09/01/2018 Prosjektplan besøksstrategi Reinheimen
09/01/2018 2 1 Målsetjing og forventingar... 3 1.1 Bakgrunn... 3 2 Kva er ein besøksstrategi?... 4 2.1 Mål for besøksstrategi... 4 3 Kunnskapsgrunnlag... 5 4 Interessentar... 7 5 Metode og medverknad... 7 6 Organisering og roller... 8 7 Tidsplan og milepålar... 9 8 Budsjett og finansiering... 10 9 Suksessfaktorar... 10 10 Vidare arbeid... 11
09/01/2018 3 1 Målsetjing og forventingar Føremålet med å utarbeide ein besøksstrategi er få til ei samla besøksforvaltning for Reinheimen nasjonalpark og tilhøyrande landskapsvernområde. Gjennom arbeidet skal ein ivareta og sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samstundes som ein skal bidra til å oppretthalde grunnlaget for landbruksnæring og busetjing i nær tilknyting til verneområda. Meir fokus på besøksforvaltning skal ha som mål å gje ei betre oppleving for dei besøkande. Dette kan bidra til ei auka mogelegheit for lokal og brei verdiskaping i området. 1.1 Bakgrunn Med auka interessa for naturbasert turisme som bakteppe har Klima- og miljødepartementet vedteke at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020 (Meld.ST. 18 Friluftsliv). Nasjonalparkstyret si primære oppgåve er å sikre ei god forvalting av dei verna områda for å ta vare på naturverdiane og opplevingsverdiane på lang sikt. Besøksstrategien er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheita vil handtere besøksforvaltning for verneområdet. Vedtekter for nasjonalparkstyret for Reinheimen, pkt. 8.2. Skjøtsel og besøksforvaltning: Styret kan som forvaltningsstyresmakt leggje til rette for at verneområda sitt potensial for verdiskaping utnyttast innanfor ramma av verneforskriftene og naturmangfaldlova. Dette skal skje gjennom konkrete forvaltings- og skjøtselstiltak, fortrinnsvis i tråd med den delen av forvaltingsplanane som omhandlar besøksstrategi. Styret skal ikkje opptre som næringsaktør, men bør i denne samanhengen innleie til eit samarbeid med lokalt reiseliv/øvrig reiseliv, samt det autoriserte besøkssenteret. Miljødirektoratet har utarbeidd ein veileder for besøksforvaltning i norske verneområde, M-415 2015. Veilederen skal vera eit verktøy for forvaltningsmyndigheita for å få til ein god prosess i arbeidet med besøksforvaltning i norske verneområde. Målet med besøksforvaltninga er at opplevinga for dei besøkande og den lokale verdiskapinga blir størst mogleg, samstundes som at forståinga for vernet aukar og verneverdiane blir ivareteke. Merkevarestrategien for Norges nasjonalparker, lansert av miljødirektoratet i 2015, legg føringar for nasjonalparkforvaltninga sin eksterne kommunikasjon. Besøksstrategien skal
09/01/2018 4 byggje på merkevarestrategien, og den grafiske designmanualen skal nyttast i utforming av informasjonsmateriell og tilrettelegging for besøk i verneområdet. Forvaltningsplanen for Reinheimen vart godkjent i 2010, og besøksstrategien vil byggje på dei føresetnadane som ligg til grunn for denne. Forvaltningsplanen skal normalt rullerast etter 10 år, og det er aktuelt å starte opp med revisjon av forvaltningsplanen i 2020. For Reinheimen er det naturleg å utarbeide besøksstrategien som eit frittståande prosjekt, og at besøksstrategien for Reinheimen såleis blir eit vedlegg til forvaltningsplanen. 