IKT-plan for oppvekstsektoren i Vik kommune

Like dokumenter
Gjeldende fra trinn. Mål / elevene skal kunne:

Plan for grunnopplæring i IKT, Trones skole

IKT FAGPLAN FOR LILLEAKER SKOLE JANUAR 2015

IKT-plan Søreide skole IKT PLAN SØREIDE SKOLE. S:\Skole\Søreide skole\ikt\ikt-plan doc Side 1

IKT-PLAN HAUKELAND SKOLE

Datakunnskap: - utskrift: finne rett skriver skrive ut. Tekstbehandling: - endre tekstutseende: skrifttype og skriftfarge - stavekontroll.

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20,

IKT-PLAN FOR VAULEN SKOLE

IKT-plan for Li skole. 1. trinn

Kunne bruke. Office verktøy. Kunne. Kunne søke etter informasjon. bruke IKT i sin egen læring IKT. Digital kompetanse i alle fag. ped.

Digital kompetanse for elever på Jåtten skole

IKT-PLAN FOR HUNDSUND GRENDESENTER UNGDOMSSKOLEN

JEG KAN.. 1.trinn. IT-plan for elever ved Rørvik skole

Plan for digital kompetanse. Kringlebotn skole

IKT-plan for Ullerål skole en forpliktende IKT-plan for alle trinn ved skolen.

Fagplan IKT Trinn. Emne Metode. Læremiddel. Begrep. Vurdering. Etter 2. klasse. Norsk

DIGITAL KOMPETANSE TYRISTRAND SKOLE

1.utkast. Bergen kommune

Sigdal kommune. Lokal IKT plan for utvikling av digitale ferdigheter for elevene i Sigdalskolen

Digitale ferdigheter

Hva vet vi om unges tilgang til og bruk av digitale medier?

1. trinn. Modul 1 Datakunnskap. Ingen tester

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer

Kompetansemål i Kunnskapsløftet.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Digitale ferdigheter. Digitale ferdigheter som en grunnleggende ferdighet

Ferdighetsmål for IKT-bruk i barnehage og grunnskole

IKT-plan for Nesoddtangen skole

Datakortet a.s

IKT-plan for skolene og barnehagene i Krødsherad

Filbehandling og grunnleggende tekstbehandling

Prosess og ferdighetsmål for IKT bruk i barnehage og grunnskole

Kompetansemål i norskfaget (IKT-utdrag)

1. 4. trinn Lære for å bruke Bruk dataterminologien helt fra starten. 1. IKT-trinn 2. IKT- trinn 3. IKT- trinn 4. IKT- trinn Datakunnskap:

FARNES SKULE ÅRSPLAN

Klare mål hyppig rettleiing

Matematikk, ungdomstrinn 8-10

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Prinsipp for IKT- opplæringen

IKT-plan. for. skolane i Sør-Aurdal kommune

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

REVIDERT Årsplan i matematikk, 8. klasse,

Varden skoles IKT plan

Årsplan i matematikk 9.klasse

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Farnes skule, årsplan

IKT. Tysvær kommune, Resultatområdet skule

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Farnes skule, årsplan

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

felles fag på 6. og 7. årssteget

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Farnes skule Læreverk: FAKTOR 1 Årsplan i MATEMATIKK. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Plan for Digital læring - Haukås skole,

Årsplan i matematikk, 8. klasse,

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016

HARALDSVANG SKOLE Årsplan 10.trinn FAG: Matematikk

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

ØRSTA UNGDOMSSKULE MATEMATIKK

Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19

Læreplan i mat og helse

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v Brukarrettleiing. Kvam herad Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36

DIGITAL KOMPETANSEPLAN

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport

Tekstbehandling - enkel innføring. Office 2013, Mål: 1. Vite kva tekstbehandling er 2. Kunne bruke dei grunnleggjande funksjonane i MS Word

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

Årsplan i matematikk for 9. trinn

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Lingspeak Lingit AS

NY PÅ NETT. Enkel tekstbehandling

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Brukarrettleiing E-post lesar

