Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtested: Rådhuset Møtedato: 19.05.2010 MØTEPROTOKOLL Start kl.: 10.00 (etter generalforsamling i Luster Arbeidssenter og Sage kraftverk) Slutt kl.: 13.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Torodd Urnes til kl. 11.30, Bergljot Buskaker, Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik og Sølvi Fretheim Steig Anders Bolstad, Stein Olav Njøs, Morten Simonsen, Torunn Gauteplass Hønsi, Olaug Høyheim frå kl. 12.00 (sak 61-66, 69-70) Fra adm. (evt. andre): Rådmann Tore Eriksen, næringssjef Olav Grov sak 55-58 og 60, økonomisjef Jan Kåre Norberg sak 68 og 69. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. I ordførar sitt fråver valde formannskapet Bergljot Buskaker som setjeordførar i sak 61-66, 69-70. Saksnr. Tittel 51/10 10/1469 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 52/10 10/1472 Søknad om lån i næringsfondet 53/10 10/277 Søknad om lån i næringsfondet 54/10 10/1465 Søknad om økonomisk medverknad til prosjektet "skal Norge gro igjen?" 55/10 10/1368 Fjord Seal. Søknad om finansiering 56/10 10/1353 Digital Etikett AS. Søknad om finansiering 57/10 10/1357 Sigvald Høyheim. Søknad om finansiering 1
58/10 10/1514 Leirdal VVS ved Leif Leirdal. Søknad om finansiering. 59/10 10/879 Tilskot til større kulturarrangement 60/10 10/1355 Prosjektet "heilårsbruk av hus på gard og i grend i Luster kommune". Finansiering 61/10 10/690 Søknad om løyve til sal av øl - Matkroken AS, Veitastrond. 62/10 10/689 Søknad om skjenkeløyve - Matkroken kafe, Veitastrond. 63/10 10/961 Søknad om løyve til sal av øl - Solvornbui AS 64/10 10/889 Søknad om av skjenkeløyve -Solvornbui AS - Linahagen kafe 65/10 10/1139 Endring av selskapsavtale i Simas IKS 66/10 08/892 Godkjenning av byggerekneskap - ATS byggesteg 2 67/10 10/765 Grunnskulestrukturen - innsparingar 68/10 10/1549 Rekneskapsrapport 1. tertial 2010/budsjettendringar 69/10 10/643 Årsrapport og rekneskap 2009 for Luster kommune 70/10 10/1469 Referat- og drøftingssaker I tillegg vedtok formannskapet årets bedrift 2010. Vedtaket vert offentleggjort under Lustramarknaden den 12. juni 2010.
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
51/10 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møtebøkene. Møteboka frå møtet den 13.4 og 22.4.10 vert godkjent. Underskrifter: Ivar Kvalen og Geir Arve Sandvik. 52/10 Søknad om lån i næringsfondet Nils Arne Flikki, 6872 Luster, får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr 278 000,- til bruksutbygging på bruket han er eigar og drivar av, Flikki gnr. 32, bnr. 2. Lånet skal vera avdragsfritt dei første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen. 53/10 Søknad om lån i næringsfondet Bjørn Egil Nyheim, 6876 Skjolden, får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr 155 000,- til bruksutbygging på bruket han er eigar og drivar av, Flohaug gnr. 20, bnr. 5. Lånet skal vera avdragsfritt dei første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen.
54/10 Søknad om økonomisk medverknad til prosjektet "skal Norge gro igjen?" Luster kommune støttar filmprosjektet Skal Norge gro igjen? med eit tilskot på kr 10 000. Løyvinga vert belasta budsjettpost 1.325103.4703. 55/10 Fjord Seal. Søknad om finansiering FjordSeal får eit oppstartingstilskot stort kr 50.000. Tilskotet vert løyvd av post 1.325103.4703. 56/10 Digital Etikett AS. Søknad om finansiering Digital Etikett AS får eit tilskot stort kr 65.000,- til finansiering av kompetanseutviklingsprosjekt. Tilskotet vert løyvd av post 1.325103.4703. 57/10 Sigvald Høyheim. Søknad om finansiering Sigvald Høyheim får eit tilskot stort kr 10.000,- til kostnader med etablering av kontor. Tilskotet vert dekka post 1.325103.4703
58/10 Leirdal VVS ved Leif Leirdal. Søknad om finansiering. Leirdal VVS ved Leif Leirdal får eit lån i næringsfondet stort kr 550.000,- til å finansiere næringsbygg. Lånet vert gjeve med ein rente- og avdragsfri periode på to år og skal deretter betalast ned over 13 år. Lånet er eit pantelån. 59/10 Tilskot til større kulturarrangement ingsutvalet vedtek at arrangementa under får kr 12.000,- kvar i tilskot frå post 1.325104.4745: Kulturarrangement i Munthehuset samarbeidsgruppa for grendelaga på Sørsida Sommararrangement i Parken inkludert Sogn Gammaldansfestival AL Parken Norsk brefestival Jostedal Bygdelag Molden opp IL Bjørn Fanaråken opp Fanaråk IL Nordisk Fjellfilmfestival Fri Flyt Blåe tonar under breen Jostedal Bygdelag High Camp på Turtagrø Fri Flyt. Det er ein føresetnad at tiltaka vert gjennomførde som planlagt. Det skal leverast rekneskap og prosjektrapport.
