Prøvefiske i fire dammar ved Vardahaugane, Os kommune R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 1349



Like dokumenter
Rådgivende Biologer AS

Elvemuslingen i Dalsbøvassdraget - status per april 2010

Rådgivende Biologer AS

R A P P O R Vassdekt areal og vassføring i Jølstra Grunnlag for konsekvensutgreiingane

Fuglestadelva, Hå kommune

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Rådgivende Biologer AS

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

P P O R T Rådgivende Biologer AS 1894

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Årsmøte Mars 2012

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Brukarrettleiing E-post lesar

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Til deg som bur i fosterheim år

MILJØNOTAT NR

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

NOTAT FRA SALAMANDERUNDERSØKELSER I KVITHEI APRIL , Hellestoveten. uac. 0 s 96. k'wefleland 0 - ' - Ci 0 (/.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 856. Registrering av gytegroper og teljing av gytefisk i Nausta 2003

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Forekomst av rømt ungfisk i elver nær settefiskanlegg i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal våren 2016 R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 2243

Elgen og klimaet. Innhald

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Fiske etter anadrom fisk i sjø og vassdrag. Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Rådgivende Biologer AS

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Vestlandet ein stor matprodusent

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Storåna, Sandnes kommune

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spredning av ferskvannsfisk, frå nasjonal til lokal skala. Trygve Hesthagen

Kulturhistoriske registreringar

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.


Rådgivende Biologer AS

Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN

Status for bestandar av elvemusling i Sogn & Fjordane 2010 R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 1493

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

R A P P O R. Rådgivende Biologer AS Omlegging av FV 167, Hamrevegen. Registrering av rødlistede og svartelistede arter

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Brukarrettleiing. epolitiker

Geografisk område: Rogaland Emneord: Antall sider: 13

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Rådgivende Biologer AS

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

VOLLASETRA I SUNNDAL

Vurdering av flaumfare langs delar av Hatledalselva i Dale, Fjaler kommune; Oppsummering

Lønnsundersøkinga for 2014

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Miljøfagleg vurdering av plasseringa av utsleppet frå Evanger Reinseanlegg i Voss R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 387

R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Vintervèr i Eksingedalen

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Ullaelva, Hjelmeland- og Suldal kommune

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Flaum i eit framtidig klima - korleis kan vi tilpasse oss?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Grunn. Telemark grense til Porsgrunn stasjon

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Transkript:

Prøvefiske i fire dammar ved Vardahaugane, Os kommune R A P P O R T Rådgivende Biologer AS 1349

Rådgivende Biologer AS RAPPORTENS TITTEL: Prøvefiske i fire dammar ved Vardahaugane, Os kommune FORFATTERE: Steinar Kålås OPPDRAGSGIVER: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga OPPDRAGET GITT: ARBEIDET UTFØRT: RAPPORT DATO: 8. juni 2010 2010 14. september 2010 RAPPORT NR: ANTALL SIDER: ISBN NR: 1349 10 ISBN 978-82-7658-787-6 EMNEORD: - Karuss - Stor salamander - Artsintroduksjonar - Fisk og ferskvassbiologi RÅDGIVENDE BIOLOGER AS Bredsgården, Bryggen, N-5003 Bergen Foretaksnummer 843667082-mva Internett : www.radgivende-biologer.no E-post: post@radgivende-biologer.no Telefon: 55 31 02 78 Telefax: 55 31 62 75 Forsidefoto: Fangsten av Karuss i Blomlitjørna 11. juni 2010.