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

IKT - PLAN FOR HARALDSVANG SKOLE

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 9. trinn

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Bilete og figurar i Word

Grunnleggende. Excel

Norskavdelingen ALFA A1 A2 B1 B2

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 1 OG 2. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN LÆRERVERK: CUMULUS 1

Transkript:

Side 1

Innhald Visjon / målsetjing...3 Digital kompetanse som utfordringar i Kunnskapsløftet:...4 Norsk:...4 Matematikk:...4 Naturfag:...4 Engelsk:...4 Mat og helse:...4 Kunst og handverk:...4 Musikk:...5 Kroppsøving:...5 KRL:...5 Samfunnsfag:...5 Framandspråk 2 og 3:...5 Digital ytring...6 Heimeside...6 LMS (Læringsplattform)...6 Interaktive kommunikasjonsformer over nett...6 Progresjonsplan i digital kompetanse...7 Forslag til Fagplan i IKT for kvar aldersgruppe....7 BARNEHAGE...7 Barnehage...7 SMÅSKULESTEGET...8 1. trinn...8 2. trinn...9 3. trinn...10 4. trinn...11 MELLOMSTEGET...12 5. trinn...12 6. trinn...13 7. trinn...14 UNGDOMSSTEGET...16 8. trinn...16 9. trinn...18 10. trinn...19 Korleis nå målet?...20 Kompetanse...20 Politisk leiing...20 Administrativ leiing...20 Lærar...21 Heim...21 Elev...21 Vedlegg...22 Side 2

Visjon / målsetjing I tillegg til, og som oppsummering av dei ulike måla som er gitt i kunnskapsløftet vil me i vår kommune jobbe mot fylgjande hovudmålsetjingar: Borna i barnehagen skal få kjennskap til bruken av digitale verktøy Elevane skal vere i stand til å vurder kvar / når det er teneleg å nytte IKT som verktøy Elevane skal kunne nytte IKT som eit naturleg verktøy til: 1) å hente inn informasjon (multimedialeksikon, intranett og internett) 2) å framstille tekst. Rette og jobbe med layout slik at tekst vert korrekt og oversiktleg 3) å lage oversikter som kan underbyggje / støtte munnleg framføring 4) å jobbe med statistisk materiale. 5) å bruke rekneark på ein oversiktleg og rasjonell måte for å løyse matematiske oppgåver tilpassa alderssteg. 6) å kommunisere med omverda ved hjelp av IKT a. heimeside b. LMS c. MSN / chat / Nettmeeting d. telefoni Gjennom desse målsetjingane vil eleven måtte bruke, og vurdere bruk av IKT-baserte hjelpemiddel. Vurdering og val av bruk av slike hjelpemiddel skal vere ein naturleg del av eleven sitt læringsmiljø. Gjennom bruk og val er det viktig å heile tida jobbe med etikk og etiske køyrereglar på nettet. Dette vil stetta krava om den femte dugleiken digital kompetanse, i kompetanseløftet. Planen dekkar området undervisning og forhold rundt barnet i barnehage og eleven i grunnskulen. I tillegge til denne planen bør det utarbeidast eigen plan for administrasjon for skulane. Desse planane bør inngå som vedlegg til denne planen. Side 3

