Kompetanseplan Skule og SFO i Suldal 2018/2019

Like dokumenter
Strategi for barnehagebasert kompetanseutvikling, og rekruttering Suldalsbarnehagane 2018/2019

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Ungdomstrinnsatsinga

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

på vegne av barn og unge

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PPT no og i framtida.

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Erfaringsdeling

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

PRIVATSKOLESAMLING

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

«Leiarutfordringar knytt til ein framtidig digital/teknologisk skuleog barnehagekvardag»

Strategidokument

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Inkluderande barnehage og skulemiljø Plan for arbeidet med inkluderande barnehage og skulemiljø i Sogn

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Bente Glomset Vikhagen Arkiv: 430 A20 Arkivsak nr.: 10/440

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Ståstedsanalysen. September Margot Bergesen og Inger Sofie B Hurlen

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

Strategi for kompetanseutvikling

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Presentasjon Utdannings- og oppvekstmøte Onsdag Bjørnar Fjellhaug skule- og kultursjef- Kirsten Råheim rektor Bygstad skule

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Haugalandsløftet Haugalandsløft

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Årsmelding for Urhei barnehage

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Transkript:

1 Kompetanseplan Skule og SFO i Suldal 2018/2019 Alle barn og unge i Suldal skal oppleva læring og meistring i eit inkluderande og trygt miljø kvar dag.

2 Innhald Forankring og visjonar... 3 I kommuneplan for Suldal (2015-2024) vedteken av kommunestyret 17. mars 2015 står:... 3 Opplæringslova... 3 Strategi for Spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning for Suldal kommune 2017... 3 Kompetansetiltak i Suldalsskulen... 4 og SFO... 4 Psykologisk førstehjelp... 4 Implementering av ny læreplan... 4 Pedagogisk analyse... 4 Strategien Kompetanse for kvalitet... 5 Kvalitetsutvikling for SFO... 5 Utviklingsmøter og lærande nettverk... 6 Utviklingsmøter... 6 Lærande nettverk... 6 Skuleåret 18/19... 6 Me Bryr Oss konferansen... 7 BTI Betre tverrfagleg innsats... 8 Questback BTI... 8 Conexus Engage... 9 Skulebasert kompetanseutvikling fokus skuleåret 2018/2019... 10 Skulebasert kompetanseutvikling... 10 Analysekompetanse... 10 Inkluderande barnehage- og skulemiljø.... 10 KLU Klasseleiing i Utvikling... 10 Vurdering for læring... 10 Rekruttering... 11 Fleire grunnskulelærarar... 11 Tiltak... 11

3 Forankring og visjonar I kommuneplan for Suldal (2015-2024) vedteken av kommunestyret 17. mars 2015 står: MÅL: Alle barn og unge i Suldal opplever læring og meistring i eit inkluderande og trygt miljø kvar dag. Suldal kommune er god å bu og vekse opp i. It takes a village to raise a child er eit afrikansk uttrykk som fortel oss at me alle har eit ansvar for å bidra til at barn får ei god utvikling. Det er viktig å sjå barn og unges oppvekst ut frå eit heilskapleg perspektiv, å sjå ulike tenesteområde, barnehage, skule, fritid, familie og samfunn i samanheng. For at kommunen skal bli attraktiv, er det viktig at tenestetilbodet har god kvalitet. Dette er med på å styrke omdømmet til kommunen. Personalet i barnehage, skule og SFO i Suldal har god kompetanse og yt stor innsats. God leiing er ein avgjerande faktor for gode resultat. Systema våre må bere preg av nok kunnskap, god kompetanse, forventningar og krav, kontroll og kvalitet. I barnehage og skule må barns utvikling og læring vere i fokus. Det er det einskilde barnet som må lukkast og oppleve læring, meistring og utvikling. Ein suksessfaktor for å få til dette, er kollektivt orienterte barnehagar og skular, der heile personalet står samla om felles praksis. Opplæringslova 10-8.Kompetanseutvikling Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. Alle rektorar og leiarar i skulane i Suldal blir oppfordra til å ta dette studiet. Strategi for Spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning for Suldal kommune 2017 Strategien vart utarbeida etter satsinga «Haugalandsløftet». Ei av målsetjingane i Haugalandsløftet er at alle barn skal få den hjelpa dei treng, men ein ønskjer at fleire barn og elevar skal få den hjelpa dei treng innanfor det ordinære opplegget. I skulen betyr det at fleire elevar skal få nødvendig tilrettelegging innan klassen og dermed unngå vedtak, og at fleire av dei som har vedtak om spesialundervisning skal få det i klassen. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk er noko kommunen satsar på. Ein lærar skal ta denne vidareutdanninga skuleåret 2018-2019.