FORORD Det har heilt sidan 1950-talet vore kjent at det lever stor salamander (Triturus cristatus) i dammar ved Vardahaugane på grensa mellom Bergen og Os kommune (Strand 2006 og referansar i denne). Dette er ein isolert og truleg liten og svært sårbar bestand (Strand 2006). Stor salamander er klassifisert som sårbar på den norske Rødlista (Kålås mfl red. 2006). Det er observert fisk i ein av dammane på Vardahaugane som er aktuell som habitat for stor salamander. Denne fisken er innført og er ei hindring for at stor salamander skal kunne bruke dammen som leveområde. Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland ønskte å vite kva fisk som var i dammen og om det eventuelt var fisk i fleire av dei aktuelle dammane i Vardahaugområdet. Rådgivende Biologer utførte derfor eit prøvefiske i juni 2010 i dei fire største dammane i området, Blomlitjørna, Mørketjørna, Tjørn kote 266,1 moh og Tjørn kote 291,7 moh. Magnus Johan Steinsvåg ved Miljøveravdelinga var med under feltarbeidet, og har teke dei fleste bileta i rapporten. Rådgivende Biologer AS takkar for oppdraget. Bergen, 14. september 2010 INNHOLD Forord... 4 Innhold... 4 Referanse... 4 Det undersøkte området... 5 Metodar... 6 Resultat og diskusjon... 7 Konklusjonar... 10 Referanser... 10 REFERANSE KÅLÅS, S. 2010. Prøvefiske i fire dammar ved Vardahaugane, Os kommune Rådgivende Biologer AS, rapport 1349, ISBN 978-82-7658-787-6, 10 sider. Rådgivende Biologer AS 4

DET UNDERSØKTE OMRÅDET Dammane vi prøvefiska ligg på grensa mellom Bergen og Os kommune, nord for Lysekloster og sør for Kismul på høgder mellom 260 og 292 moh (figur 1). Terrenget består av myrområde med mindre tjørner/dammar, knausar og blandingsskog. Lysehornet er eit mykje brukt turmål, og stien frå Lysekloster og opp til Lysehorn er mykje brukt. Det går også ein sti vidare frå skaret aust for Lysehorn og vidare mot Kismul. Denne stien passerer fleire av tjørnene, men er langt mindre brukt enn stien til Lysehorn. Figur 1. Området mellom Lysehornet og Vardahaugane på grensa mellom Os og Bergen kommune. Dei undersøkte dammane er Blomlitjørna, Mørketjørna (282,3 moh), og tjørnene kote 266,1 og 291,7 nord øst før dei to første. Innsjøen som syner i venstre kant av kartet er Ulvvatnet/Svartavatnet). Tre av dammane drenerer mot Kalandsvatnet/Fanaelva (056.2Z), medan Blomlitjørna drenerer mot Svartavatnet/Ulvvatnet (tabell 1). Rådgivende Biologer AS 5

METODAR Prøvefisket vart gjennomført med seksjonerte fleiromfarsgarn av standarisert nordisk type. Kvart garn er 30 meter langt og 1,5 m djupt, og er sett saman av 12 like lange seksjonar med forskjellige maskevidder. Maskeviddene som er nytta i kvart garn er: 5,0-6,3-8,0-10,0-12,5-16,0-19,5-24,0-29,0-35,0-43,0 og 55,0 mm. Målet med garnfisket var å påvise om det var fisk i tjørnene/dammane. Innsatsen per areal var derfor høg. Tabell 1. Oversikt over dei fire dammane som varte prøvefiska 10. - 11. juni 2010. Sonebelte er 32V. Tjørn 266,1 har eller har hatt namna Salamandertjørna og Sørenstemma. Denne er registrert med innsjønummer 144583 i NVE atlas, men er ikkje namnsett. Innsjø Vassdr. nr. Vassdrag UTMøst UTMnord Areal (m 2 ) Max djup (m) Ant garn Hoh. (m) Blomlitjørna 056.1 301224 6683996 1300 0,5 2 285,4 Mørketjørna 056.2Z Fanaelva 301414 6683986 2000 2 3 283,2 Tjørn 266,1 moh 056.2Z Fanaelva 301514 6684256 2400 0,5 2 266,1 Tjørn 291,7 moh 056.2Z Fanaelva 301618 6684160 2000 4,8 4 291,7 Garna vart sett ut 10. juni mellom kl 10 og 12, og vart tekne opp att 11. juni mellom kl 8 og kl 10. Temperaturen i dei ulike dammane vart målt ved utsett av garn. Djup vart målt med eit handhalde ekkolodd av typen Hondex PS7. Figur 2. Blomlitjørna ved Vardahaugane. Rådgivende Biologer AS 6

