MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: rådhuset Møtedato: 17.06.2009 Kl: 13.10-16.30 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Einar Målsnes Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal Dato for innkalling: 11.06.09 Merknader: Saker som vart handsama 26/09-29/09 Rådmann Vidar Roseth Sekretær Marit Steinset Plan- og utviklingssjef Arne Abrahamsen Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Balestrand, ----------------------------------------------- ------------------------------------------------ Side 1 av 7
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 26/09 09/460 TERTIALRAPPORT 1. TERTIAL 2009 - BUDSJETTREVISJON 27/09 08/942 VILKÅR VED OVERDRAGING AV LEDIGE KOMMUNALE TOMTER 28/09 09/563 ORGANISERING AV ARBEIDET MED NÆRINGSUTVIKLING I BALESTRAND KOMMUNE 29/09 09/564 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2009 Side 2 av 7
Orienteringar og drøftingar: Høyring kommuneplanen. Plan- og utviklingssjefen delte ut alle innkomne uttalar og orienterte om dei uttalene som er komne. Vidare arbeid vert avklara i fyrste møte etter ferien. Reklamasjon Kreklingen stadion. Heile løpebana vert reparert for leverandør sin kostnad no i sommar. Status Sagatun barnehage. Får pris frå Gravdal innan 1.7. Formannskapet må rekne med ekstra møte for å godkjenne kostnadsramme og planløysing.. Damskipskaia Har vore i kontakt med Statens Vegvesen v/borlaug. Siste tilstandsrapport er frå 1998. Statens vegvesen har ikkje planar for undersøking av kaia i år. Har andre arbeid på kaier/bruer i området i sommar ved hjelp av eit firma med god kompetanse på området. Vil kople dette firmaet til Balestrand kommune sidan dei er i området. Vil i så fall kunne få vurdert tilstand og naudsynte tiltak. Saka vert følgt opp vidare. Tildeling av spelemidlar Følgjande prosjekt har fått tilsegn om spelemidlar; Esebotn skytebane med kr 133.000, sandvolleyballbane på Sagatun skule med kr 175.000 og Raudmelen tursti på kr 150.000. Vassdragskonsesjon Småkraft AS har fått konsesjon frå NVE til utbygging av småkraftverk i Eitreneselva. Tilsyn med brannvesenet. Rapport vart delt ut. Ein kjem tilbake til saka i fyrste møte etter ferien Nedre Sande sal. Huset er taksert Det er best å seksjonere for å få best mogeleg pris. Det vert arbeidd med å få lagt husværa ut på marknaden i løpet av juni. Det vert seld 3 bueiningar i fyrste omgang. Den fjerde eininga er utleigt for eit halvt år. Brakkeriggar er seld for kr. 80.000,- Opprydding i kommunen. Det bør oppmodast om at det vert føreteke opprydding. Arbeidet i økonominemnda. Torbjørn Brosvik og Tage Sandvoll møtte for å orientere om sitt arbeid i økonominemnda og tilrådinga som er blitt gitt. Formannskapet ga tilbakemelding om at rapporten frå arbeidet var svært god. Formannskapet drøfta innhaldet i rapporten. Det vart vedteke at rapporten er offentleg og kan leggjast ut på heimesida. Søknad frå 4H om tilskot. Det vert løyvt kr. 2000 av formannskapet sin disposisjonskonto, 100-18014-14701 Trimopplegg. Det vert løyvt kr. 5000 av formannskapet sin disposisjonskonto, 100-18014-14701 Side 3 av 7
Skifte av tak på Fjordtun oppvekstsener Det er komne inn to tilbod på skifte av tak Fjordtun oppvekstsenter. Tilboda med skifte av tak og etterisolering ligg over budsjett sett av kommunestyret i samband med tiltakspakka. Formannskapet ber om at rammeløyving til opprusting av bygg med ca kr 220.000 frå kto 300.22210.32311 vert nytta i tillegg til tilleggspakka for å finansiere dette. Det bør vere godkjende bygningsarbeidarar. Formannskapet godkjenner tilrådd løysing, der administrasjonen i tillegg kan vurdere utskifting av gamle ventilasjonskanalar. Trappeheis Sagatun skule Det er bede om tilbod på levering av trappeheis med frist for innlevering av tilbod 01.07.09. Arbeida vert forsøkt gjennomført innan skulestart og seinast 15.09.2009. Heimfallsinntekter. Rådmannen skal på møte med LVK og Statkraft vedk. ny ordning om heimfall i Høyangervassdraget frå 01.07.09. Side 4 av 7
