Bykle kommune Rådmannsstaben Grunneigare og velforeningar Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2013/483-23 Kay Christian Jørgensen, 37938500 L12 28.05.2014 Innføring av bygge- og deleforbod i område med eldre disposisjonsplanar. Saksprotokoll i Kommunestyre - 22.05.2014 Saka vart drøfta Kay Jeiskelid sa seg som grunneigar ugild i saka Olav Mandt møtte som varamann Tilrådinga vart samrøystes vedteke Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på. Gjerne med saksnummer, kva klaga gjeld, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Med helsing Kay Christian Jørgensen rådgjevar areal og plan
Arkiv: L12 Saksmappe: 2013/483-10 Sakshandsamar: Kay Christian Jørgensen Dato: 08.10.2013 Saksframlegg Bykle kommune Saksnr. Utval Møtedato 98/13 Planutval 21.10.2013 60/14 Kommunestyre 22.05.2014 Innføring av bygge- og deleforbod i område med eldre disposisjonsplanar. Rådmannen si tilråding: Frå 28.06.2014 vert det innført bygge- og deleforbod med ei varighet på fire år i desse planområda dersom ikkje ny plan er vedteken: Namn Gards og Plantype Gjeldane frå bruksnr. Breive 1/2 Disposisjonsplan 1972 Geiskelid 1 3/7 Disposisjonsplan 1972 Hoslemo 4/2 Disposisjonsplan 1972 Nylund 3/13 Disposisjonsplan 1972 Geiskelid 2 3/7 Disposisjonsplan 1972 Haugen, Løyning 6/2 Disposisjonsplan 1973 Ørnefjell 6/25 Disposisjonsplan 1974 Hagemo 3/5 Disposisjonsplan 1974 Sagi 4/3 Disposisjonsplan 1974 Vedtaket er gjort med heimel i vedteken kommuneplan, vedteken 28.06.2012, og i samsvar med plan- og bygningslova 13. Saksprotokoll i Planutval - 21.10.2013 Saka vert utsett til neste møte i planutvalet. Saksprotokoll i Kommunestyre - 22.05.2014 Saka vart drøfta Kay Jeiskelid sa seg som grunneigar ugild i saka Olav Mandt møtte som varamann Tilrådinga vart samrøystes vedteke
SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka Plan og bygningslova 11-6 seier at «kommuneplanens arealdel fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyrets vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak som nemnt i 1-6.( )».Jfr. også 10-1 I gjeldande kommuneplan, s.24, som er vedteken den 28.06.2012 står det ein tabell over eldre disposisjonsplanar, vedteke på 1970-talet. Dette gjeld: Namn Gards og Plantype Gjeldane frå bruksnr. Breive 1/2 Disposisjonsplan 1972 Geiskelid 1 3/7 Disposisjonsplan 1972 Hoslemo 4/2 Disposisjonsplan 1972 Nylund 3/13 Disposisjonsplan 1972 Hartevasstrondi 2/261 Disposisjonsplan 1972, er oppgradert 2012 Geiskelid 2 3/7 Disposisjonsplan 1972 Haugen, Løyning 6/2 Disposisjonsplan 1973 Ørnefjell 6/25 Disposisjonsplan 1974 Nylund 3/13 Disposisjonsplan 1974 Hagemo 3/5 Disposisjonsplan 1974 Sagi 4/3 Disposisjonsplan 1974 Solheimsmoen 2/1350 Disposisjonsplan 1977, oppgradert 2013 Grunneigarar og velforeiningar har fått brev (30.10.2013) om at planane må oppgraderast, elles kan det bli innført bygge- og deleforbod frå 28.06 2014.(to år etter at kommuneplanen vart vedteken). «Disposisjonsplanane nemnde i tabellen under er gyldige i to år etter at denne kommuneplanen er vedteke. Dersom det etter to år ikkje er vedteke ny reguleringsplan etter gjeldande plan- og bygningslov, kan det ikkje gjennomførast tiltak i planområda.» (sitat frå kommuneplanen). Det har kome fleire tilbakemeldingar på dette brevet, desse leggas ved saka men kommenterast ikkje ytterligare i denne framstillinga. Formelt grunnlag Kommuneplan for Bykle 2010-2022. Plan- og bygningslova kapittel 13. Vurderingar og konsekvensar Fleire av områda har starta prosessen med å lage nye planar og Bykle kommune har gjennom varslinga 30.10.2013, fått tilbakemelding på korleis dei ulike områda vil forholda seg til dette varsla bygge- og deleforbudet. Solheimsmoen har laga ny reguleringsplan, Nylund 1974 har vore lagt til reguleringsplanen Nylund Park gjennom tidligare planprosess. Det har vore starta planarbeid for områda Haugen/ Løyning, Hagemo og det har vore heldt møter med områda