RESULTAT OG DISKUSJON Lufttemperaturen var ca 20 C og det var klar himmel då garna vart sett ut 10. juni 2010. Ved trekking av garna dagen etter var det lett regn og ca 13 C i lufta. I Blomlitjørna var temperaturen 21,3 C, i Mørketjørna 19,7 C, i Tjørn 291,7 moh 19,5 C og i Tjørn 266,1 moh 22,8 C. Vatnet var klårt. I Blomlitjørna observerte vi fisk ved utsett av garna, men vi observerte ikkje fisk i nokon av dei andre tjørnene. I Tjørn 266,1 observerte vi ein salamander då vi sette garn, men vi såg ingen salamandrar i nokon av dei andre tjørnene ved utsett av garn. Det var stor aktivitet av invertebratar som øyenstikkere, vassløparar og vasskalvar då vi sette garn i tjørnene. Då vi trekte garna fann vi tilsaman 32 karuss (Carassius carassius L.) i dei to garna i Blomlitjørna. Garnfiskinga påviste ikkje fisk i nokon av dei andre innsjøane. Karussane i Blomlitjørna var mellom 47 mm og 83 mm lange med eit gjennomsnitt på 54 mm (figur 3). I Tjørn 266,1 moh fann vi fire stor salamandrar i det eine garnet og to i det andre garnet. Tre av stor salamandrane var i god form, og vart tekne ut av garna og sleppt fri, medan tre var døde og beita på av vasskalv. 25 20 Karuss Blomlitjørna 2010 n=32 Figur 3. Storleiksfordelinga til karussane som vart fanga med garn i Blomlitjørna 10. - 11. juni 2010. Antal fisk 15 10 5 0 2 4 6 8 10 Lengde (cm) Undersøkinga viser heilt klart at det er store mengder småvaksen karuss i Blomlitjørna. Sjølv om vi ikkje fekk fisk i garna i nokon av dei andre tjørnene kan vi ikkje seie heilt sikkert her ikkje er fisk. Likevel var mengda garn per areal svært høg ved fiskeundersøkinga, og garna har maskevidder som skulle fange alle aktuelle fiskeartar og storleikar. Vi kan derfor med høg sannsynlegheit seie at det ikkje er fisk i Mørketjørna, Tjørn 291,7 moh og Tjørn 266,1 moh. Garnfisket og observasjonar påviste salamander i Tjørn 266,1 moh, men ikkje i nokon av dei andre tjørnene. Dette stadfestar observasjonane til Strand (2006) som observerte fleire salamandrar og yngling i Tjørn 266,1 moh, men elles berre observerte eit vakse individ i Blomlitjørna ved undersøkingar av dammar og tjørner på Vardahaugane. Garnfisket i Tjørn 266,1 moh førte til at vi tok livet av tre salamandrar. Dette var uheldig og uønskt. Vi hadde ikkje venta at stor salamander skulle setje seg fast i garna, men dette vise seg å ikkje stemme. Denne undersøkinga viser at ein må unngå å bruke prøvefiskegarn med slike maskevidder vi brukte i dammar/innsjøar med stor salamander i den perioden av året når dei held til i dammane. På den tida av året når salamanderen er på land er vatnet mykje kaldare, og aktiviteten til mange fiskeartar er også lågare. Dette reduserer sjansen for å påvise fisk. Bruk av ulike typar feller som fangar fisken levande kan vere eit alternativ. Slike vil truleg heller ikkje skade stor salamander. Rådgivende Biologer AS 7