4 Kompetansetiltak i Suldalsskulen og SFO Psykologisk førstehjelp Psykologisk førstehjelp er eit verktøy for barn og unge, som kan brukast når tankane er vanskelege og følelsane sterke. Verktøyet er utforma som eit eige skrin og skal læra barn og unge eigne sjølvhjelpsteknikkar. I skulen er det utarbeida undervisningsopplegg for 2., 5. og 8. trinn. Verktøyet blir både brukt ein til ein med elevar og gjennom undervisning for heile klassar. Helsestasjon og barnehagar bruker også dette verktøyet. Gjennom partnarskapsmidlar er det sett av 144.000 til kompetanseheving og utarbeiding av retningslinjer for bruk av psykologisk førstehjelp i 2018. Folkehelseforum i Suldal vil at hovudsatsinga for 2018 skal gå til ei større satsing på kompetanseheving for tilsette, implementering og rutineutforming knytt til bruk av psykologisk førstehjelp for born og unge i barnehagane, skule og SFO og på helsestasjonen/psykisk helse. I det inngår også meir innføring til foreldre og føresette slik at verktøyet i større grad kan nyttast som felles verktøy mellom barnehage/skule, helsestasjon/andre einingar i kommunen og foreldre/føresette. Ved å styrke kompetansen lokalt er tanken at ein kan drive med vidare opplæring av både tilsette og foreldre/føresette sjølv utan å gjere seg avhengig av å sende personalet på kurs med jamne mellomrom. Implementering av ny læreplan Overordna del av ny læreplan, Overordna del verdiar og prinsipp for grunnopplæringa er vedteken. Den overordna delen beskriv det grunnsynet som skal prega pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa. Den skal også ligga til grunn for samarbeidet mellom heim og skule. Overordna del tydeliggjer skulen sitt ansvar for danning og for utvikling av kompetansen til alle elevane i grunnopplæringa. Alle som arbeider i grunnopplæringa, må la dette grunnsynet prega planlegginga, gjennomføringa og utviklinga av opplæringa. Overordna del av læreplanverket består av innleiing, formålsparagrafen i opplæringslova og tre kapittel 1. Verdigrunnlaget i opplæringa, 2. Prinsipp for læring, utvikling og danning og 3. Prinsipp for skulen sin praksis. Denne delen av læreplanen skal alle tilsette i Suldalsskulen gjere seg betre kjend med komande år og utarbeida gode metodar for korleis dette skal takst med i all planlegging og gjennomføring av undervisning. Pedagogisk analyse I Strategi for Spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning for Suldal kommune 2017 står at pedagogisk analysemodell er eit anlyseverktøy som det er ønskjeleg at skular og barnehagar i Suldal skal bruka. Denne modellen er for analyse av pedagogiske utfordringar som lærarar og skuleleiarar kan møta i høve enkeltelevar, klassar av elevar og på skulenivå. Det er ikkje ein undervisningsmetode men ein systematisk måte å analysera utfordringar for så å koma fram til gode hensiktsemessige tiltak i den pedagogiske praksisen. Alle tilsette i skule og SFO skal få ein innføring i bruk av pedagogisk analyse på første planleggingsdag skuleåret 2018-2019.