2 Kva er ein besøksstrategi? I veilederen for besøksforvaltning i norske verneområde ligg følgjande definisjonar til grunn: Besøksforvaltning er å legge til rette for, og styre bruken av ein nasjonalpark slik at opplevinga for dei besøkande og den lokale verdiskapinga blir størst mogleg. Samstundes skal besøksforvaltninga gje ei auka forståing for vernet og ei ivaretaking av verneverdiane. Besøksstrategi er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheta vil gjennomføre besøksforvaltning for verneområdet. Besøksstrategi skal vise kva tiltak som er nødvendig for å balansere verneverdiar, besøkande og lokal verdiskaping i eit verneområde, slik at ein oppnår størst mogleg nytte for alle interessene. Besøksstrategien skal innehalde: Kunnskap om: - besøkande, brukarinteresser - reiselivet og lokal verdiskaping - naturverdiar og sårbarheit Mål og strategiske val Avklaringar politikk og kunnskap Tiltaksplan Prinsipp: dersom det er motstridande målsettingar mellom ivaretaking av verneverdiane, tilrettelegging for dei besøkande og lokal verdiskaping, skal ivaretaking av verneverdiane vege tyngst. 2.1 Mål for besøksstrategi Mål for besøksstrategien er å;
09/01/2018 5 Ivareta verneverdiane i Reinheimen og auke forståinga for vernet/(gjera Reinheimen meir kjent) Legge til rette for gode opplevingar for besøkande Bidra til lokal verdiskaping Balanse mellom naturverdiar lokal verdiskaping - besøkande/brukarinteresser 3 Kunnskapsgrunnlag Kunnskap om verneverdiar, reiselivsnæring, brukarinteresser og dei besøkande er eit viktig grunnlag for å kunne utarbeide ein besøksstrategi. Hovudføremålet med vern av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande villmarksprega fjellområde med eit intakt høgfjellsøkosystem der leveområdet til villrein på nordsida av Reinheimen-Breheimen villreinområde er sentralt. I Reinheimen har også den regionale og lokale bruken lange tradisjonar, og kunnskap om t.d. beitebruksnæringa, jakt- og fiskeinteresser vil derfor vera eit viktig kunnskapsgrunnlag. I tillegg er kulturminne ein del av verneformålet, og kunnskap om desse vil også vera eit viktig grunnlag. Tema og status for kunnskapsgrunnlaget i verneområda:
09/01/2018 6 Tema Skildring Status Ansvar Brukarundersøking for Reinheimen Kartlegging med sjølvregisteringskassar sommar 2011. Analyse utarbeidd i 2016. Sluttført Rapport føreligg NPF Lokale og regionale brukerinteresser Landbruk/beitebruk Reiseliv Rovfugl og våtmarsfugl, Sårbarheitsanalyse Villrein Tekniske inngrep Kulturminne Naturfagleg kunnskap Rapport frå / M.Vorkinn. Kartlegge den regionale og lokale bruken i området knytt til jakt og fiske Oppdatere og kartlegge eksisterande kunnskap Kartlegging av reiselivet og ulike reiselivsbedrifter i og inntil verneområdet. Både overnattingsog aktivitetsbedrifter Arbeidet vart starta opp hausten 2015. Det er inngått ein avtale med Kistefoss, v/ Geir Høytomt. Inneber noko feltarbeid, samarbeid med lokalkjente, utarbeide rapport og kart. Samanstille eksisterande kunnskap om status og leveområde. Oversikt over tekniske inngrep/installasjonar i Reinheimen np og lvo (båtar, buer/hytter, garnkasser mm.). Samanstille eksisterande kunnskap om kulturminne i området. Peike på særlege sårbare/ verdifulle kulturminne med skjøtselsbehov og informasjonsbehov. Nye registreringar, fonnefunn Det er gjort ulike naturfaglege registreringar i samband med oppretting av verneområda. Ikkje utarbeida Ikkje utarbeida Ikkje utarbeida Sett i gang 2015. Forventa ferdigstilt hausten 2017 - NINA-rapport 643, 2011 - Regional plan for villreinområda - Sett rein kartfesta - Årlege rapportar om reinens områdebruk Villreinutvalet Verneområdeloggen Askeladden Blir ajourført og oppdatert Follestad, B. A. 20??. NGU "Reinheimens geologi" ++ fleire rapportar NPF NPF NPF, prosjekt NPF, SNO NPF NPF, SNO NPF, Fylkeskommunane, kommunane NPF Forvaltningsplan Skal reviderast i 2020 NPF