Karussen og eventuell fjerning av denne Karuss er fiskeart som er innført til landet. På grunn av karussen sin spesielle fysiologi kan den tole lange periodar med lite oksygen og er den svært lett å transportere. Derfor er den truleg den første innførte arten som vart spreidd i Norge, og den finst i mange innsjøar og dammar i området rundt Bergen, blant anna i Ulvenvatnet, som ikkje ligg langt frå Vardahaugane (Lura & Kålås 1994). Det er ikkje kjent kor tid karussen vart innført til Blomlitjørna. Blomlitjørna er lita og det er mogleg at ein kunne fjerne det meste av karussen ved garnfiske, rusefiske og uttapping av vatn, eller ein kombinasjon av desse. Sidan karussen er svært hardfør er det mogleg at enkelte individ likevel kan unngå desse tiltaka og overleve ein slik kampanje ved å ligge skjult i gjørma over lang tid. I finske dammar som botnfrys om vinteren overlever karussen i månadsvis dersom den er omgjeven med mudder utan frost (Hyvärinen mfl. 1985). Ved høgare temperaturar er perioden der karussen kan overleve truleg kortare, men sjansen for å utrydde karussen ved fangst eller uttapping er likevel begrensa på grunn av den spesielle fysiologien til denne arten. Eit kraftigare men meir kontroversielt tiltak for å fjerne karussen er bruk av rotenon. Dette middelet er tidlegare brukt for å fjerne karuss frå amfibielokalitetar (Dolmen & Aagaard 2003). Ulempa med rotenon er at det i tillegg til å virke på fisk også virkar på ei heil rekke andre vasslevande organismar. Det må også brukast dispergeringsmidlar for å få rotenonet vassløyseleg, og desse kan vere meir skadelege mot miljøet enn sjølve rotenonet. Rotenon vert raskt brote ned i naturen, normalt i løpet av få dagar i sollys og ved høge temperaturar. Effekten av rotenon på ulike fiskearter varierer mykje. Laksefisk toler lite rotenon, medan det trengst langt høgare konsentrasjon av rotenon for å avlive artar som sørv, suter og karuss (Nilsen 2009). I følgje faktaark om rotenon på nettsidene til Klima og Forureiningsdirektoratet er 24 timars LC 50 konsentrasjon mellom 33 og 360 ppb for karuss, medan den berre er mellom 2 og 10 ppb for laksefisk. Blomlitjørna har eit areal på 1300 m 2, den hadde eit gjennomsnittleg djup på ca 30 cm då vi undersøkte den i juni 2010. Dette tilsvarar ca 430 m 3 vatn, men sidan botnen består av eit tjukt lag av bløtt organisk materiale er vassvolumet som må behandlast mykje større. Det er mogleg å tappe ned tjørna, og på denne måten redusere behovet for rotenon. Ulvvatnet/Svartavatnet som Blomlitjørna drenerer til er kjelde for offentleg vassverk. Rådgivende Biologer AS 8

Figur 2. Eit utval av karussane vi fanga i Blomlitjørna (øverst) og ein stor salamander som hadde sett seg fast i garnet i Tjørn 266,1 moh ved Vardahaugane 11. juni 2010. Rådgivende Biologer AS 9

KONKLUSJONAR Det vart påvist karuss høg tettleik av småvaksen karuss i Blomlitjørna, medan alt tyder på at dei tre andre tjørnene vi undersøkte på Vardahaugane er fisketomme. Karuss er ein innført art som er eit trugsmål mot bestanden av stor salamander som levere på Vardahaugane. Bestanden av stor salamander på Vardahaugane er ein liten, isolert og truleg svært sårbar bestand. Karuss har ein spesiell fysiologi som gjer at den er vanskelegare å utrydde enn dei fleste andre fiskeartar. Det er likevel ikkje umogleg, og slike fjerning av karuss frå stor samalander lokalitetar er tidlegare gjennomflørt i Norge. REFERANSER Dolmen, D. & Aagaard, K. 2003. Biologisk mangfold i dammer i Nord-Trøndelag 2001 og 2002. NINA Temahefte 23: 1-23. Hyvärinen. H, I.J. Holopainen & J. Piironen. 1985. Anaerobic wintering of crucian carp (Carassius carassius L.) - I. Annual dynamics of glycogen reserves in nature. Comparative Biochemistry and Physiology Part A: Physiology. Volume 82, Issue 4, p 797-803. Kålås, J.A., Viken, Å. og Bakken, T. (red.) 2006. Norsk Rødliste 2006. Artsdatabanken, Norway. Lura, H. & S. Kålås. 2005. Ferskvassfiskane si utbreiing i Rogaland, Hordaland og Sogn & Fjordane. Rapport Universitetet i Bergen, 59 s. Nilsen, J.P. 2009. Vedvarende menneskeindusert spredning av bredspektret ferskvannsfisk til og internt i Norge: et holarktisk, økologisk perspektiv. Müller - Sars Selskapet, Rapport nr. 10-2009, 78 sider. Strand. L. Å. 2006. Kartlegging av yngelbiotoper for stor salamander ved Grønlia, Vardahaugane og Ulvvatnet, Bergen og Os, 11 sider. http://www.klif.no/nyheter/dokumenter/application_use_rotenone.pdf Rådgivende Biologer AS 10