5 Strategien Kompetanse for kvalitet Kompetanse for kvalitet er ei nasjonal satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Den gir gode ordningar for lærarar som tek vidareutdanning, gjennom at dei får frikjøp av tid eller stipend til å ta vidareutdanning. Målet er at videreutdanning for lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa for å styrke elevane si læring. Suldal kommune har ei kompetansenemnd beståande av kommunalsjef, PPT-leiar, skulerådgjevar, HTV i utdanningsforbundet og ein rektor. Desse prioriterer søkarar til kompetanse for kvalitet etter kva kompetanse som trengst i kommunen. Dei siste åra har mellom 2-6 lærarar kvart år teke vidareutdanning innanfor kompetanse for kvalitet i Suldal Rektorutdanninga Rektorutdanninga er ein del av kompetanse for kvalitet-satsinga for å auke leiingskompetansen til rektorar og leiarar i skulen. -Formålet med planen -Overordna mål og verdigrunnlag -Strukturelle forhold -Samarbeid og samhandling mellom skule og SFO -Samarbeid mellom SFO og heim -Innhaldet i SFO -Vurdering av måloppnåing Første del av dette arbeidet blir på første planleggingsdag skuleåret 2018-2019. Me vil setja ned ei gruppe som skal arbeida med å utvikla denne planen. Rektorutdanninga skal bidra til kompetanseutvikling innan fem hovudområde; 1. Elevane sine læringsprosessar, 2. Styring og administrasjon, 3. Samarbeid og organisasjonsbygging, 4. Utvikling og endring, 5. Leiarrolla. Dette inneber utvikling av kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Kvalitetsutvikling for SFO Suldal kommune vil utarbeida ein plan for kvalitetsutvikling for SFO i Suldal kommune. Dette vil me gjer gjennom lærande nettverk på tvers av dei forskjellige SFO i kommunen, kompetansebygging gjennom kurs og erfaringsutveksling. Planen skal innehalde følgjande element:

6 Utviklingsmøter og lærande nettverk Utviklingsmøter Alle einingsleiarar i barnehage og skule møtes ein dag annankvar månad i utviklingsmøter. Tema for utviklingsmøte er strategiane i strategi for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning: Lærande nettverk Den månaden det ikkje er utviklingsmøte samlast einingsleiarane i lærande nettverk, for vidare refleksjon og kollegarettleiing. Nettverka rapporterer i Padlet. - Tidleg innsats - Inkludering - Gruppe- og klasseleiing - Gode relasjonar - Systematisk observasjon - Kompetanse - Samarbeid kring barnet/eleven - Innhaldet i den spesialpedagogiske hjelpa/opplæringa I utviklingsmøta blir einingsleiarane presentert for verktøy og metodar som ein kan nytta i eiga personalgruppe, slik at strategiane når ut til personalgruppa. Målet er at einingsleiarane skal læra seg korleis å driva lærande møter for kollektiv refleksjon og utvikling. Skuleåret 18/19 September: Utviklingsmøte. Oktober: Nettverksmøte November: Utviklingsmøte. Desember: Nettverksmøte Januar: Utviklingsmøte. Februar: Nettverksmøte Mars: Utviklingsmøte. April: Nettverksmøte Mai: Utviklingsmøte. Juni: Nettverksmøte

7 Me Bryr Oss konferansen Konferansen er ein årleg konferanse i regi av Suldal kommune, for alle tilsette som på ein eller annan måte jobbar med barn og unge. Konferansen har som mål å bidra til at dei som jobbar tett på barn og unge skal kjenna - At dei får fagleg påfyll - At jobben dei gjer er viktig - At dei er særs betydningsfulle personar for barna dei møter - At dei er stolte, og at Suldal kommune er stolte over arbeidet dei gjer - At dei er ein del av eit fellesskap som drar i same retning. Gjennomgangstema er å sjå, og å bry seg - korleis jobba for at barn og familiane deira får den hjelpa dei treng, når dei treng den. Årets konferanse er 16.11, og foredragshaldar er Siri Abrahamsen. Tema: «Rom for alle med blikk for den enkelte» - Meg og mitt verdiar, haldningar, relasjonsmønster, følelsar og smitteglede - Oss på jobb korleis gjera kvarandre godt og gode - Barna korleis sjå gull hjå kvart enkelt og vera eit best mogleg speil for dei me er rundt - Foreldre/foresatte fokus, tillit, openheit og kommunikasjon - Vegen vidare konkrete tips til korleis det kan jobbast med gleding for små og store

