Fagleg rapport frå prosjektet Bringebær under tak, og i forlengja sesong 2008. (Av: Gabriela Lundberg, FBØ)



Like dokumenter
Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær

Rapport prosjekt «høy til hest»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

mmm...med SMAK på timeplanen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Gjødselvatning. pr daa:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Kva er økologisk matproduksjon?

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lønnsundersøkinga for 2014

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

DB

VOLLASETRA I SUNNDAL

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

HORDALANDD. Utarbeidd av

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Brukarrettleiing E-post lesar

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Brukarrettleiing. epolitiker

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Sansehage Kleppheimen

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

«Økologiske bringebær»

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Frå novelle til teikneserie

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Bringebær i tunnel. Foreløbige resultater fra det 4 årige prosjektet. Se rapporter på Dan Haunstrup Christensen 1

Transkript:

Fagleg rapport frå prosjektet Bringebær under tak, og i forlengja sesong 2008. (Av: Gabriela Lundberg, FBØ) Innleiing.... 2 Forsøksplan.... 2 Resultat:... 3 Avling.... 3 Tidlegheit.... 3 Totalavling.... 5 Bærvekt:... 7 Knoppbryting.... 8 Sjukdom.... 10 Skadedyr.... 11 Diskusjon.... 12 1

Innleiing. Prosjektet blei starta opp i 2006 og var forventa å gå fram til og med 2009, med Fase 1 som første del i 2006 og 2007. Deretter med Fase 2 i 2008 og 2009. I 2007 var ringleiar i permisjon og ein vikar hadde jobben for sesongen 2007. Dessverre blei ikkje jobben gjort tilfredstillande da. Det førte til at det ikkje blei gjort registreringar, ei heller førebudd til 2008 sesongen. Fase 1 blei dermed utsett eitt år. Dette er beklageleg. Hos ein av dyrkarane fekk feltet likevel så store skader av regnet at heile feltet gjekk ut det året. Behandling for året etter var difor utelukka da nye skot ikkje voks fram. Hos denne feltverten er forsøksfeltet flytta til eit nyplanta felt. Dette feltet er planta på same måte som det førre, berre at heile det nye feltet er godt drenert på førehand. Prosjektet tek sikte på å auke kunnskapen rund dyrking av bringebær under tak, og da i hovudsak i plasttunnel. Planteverntiltak, gjødsling, avling og forlenging av sesongen er nokre tema som blir sett på. Rapport for sesongen 2006 blei utgitt i forsøksmeldinga for 2007. Forsøksplan. For dei to første åra var forsøksplanen satt saman i samråd med prosjektgruppa og råd frå forskar Arnfinn Nes ved Bioforsk Kise. På våren i 2008 hadde prosjektgruppa eit evalueringsmøte. Der kom vi fram til at behandlingane skulle endrast noko. Feltvertane hadde blant anna erfart at å bøye ned skot var altfor arbeidskrevjande og bæra hadde for ujamn storleik. I ein elles tett hekk blir det dessutan enda tettare når ein skal bøye ned skota. Denne metoden kan vere aktuelt i felt som produserar for få skot, eller i år der knoppar har blitt skadd av frost (så sant ein ikkje har toppa på hausten). Gruppa blei difor einig om at ein heller skulle toppe skota på 180 cm, som før, og på 200 cm. Tal skot per meter blei også evaluert. Feltvertane var samde om at 14 skot per meter er for mykje. Det er mogleg det gir høgare avling, men hekken blir så tett at det sinkar haustearbeidet ein god del. På den andre sida meinte feltvertane at 6 skot per meter var for lite. Dei ville difor endre denne parameteren til 8,10 og 12 skot per meter. Nå var det slik at ein feltvert hadde mista feltet sitt grunna alt regnet i 2007-sesongen. Feltverten i Larvik hadde ikkje følgt opp forsøksplanen da kontakt med vikarierande ringleiar uteblei. Feltet på Krøderen hadde ikkje nok skot til å gjennomføre forsøket i 2008 da forsøksfeltet hadde blitt skjert ut som resten av bringebæråkeren. Feltverten i Sylling hadde satt att nok skot til å gjennomføre forsøket i 2008. Det blei difor berre registrert avling for dei ulike behandlingane i Sylling for 2008. Registreringar for knoppbryting blei likevel gjennomført i Stavern og på Krøderen i likskap med i Sylling. Knoppbryting blir registrert på 10 vilkårlege skot innan kvart ledd. Det fant vi i alle dei tre felta. For 2008 blei da behandlingane som følgjer: Toppehøgde på 180 cm og på 200 cm. Desse to parametra skulle så kombinerast med 8, 10 og 12 skot per meter. Forsøkstabellen blei da som vist under. 2

