, Fylkesmannen i Hordaland.... Nina Broch Mathisen, Innovasjon Norge versjon 12.04.06 6