STAD SKIPSTUNNEL Verdas første fullskala skipstunnel 3. utgave, desember 2017
Stad skipstunnel Stad er det mest vêrharde havstykket langs norskekysten, med sterkast vind, flest døgn med kuling og storm, og uberekneleg bølgjemønster. Av den grunn har Stad opp gjennom tidene vore berykta av sjøfolk. Med ein skipstunnel kan farty segle innaskjers, og dermed unngå sterke naturkrefter ute i havgapet. Seglasen forbi Stad blir tryggare, meir føreseieleg og effektiv for farty med passasjerer og gods. Ein treng ikkje vente på bra vêr for å passere Stadhalvøya, slik som mange farty må gjere i dag. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta
VERDAS FØRSTE FULLSKALA SKIPSTUNNEL Kystverket leier prosjektet som, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, granskar moglegheita for sikker og effektiv drift av verdas første fullskala skipstunnel. Stad skipstunnel blir 1,7 km lang, 37 meter høg, og får ei breidde på 36 meter. Den vil gi farty på størrelse med Hurtigruta tryggare seglas forbi Stad. I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det satt av 1,5 milliard kroner til prosjektet i første planperiode, og 1,2 milliarder i andre planperiode. Viss prosjektet får endeleg godkjenning, blir byggestart tidligast i 2021. KYSTVERKET Stad Skipstunnel 3
PROSESS Kystverket jobbar for at norskekysten skal vere den sikraste og reinaste i verda. Målet er betre framkome og sikrare seglas for både godstransport, persontransport og fritidsflåten. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Kystverket i forprosjektet til Stad skipstunnel utarbeida: strategisk styringsdokument teknisk forprosjekt driftskonsept gevinstrealiseringsplan reguleringsplan med konsekvensutredning (KU). 4 I forprosjektet er det utført grundige undersøkingar, deriblant modellforsøk og testseglaser i simulator. Den endelige rapporten blei overlevert Samferdselsdepartementet 16. mai 2017. Samen med kvalitetssikring (KS2), som vert gjennomført i 2017/18, leggjer forprosjektet grunnlaget for vidare behandling i Stortinget med omsyn til endeleg finansiering og gjennomføring. KYSTVERKET Stad Skipstunnel Auka tryggleik til sjøs Etablering av Stad skipstunnel reduserer risikoen for skipsulykker, og styrker sjøtryggleiken på Stadlandet. Auka effektivitet Stad skipstunnel reduserer ventetida for skipsfart, og aukar dermed effektiviteten for transport av folk og gods forbi Stad. Betre framkome Ein tryggare og meir effektiv seglas forbi Stad, legg til rette for meir sjøtransport av gods, og kan bidra til å styrke næringsutviklinga i regionen. Les meir på: www.kystverket.no/stadskipstunnel
KYSTVERKET Stad Skipstunnel 3
BYGGING Under bygging av Stad skipstunnel må det fjernast betydelege massar - om lag åtte millionar tonn. Sjølv om Stad skipstunnel vil vere ein unik konstruksjon og attraksjon, er den planlagt bygd ved hjelp av tradisjonelle drivemetodar tilsvarande som blir brukt under bygging av vegtunnelar. Deretter vil ein bruke såkalla pallsprenging til å sprenge seg nedover i fjellet, lag for lag. Skipstunnelen blir i praksis som ein stor og lang fjellhall enn som ein tunnel. Det som gjer bygging av skipstunnelen unik, er den massive skalaen av arbeidet som skal gjerast. Frå fjellet vil det måtte gravast ut og fjernast rundt tre millionar kubikkmeter med fjell. Det er rundt åtte millionar tonn med masse. Rundt to tredjedelar av dette blir sprengt ut i større blokker. Resten blir mindre masse frå ordinær tunneldriving. Massane blir frakta ut av tunnelen på tradisjonell måte med køyretøy. Vidare blir massane frakta på store båtlekterar til utvalte deponistader. 6 KYSTVERKET Stad Skipstunnel
Dimensjonar Stad skipstunnel Dimensjonen til Stad skipstunnel blir samanlikna med ein lang fjellhall, eller vegtunnel med ekstra stort tverrsnitt. Skipstunnelen vil vere så stor at eit skip på storleik med Hurtigruta vil kunne passere igjennom. Lengde Høgde mellom botn og tak Breidde mellom veggar 1700 meter 50 meter 36 meter Seglingsdjupne 12 meter Arealet på tverrsnittet 1625 m 2 Volum uttak fast fjell ca. 3 million m 3 Estimerte byggekostnader ca. 2,7 milliard kroner Estimert byggetid ca. 3-4 år Illustrasjon: Kystverket/Force Technology
DRIFTSKONSEPT I forprosjektet er det skissert eit driftskonsept for korleis skipstunnelen kan brukast. Lyssignaler Skipstunnelen vil følgje vanleg standard for trafikklys med røde og kvite lys som viser når det er klart å segle gjennom. Ein av Kystverket sine sjøtrafikksentralar vil regulere trafikken og tildele såkalla slot-tider (passeringstid) til farty som planlegg å seile gjennom tilsvarende som vert gitt til fly som skal ta av og lande. Krav til skipsfart Losforskrifta vil gjelde i skipstunnelen som i øvrige norske farvatn. Det inneber at farty med ei lengde over 70 meter er pliktig å ha los om bord, med mindre ein segler med farledsbevis. Skipsstørrelsar Sjølv om tunnelen er planlagt bygd for farty opptil 21,5 meter i breidde, viser modellforsøk og datasimulerte seglaser at farty med ein breidde opptil 23 meter vil kunne segle gjennom tunnelen. Kapasitet Med ein minimumsavstand på rundt 400 meter mellom farty, vil det kunne segle fem farty i timen. I døgnet tilsvarar det mellom 70-120 farty. Fartsavgrensing Ei endeleg fartsavgrensing vil bli fastsatt for begge fjordane og i tunnelen på eit seinare tidspunkt i Sjøtrafikkforskrifta. 8 KYSTVERKET Stad Skipstunnel
Foreløpig er det satt ei avgrensing på åtte knop for hurtigbåtar. Med denne farten vil ein bruke ti minuttar på gjennomsegling. Foreløpig fartsavgrensing for andre farty er fem knop. Trafikktypar Berre motoriserte farty vil kunne bruke tunnelen. Nyttetrafikk som passasjerfarty og lasteskip får prioritet. Men lystbåtar og andre motoriserte farty vil også kunne segle i tunnelen. Tilkomst Av omsyn til tryggleik vil det ikkje vere mogeleg for personar å ferdes i tunnelen. Men under ei mogeleg evakuering vil ein 3,5 meter brei fendra ledekonstruksjon kunne brukast som rømmingsveg. Fem farty vil kunne segle gjennom skipstunnelen kvar time. Illustrasjon: Kystverket/Force Technology
Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta
www.kystverket.no/stadskipstunnel Telefon 07847 Postboks 1502 6025 Ålesund post@kystverket.no www.kystverket.no