Tabell 1: Forsøkstabell for 2008. Forsøksledd Toppehøgde Tal skot per meter 1 180 cm 8 2 180 cm 10 3 180 cm 12 4 200 cm 8 5 200 cm 10 6 200 cm 12 Alle ledda blei gjentatt tre gonger på randomiserte stader i forsøksfeltet for at resultatet skulle bli så jamt fordelt som mogleg. I kvart forsøksledd blei det gjort registreringar av avling gjennom sesongen og av total avling. Bærvekt blei registrert ein gong. Feltvert Jeanette Myhrene i Sylling har planta feltet sitt i ei austvendt helling. Radane er planta på ein slakk drill som er dekt med mypex. I feltet i Sylling står radene med ein avstand på om lag 2 meter. Altså dobbelt så tett som det som er vanleg på friland, og det same som hos feltvertane i Larvik og Horten. Resultat: Avling. Tidlegheit. Noko av effekten ein ventar seg med bruk av tunnel er at ein kan starte haustinga tidlegare og dermed få ein høgare pris. Tidlegheit blir rekna som den perioden der 50% av totalavlinga er hausta. Tidleg på våren i 2008 hadde vi ein lengre varm periode etterfølgt av ein periode med kuldegrader om natta. Dette førte til at knoppar fekk frostskade dei aller fleste stadane på Austlandet. I fleire felt hadde knoppen begynt å bli grøn da frosten kom. Når dette skjer blir leiingsvevet i knoppen skadd. Bringebær er derimot utstyrt med sekundærknoppar. I feltet i Sylling var det nesten utan unntak at det var sekundærknoppane som braut. Fysiologisk sett er desse knoppane utstyrt med færre og mindre utvikla blomsteranlegg enn primærknoppen. FBØ 3

Figur 1: Bilete viser ein frisk knopp der leiingsvevet er intakt. (Foto: Gabriela Lundberg) Figur 2:Bilete viser ein bringebærknopp der frostskade har skada leiingsvevet. Vevet har blitt brunt. (Foto: Gabriela Lundberg) FBØ FBØ Slike frostskadar kan også skade sekundærknoppane, og da døyr heile knoppen. Frostskadar/overvintringsskadar i knopp har ein erfart på Vestlandet med Veten tidlegare år. Det har difor vore vanleg med eit gjødslingsprogram der bladsprøyting med Urea inngår. Dette for å freiste å hjelpe lateralane i gang etter skade i leiingsvevet. Også av denne grunn ville vi ikkje drive plantene for hard i tunnel i 2008. Plasten blei likevel lagt på som tak, men det blei ikkje lukka i endane. Vi ville først og fremst få fram ei avling. Driving av planta kunne ha overbelasta leiingsvevet og ført til ein kollaps ved bærmogning. Figur 2: Figuren viser akkumulert avling i kg/daa i Sylling i 2008. Dei grøne strekane visar når halv avling var nådd. Figur 3 viser akkumulert avling i Sylling 2008. Haustearbeidet starta allereie 8.juli (se Tabell 2 under) og om lag den 15.juli var halve avlinga plukka. Samanlikna med 2006 var dette tidlegare enn for nokon av dei tre andre feltvertane. Det ser dermed ut til at sjølv om tunnelane ikkje blei utnytta maksimal til å drive plantene, så har berre det å legge på tak hatt ein positiv effekt på tidlegheit. Vi veit at det ikkje skal mykje 4