09/01/2018 7 4 Interessentar Aktørbiletet i forvaltninga av norsk natur er stort, dette gjeld òg for verneområdeforvaltninga, noko som gjer det krevande å få god oversikt over interessebiletet. Vi finn aktørar både i det offentlege og i det private. Ein besøksstrategi vil ofte bli betre og fleire vil få eit eigarskap til strategien dersom prosessen rundt utarbeidinga er god slik at dei ulike interessene blir ivareteke/fanga opp. Interessentar i arbeidet med besøksstrategien vil vera: Grunneigarar og rettigheitshavarar i verneområda Statens naturoppsyn Statskog Finndalen, Lesja, Lom, Grytten Nordddal fjellstyrer Vågå, Lom, Skjåk, Lesja, Rauma, Norddal kommunar Reiselivsaktører og næring- og reiselivsorganisasjoner Besøkssenter nasjonalpark-norsk Fjellsenter, Norsk Tindesenter, Gudbrandsdalsmusea DNT-ÅST, DNT-Gudbrandsdal, DNT-OO Frivillige organisasjoner innen jakt, friluftsliv og naturvern Villreinutvalet og villreinnemnda Berørte fylkeskommuner og fylkesmenn Rådgjevande utval Ulike faginstitusjoner 5 Metode og medverknad Medverknad frå lokalsamfunn; korleis? - Opne møte - Bruke ulike kommunikasjonskanalar for informasjon og innspel; media lokalt, sosiale media, nettside. Fotokonkurranse? - Formidlingsarbeid t.d. retta mot skulen, andre grupper. - Skape engasjement rundt prosjekt/tiltak involvere lokale i prosess, t.d. ope dag/infopunkt. Møte med kommunane (miljø- og næringsavdeling), adm. fagutval. Eigne tematiske møte med reiseliv, villreinutvalet, besøkssenter nasjonalpark, fjellstyra?? Involvering av reiselivet destinasjonsselskap Bruke eksisterande grupper og etablerte organisasjonar
09/01/2018 8 6 Organisering og roller Prosjektansvarleg Nasjonalparkstyret for Reinheimen Styringsgruppe Nasjonalparkstyret for Reinheimen Mandat: overordna ansvar for prosjektet og prosjektresultatet. Prosjektgruppe Nasjonalparkforvaltarar: Kristine Sørlie og Ingvild Øyjordet Mandat: ansvarleg for gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategien. Prosjektleder Ingvild Øyjordet, Nasjonalparkforvaltar Mandat: sekretær for styringsgruppa og arbeidsgruppa. Arbeidsgruppe, Statens naturoppsyn, adm. fagutval (kommunane og besøkssenter nasjonalpark) Mandat: bidra i arbeidet med utarbeiding av besøksstrategi og det som blir levert, bidra aktivt med innspel i prosjektarbeidet, og ressursbruk i prosjektet. Referansegruppe Fagleg rådgjevande utval for nasjonalparkstyret Mandat: delta i drøftingar og gje innspel slik at det arbeidet som blir gjort er relevant, fagleg forankra og rett prioritert i forhold til mål i prosjektet. Ressurspersoner/organisasjoner Miljødirektoratet Fylkesmannen i Oppland og Møre og Romsdal Lokale organisasjonar, prosjektgrupper
09/01/2018 9 7 Tidsplan og milepålar Kva Tid Ansvar Gjennomføring FASE 1 OPPSTART Vedta prosjektplan 26.06.2017 Nasjonalparkstyret Oppstartsmøte i arbeidsgruppa NP-styret, NPF 12.10.2017 NPF, administrativ fagutval (kommunane) FASE 2 HENTE KUNNSKAP Kartlegge/oppdatere kunnskapsgrunnlag ulike tema (sjå kap. 3) Haust 2017 vinter 2018 Samarbeid med relevante aktørar Sende ut til fagleg rådgjevande utval for innspel Etter styremøte 26.06.2018 Okt/nov 2018 Okt/nov 2018 Desember 2018 Jan/feb 2019 FASE 3 UTARBEIDE STRATEGI Gjennomføre lokale møte og medverknad