Oppstart av sjukepleiedriven sårpoliklinikk.



Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Med god informasjon i bagasjen

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Samhandlingskonferanse 17. januar 2011

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

DiaFOTo. Telemedisinsk oppfølging av diabetes fotsår Diabetesforum Rogaland Marie Fjelde Hausken Prosjektkoordinator

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

HELSETILSIMET I HORDALAND

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Lokalbehandling av trykksår, bandasjevalg, larver og pasientrådgiving

Styresak. Admininstrerande direktør Olav Klausen Oppfølging av risikovurdering 1.tertial Helse Fonna HF

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Kan vi få til eit solid forskingsprosjekt?

Sogn lokalmedisinske senter

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Sjukehusa og fastlegane: Herskap og tenarar?

Klinisk nytte av kvalitetsregister. Torstein Hole Klinikksjef Klinikk for medisin Helse M&R HF 1. Amanuensis II, DMF, NTNU

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Frå visjon til realitet November 2012

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Akuttpsykiatriske situasjonar

Frisklivs- og meistringssenteret (FMS) i Betre Saman. Visjonar, mål og handling. Handlingsplan Handlingsplan 2013 Handlingsplan 2014

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Hva skal jeg snakke om?

Eldremedisinsk poliklinikk

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus. Nasjonalt Topplederprogram

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

Etikk og refleksjon i Sula kommune «Kinderegg» for kvalitet i fagutvikling

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Årlig undersøkelse av diabetesføtter. v/diabetessykepleier Anita Skafjeld, Oslo universitetssykehus, Endokrinologisk poliklinikk, Aker sykehus

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Telemedisinsk oppfølging av sår-en større mulighet for kontinuitet og brukermedvirkning?

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Programmet Helse Førdes tilbod til psykisk sjuke pasientar ute i kommunane

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Visjon og verkelighetframtidas

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Telemedisin Sogn og Fjordane Fagrådet

Forsking og utviklingsarbeid i kommunane korleis bli reelle forskingskommunar ikkje berre objekt

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

Rettleiing for korleis tilvisinga til Seksjon for spiseforstyrringar bør utformast

Dei fire hovudoppgåvene

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Telemedisin i Sogn og Fjordane. Hovudprosjekt

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Notat til styremøte 26. januar 2010

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato

Masfjorden kommune vil gi god smertelindring, også til personer med demens!

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

1. Mål med samhandlingsreforma

Sammenheng mellom pasientforløp, effektivitet og pasientsikkerhet. Gro Sævil Helljesen Prosessleder Helse Sør-Øst RHF 18 oktober 2011

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Team Hareid Trygg Heime

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Utskriving innan psykisk helsevern/rus

NOTAT om familiehuset

Styresak. Forslag til vedtak: Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Opplæringsplan for lærlingar i helsearbeidarfaget. Spesialisthelsetenesta (modul 4) Helse Førde HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forskning og kvalitetsutvikling - 2 sider av samme sak? Gro Sævil Helljesen, prosessleder, RN, MSc Helse Sør-Øst RHF 26 august 2010

Diabetikere og fotsår

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Sogn lokalmedisinske senter - tankar frå Helse Førde - Sogn regionråd Jon Bolstad

Transkript:

Prosjektnamn Oppstart av sjukepleiedriven sårpoliklinikk. Prosjektansvarleg : Knut Nautvik klinikksjef Kirurgisk avdeling Prosjektleiar : Ingun Klokk sjukepleiar m/vidareutdanning sår E-post : Ingun Karin Klokk@helse-mr.no telefon 70058386 Ansvarleg lege : Jon Bacher Hjorthaug Overlege kirurgi Juha Hietanen Overlege ortopedi Prosjektorganisering Styringsgruppe : Knut Nautvik Klinikksjef Gunnar Dagslott Avdelingsoverlege Bjørg Henriksen Seksjonsleiar Kir.pol. Prosjektgruppe : Torill Skrede Heltne Seksjonsleiar kir avd. Ingun Klokk Prosjektleiar /sårsjukepleiar Jon Bacher Hjorthaug Overlege kirurgi Juha Hietanen Overlege ortopedi Prosjektskildring Auka antall eldre i kombinasjon med førekomst av hjerte-karsjukdom og diabetes kan tyde på at antall pasientar med sår og i risiko for å få sår vil stige. Vi har ikkje hatt ein kvalitativ god organisering av sårbehandling då det har variert kven som vurderer og behandlar såret frå konsultasjon til konsultasjon. Desse pasientane vert også behandla både ved innlegging i avdeling, poliklinikk og skiftestove. Dette gir ikkje ei optimal tverrfagleg vurdering. I styringsdokumenta for helseføretaket står det at styring på kvalitet skal vere like tydeleg som på økonomi. I Helse Midt Noreg RHF sin strategiplan 2020 legg ein til grunn fyljande strategiske mål: Styrke innsatsen for dei store pasientgruppene Kunnskapsbasert pasientbehandling Ein organisasjon som bygg opp under gode pasientforløp. Rett kompetanse på rett tid til rett stad Økonomisk bærekraft Med bakgrunn i dette har vi sett behovet for å endre vår praksis i behandlinga av pasientar med sår, samt å bygge opp eit tverrfagleg team i samarbeid med diabetespoliklinikken til pasientar med diabetes og fotsår. For å kunne gi ei kunnskapsbasert behandling og tverrfagleg vurdering av denne pasientgruppa har vi eit ynskje om å kunne opprette ein sårpoliklinikk. Vi har ein sjukepleiar med vidareutdanning i sår som vi har tiltenkt å leie oppstart av og dagleg drift av poliklinikken.

Vi ynskjer å bygge opp eit tverrfagleg samarbeid for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av pasientane utover sjølve såret, vurdere pasienten sin grunnliding, medisin, ernæring, alder, smerter, psykososiale forhold og korleis der er å leve med sår. Kravet til å ha tverrfagleg samarbeid på poliklinikkane er spesielt tilstades hos pasientar med diabetes og fotsår. Sjukdom i foten er ein av dei mest alvorlege og ressurskrevjande komplikasjonane til diabetes mellitus. Amputasjon av beinet er som oftast forårsaka av eit diabetisk fotsår. Tverrfagleg tilnærming til behandling av fotsår og grundig oppfylging kan redusere amputasjonshyppigheita med 49-85 %. Ideelt sett burde det tverrfaglege teamet bestå av endokrinolog, fotterapeut, ortopediingeniør, sjukepleiar, gipsteknikar i nært samarbeid med ortoped, karkirurg og hudlege ( Norges Diabetesforbund, 2009). I følgje NICE (2012) skal tverrfagleg poliklinikk kunne vurdere foten, kartlegge behovet for spesialist, sårbehandling, debrirering, avlastning, eventuelt operativt inngrep samt sikre optimal metabolsk kontroll. Bør ha ein fast person for å sikre kontinuitet i behandling og oppfyljing. Utvikle god kommunikasjon med relevans for klinisk informasjon/ dokumentasjon frå sjukehus til primærhelsetjenesta eller ved innlegging på sjukehus. I fyrste omgong tenkjer vi å samle alle konsultasjonane frå skiftestove,avdeling og poliklinikk og med dette forbetre kvaliteten og kontinuiteten på vurdering og behandling. Etter kvart tenkjer vi oss også eit samarbeid med kommunane på Søre Sunnmøre både på behandling og utvikling av kompetanse. Vi ynskjer å utvikle gode oppfyljingsrutinar der ein har kort tid for vurdering og behandling. Då mange av desse pasientane vert behandla heime er det viktig med god dialog både på vurdering, behandling og retningslinjer som til ei kvar tid baserer seg på siste oppdatert forsking for å få ei organisering som underbyggjer gode pasientforløp. Rettleiing og kompetansebehov. I følgje Lov om spesialisthelsetjenesta 6-3 blir helsepersonell pålagt å gi kommunehelsetjenesta råd, rettleiing og opplysning om helsemessige forhold som er påkravd for at kommunehelsetjenesta skal kunne løyse sine oppgåver etter lov og forskrift. Målet med dette er å bidra til å skape ei heilskapleg helseteneste og motvirke flaskehalsar mellom to samhandlande linjer. Målet er å motvirke ressurssløsing og kvalitetsbrot ved å lage gode sårprosedyrer, lav terskel for å få time, tlf kontakt raskt ved spørsmål og på sikt kunne utvikle opplæringsplanar i samarbeid med kommunane på Søre Sunnmøre. Kvalitetsforbetring - Samhandling. Behandlingslinjer; sikrar høg fagleg kvalitet, straumlinjeforma pasientforløp og skaper forutsigbarheit, bidrar til god samhandling og effektiv ressursutnytting, som vidare kan bidra til betre planlegging, utvikling og styring i helsetenestene. Med dette meiner ein normativ skildring av eit planlagt og forventa pasientforløp for ei definert diagnosegruppe, forankra i fagleg evidens, kopla til effektiv ressursutnytting og målbare resultat. Det gir oversikt over store deler av kva som skjer rundt ei definert pasientgruppe ( diabetes fotsår) Ved at tverrfaglige team og fagmiljø som behandlar pasientane i det daglege utarbeider behandlingslinjer, sikrar ein i større grad deling av kunnskap, implementering og at best praksis vert gjennomført i pasientbehandlinga.