Digital kompetanse som utfordringar i Kunnskapsløftet: Kva står i Læreplanen om å bruke digitale verktøy i dei ulike fag? Digital kompetanse er ein av fem dugleikar som ikkje kan veljast vekk, men som skal integrerast i alle fag! (Redigert utdrag frå fagdelen i Kunnskapsløftet ) Norsk: Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å meistre nye tekstformer og uttrykk. Dette opnar nye læringsarenaer og gir nye moglegheiter i lese- og skriveopplæringa, i produksjon, komponering og redigering av tekstar. I denne samanhengen er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kjelder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevane sine ferdigheiter innan kommunikasjon og presentasjonar. Matematikk: Å kunne bruke digitale verktøy i matematikk handlar om å bruke slike verktøy til spel, utforsking, visualisering og publisering. Det handlar òg om å kjenne til, bruke og vurdere digitale hjelpemiddel til problemløysing, simulering og modellering. I tillegg er det viktig å finne informasjon, analysere, behandle og presentere data med høvelege hjelpemiddel, og vere kritisk til kjelder, analysar og resultat. Naturfag: Å kunne bruke digitale verktøy i naturfag dreier seg om å kunne bruke slike verktøy til utforsking, måling, visualisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering ved forsøk og i feltarbeid. For å stimulere kreativitet, gjere levande og visualisere naturfaglege problemstillingar er digitale animasjonar, simuleringar og spel gode hjelpemiddel. Kritisk vurdering av nettbasert naturfagleg informasjon styrker arbeidet med faget. Dei digitale kommunikasjonssystema gir høve til å drøfte problemstillingar ein møter innan faget. Engelsk: Å kunne bruke digitale verktøy i engelsk gir høve til autentisk bruk av språket og opnar for fleire læringsarenaer for faget. Engelskspråkleg kompetanse er i mange tilfelle ein føresetnad for å kunne ta i bruk digitale verktøy. Samtidig kan bruk av digitale verktøy bidra til utvikling av engelsk språkkompetanse. Kjeldekritikk, opphavsrett og personvern er sentrale område i digitale samanhengar som også inngår i engelskfaget. Mat og helse: Å kunne bruke digitale verktøy i mat og helse gjer det mogleg å søkje etter informasjon, samanlikne og vurdere næringsinnhald og presentere fagleg innhald. Kunst og handverk: Å kunne bruke digitale verktøy i kunst og handverk er viktig for å søkje informasjon og for sjølv å produsere informasjon i tekst og bilete. Produksjon av digitale bilete står sentralt i Side 4

elevane sitt arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video. I denne samanhengen inngår haldningar til kjeldekritikk, personvern og kjennskap til reglar om opphavsrett. Multimedium inngår i presentasjon av eigne og andre sitt arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale verkemidlar er avgjerande for bevisst kommunikasjon. Musikk: Å kunne bruke digitale verktøy i musikk dreier seg om utvikling av musikkteknologisk kompetanse knytt både til lytting, musisering og komponering. I musikkfaget inngår blant anna bruk av opptaksutstyr og musikkprogram for å setje saman og manipulere lyd til eigne komposisjonar. I denne samanhengen inngår også kjennskap til kjeldekritikk og kunnskap om opphavsrett knytt til slik bruk av musikk. Kroppsøving: Å kunne bruke digitale verktøy i kroppsøving er viktig når ein skal hente inn informasjon for å planleggje aktivitetar, dokumentere og rapportere. KRL: Å kunne bruke digitale verktøy i KRL er ei hjelp til å utforske religionar og livssyn for å finne ulike presentasjonar og perspektiv. Ein viktig ferdigheit er å kunne bruke digitalt tilgjengeleg materiale, som bilete, tekstar, musikk og film på måtar som foreinar kreativitet med kjeldekritisk medvit. Digitale medium gir nye høve til kommunikasjon og dialog om religionar og livssyn. Desse media gir også høve til å skaffe seg brei tilgang til materiale om aktuelle etiske problemstillingar. Samfunnsfag: Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land. Framandspråk 2 og 3: Å kunne bruke digitale verktøy i framandspråk 2 og 3 er med på å utvide læringsarenaen for faget og tilfører læringsprosessen verdifulle dimensjonar gjennom moglegheiter for møte med autentisk språk og bruk av språket i autentiske kommunikasjonssituasjonar. Kjeldekritikk, opphavsrett og personvern er sentrale område i digitale samanhengar som også inngår i framandspråk. Side 5