til for å heve temperturen i ein plasttunnel. Klimadata (Figur 3 under) for Lier i 2008 viser at det frå midten av april til midten av mai ikkje var veldig høge temperaturar. I ein tunnel kan temperaturen raskt ligg på eit par grader meir dersom det er sol. Og i denne første perioden er det lite nedbør å snakke om. I ein fjortendagarsperiode i slutten av april og byrjinga av mai er temperaturen på dagtid for det meste over 20 C (ringa rundt i Figur 4). I tillegg er det ingen nedbør. Her kan det tenkjast at tunnelen har hatt ein kjempestor fordel, og verka som ein drivande faktor på plantene utan at det har blitt for varmt i tunnelen. Det skal helst ikkje vere over 25 C for at bringebærplanter skal trivast best. Tunnelane i Sylling stod opne i endane, så dei har også fått god lufting i den bratte skråninga dei står i. Vi ser også at det i hausteperioden har kome noko nedbør. Her har taket vore ein stor fordel der det har halde bæra tørre. Det kan òg tenkjast at frosten i primærknoppen har framskunda mogning i sekundærknoppane som ein reaksjon på stress. Figur 3: Klimadata for Lier fra april til august 2008. Totalavling. Det er framleis ikkje gjort nokre endringar når det gjeld tilrådig for skotavstand i Noreg. Prosjektgruppa ville endre litt på tal skot per meter av den grunn at det ved 14 skot rett og slett blei for tett i hekken, og at dette gjekk ut over plukkearbeid og stell generelt. Dei meinte også at 6 skot per meter var altfor lite. Glen Ample er kjend for å sette lange skot. I 2006 freista vi å ta vare på heile skot. Dette blir for mykje arbeid og førte også til for tett hekk. Likevel skulle det vere synd å kutte bort for mange av dei øvste knoppane. Vi freista difor i år å toppe på 180 som før, og i tillegg toppe på 2 meter. For å få fram kor mykje avling ein har per dekar har det vert vanleg å snakke om 300 meter lang hekk for ein dekar. Dette fordi på friland har det vert vanleg med 3-3,5 meter mellom radene. For produsenten i Sylling gjeld ikkje dette. Ho har gjennomsnittleg 2 meter mellom 5

radene. Vi snakkar difor om 500 meter rad for ein dekar. Dersom vi hadde gjort det same for resultata i 2006 ville til dømes Moskvil og Hedlund sine avlingar per dekar ha vore mykje høgare (se Tabell 2 under). Tabell 2: Tabell over gjennomsnittleg gram bær per meter, og gjennomsnittleg Kg bær per dekar, og over hausteinformasjon for dei fire felta. Gram/m Kg/daa Første Halv avling Siste hausting hausting Larvik (2006) 8437 4218 22.07 03.08 24.08 Horten (2006) 5010 2505 10.07 23.07 08.08 Krøderen (2006) 7330 2441 11.07 24.07 14.08 Sylling (2008) 1963 982 08.07 15.07 04.08 Vi såg også på heile hausteperioden under eitt for å sjå kor lenge den varte. For 2008 i Sylling varte den nokså kort og var over allereie 4.august. Vi ville også i 2008 sjå på totalavlinga for kvart forsøksledd. Det vanlege i Noreg har vert å ha seks skot per meter planterad, og toppe skota på 160-180 cm. Grunngjevinga for dette har vert at ein må halde hekken lufting for betre å kunne kjempe mot stengelsjukdommar og skadedyr. Sidan vi no dyrkar under tak der det skal vere tørt, vil kanskje ikkje dette spele så stor rolle, og vi ville difor freiste med fleire tal skot per meter og i tillegg ta vare på meir av skotet. Figur 4: Stolpediagrammet viser gjennomsnittleg totalavling for dei seks ulike behandlingane i feltet. Total avling for dei seks ulike ledda er satt opp i figur 4 over. Resultata gav ingen signifikante forskjellar, og det er også vanskeleg å tolke noko ut frå resultatet. Ein kan likevel påpeike at 6

det for behandlingar med 10 og 12 skot per meter har gitt best resultat å topp på 180 cm i staden for på 200 cm. Kva som er årsaka til dette er uvist. Bærvekt: Bærvekta i 2006 viste ein tendens til at dei ledda som blei bøygd ned hadde litt lågare gjennomsnittleg bærvekt. Bæra bør vere over 5 gram. Da er dei store og fine. Ved behandlinga bøy ned blei vekta for ujamn, og dette er ikkje bra for salet. Vi bestemte oss difor for å kutte ut denne behandlinga og heller gå for å toppe på 2 meter. Avlinga i Sylling i 2008 var lita og det var vanskeleg å finne 50 bær frå kvart ledd den dagen vi var der og skulle vege. Difor valde vi å gå ned til 15 bær per forsøksledd. Desse blei veg slik at vi fekk eit gjennomsnitt av bærvekta for kvart forsøksledd for denne eine registreringa. Figur 5: Oversikt over bærvekt for ei hausting i Sylling 2008. For det eine feltet som blei registrert i 2008 var det ingen signifikans på bærvekta mellom dei ulike forsøksledda. Det er heller ingen tendens i den eine eller andre rettninga. Dette kan tyde på at ein like godt kan toppe på 2 meter i staden for på 1,8 meter dersom dette også gir høgare avling totalt sett. Ingen av bæra i den veginga vi gjorde var over 5 gram. Dette kan skuldast at dei dagen før hadde hausta bær. Ein vil helst ha bær over 5 gram. Det er noko av grunnen til at Glen Ample har blitt så populær. At bæra var så små i feltet her i år kan også skuldast det fysiologiske utgangspunktet som er lågare i sekundærknoppar enn i primærknoppar. For ein av dyrkarane i 2006 låg også bærvekta i gjennomsnitt under 5 gram og der var det ikkje snakk om frost. 7