8 BTI Betre tverrfagleg innsats Suldal er ein BTI kommune, som skuleåret 18/19 skal jobba med å bygga ein handlingsrettleiar med rutinar og verktøy som dei tilsette kan nytta i saker der det er knytt ei uro til ein elev. I samband med questback i BTI arbeidet blei det avdekka nokon område som dei tilsette ønsker kompetanseutvikling på: - Foreldresamtalen når ein bekymrar - Barnesamtalen når ein bekymrar - Identifisera barn som lev i risikoutsatte familiesituasjonar - Involvering av foreldre og barn Kompetansesenter som kan vera aktuelle å vurdera for å skreddarsy eit kompetanseopplegg for å ivareta kompetansebehovet barnehagane har er: - KoRus Vest - RVTS - Helse Fonna Questback BTI Questback blei tatt i 2017 som eit utgangspunkt for Betre-tverrfagleginnsats og arbeidet vidare. Barnetenestene som er den kategorien skulane er ein del av hadde 69 svarprosent, 136 personar. 46% av desse 136 personar var tilsette i skulane. Questback avdekker behov for desse typane kompetanse: - Foreldresamtalen når ein bekymrar - Barnesamtalen når ein bekymrar - Identifisera barn som lev i risikoutsatte familiesituasjonar - Involvering av foreldre og barn

9 Conexus Engage Skulane i Suldal bruker programmet Conexus engage. Dette digitale verktøyet bidreg til å sortera og systematisera dei viktigaste kartleggingane som vert gjort av elevane og samlar dei på ein stad. Her blir eleven sin læringsprofil vist og samlinga av alle kartleggingane gir eit godt utgangspunkt for ein betre læringsdialog med eleven. Det pedagogiske personalet i Suldalsskulen skal aktivt bruka dette verktøyet og alle får eit kurs på første planleggingsdag skuleåret 2018-2019.

10 Skulebasert kompetanseutvikling fokus skuleåret 2018/2019 Skulebasert kompetanseutvikling Skulebasert kompetanseutvikling inneber at skulen, med leiinga og alle tilsette, deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Målet er å utvikla skulen si samla kunnskap, haldningar og ferdigheiter når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. Suldal jobbar i lag med resten av skulenettverket i nordfylket, NordR, om utvikling av plan for felles skulebaserte kompetansetiltak. Analysekompetanse Gjennom NordR er skuleleiarane starta ei opplæring/kursrekke i analysekompetanse. Utdanningsregionen Nord R skal styrke kapasisteten i det profesjonelle lagarbeidet på skulane, i skuleleiinga og i skuleeigarskapet for å løfte elevae si læring og utvikling. Målet for skuleåret 2018/2019 Etablera og vidareutvikla lærende nettverk i kommunen og på tvers av kommunar Analysera skulen sitt behov saman med personalet og prioritera kva skulen skal ha som utviklingsområde Bruke data om skulen til å auka læringsutbytte for den enkelte elev Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Førebyggjande arbeid som fremjer eit godt psykososilat miljø og hindrar mobbing har stor innverknad på elevane sitt læringsutbyte og er eit kontinuerlig arbeid i Suldalsskulen. Suldal er del av pulje 3 i satsinga inkluderande barnehage- og skulemiljø som har som mål at skulane og eigar skal vidareutvikla trygge og gode skulemiljø, samt læra meir om førebygging og avdekking av mobbing. Satsinga går over 5 semester. Pilotskulane som blir ein del av denne satsinga i første omgang er Erfjord, Marvik, Jelsa og Vanvik. I tillegg til skuleeigar er det tilsett ein ressursperson som skal leie dette utviklingsarbeidet. Det vert arbeid i lokale lærande nettverk og nasjonale og regionale samlingar. KLU Klasseleiing i Utvikling Vurdering for læring Siste elevundersøking viser at Suldal ikkje scorar så bra på «Vurdering for læring» og «Elevdemokrati og medverknad» som Rogaland fylke og basjonalt. Dei tre skulane som ikkje er med på satsinga Inkluderande barnehage-og skulemiljø, Sand, Vinjar og Nesflaten, vil arbeide meir med vurdering som ein del av «KLU Kasseleiing i utvikling».

11 Rekruttering Fleire grunnskulelærarar Suldal kommune har behov for fleire grunnskulelærarar. Per i dag manglar Suldal kommune ca grunnskulelærarar. Tiltak - Lærarar frå Suldal reisa på karrieredagen på UiS for å synleggjera og marknadsføra at me treng grunnskulelærarar i Suldal og at her er ein god stad å jobba som lærar. - Vera tidleg ute med felles utlysning for ledige lærarstillingar i kommunen. Lysa ut breitt, i nabokommunar og næraste byar. (Godkjent i utviklingsmøte 26. juni 2018)