i ulike interessegrupper Vinter/vår 2018 Utkast til besøksstrategi 26.06.2018 Nasjonalparkstyret Møte rådgjevande utval med tema besøksstrategi Møte nr. 3 administrativt kontaktutval Utkast 2 besøksstrategi Nasjonalparkstyret Møte nr. 4 administrativt kontaktutval?? Utkast 3 besøksstrategi Mars 2019 Nasjonalparkstyret Fagleg godkjenning av Miljødirektoratet Innarbeide faglege innspel frå Miljødirektoratet og sende besøksstrategien på høyring lokalt/regionalt Innarbeide innspel frå kommunane og lokale/regionale interessentar Endeleg godkjenning av Miljødirektoratet Møte nr. 2 med administrativt kontaktutval (23.04.18), andre. Behandle i styremøte før sommarferien. Diskusjon Diskusjon Vår 2019 Sende utkast til Miljødirektoratet for fagleg gjennomgang. Attendemelding innan 2 månader. August 2019 Oktober 2019 November 2019 Høyring i kommunar, rådgjevande utval, andre aktuelle interessentar
09/01/2018 10 Vedta besøksstrategi (med informasjon og kommunikasjonsplan) Tiltaksplan Desember 2019 Desember 2019 Nasjonalparkstyret Nasjonalparkstyret Vedta besøksstrategi for Reinheimen FASE 4 TILTAK Prosjektere og gjennomføre tiltak Årleg, SNO Overvake tiltak og bruk Årleg, SNO Samarbeid med SNO, lokale prosjektgrupper 8 Budsjett og finansiering Aktivitet /tiltak 2017 2018 2019 2020 Skjøtsel slåttemark og naturbeitemark 100 000 Innfallsport til Reinheimen og Breheimen - 200 000 Billingen. Grunnarbeider, tilrettelegging/sikring elvekant, parkering langs innkjøring. Vidareutvikling av informasjonspunkt Fauttjønn 20 000 og formidling om fangstanlegget Verket. Informasjon og formidling i samband med arkeologiske utgravingar 2017 og 2018. Tilrettelegging turstig Bispevatnet og Kløvstigen 200 000 frå fossen Skjøtsel, drift, vedlikehald av eksisterande 30 000 info.punkt Etablering Outtt i Lesja 50 000 Besøksundersøkingar i enkelte fokusområde??? Innfallsportar, infopunkt, utkikkspunkt. Prioritere innfallsportar, og klargjere omfang av prosjekt, jf. Veileder M-417 2015. Utarbeide kart som viser innfallsportar, utkikkspunkt, infopunkt mm.??. 9 Suksessfaktorar Innhenting av tilgjengelige data innenfor tids- og budsjettrammer Godt kunnskapsgrunnlag Deltaking frå lokalsamfunn og ulike aktørar
09/01/2018 11 Årlege budsjettprioriteringar frå Miljødirektoratet/Klima- og miljødepartementet til gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategi og til tiltak i tiltaksdelen av besøksstrategien. Tiltak: god forankring i prosjektplanen og besøksstrategien 10 Vidare arbeid Endeleg vedteken besøksstrategi vil vere førande for alt arbeid framover med besøksforvalting i Reinheimen nasjonalpark med landskapsvernområde. Tiltak knytt til besøksstrategi vil i nokre tilfelle bli sett i verk før strategien er vedteken. Dette skuldast eit stort etterslep når det gjeld behov for tilrettelegging i forhold til det raskt aukande besøkstalet på nokre av våre innfallsportar. Etter besøksstrategien er vedteken vil det bli eit aukande behov for tiltaksmidlar både til tilretteleggingstiltak og informasjonstiltak. Både tiltaksplanar og besøksstrategi er viktige delar av forvaltingsplanen og vil flettast inn i denne ved neste rullering.
Rapport 09/01/2018 12 Prosjektplan besøksstrategi Norges nasjonalparker. Kontaktinformasjon Norges nasjonalparker Telefon: E-post: Nett: Post: Besøksadresse: 03400/73 58 05 00 Faks: 73 58 05 01 post@miljodir.no www.miljødirektoratet.no Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim Brattørkaia 15, 7010, Trondheim