Utgangspunktet for at eit bær skal bli stort blir lagt på hausten i blomsterdifferensieringsfasa. Denne perioden kan strekkje seg over lang tid og til noko ulik tidspunkt frå stad til stad. Om det er mogleg så kan nylege resultat for gjødsling i jordbær overførast til ein viss grad i bringebær. Nina Opstad ved Bioforsk viste til resultat i eit av sine forsøk på Bærseminaret i Drammen i januar. Der har dei funnet ut at når dei gjødslar med nitrogen etter at initieringa har kome i gang på hausten får dei større bær året etter. Det hjelpte ikkje på bærstorleiken å gjødsle på vår eller sommar. Den same teorien kan ein tenkje seg i bringebær. Litt enkelt skildra er det slik at når blomsterkoppen har blitt initiert treng den gode høve for å utvikle seg vidare. Den treng optimale høve for å utvikle dei knoppane som har blitt initiert. Vi skal likevel vere varsame med å gjødsle bringebær på hausten. For mykje gjødsel (les: Nitrogen) kan føre til at skota ikkje førebur seg godt nok for vinteren. Noko som allereie blir brukt er bladgjødsling på hausten. Dette kan da altså føre til at knoppane får den næringa dei treng for å utvikle store blomsteranlegg til året etter. Knoppbryting. Toppehøgde kan ha utslag på knoppbrytinga nedover skotet. Glen Ample er likevel kjent for at knoppane bryt heilt ned. Registreringar for antal knopppar og kven av desse som er blomsterknoppar er gjort hos tre av feltvertane for 2008. Men for at det skal gi noko samanheng med dei ulike behandlingane vil eg først ta fram feltet i Sylling for seg. Figur 6: Gjennomsnittleg tal for blomsterknoppar for dei ulike behandlingane i Sylling 2008. For tal blomsterknoppar kan ein ikkje se noko ulikheit for dei ulike ledda i forsøket. Vi kunne heller ikkje se noko markante forskjellar i totalt tal knoppar for dei to ulike toppehøgdene (se Figur 7 under). Når tal knoppar er høgar enn tal blomsterknoppar skuldast det for det meste blinde knoppar. Altså knoppar som ikkje bryt eller som har brutt, men seinare visna. Totalavlinga i Sylling var den lågaste som har blitt registrert i desse to åra. Dyrkaren raporterte om høg avling i 2007. Hekkane var særs tette og gav mykje avling. Dette kan ha påverkar dei vegetative skota som voks fram samstundes som bæra mogna i 2007. Tal knoppar på skota seiar noko om strekkingsveksten til skota. Her kan lysmengda inn i planta spele inn. Jo meir lys jo mindre strekkingsvekst. Mindre strekkingsvekst fører også til at nodi 8

sit tettare på skota. Årets skot i Sylling var noko tynne og hadde for sterk strekkingsvekst med for få knoppar. Dette har da ført til at internodi blei for lange og dermed færre knoppar på dei toppehøgdene vi hadde satt. Figur 7: Stolpediagrammet viser gjennomsnitt for tal knoppar og blomsterknoppar for alle ledda i Sylling 2008. Hos dei to feltvertane som ikkje hadde gjort klart felta sine for 2008 talde vi likevel knoppar og knoppbryting. Dette blei ekstra interessant i år som frosten herja tidleg på våren. Her vil vi ikkje skilje mellom dei ulike ledda da det ikkje var noko ulikt med dei. Dei ulike felta gir ulike resultat. Feltet på Krøderen var hardt råka av frosten og dette førte til at halvparten av knoppane ikkje braut. Dei var så skada av frosten at til og med sekundærknoppen hadde frose. Her kan det Sjukdom. også under). ha spela inn at skota hadde ein del skotsjuke oppover på skotet og ikkje berre ved basis (sjå Tabell 3: Tabellen viser gjennomsnittleg tal knoppar og blomsterknoppar på skota for 2008. Alle knoppar Blomsterknoppar Larvik 36 28 Krøderen 22 10 Sylling 22 17 For desse data blei det altså registrert 90 tilfeldige skot for kvart av dei tre forsøksfelta. I 2006 hadde ingen av feltvertane over 25 blomsterknoppar. I 2008 hadde feltverten i Larvik i gjennomsnitt 28 blomsterknoppar. Dei blinde knoppane her skuldast i hovudsak frosten. I Larvik hadde fleire knoppar brote og blitt grøne da frosten kom. Likevel klarte dei seg bra. 9