26/09 TERTIALRAPPORT 1. TERTIAL 2009 - BUDSJETTREVISJON Det vert gjennomført slike endringar av Balestrand kommune sitt driftsbudsjett for 2009: 100 Politiske organ og styringsorgan + 50.000 120 Rådmann/fellestenester + 350.000 200 Oppvekstkontoret + 120.000 211 Fjordtun oppvekstsenter - 30.000 212 Nesse oppvekstsenter + 200.000 220 Sagatun barnehage + 90.000 250 Kulturskulen - 10.000 275 Pleie og omsorg - 1.000.000 295 Sosiale tenester/barnevern + 900.000 800 Pensjonskostnader/premieavvik - 1.000.000 800 Verskommunetilskot + 275.000 800 Tilskot ressurskrevjande tenester + 1.500.000 800 Skatt og rammetilskot - 600.000 800 Renter, utbyte og lån - 310.000 800 Bruk av disposisjonsfornd - 535.000 Sum 0 Tilrådingane frå utval for oppvekst og omsorg og utval for plan og utvikling vart utdelt. Formannskapet kom samla fram til slik Det vert gjennomført slike endringar av Balestrand kommune sitt driftsbudsjett for 2009: 100 Politiske organ og styringsorgan + 50.000 120 Rådmann/fellestenester + 350.000 200 Oppvekstkontoret + 120.000 211 Fjordtun oppvekstsenter - 30.000 212 Nesse oppvekstsenter + 200.000 220 Sagatun barnehage + 90.000 250 Kulturskulen - 10.000 275 Pleie og omsorg - 1.000.000 295 Sosiale tenester/barnevern + 900.000 800 Pensjonskostnader/premieavvik - 1.000.000 800 Vertskommunetilskot + 275.000 800 Tilskot ressurskrevjande tenester + 1.500.000 Side 5 av 7
800 Skatt og rammetilskot - 600.000 800 Renter, utbyte og lån - 310.000 800 Bruk av disposisjonsfond - 535.000 Sum 0 Kommunestyret ber administrasjonen om å sjå på heilskapen i pleie- og omsorgstenesta. Samrøystes 27/09 VILKÅR VED OVERDRAGING AV LEDIGE KOMMUNALE TOMTER Ordninga med vederlagsfri overdraging av attverande kommunale tomter i bustadfelt i Kreklingen, Gjerde og Gunnargarden til bustadføremål som vedteke i kommunestyret 18.06.08 vert ikkje vidareført. Det vart røysta over tilrådinga frå rådmannen. Tilråding Ordninga med vederlagsfri overdraging av attverande kommunale tomter i bustadfelt i Kreklingen, Gjerde og Gunnargarden til bustadføremål som vedteke i kommunestyret 18.06.08 vert ikkje vidareført. Samrøystes 28/09 ORGANISERING AV ARBEIDET MED NÆRINGSUTVIKLING I BALESTRAND KOMMUNE Formannskapet sluttar seg til framlegg til arbeidsform og framdriftsplan for prosjektet organisering av arbeid med næringsutvikling i Balestrand kommune slik det framkjem sak 9/73 med korrigert framdriftsplan i sak 09/563. Side 6 av 7
Formannskapet kom samla fram til slikt Vedtak Formannskapet sluttar seg til framlegg til arbeidsform og framdriftsplan for prosjektet organisering av arbeid med næringsutvikling i Balestrand kommune slik det framkjem i sak 9/73 med korrigert innspel i møte og framdriftsplan i sak 09/563 Samrøystes 29/09 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR 2009 Formannskapet kom samla fram til slik Møteplanen for 2. halvår 2009 vert vedteken som framlegg av 09.06.09 med slike endringar: Administrasjonsutval, planutval og formannskap - Onsdag 26 august vert endra til tysdag 25. august - Tysdag 13. oktober vert endra til måndag 12. oktober - Onsdag 2. desember vert endra til torsdag 3. desember. Valstyret: - Laurdag 12. september kl. 15.00 - Måndag 14. september kl. 20.30 Utvala: - Tysdag 25. august vert endra til måndag 24. august Kontrollutvalet: 14. september kl. 10.00 16. november kl. 10.00 Side 7 av 7