60/10 Prosjektet "heilårsbruk av hus på gard og i grend i Luster kommune". Finansiering 1) Luster kommunestyre løyver kr 400.000,- til eit to-årig prosjekt kalla Heilårsbruk av hus på gard og i grend i Luster kommune. Løyvinga vert finansiert ved forbruk av næringsfondet. 2) Denne kommunale løyvinga vil, saman med eit tilskot frå fylkeskommunen på kr 350.000,-, utgjere det økonomiske grunnlaget for prosjektet. 3) Prosjektet vil bli styrt av ein eigen prosjektleiar/-medarbeidar i halv stilling, lagt til eininga Landbruk og naturforvaltning. Prosjektet vil få støtte av ei eiga prosjektgruppe med slik samansetjing: Ordføraren, ein representant frå administrasjonen (utpeika av rådmannen), to representantar frå bygdelaga i kommunen og to representantar frå landbruksorganisasjonane. Ordføraren får, i samråd med rådmannen, fullmakt til å peike ut representantane frå bygdelaga og organisasjonane. 61/10 Søknad om løyve til sal av øl - Matkroken AS, Veitastrond. I medhald av lov om omsetning av alkoholhaldig drikk får Matkroken AS, Veitastrond v/anett Moen alminneleg løyve for sal av øl og rusbrus inntil 4,7 volumprosent alkohol. Konsept: Butikk med daglegvarehandel. Løyvet gjeld for perioden fram til 31.12.2011. Styrar: Anett Moen Reservestyrar: Richard Nes Salstider: På vanlege kvardagar mellom kl. 09.00 og kl. 20.00 På dagar før søn- og helgedagar mellom kl. 09.00 og 18.00 Påske, pinse, jul og nyårsafta mellom kl. 09.00 og 13.00
62/10 Søknad om skjenkeløyve - Matkroken kafe, Veitastrond. I medhald av lov om omsetning av alkoholhaldig drikk får Matkroken AS, Veitastrond v/richard Nes alminneleg løyve for skjenking av øl og vin. Løyvet gjeld for innandørs kafelokale med ca 25 sitjeplassar. I tillegg vert det gitt løyve utandørs på eit inngjerda område i tilknyting til kafeen på 20m2 med plass til ca 20-30. Løyvet gjeld for perioden fram til 31.12.2011. Skjenkestyrar: Richard Nes Reservestyrar: Anett Moen Skjenketider inne: Øl og vin: Frå kl. 08.00 til kl. 01.30. Skjenketider ute: Øl og vin: Frå kl. 08.00 til kl. 23.00 63/10 Søknad om løyve til sal av øl - Solvornbui AS I medhald av lov om omsetning av alkoholhaldig drikk får Solvornbui AS v/sølvi Grande Loen alminneleg løyve for sal av øl og rusbrus inntil 4,7 volumprosent alkohol. Konsept: Butikk med daglegvarehandel. Løyvet gjeld for perioden fram til 31.12.2011. Styrar: Sølvi Grande Loen Reservestyrar: Tordis Skjerdal Rauboti Salstider: På vanlege kvardagar mellom kl. 09.00 og kl. 20.00 På dagar før søn- og helgedagar mellom kl. 09.00 og 18.00 Påske, pinse, jul og nyårsafta mellom kl. 09.00 og 13.00
64/10 Søknad om av skjenkeløyve -Solvornbui AS - Linahagen kafe I medhald av lov om omsetning av alkoholhaldig drikk får Solvornbui AS v/tordis Skjerdal Rauboti alminneleg løyve for skjenking av øl og vin i Linahagen kafe. Løyvet gjeld for innandørs kafelokale med ca 40 sitjeplassar. I tillegg vert det gitt løyve utandørs på ein inngjerda terrasse i tilknyting til kafeen på 50m2 med plass til ca 50. Løyvet gjeld for perioden fram til 31.12.2011. Skjenkestyrar: Tordis Skjerdal Rauboti Reservestyrar: Sølvi Grande Loen Skjenketider inne: Øl og vin: Frå kl. 08.00 til kl. 01.30. Skjenketider ute: Øl og vin: Frå kl. 08.00 til kl. 23.00 65/10 Endring av selskapsavtale i Simas IKS 1. Luster kommunestyre godkjenner følgjande endringar i selskapsavtalen for SIMAS IKS, 3 skal lyde: Representantskapen er selskapet sitt øvste organ. Kvart kommunestyre i eigarkommunane oppnemner ein representant for valperioden til representantskapen i SIMAS IKS. Representantskapen vel leiar og nestleiar. Desse vert valde for to år. Rådmennene har møte- og talerett 2. Ordførar Torodd Urnes vert oppnemnd som Luster kommune sin representant til representantskapen for SIMAS IKS for år 2010 og 2011. Vararepresentant: Varaordførar Anders Bolstad.