Digital ytring I tillegg veit me at eleven sin kvardag vert meir og meir prega av informasjon via ulike media, som internett, TV og mobiltelefon. Dette gjer det naudsynt for eleven å meistre å ytre seg digitalt. Heimeside Elevane må kunne nok om heimesider til at dei klarar å orientere seg på nettet. Dei må kunne legge ut tekst og bilete. Dei må utøve kritisk sans i forhold til kva dei sjølv og andre publiserar. Stikkord som etikk, opphavsrett, redaksjonelt ansvar og relevant oppdatert informasjon må jobbast med. LMS (Læringsplattform) Skulen må i løpet av skuleåret 2007 / 2008 etablere bruk av ein LMS. Når dette er på plass vil ein del kommunikasjon mellom skulen, føresette og eleven føregå her. Før val av plattform må det gjerast ei grundig evaluering av trong me har, og kva tilbod dei ulike aktørar i markedet har. Interaktive kommunikasjonsformer over nett For mange elevar er den tekniske røynda alt i dag at dei har telefoni over internett (IPtelefoni) eller taletjenester over nettet. Mange har utvida bruken av MSN til også å ta med seg eit web-kamera, og dermed er ikkje vegen lang før ein kan snakke om videokonferanse og Nettmeeting. På denne arenaen har skulen vore fråverande. Her må me inn og aktivt nytte desse kunnskapane som eleven har inn mot dei ulike skulefaga. Side 6

Progresjonsplan i digital kompetanse Ny rammeplan for barnehagane set krav om digital kompetanse alt på førskulesteget. IKTplanen for skulen har som mål å byggja bru over overgangane i opplæringssystemet også på dette området. Forslag til Fagplan i IKT for kvar aldersgruppe. Planen tek utgangspunkt i Læreplanen "Kunnskapsløftet". BARNEHAGE Mål for barnehage Borna skal bli kjende med å bruke IKT. Dei skal lære seg bruken av mus og tastatur. Dei skal leike på data ved hjelp av ymse program. Dei skal skaffe seg erfaring ved teikning, lytting og leikprega læreprogram. Barnehage TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT Mål / barnet skal kunne: Bli kjend med ein datamaskin: Skrue på og av ein PC, starte program via START-menyen og via ikon på skrivebordet, samt avslutte program og slå av maskinen rett bli kjend med bruk av datamusa til å navigere i et program bli kjend med bruk av tastaturet og nokre av spesialtastane som td. enter og mellomrom starte teksthandsamingsprogrammet og skrive bokstavar og ord etter kvart som barnet er moden til det Nettvet! gjennom leik skal elevane bli kjende med nokre pedagogiske program, også nettbaserte. ANNA teikne i eit enkelt teikneprogram, som for eksempel "MS Paint Bruk av leikprega læreprogram. Side 7

SMÅSKULESTEGET Mål for småskulesteget (1. 4. trinn) Elevane skal bli fortrulege med å bruke IKT. Dei skal lære seg bruken av mus og tastatur. Dei skal leike på data ved hjelp av ymse program. Dei skal skaffe seg erfaring ved å lese og skrive og byrje å lære enkel teksthandsaming. 1. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT Mål / elevane skal kunne: Bli kjend med datamaskina: logge på og av ein PC, starte program via START-menyen og via ikon på skrivebordet, samt avslutte program og slå av maskinen rett bli kjend med bruk av datamusa til å navigere i eit program bli kjend med bruk av tastaturet og nokre av spesialtastane som td. enter og mellomrom starte teksthandsamingsprogrammet og skrive bokstavar og ord etter kvart som elevane er modne til det Nettvet! gjennom leik skal elevane bli kjende med nokre pedagogiske program, også nettbaserte. ANNA teikne i eit enkelt teikneprogram, som for eksempel "MS Paint Side 8

2. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP Mål / elevane skal kunne: Repetere frå 1. trinn og i tillegg: endre skrifttype og skriftstorleik ta utskrift lagre og hente fram att eigenprodusert tekst eller teikningar bli kjent med tastaturet og enkelte spesialtastar som f.eks. piltastane, CAPS LOCK og SHIFT-tasten merke tekst med musa, og merke i margen eller ved å dobbeltklikke formatere merka tekst med ulike skriftstorleikar slette tekst med DELETE eller BACKSPACE INTERNETT Nettvet! bruke leik-liknande matematikkprogram på Internett ANNA eksperimentere og leike vidare med former og fargar i teikneprogrammet "Paint" bruke spel eller pedagogiske program for å øve engelske ord og uttrykk bruke matematikkprogram til å øve grunnleggjande rekneartar nytte td. "Lek og lær"- (pedagogiske program) Side 9

3. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATA- KUNNSKAP INTERNETT ANNA Mål / elevane skal kunne: Repetere frå 2. trinn og i tillegg: bli kjend med angrefunksjonen i Windowsprogram trene meir på/bli trygg på å lagre og å finne att dokument ein har laga før merking av tekst med musa, merke i margen eller ved dobbeltklikking formatere merka tekst med ulike skriftstorleikar og skrifttypar, feit og kursiv skrift, understreking kopiere og lime inn merka tekst eller bilete (via redigermenyen eller hurtigtastane Ctrl+C og Ctrl + V) slette tekst med DELETE eller BACKSPACE sette eigenproduserte teikningar frå Paint inn i tekstbehandlaren ved å merke og kopiere teikninga eller ved å setje inn bilete setje inn bilete i tekstbehandlaren via Sett inn bilete utklipp (eller frå fil) meir om Nettvett! skrive inn bestemte adresser på Internett for å finne opplysningar om eit aktuelt tema. bruke matematikkprogram på Internett bruke pedagogiske program i dei faga der dette gir meirverdi for faget eller motivasjonen Side 10

4. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATA- KUNNSKAP INTERNETT ANNA Mål / elevane skal kunne: Repetere frå 3. trinn og i tillegg forstå og meistre angrefunksjonen i Windowsprogram bruke førehandsvisning endre storleiken på eit vindauge, maksimere og minimere samt flytte et vindauge lære meir om formatering av tekstar (skrifttypar, justering) og meistre redigering ved å klippe og lime merka tekst og bilete i tekstbehandlaren justere tekst midtstilt, høgrestilt og venstrestilt kopiere og lime inn tekst og bilete i tekstbehandlaren, endre storleiken på desse og endre plassering ved å bruke tekstbrytingsverktøyet opparbeide ferdigheiter i bruk av tastaturet ved Touch-metoden (Bruk for eksempel touch under DrillPro) meir om nettvettreglar søke på Internett med for eksempel Kvasir, Google etc.. bruke navigasjonsknappane (fram og tilbake) i nettlesaren kopiere tekst og bilete funne på Internett til tekstbehandlaren for eigen redigering bruke matematikkprogram på Internett lagre behandla bilete og bruke desse i ein tekstbehandlar Side 11

MELLOMSTEGET Mål for mellomsteget (5. 7. trinn): Elevane skal utvikle dugleikar ved bruk av IKT Dei skal lære å bruke teksthandsaming og å kombinere tekst og bilete (grafikk, rekneark, søke i databasar, også på Internett) 5. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT Mål / elevane skal kunne bruke nokre tastatursnarvegar som td. Ctrl+C, Ctrl+V, Ctrl+P innsetjing av bilete i tekstbehandlaren og kunne endre storleik og plassering av bilete lage enkle tabellar og enkel formatering av tabell bruke førehandsvisning og regulere margar. forstå kva raud understreking i tekstbehandlaren tyder, og lære seg enkel stavekontroll ved å høgreklikke på understreka ord gjere seg kjend med de vanlegaste knappane på verktøylinjene i tekstbehandlaren kjenne til bruk av høgreklikkmenyane i Windowsprogram forstå skilnaden på filer og mapper, lære å lage nye mapper og bygge opp ein fornuftig mappestruktur. Kjenne til filbehandling (slette og lage mapper, endre filnamn og mappenamn, kopiere og flytte filer og mapper) bli sikrare på touchmetoden. WordArt Repetere nettvett! Kva ein ikkje skal gjere i chatteprogram og anna på Internett øve meir på søkemetodar på Internett, lære å tolke resultatlista ved søk på Internett kopiere tekst og bilete frå Internett til tekstbehandlaren. REKNEARK OG MATE- MATIKK ANNA kjenne til kva eit rekneark er, bli kjend med skjermbiletet i reknearket skrive inn tekst og tal bruke enkle formlar (dei fire rekningsartane) og summérfunksjonen ( Σ) enkel formatering av celler lage enkle diagram (td. stolpediagram) og få forståing av samanhengen mellom talverdiar i ein tabell og tilhøyrande diagram. Bruk av internett i matematikk bruke enkle funksjonar i eit biletbehandlingsprogram (beskjære bilete, endre lys og kontrast osv) Side 12

6. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT OG E-POST REKNEARK OG MATE- MATIKK ANNA Mål / elevane skal kunne Repetere frå 5. trinn og i tillegg filbehandling (slette og lage mapper, endre filnamn og mappenamn, kopiere og flytte filer og mapper) redigering og formatering av tekst samt flytte, kopiere, klippe og slette formatering av tabell setje inn bilete i tekst/objekt i tekstbehandlar, endre plassering i teksten, justere storleik, punktmerking og nummerering tabulator og margar, endring av margar og papiroppsett via Fil - utskriftsformat stavekontroll, synonymordbok, autokorrektur touch høgreklikkmenyane i Windowsprogram eigen e-postkonto MSN bruk av søkemotorar som Google, Kvasir repetere nettvettreglar og sette fokus på chatting og chattereglar kjeldekritikk og opphavsrett favorittar/bokmerke å finne informasjon frå nettet (bilete og tekst) og bruke dette i eige arbeid. produsere bidrag til skulen si heimeside. formlar med dei fire rekningsartane endre kolonnebreidda endre talet på desimalar i talmateriale formatere tekst og tal ( f.eks. valuta og kokkeslett) lage enkle undersøkingar og bruke rekneark til framstille stolpediagram og sektordiagram bruk av internett i matematikk, skanne bilete og kunne bruke dei i eige arbeid ta digitale bilete med ulike medium og lagre og bruke dei i eige arbeid biletredigering Side 13

7. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT OG E-POST REKNEARK MATIKK OG MATE- PRESENTA- SJONS- PROGRAM Mål / elevane skal kunne Repetere frå 6. trinn og i tillegg bruk av tekstboks utskriftsoppsettet ( Fil utskriftsoppsett) punktmerking og nummerering, endring av desse vidareutvikle ferdigheiter i bruk av tabellar overskrifter ved å bruke stil-formatering stavekontroll endre språk på stavekontroll topp- og botntekst sidetal touch filbehandling (slette og lage mapper, endre filnamn og mappenamn, kopiere og flytte filer og mapper) datavirus spreiing og beskyttelse opphavsrett, kjeldekritikk og nettvettreglar bruke e-post aktivt produsere bidrag til skulen si heimeside. å bruke internett aktivt til å hente ut informasjon. søketeknikkar formelinnskriving i eit rekneark og kunne kopiere formlar i kolonnar og rader leggje til og ta vekk rad, kolonne førehandsvisning før utskrift prosent i rekneark kjenne til dei vanlegaste feilmeldingane i celler som #####, #VERDI! og # DIV/0! lage data i tabellar og framstille ulike diagram formatere diagramma med fargar og eigen tekst. endring av kolonnebredde, formatering av celler og bruk av tekstboks autofyll, fyll ned internett i matematikk. enkle lysbiletseriar formatere tekst og legge inn bilete/figurar sortere lysbileta legge til effektar utskriftsalternativ Side 14

ANNA skanne bilete og bruke dei i eige arbeid biletredigering / manipulering ulike format for lagring av bilete, f. eks jpg -formatet og lagre bilete for ulike høve (utskrift, epost og til bruk på Internett) bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram på datamaskin til å manipulere og setje saman eigne lydopptak (musikk) Side 15