Sjukdom. To av dei viktigaste skadegjerarane i bringebær er skotsjuke og gråskimmel. Desse er begge soppar som går på stengelen og skadar leiingsvev og knoppar slik at knoppar kan døy eller dei bryt dårleg. Dersom knoppen bryt dårleg er det fordi leiingsvevet i sjølve knoppen er skada av soppen. Om det skjer vil knoppen vere for svak til å bere fram bæra. Knoppar som er råka av sjukdom blir lettare råka av frostskade. Vi har sett nå i mange år at Glen Ample er særs mottakeleg for stengelsjukdommar. I 2006 var det ingen forskjell mellom dei ulike behandlingane i høve til skot per meter når det gjeld sjukdomsåtak. I 2008 er dette berre registrert for feltet i Sylling. Registreringa skjedde da etter utskjeringa av gamle skot. Feltet i Sylling vart også registrert i 2006. Da var det noko stengelsjukdom i feltet. 2008 var ein relativ tørr sesong. Likevel ser vi at skota i dei ulike ledda er råka av stengelsjukdom. Det var ingen forskjell mellom ledda (resultat ikkje vist). Det har blitt sprøytt med koparpreparatet Nordox mot flekkskurv og skotsjuke i feltet i 2008. FBØ Figur 8: Bildet er tatt av to bringebærblad som er infisert med anten gråskimmel eller skotsjuke sommaren 2008. Soppen angrip blada og veks innover mot stengelen (Foro: Gabriela Lundberg). Figur 9: Biletet er teken i feltet i Sylling etter hausting og utskjering. Bringebærskota er som regel råka av stengelsjukdommar ved basis. Som oftast er det eldre blad som bli infisert og det er der sjukdommen kjem inn til stengelen (Foto: Gabriela Lundberg). Da vi starta prosjektet ville vi freiste om det gjekk an å ha tettare hekkar og likevel ikkje få angrep av stengelsjukdommar. Etter første sesong så kunne vi ikkje sjå noko forskjell på dei ulike ledda. Faktisk så var alle ledda råka av stengelsjukdom på lik linje med frilandsdyrking. Dette varierte sjølvsagt frå felt til felt. I feltet i Horten såg vi i 2006 at stengelsjukdommane 10

hadde fått etablere seg godt. Det feltet har da også vert plaga av for mykje vatn i jorda. Sjølv om tunnelane har vert dekte har vasstanden vert for høg. Utlufting har vert vanskeleg til tider da tunnelane står på flatmark og ikkje nyttar godt av pipe-effekten, som tunnelar i helling får. Vi veit generelt for lite om når skot er mest utsett for stengelsjukdommar. Vi veit at sporane blir spreidd både ved vassprut og med vind. Det er tydleg at når ein har fått smitte inn i feltet er det særs vanskeleg å bli kvitt det att. Dette understrekar atter ein gong at det er viktig med god etablering der ein også tek omsyn til å bekjempe sopp allereie i etableringsåret. Skadedyr. Gjennom sesongen skulle ein også observere om det blei åtak av skadedyr. I 2006 var det store åtak av spinnmidd tre av forsøksfelta. Sidan da har vi blitt flinkare til å forstå kor fort spinnmidd utviklar seg i eit varmt og tørt klima. Da vi oppdaga relativt store mengder med spinnmidd i feltet i Sylling tidleg i sesongen måtte vi sette inn tiltak. Det var allereie så mykje midd at biologisk kontroll ikkje var eit alternativ. Det var for tidleg å sprøyte med kjemiske middel da dvalehoene enda var aktive. I samråd med Bioforsk Plantehelse blei vi einige om å bruke olje-såpe-sprøyting. Dette blei gjort ein gong med ein konsentrasjon på 1 % olje. Såpa blei berre brukt for å klare å fordele olja i vatnet. I motsetnad frå 2006 viste dette seg å ha veldig god effekt, og feltet blei ikkje plaga av spinnmidd før etter hausting att. Det vart derimot ikkje satt att noko usprøyte felt som kontroll, men det vart gjort observasjonar i feltet med jamne mellomrom, og desse observasjonane tilseier at behandlinga hadde verka. I feltet på Krøderen såg vi at bringebærbladmidden har begynt å bli eit problem. Dette er eit skadedyr det er vanskeleg å bekjempe. Olje-såpe blei freista brukt. Og i tillegg blei det etter hausting brukt Vertimec på dispensasjon. Det gjennstår å sjå verknaden av dette i 2009. FBØ FBØ Figur 11: Bilete viser eit bringebærblad i feltet til ein av produsentane i 2008. Bladet bær sterke symptom på åtak av bringebærbladmidd med gule flekkar og bukling av bladet (Foto. Gabriela Lundberg). Figur 10: Store delar av hekken var ramma av bringebærbladmidd ( Foto: Gabriela Lundberg). 11

