Arkivref: 2018/1902-24409/2018 Saksh.: Hege Etterlid Saksnr Utval Møtedato 40/18 Formannskapet 07.11.2018 Kommunestyret ÅRSBUDSJETT 2019, ØKONOMIPLAN 2019-2022 Framlegg til innstilling: 1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2019-2022 med desse endringane: 2. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 3. a) I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2019: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Kommunar som til og med år 2018 skreiv ut skatt på kategorien verk og bruk, kan frå 2019 til og med 2024 vedta å skriva ut skatt på eit særskild fastsett grunnlag. Grunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018: Det vert skrive ut skatt på det særskilde skattegrunnlaget redusert med ein sjuandedel i 2019 (overgangsregel til 3 og 4 første ledd første pkt). b) Skattesatsen vert sett til 2,5 av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 5 av næringseigedom og ubebygd grunneigedom. c) I medhald av eigedomsskattelova 7 bokstav a) opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserar for fritak etter bestemmelsen og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad. Dei eigedomar som tidlegare år er innvilga fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 7, jf. vedlegg til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2019. d) Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar.innbetalingane kan etter avtale fordelast på 12 terminar.
e) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. f) Botnfrådrag vert for 2019 sett til kr 400 000 4. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil 247 900 000 kr i lån i 2019 som serielån. Låneopptaket er fordelt slik: Startlån til vidare utlån kr 50 000 000 Lån til investering i vatn og avlaup kr 177 419 000 Lån til Stord hamnestell kr 20 481 000 Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå vedlegg) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak. 5. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2019 slik det går fram av eige vedlegg for: - Kommunale eigedomsavgifter - Gebyr for regulerings-, byggesaks-, og oppmålingssaker - Betalingssatsar for feiing og tilsyn - Avgift for vatn, avlaup og renovasjon 6. Som eit ledd i å få meir automatiserte tenester vedtek kommunestyret at det skal betalast fakturagebyr på papirfaktura. Gebyret vert sett til kr 55. Foreldrebetaling barnehage, sjølvkostområda, dagopphald og korttidsopphald institusjon, elektronisk faktura er unntatt frå gebyr. 7. Kommunestyret fastset førebels slike tilskotssatsar for 2019 til private barnehagar i Stord kommune: Ordinære barnehagar: Små born/full plass kr 200 861 Store born/full plass kr 95 641 Satsar for familiebarnehagar og refusjon kapitalkostnader skal vera tilsvarande retningsgjevande satsar frå departementet. 8. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra løyvingane på investeringsbudsjettet der ikkje anna er sagt i budsjettkommentarane. Fullmakta omfattar løyvinga til samarbeidsprosjekt for Stord kommunalteknikk (vatn og avlaup). 9. Stord kommune vil i 2019 busetta 28 flyktningar medrekna familiesameiningar. 10. Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2019 på kr 8 498 1866. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for 2 av 9
etterletne som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma. 11. Det vert for 2019 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik: Sunnhordland museum kr 100 000 Friluftsrådet vest kr 433 390 Stord sogelag kr 10 000 Sunnhordland kammerorkester kr 25 000 Teaterlaget kr 10 000 Venskap Stord-Comalapa kr 20 000 17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo kr 76 000 Falturiltu barnebokfestival kr 100 000 Gards- og ættesoge kr 75 000 Arrangementet 100 dagar (underskotsgaranti) kr 25 000 Huglo Bygdelag kr 50 000 Det skal fordelast 400 000 til lag og organisasjonar, med kr 150 000 til idrettslaga og kr 250 000 til andre lag og organsasjonar etter kommunestyret sine retningsliner. Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2019-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål: Hordaland olje og gass, driftstilskot kr 50 000 Maritime Clean Tech kr 50 000 Haukelivegen AS, driftstilskot kr 32 000 Samarbeidsrådet for Sunnhordland kr 699 862 Samarbeidsrådet, reiselivssatsinga kr 234 544 Medlemskontingent Stord næringsråd kr 30 000 Atheno AS, Maritim industriinkubator kr 150 000 Atheno AS, Ungt entreprenørskap kr 65 000 Kjøp av førstelinetenester for næringsetablering kr 200 000 3 av 9