66/10 Godkjenning av byggerekneskap - ATS byggesteg 2 1. Kommunestyret godkjenner byggjerekneskapen for byggjesteg 2 ved Arbeids- og treningssenteret (ATS) til ein samla kostnad av kr 5.202.566,-. 2. Meirforbruk på kr 402.566,-, er/vert dekka slik; kr.371.000,- er dekka av rekneskapsmessig overskot for 2009, medan resterande beløp - kr 31.566,- - vert dekka av kommunen sitt disposisjonsfond. 67/10 Grunnskulestrukturen - innsparingar Framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett til formannskapet sitt møte den 9. juni 2010. 68/10 Rekneskapsrapport 1. tertial 2010/budsjettendringar Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med følgjande tilleggspunkt 5: Kommunestyret imøtekjem ikkje kontrollutvalet sin søknad om tilleggsløyving i 2010. 1. Kommunestyret har ikkje merknader til rekneskapsrapport pr 1.tertial 2010. 2. Kommunestyret vedtek slike endringar i budsjettet for 2010: a. Konsesjonskraftvinsten vert auka med kr 1.750.000,- Tilsvarande bruk av bufferfond i vedteke budsjett går ut. b. Posten premieavvik 2009 vert auka med kr 1.287.200,-. c. Kommunale eigedomsavgifter vert auka med kr 300.000,-. Rådmannen får mynde til å disponere desse til dei bygg som har fått auka avgifter som følgje av ny VAforskrift. d. Vedlikehald Hafslo barne og ungdomsskule vert auka med kr 300.000,- for å dekke kostnader i samband med skade. e. IKT-utgiftene vert auka med kr 800.000,- i høve nytt økonomisystem og nytt system for barnehageopptak.
3. Kommunestyret vedtek slik disponering av overskota for 2009 (drift kr 10.836.707,12 og investering kr 214.055,58): a. Kr 2.687.200,- går til dekking av endringar i punkt 2 over. b. Resterande midlar vert tilført budsjettet for 2010 ved tilsvarande reduksjon i budsjettert låneopptak. 4. Kommunestyret godkjenner utarbeidde styringsmål for NAV Luster og Sogn Barnevern Luster for 2010. Jf saksutgreiinga. 5. Kommunestyret imøtekjem ikkje kontrollutvalet sin søknad om tilleggsløyving i 2010. 69/10 Årsrapport og rekneskap 2009 for Luster kommune 1) Kommunestyret godkjenner rekneskapen for Luster kommune for 2009. 2) Kommunestyret tek rådmannen sin årsrapport for 2009 til orientering. 70/10 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Luster Bad, rapport nr. 3, dat. 11.05.10. Anbodsprotokoll, samla alle entreprisar Luster Bad. Leikanger kommune si handsaming av førespurnad frå Sogndal om tilslutnad til tilskotssøknad, dat. 26.4.10. Skriv frå KS og Hageselskapet dat. 6.4.10. Skal Luster ha kommuneblom? Formannskapet drøfta framlagt skriv frå KS/Hageselskapet av 6.4.10 og konkluderte med at saka ikkje vert å følgje opp. Ivar Kvalen spurte om status for søknad frå Luster Bygdautval om "restfinansiering av gangvegprosjekt". Formannskapet drøfta saka både prinsipielt og spesielt. Rådmannen opplyste at det og er kome ein søknad frå Indre Hafslo Bygdautval (veglys på Indre Hafslo). Formannskapet konkluderte med at slike søknader - som kjem uavhengig av ordinær budsjettprosess og heller ikkje er aktuelle (for fullfinansiering) innafor etablerte tilskotsordningar/ søknadsfrister - skal vurderast i budsjettet, ev i tilknyting til ordinære budsjettrevisjonar (1.tertial, 2.tertial) dersom det tidsmessig ligg best til rette for det.
Rådmannen viste til at det no er mekling i det sentrale lønsoppgjeret for kommunane. Fristen er sett til 26.05, kl 24.00. Dvs at ein ev konflikt vil kunne starte umiddelbart etter det. Rådmannen orienterte om status for kommunen sine investeringar i aksjefonds. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om kostnad og framdrift i høve vidare grunnundersøkingar med tanke på bustadbygging Haugane - Tandle. Ingen merknader. Rådmannen opplyste at kommunen har fått 150 000 kr av Riksantikvaren til ein brannsikringsplan i Solvorn. Jf Forvaltningsplan Solvorn i planleggingsprogrammet. Vi vil her dra vekslar på erfaringar frå Lærdalsøyri. Planen sitt handlingsprogram vil kome opp politisk. Finansieringa av tiltaka kan skje gjennom kommunen, Riksantikvaren og Stiftinga UNI. Ingen merknader. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.