Diskusjon. Talmaterialet for 2008 er heller tynt. Det er ingen signifikans i forsøket og det er heller ikkje mogleg å sjå klare tendensar mellom dei ulike behandlingane. Kva kan ein så seie om det. Jo, det går an å seie at det også i 2008 visar seg ikkje å vere ei ulempe å auke tal skot per meter i bringebærraden. I tidlegare forsøk, gjort av andre, er det vist at avling per meter går ned dersom radene står tett saman. Dersom vi tek med resultata frå 2006 og ser på begge åra under eitt, så har vi sett at feltet i Larvik har hatt ein høg gjennomsnittleg avling per meter sjølv om radene står tett (sjå Tabell 2 over). Dette feltet er heildekt med vevd plastduk, og plantene har dermed ingen konkurranse på vatn eller næringsstoff frå andre vekstar. Grasdekke mellom radene er det som har vert vanleg ved frilandsdyrking. Dyrkaren i Horten har det same systemet med heildekke med plast. Der var avlinga lågare. Det vi erfarte i 2007, med all nedbøren og utdøying av felt, seier oss noko om kva høve desse plantene har vekse under. Bringebærplanter krev, som kjent, godt drenert jord for å ha det optimalt. I Larvik står feltet på sandjord medan det er meir leirjord i Horten. Svaret på kva som er den rette dyrkingsmåten er det ingen som har enda. Det er det vi freistar å prøve ut i dette prosjektet. Det som er sikkert etter to års erfaring er at det er mogleg å få høge avlingstal per meter sjølv om radene står tett. Antal skot per meter kan også aukast frå dei tilrådde 6-8 skot per meter. Tal skot kan aukast til det blir så høgt at det gir negativt utslag for lysgjennomtrenging i plantehekken, og før det går ut over plukkeferdigheiter og tilgjengelegheit for sprøyting. Vi må her ta omsyn til at vasstilgangen og næringstilgangen må vere optimal for alle radene i feltet. Kva som er det optimale gjødslingsregime finnast det enda ikkje éin fasit på. Her må dyrkaren kjenne si eiga jord godt. Skotsjukdommar som gråskimmel og skotsjuke er gjennomgåande problem i dei fire felta i forsøket. Det ser ikkje ut til at tal skot per meter er avgjerande for dette. Heller kan sprøyteteknikk og sprøytetidspunkt vere vel så viktig å få gjort riktig. Bekjempinga av skotsjukdommar har vore eit tema på markvandringane i 2008. I eit nyplanta felt blei det også oppdaga store stengelsjukdomsskader. Det er heilt klart at eit sprøyteregime mot stengelsjukdommar må komme i gang allereie i etableringsåret. Elles kan ein dra med seg smitten dei neste åra. Spinnmidd og bringebærbladmidd ser ut til å vere skadedyr som trivs godt i tunnel og særleg på sorten Glen Ample. I 2006 freista vi å prøve ut biologisk kontroll, men denne blei nok satt ut for seint. I 2008 freista vi med olje-såpe-sprøyting tidleg i sesongen. Dette blei også gjort i enkelte felt etter hausting. Metoden med olje-såpe blir mykje brukt i frukttre. Der freistar ein å ta midden før den gjer skade. Da må ein ut tidleg å sprøyte. For bringebær kan det vere når bringebærbladmidden kjem fram frå vinterdvale i knoppskjella på våren. Dette skal følgjast opp våren 2009. 12