På eit overordna nivå kan behandlingslinje visualiserast med figur 1: Kilde: Gro Sævil Helljesen, 2010. Skildring av korleis prosjektet skal bygge opp under gode pasientforløp I følgje WUWHS(2008) bygger effektiv sårbehandling på: Grundig sjukehistorie. Kartlegge og forstå grunnlidingane eller dei årsakene som ligg bak for at såret oppstår. Identifisere medverkande årsaker til at såret ikkje gror. Detaljert vurdering av sjølve såret Utvikle behandlingsplanar. Dette er grunnprinsippa som vert styrande i pasientbehandlinga på sår poliklinikken der ein sjukepleiar med vidareutdanning i sårsjukepleie vil stå for kontinuiteten ved at ho fyljer opp såra og kallar inn den tverrfaglege ekspertise ved behov. Her vil ein nytte TIME som er ein modell som er utvikla for å gi klinikarane eit praktisk verktøy i arbeidet med å optimalisere sårbotnen (Dowsett, Newton, 2005). Det er eit verktøy i vurdering av pasienten, såret og den behandlinga som vert gitt. Ein jobbar i sirkel og startar med pasienten - sår diagnose av lege - tek TIME vurdering - sette i verk tiltak - vurderer såret - er det hela? Slik vert det gått i sirkel inntil såret er hela og førebygging kan starte. Tydinga av dei fire bokstavane er: T: tissue, vevet i sårbotnen korleis det ser ut. I: infection, inflammasjon M: moisture, fukt, sårvæske. E: edge, sårkanter. Dowsett og Newton(2005)

Denne modellen vil vere med på å gi ei heilskapleg behandling med kontinuitet og god dokumentasjon ved at sår sjukepleiar vil ta dei fleste sårskifta og konsultere kirurg ved behov. Det vil også vere ein del av dokumentasjonen i EPJ ved kvar konsultasjon. Samstundes eit godt hjelpemiddel for å utvikle gode sårprosedyrer. I følgje Meld. St.10( 2.4.3) blir det peika på kor viktig der er å få til gode pasientforløp med fokus på tverrfaglig samarbeid,heilheilskapleg og samordna tilbod med kontinuitet i behandlinga. For å få til det tverrfaglege blir det eit teamarbeid mellom sår sjukepleiar, kirurg/ karkirurg, diabetespoliklinikk, medisinsk vurdering, ortopediingeniør, fotterapeut. Her vil vi legge vekt på å få til flate behandlingslinjer med avklarte ansvarsområde slik at det tverrfaglege blir nytta for å sikre gode og koordinerte teneste. Noko som Hensen et al (2005) påpeikar er avgjerande for å få til gode behandlingslinjer som er tilpassa den enkelte pasient. Moglegheit for erfaringsoverføring til andre einingar/føretak. Då vi ynskjer at sår sjukepleier skal hospitere ved sår poliklinikken Drammen Sjukehus, gir det oss moglegheit til å få overføre erfaringar derifrå til vår poliklinikk. På sikt ser ein også føre seg at det kan verte aktuelt med undervisning/opplæring av personale både på Kirurgisk og Medisinsk avdeling i høve til sårbehandling. Utvikle lik behandling av dei ulike såra. Skildring av målbare mål. Målsettinga er å betre oppfylginga av den enkelte pasient, ved at hovudansvaret er hjå sår sjukepleier i samråd med lege som har det overordna ordinasjonsansvaret Betre kontinuitet i behandlinga som igjen gir raskare tilheling av såra (Sundhedsstyrelsen, 2006) Frigi legetid og frigi tid til andre konsultasjonar på poliklinikken. Vi har også som mål å redusere døgnbehandling, som ofte er ei stor belastning for desse pasientane då dei ofte vert isolerte på grunn av infeksjon. Utarbeide sårprosedyrer som fylgjer pasienten til sjukeheim/heimebasert omsorg. I samarbeid med diabetespoliklinikken bygge opp eit tverrfagleg tilbod til pasientar med diabetes og fotsår. Dette er også i tråd med strategiplan 2020 HMN RHF som seier at betre behandlingstilbod og behandlingsformer gjer at ein kan redusere døgnbehandling over til poliklinikk/dagbehandling/heimebehandling. Egne ressursar brukt på ein ny måte i prosjektet. Frigjer tid for legane ved delegert arbeid til sårsjukepleier. Frigjer kapasitet på skiftestova. Frigjer kapasitet på poliklinikken Frigjer tid for operasjonssjukepleiar Ved gode pasientforløp redusere kostnad ved bandasje og redusere døgnopphald i avdelinga.