Geiskelid 1 og 2. Dei andre områda har det vore kontakt med via anna korrespondanse, det er ulikt og usikkert korleis desse vil forholda seg til kravet om nye reguleringsplanar. Kommuneplan seier at dersom det ikkje er vedteken ny plan innan fristen, kan det ikkje gjennomførast tiltak i planområda. Dei fleste av desse områda er ferdig utbygd, men det kan vere aktuelt med t.d. mindre tilbygg og framføring av vatn og avløp. Nye og oppgraderte planar kan innehalde: vegtilkomst til hyttene utvida areal i samsvar med overordna planar framføring av vatn og avløp det kan vurderast fortetting (i Midtregionen er det i dag eit tak på talet på hytter og uaktuelt med fortetting) Dersom det ikkje vert laga ny plan kan det føre til at tiltak ikkje kan gjennomførast. 1-6. «Med tiltak etter lova meinas oppføring, riving, endring, her under fasadeendring, endra bruk, og andre tiltak knyta til bygningar, konstruksjonar og anlegg, samt terrenginngrep og oppretting og endring av eigedom (.)». Rammesøknader for tiltak som er Bykle kommune i hende før vedteken frist 28.06.2014 vil bli behandla etter gjeldande planar. Varighet på bygge- og deleforbudet vil være fire år jfr, PBL 13-2, er planspørsmålet avgjort innan den tid opphevas bygge- og deleforbudet for det enkelte område. Rådmannen tilrår difor i tråd med kommuneplanen å vedta bygge- og deleforbod som skal gjelde i fire år frå 28.06.2014. Bykle, 12.10.2013 Tallak Hoslemo Rådmann Vedlegg 1 Innføring av bygge- og deleforbod i område med eldre disposisjonsplanar. 2 Kommuneplan for Bykle kommune 2010-2022 endra som resultat av mekling 8. okt. 2013 Andre dokument i saka: 1. Varslingsbrev om bygge- og delforbud i område med eldre disposisjonsplaner 31.10.2013 2. Kommuneplanen for Bykle kommune 2010-2022 3. I Spørsmål om regulering og utbygging av VA - anlegg på Ørnefjell Ørnefjell Velforening v/ Ivar Fett TDE SÅF 09.03.2014 4. Vedk. bygge- og deleforbod -gbnr 4/89 Sindre Norheim og Lene Magnussen RMS KCJ 05.12.2013 5. Vedk. innføring av bygge og deleforbod - Nedre Jeiskelid vel Nedre Jeiskelid vel v/ Bente Abrahamsen 6. Vedk. innføring av bygge- og deleforbod i område med eldre disposisjonsplanar - Ørnefjell velforening Ørnefjell velforening v/ Ivar Fett RMS KCJ 02.12.2013 7. Innspel frå Øvre Geiskelid vel Øvre Geiskelid vel v/ Rune Gregersen RMS KCJ 03.12.2013 8. Vedk. gamle disposisjonsplanar - Nedre Geiskelid vel Nedre Geiskelid vel v/ Marit Kristine og Alf Helge Olsen
9. Innspel frå hytteeigarar i Nylund hyttegrend Nyklund hyttegrend v/ Stein Inge Jærnes RMS 10. Vedk. disposisjonsplan - Hoslemo velforening Hoslemo vel v/ Jan Erik Raen RMS KCJ 01.12.2013 11. Vedk. bygge- og deleforbod i område med eldre disposisjonsplanar Repstad Eiendom AS 12. Vedk.innføring av bygge- og deleforbod - brev dagsett 31.10.2013 Rune Gregersen 13. Vedr. gnr.1 bnr.21 og 115 i Breive Melding om vedtak sendast: Aktuelle grunneigarar og velforeningar