UNGDOMSSTEGET Mål for ungdomssteget: Elevane skal bruke IT som hjelpemiddel i dei fleste fag Elevane skal vidareutvikle kompetansen i teksthandsaming, rekneark, å bruke databasar, presentasjonsprogram, bruk av Internett til kommunikasjon. Hjelpemiddel idemyldring og sortering / gruppering av informasjon (for eksempel tankekart) må vurderast brukt Dei skal levere skriftlege arbeid ved hjelp av datakommunikasjon og få evaluering av arbeida på same måte Dei skal kunne gje og ta mot meldingar frå skulen ved hjelp av datakommunikasjon 8. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT OG E-POST Mål / elevane skal kunne Repetisjon frå tidlegare år og i tilegg topp- og botntekstar automatisk sidenummerering stilar til overskrifter tabellar og formatering av desse endre linjeavstand via Format - avsnitt eller med CTRL + 1, CTRL + 2 og CTRL + 5 spalter heva og senka skrift bidrag til skulen sine heimesider. kjeldekritikk, nettvettreglar, opphavsrett og chattereglar bruke Internett og e-post aktivt til informasjonsinnhenting og i kommunikasjon med andre kvalitetssikre arbeidet med Internett og e-post frå tidlegare skuleår internett i matematikk REKNEARK OG MATE- MATIKK topp- og botntekstar formelutskrift (CTRL + J) eller tekstboks for å forklare formlar i reknearket rekneark frekvenstabell ulike diagram formatere og endre diagramtypen i reknearket utan å gjere arbeidet på nytt autosummer, bruk av fx funksjonen - median, gjennomsnitt, typetal (modus), minst, størst bruk av Format autoformat og korleis ein kan formatere Side 16

tabellane "manuelt" autofyll, fyll ned tilpassing av innhaldet på et rekneark til papiret ( utskrift) via Fil - utskriftsformat budsjett og rekneskap PRESENTA- SJONS- PROGRAM ANNA meir avanserte lysbiletseriar med innsetjing av objekt som diagram, teikningar, lyd og video formatering av tekst, bakgrunnar og overgangseffektar sortering utskriftsalternativ (notatark, støtteark osv.) bruke ein skannar digitalt fotoapparat biletredigering enkel manipulering ulike format for lagring av bilete Side 17

9. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT OG E-POST REKNEARK MATIKK OG MATE- PRESENTA- SJONS- PROGRAM ANNA Mål / elevane skal kunne Repetere frå 8. trinn og i tillegg automatiske innhaldslister basert på stilar fotnotar, stikkordlister endring av linjeavstand med CTRL + 1, 2 eller 5 spalter heva og senka skrift produsere bidrag til skulen sine heimesider. kjeldekritikk, nettvettreglar, opphavsrett og chattereglar bruke Internett og e-post aktivt til informasjonsinnhenting og i kommunikasjon med andre relativ og absolutt cellereferanse tilpasse innhaldet i eit rekneark til papiret ( utskrift) via Fil - utskriftsformat formelutskrift autofyll, fyll ned formatering av tabellar med bruk av Format autoformat og kunne formatere tabellar "manuelt" histogram alle typar diagram og kunne slette / legge til informasjon i diagramma utan å lage alt på nytt merking av uavhenige område ved hjelp av Ctrl-tasten kunne rekne med tid i eit rekneark bruk av internett i matematikk kunne eit presentasjonsprogram bruke presentasjonsprogram i samband med framføring av elevarbeid kvalitetssikre at elevane har gått gjennom og kan arbeide med presentasjonsprogram biletredigering / manipulering repetere og kvalitetssikre at elevane har gått gjennom og kan arbeid med biletbehandling enkel videoredigering Side 18

10. trinn TEKST- HANDSAMING OG GENERELL DATAKUNN- SKAP INTERNETT OG E-POST REKNEARK MATIKK OG MATE- PRESENTA- SJONS- PROGRAM ANNA Mål / elevane skal kunne Repetere frå 9. trinn og i tillegg stilar og fotnotar og å lage innhaldslister basert på stilar kvalitetssikre arbeidet som ein har gjort med tekstbehandling tidlegare skuleår innlegg til skulen sine heimesider. kjeldekritikk, nettvettreglar, opphavsrett og chattereglar bruke Internett og e-post aktivt til informasjonsinnhenting og i kommunikasjon med andre relativ og absolutt cellereferanse histogram rekne med tid tilpasse innhaldet på eit rekneark til papiret (utskrift) via Fil - utskriftsformat kvalitetssikre tidlegare kunnskap statistikk-funksjonar som gjennomsnitt, median, antall, antall.hvis, min, størst, frekvens presentere funksjonar i rekneark sannsynsfunksjonar som tilfeldig, (ransom), heltall for å trekke tilfeldige tal, bruke frekvens-funksjonen til oppteljing sparing, lån, renter, budsjett og rekneskap, vekst/minke bruk av internett i matematikk: presentasjonsprogram og framføring av elevarbeid enkel videoredigering kvalitetssikre arbeidet med biletbehandling frå tidligare skuleår Side 19