Skildring av studier, planlagde artiklar og forsking som fylje av prosjektet Ingen forskingsprosjekt planlagt. Framdriftsplan frå oktober 2013 til juni 2014 Oppretting av sår poliklinikk 2 dagar i veka og utvide dagar etter behov. Samle tilvisingar og behandling av alle pasientar med sår og sette dette i system. Sikre kontinuiteten i behandling og oppfyljing. Utarbeide sårprosedyrer som fyljer pasienten til legesenter/sjukeheim/ heimebasert omsorg. Etablere samarbeid med diabetespoliklinikken med tanke på å få til eit tverrfagleg tilbod til pasientar med diabetes og fotsår. Vidareføring av prosjektet er å etablere poliklinikken inn i ordinær drift. Vidare etablere eit samarbeid med kommunane på Søre Sunnmøre for å sikre gode pasientforløp og opplæringsplanar Budsjett Søknadsperiode Oktober 2013 juni 2014 Prosjektleiar inkl.sosiale utgifter Kr. 500 000,- Hospitering Kr. 20 000,- Eigeninnsats lege, sjukepleiar, inventar Kr. 160 000,- Søknadssum prosjektmidlar Kr. 520 000,-

Referansar Dowsett C, Newton H (2005). Wound bed preparation: TIME in practice. Wounds UK, 1(3):58-70 Helljesen Sævik,G (2010,25 januar)kvalitetsforbedring-samhandling.behandlingslinjer. Hentet fra http://www.helsebiblioteket.no/kvalitetsforbedring/samhandling/metoder-ogverkt%c Helse- og Omsorgsdepatementet (2012). Meld.St.10 (2012-2013). God kvalitet- trygge tjenester. Kvalitet og pasientsikkerhet i helse og omsorgstjenesten. Hensen et al (2005). Pathway Management in ambulatory wound care: defining local standards for quality improvement and interprofessional care. International Wound Journal, vol 2, No 2, s.104-111. NICE(National Institute for Health and Clinical Excellence 2012)Diabetic foot problems.www.nice.org.uk. Noregs Diabetesforbund(2009).Praktiske retningslinjer: Den diabetiske for-behandling og forebygging. Hentet fra http://www.nifs-saar.no/pdf//diabetiske fot.pd Sundhetsstyrelsen (2006) Organisering af et behandlingsteam til patienter med problemsår, MTV rapport http://www.sst.dk/publ/publ2006/cemtv/saarteam/saateam.pdf World Union Wound Healing Societies (WUWHS) (2008). Principles of Best Practice: Diagnostics and wounds. A consensus document. London: MEP Ltd. Volda 18.juni 2013. Knut Nautvik Torill Skrede Heltne Klinikksjef kirurgisk klinikk Volda Sjukehus Seksjonsleiar Kirurgisk avdeling Volda Sjukehus