Komité for næring, miljø og kultur får i tillegg fullmakt til å disponera løyving på kr 100 000 til næringsføremål. 12. Kommunestyret gir Komité for næring, miljø og kultur fullmakt til å fordela løyvinga på kr 400 000 til tilskot til lag og organisasjonar, Stord maritime museum og til oppfølging av museumsplan. 13. Stimuleringstilskotet for arbeidstakarar over 62 år vert avvikla frå og med 2019. 14. Stord kommune seier opp medlemsskapet i MOT frå og med hausten 2019. 15. Kommunestyret ber rådmannen å ta initiativ til å oppretta barnevernvakt for dei tre samarbeidskommunane frå og med hausten 2019. 16. Frisklivsentralen vert avvikla frå og med 2019. 17. Kommunestyret ber rådmannen vurdera om kommunen skal starta opp eige produksjonskjøkken og overta matlaginga for bebuarar i institusjonanen m.fl. når avtalen med den eksterne leverandøren går ut. 18. Kommunestyret ber rådmannen vurdera å redusere tal senger på rehabiliteringssenteret, med siktemål å oppnå stordriftsfordeler for dei ordinære sjukeheimsplassane. 19. Kommunestyret vil avvikla dagtilbodet i Vidstentunet og gje brukarane eit alternativt tilbod på Sæbø gard. Kommunestyret ber rådmannen om å koma attende med ei sak om alternativ bruk av bygget. 20. Kommunestyret løyver kr 150 000 til ein forstudie som skal vurdere nye lokale for Hamna, Maris og LAR-senteret. Komité for rehabilitering, helse og omsorg får fullmakt til å ta stilling plassering av tenestene. 21. Kommunestyret ber rådmannen om å i ei eiga sak vurdera å avvikla kommunen sine bustader i Saghaugen. Bebuarane skal få tilbod om nye bustader, på Haga eller i andre bufellesskap. 22. Kommunestyret vedtek å avvikla døgntilbodet i Åkervikåsen frå og med april 2019. 23. Kommunestyret løyver kr 400 000 samla til lag og organisasjonar (integrering), Stord maritime museum og oppfølging regional museumsplan. Komté for næring, miljø og kultur skal fordela løyvinga i samband med handsaminga av detaljbudsjettet. 24. Harri og Litlabø fritidsklubbar, Mandagsklubben og Onsdagsklubben vert avvikla frå og med hausten 2019. 25. Kommunestyret vedtek å stenga skeisebanen frå og med sesongen 2019-2020. Samstundes vert ordninga med byggvakt kvardag mellom kl. 15.00 og 07.30 og helg avvikla. 26. Kommunestyret legg til grunn at Stord kommunale eigedom AS betalar ut eit ekstraordinært utbyte på kr 1 mill. ved avslutning av rekneskapen for 2018. 27. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen arbeider vidare med dagkasernering av brannstellet og at det samstundes vert lagt til rette for å organisera kommunen sitt bilhald (verkstad m.m.) med base på brannstasjonen på Vabakken. 4 av 9
Saksprotokoll i Formannskapet - 07.11.2018 Innstilling 1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2019-2022 med desse endringane: 2. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 3. a) I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2019: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Kommunar som til og med år 2018 skreiv ut skatt på kategorien verk og bruk, kan frå 2019 til og med 2024 vedta å skriva ut skatt på eit særskild fastsett grunnlag. Grunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018: Det vert skrive ut skatt på det særskilde skattegrunnlaget redusert med ein sjuandedel i 2019 (overgangsregel til 3 og 4 første ledd første pkt). b) Skattesatsen vert sett til 2,5 av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 5 av næringseigedom og ubebygd grunneigedom. c) I medhald av eigedomsskattelova 7 bokstav a) opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserar for fritak etter bestemmelsen og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad. Dei eigedomar som tidlegare år er innvilga fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 7, jf. vedlegg til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2019. d) Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Innbetalingane kan etter avtale fordelast på 12 terminar. e) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. f) Botnfrådrag vert for 2019 sett til kr 400 000 4. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil 247 900 000 kr i lån i 2019 som serielån. Låneopptaket er fordelt slik: Startlån til vidare utlån kr 50 000 000 Lån til investering i vatn og avlaup kr 177 419 000 Lån til Stord hamnestell kr 20 481 000 5 av 9
Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå vedlegg) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak. 5. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2019 slik det går fram av eige vedlegg for: - Kommunale eigedomsavgifter - Gebyr for regulerings-, byggesaks-, og oppmålingssaker - Betalingssatsar for feiing og tilsyn - Avgift for vatn, avlaup og renovasjon 6. Som eit ledd i å få meir automatiserte tenester vedtek kommunestyret at det skal betalast fakturagebyr på papirfaktura. Gebyret vert sett til kr 55. Foreldrebetaling barnehage, sjølvkostområda, dagopphald og korttidsopphald institusjon, elektronisk faktura er unntatt frå gebyr. 7. Kommunestyret fastset førebels slike tilskotssatsar for 2019 til private barnehagar i Stord kommune: Ordinære barnehagar: Små born/full plass kr 200 861 Store born/full plass kr 95 641 Satsar for familiebarnehagar og refusjon kapitalkostnader skal vera tilsvarande retningsgjevande satsar frå departementet. 8. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra løyvingane på investeringsbudsjettet der ikkje anna er sagt i budsjettkommentarane. Fullmakta omfattar løyvinga til samarbeidsprosjekt for Stord kommunalteknikk (vatn og avlaup). 9. Stord kommune vil i 2019 busetta 28 flyktningar medrekna familiesameiningar. 10. Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2019 på kr 8 498 186. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for etterletne som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma. 11. Det vert for 2019 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik: Sunnhordland museum kr 100 000 Friluftsrådet vest kr 433 390 Stord sogelag kr 10 000 Sunnhordland kammerorkester kr 25 000 Teaterlaget kr 10 000 Venskap Stord-Comalapa kr 20 000 17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo kr 76 000 6 av 9
Falturiltu barnebokfestival kr 100 000 Gards- og ættesoge kr 75 000 Arrangementet 100 dagar (underskotsgaranti) kr 25 000 Huglo Bygdelag kr 50 000 Det skal fordelast 400 000 til lag og organisasjonar, med kr 150 000 til idrettslaga og kr 250 000 til andre lag og organsasjonar etter kommunestyret sine retningsliner. Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2019-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål: Hordaland olje og gass, driftstilskot kr 50 000 Maritime Clean Tech kr 50 000 Haukelivegen AS, driftstilskot kr 32 000 Samarbeidsrådet for Sunnhordland kr 699 862 Samarbeidsrådet, reiselivssatsinga kr 234 544 Medlemskontingent Stord næringsråd kr 30 000 Atheno AS, Maritim industriinkubator kr 150 000 Atheno AS, Ungt entreprenørskap kr 65 000 Kjøp av førstelinetenester for næringsetablering kr 200 000 Komité for næring, miljø og kultur får i tillegg fullmakt til å disponera løyving på kr 100 000 til næringsføremål. 12. Kommunestyret gir Komité for næring, miljø og kultur fullmakt til å fordela løyvinga på kr 400 000 til tilskot til lag og organisasjonar, Stord maritime museum og til oppfølging av museumsplan. 13. Stimuleringstilskotet for arbeidstakarar over 62 år vert avvikla frå og med 2019. 14. Stord kommune seier opp medlemsskapet i MOT frå og med hausten 2019. 15. Kommunestyret ber rådmannen å ta initiativ til å oppretta barnevernvakt for dei tre samarbeidskommunane frå og med hausten 2019. 16. Frisklivsentralen vert avvikla frå og med 2019. 17. Kommunestyret ber rådmannen vurdera om kommunen skal starta opp eige produksjonskjøkken og overta matlaginga for bebuarar i institusjonanen m.fl. når avtalen med den eksterne leverandøren går ut. 18. Kommunestyret ber rådmannen vurdera å redusere tal senger på rehabiliteringssenteret, med siktemål å oppnå stordriftsfordeler for dei ordinære sjukeheimsplassane. 7 av 9