Korleis nå målet? Kompetanse For at me som lokalsamfunn skal nå visjonen vår med at eleven sjølv skal setjast i stand til å vurdere kvar og korleis ein skal nytte IKT som hjelpemiddel så krev dette ulik grad av kompetanse i heile samfunnsstrukturen. Me har her teke med nokre sentrale funksjonar i tillegg til eleven sjølv. Politisk leiing For å kunne gje eleven best muleg læringsvilkår treng ein ei politisk leiing som engasjerar seg i kva som skjer i storsamfunnet, og tenkjer på korleis me i lokalsamfunnet skal forholde oss til dette. Her gjeld det lover, reglar, tendensar, signal om kva ein treng av kunnskap i framtida. Når all den informasjonen vert sett saman gjeld det å finne former, organisatorisk og økonomisk, som gjev eleven best mulegheit til å møte framtida aller helst busett i heimkommunen. Knutepunktet inn mot politisk nivå er administrativ leiing i kommunen. Administrativ leiing Her snakkar ein om både kommunal- og skuleleiing. Desse to administrative nivåa må ha kompetanse om korleis stoda i skulen vår er i dag. Dei må ha særleg fokus på: Lover og forskrifter Politiske vedtak (sentralt og lokalt) Kvar står me i forhold til målsetjing / visjon (til ei kvar tid) Tiltak for å nå målsetjing / visjon Planlegging Brukarkompetanse på dei generelle IKT- hjelpemidla som minst tilsvarar dei krav ein stiller til elevane Tilrettelegging for naudsynt kompetanse hjå pedagogisk personale Ungdom sitt brukarmønster av IKT Side 20

Lærar For at ein skal ta i bruk eit verktøy i undervisninga si må læraren kjenne seg trygg på det verktøyet han / ho skal nytte. Dette tilseier at læraren treng god kompetanse på: Office-pakka Strukturar og operativsystem Overordna nivå Bruk av Internett Informasjonsinnhenting MSN / Chat Heimeside E-post Etikk på nettet Kva skjer i samfunnet på kommunikasjonssida Internett Mobil Telefon TV Hjelpeprogram / hjelpemiddel for spesialundervisning For detaljert oversikt sjå fagplan lenger framme i dokumentet. Heim Heimen er den som har hovudansvaret for oppsedinga av den komande generasjonen. Det er viktig med godt samarbeid mellom heim og skule, spesielt på dette feltet IKT. Å arbeide inn haldningar og etikk i forhold til korleis ein nyttar nettet er eit konkret punkt som MÅ jobbast med både frå skule og heim. Fram til no har dessverre elevane vorte mykje overletne til seg sjølve når dei sit med datamaskina heime. Med den utviklinga som har vore med utbygging av breiband, samansmelting av telefon, tv / film, Internett, butikk, +++ er det svært viktig at alle engasjerar seg i korleis elevane skal lære seg å navigere i denne jungelen. Skulen må tilrettelegge for at heimane kan tilegne seg ein viss kunnskap innan: Office-pakka Bruk av Internett Haldningar til bruk av IKT-hjlepemiddelet for eleven si læring Oversikt over skulen sine visjonar og planmessige opplæring innan feltet IKT Elev Skulen er saman med heimen den viktigaste staden for å utruste eleven for eit liv i framtida. Det er viktig at me då prøver å gripe tak i det som me ser vil verte ein viktig del av framtida. Slik det ser ut no vil informasjonssamfunnet vere framtida. Dei som ikkje klarar å sortere og finne relevant informasjon vil verte morgondagens elektroniske analfabetar, og faren for eit nytt klasseskilje er tilstades. Kva eleven skal lære på dei ulike stega framgår lenger framme i fagplandelen. Side 21

Vedlegg Side 22