19. Kommunestyret vil avvikla dagtilbodet i Vidstentunet og gje brukarane eit alternativt tilbod på Sæbø gard. Kommunestyret ber rådmannen om å koma attende med ei sak om alternativ bruk av bygget. 20. Kommunestyret løyver kr 150 000 til ein forstudie som skal vurdere nye lokale for Hamna, Maris og LAR-senteret. Komité for rehabilitering, helse og omsorg får fullmakt til å ta stilling plassering av tenestene. 21. Kommunestyret ber rådmannen om å i ei eiga sak vurdera å avvikla kommunen sine bustader i Saghaugen. Bebuarane skal få tilbod om nye bustader, på Haga eller i andre bufellesskap. 22. Kommunestyret vedtek å avvikla døgntilbodet i Åkervikåsen frå og med april 2019. 23. Kommunestyret løyver kr 400 000 samla til lag og organisasjonar (integrering), Stord maritime museum og oppfølging regional museumsplan. Komté for næring, miljø og kultur skal fordela løyvinga i samband med handsaminga av detaljbudsjettet. 24. Harri og Litlabø fritidsklubbar, Mandagsklubben og Onsdagsklubben vert avvikla frå og med hausten 2019. 25. Kommunestyret vedtek å stenga skeisebanen frå og med sesongen 2019-2020. Samstundes vert ordninga med byggvakt kvardag mellom kl. 15.00 og 07.30 og helg avvikla. 26. Kommunestyret legg til grunn at Stord kommunale eigedom AS betalar ut eit ekstraordinært utbyte på kr 1 mill. ved avslutning av rekneskapen for 2018. 27. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen arbeider vidare med dagkasernering av brannstellet og at det samstundes vert lagt til rette for å organisera kommunen sitt bilhald (verkstad m.m.) med base på brannstasjonen på Vabakken. Handsaming Samla budsjett Tilrådd med 7 mot 2 røyster (H og Frp) * * * Det vart først røysta over pkt 24 som vart tilrådd med 6 mot 3 røyster (H, V og Frp) 8 av 9
Rådmannen, 29.10.2018 Dokumentliste S 29.10.2018 Årsbudsjett 2019, Økonomiplan 2019-2022 I 01.06.2018 Kommunal- og moderniseringsdepartementet Rundskriv H-2/18 Beregningsforutsetninger for pensjonskostnadene regnskapsåret 2019 I 15.06.2018 Fylkesmannen i Hordaland Ordinært skjønstilskot for 2019 I 05.07.2018 KOMMUNAL- OG MODERNISERINGS- Kvalitetssikring av kriteriedata for kommuner 2019 DEPARTEMENTET U 12.07.2018 Fylkesmannen i Hordaland Ordinært skjønstilskot for 2019 X 11.07.2018 Budsjettrundskriv2019, drift og investering I 06.08.2018 STORD MARITIME MUSEUM Søknad om økonomisk stønad for Stord Maritime Museum (SMM) 2019. U 21.06.2018 Fylkesmannen i Hordaland Ordinært skjønstilskot for 2019 I 03.09.2018 KOMMUNAL LANDSPENSJONSKASSE AVD OSLO Premiesatser pensjon 2019 KLP:00798000957 I 04.09.2018 Monica Brekke Fosse, Frikjøp HVO Hovudverneombod I 07.09.2018 Kommunal- og moderniseringsdepartementet Ettersendelse av kriteriedata for inntektssystemet for kommunene for 2019 I 13.09.2018 Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutvalet Partsbrev KUV PS 43_18 Budsjett for kontrollog tilsynsarbeidet for 2019 I 14.09.2018 KLP Kommunal Landspensjonskasse Att: Økonomi Premiesatser 2019 - lukket avtale folkevalgte KLP:00798002930 I 01.10.2018 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE LEGEVAKT IKS SIL IKS økonomiplan/kommunetilskot 2019-2022 I 08.10.2018 KLP Kommunal Landspensjonskasse Økonomiplanprognose 2019-2022 KLP:00798004906 I 08.10.2018 Fylkesmannen i Hordaland Statsbudsjettet 2019 - kommuneopplegget I 10.10.2018 FYLKESMANNEN I HORDALAND Ordinært skjønstilskot for 2019 (kopi av brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet) Innleiing (bakgrunn for saka) Rådmannen sitt budsjettforslag og økonomiplan 2019-2022 vart presentert i kommunestyret 25.10.18 og vart sendt ut elektronisk til kommunestyret same dag. Her er lenke til budsjettframlegget: https://pub.framsikt.net/2019/stord/bm-2019-stord_kommune_- _%C3%B8konomiplan_2019-2022/#/ Formannskapet skal etter kommunelova 45 nr.3 og i samsvar med Stord kommune sitt økonomireglement legge sitt budsjettforslag ut til offentleg ettersyn i 14 dagar. 9 av 9