OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 0046/04 03/03299 AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN, NY RULLERING 6 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 09.09.2004 Leiar Gunvor S. Heggland Sekretær
PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE MØTEBOK Saksbehandler: Arkiv: 14 Arkivsaksnr.: 03/01610 Saksnr.: Utval Møtedato 0053/03 Os Formannskap 29.04.2003 0037/03 Os kommunestyre 17.06.2003 0002/04 Os kommunestyre 08.03.2004 0051/04 Os Formannskap 27.04.2004 0008/04 Råd for funksjonshemma 26.04.2004 0014/04 Os eldreråd 26.04.2004 0045/04 Os eldreråd 13.09.2004 Framlegg til vedtak: Desse vert valde som deltakarar på seminaret om visjon og verdiar for Os i framtida: 1.. 2.. leiar Side 2 av 8
Behandling i Os eldreråd i møte 26.04.2004 Leiar kom med følgjande framlegg til vedtak: Os Eldreråd viser til møte mellom Omsorgsgruppa og ulike interesseorganisasjonar den 23.03.04. Eldrerådet sine representantar kom der med følgjande ønskje for innhaldet i kommuneplanen fram til år 2016: 1. Rehabiliteringssenter 2. Fullføring av bustadsosial handlingsplan, men også utbyggjing for eldre i krinsane 3. Sømjehall med stort nok basseng med høve for terapibad 4. Tannlege/tannpleiar for eldre med refusjon via trygdekontoret 5. Betre tilgang på tryggleiksalarmar 6. Økonomisk stønad til drift av Os pensjonistforening Os Edreråd ber om at ovannemnde vert innarbeidd i kommuneplanen for den aktuelle perioden. Framlegget vart samrøystes vedteke. Os Eldreråd viser til møte mellom Omsorgsgruppa og ulike interesseorganisasjonar den 23.03.04. Eldrerådet sine representantar kom der med følgjande ønskje for innhaldet i kommuneplanen fram til år 2016: 1. Rehabiliteringssenter 2. Fullføring av bustadsosial handlingsplan, men også utbyggjing for eldre i krinsane 3. Sømjehall med stort nok basseng med høve for terapibad 4. Tannlege/tannpleiar for eldre med refusjon via trygdekontoret 5. Betre tilgang på tryggleiksalarmar 6. Økonomisk stønad til drift av Os pensjonistforening Os Edreråd ber om at ovannemnde vert innarbeidd i kommuneplanen for den aktuelle perioden. Behandling i Råd for funksjonshemma i møte 26.04.2004 Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Rådet for funksjonshemma tek referatet til orientering. Behandling i Os Formannskap i møte 27.04.2004 Framlegg til vedtak frå FrP/H: Side 3 av 8
Rådmannen får fullmakt til å henta inn tilbod på ekstern bistand i det vidare arbeidet med visjon og verdigrunnlag for Os kommune. Tilbodet skal inkludera arbeid med visjon verdigrunnlag slagord grafisk profil merkevarebygging profileringsplan Formannskapet, med tillegg av gruppeleiarane for SV, V og SP, vert styringsgruppe for arbeidet. Kostnad med tiltaket vert å vurdera ved budsjettrevisjonen i juni / disponering av rekneskapsoverskot for 2003. FrP/H sitt vedtak vart samrøystes vedteke. Rådmannen får fullmakt til å henta inn tilbod på ekstern bistand i det vidare arbeidet med visjon og verdigrunnlag for Os kommune. Tilbodet skal inkludera arbeid med visjon verdigrunnlag slagord grafisk profil merkevarebygging profileringsplan Formannskapet, med tillegg av gruppeleiarane for SV, V og SP, vert styringsgruppe for arbeidet. Kostnad med tiltaket vert å vurdera ved budsjettrevisjonen i juni / disponering av rekneskapsoverskot for 2003. Behandling i Os kommunestyre i møte 08.03.2004 Møtet besto av orientering og påfølgjande gruppearbeid. Det vert ikkje gjort vedtak på dette møtet. Behandling i Os kommunestyre i møte 17.06.2003 Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Side 4 av 8
Etter å ha vurdert kommuneplanen samla, finn ikkje Os formannskap å rå Os kommunestyre til å foreta endringar i kommuneplanen i inneverande valperiode ut over dei endringane som er gjort ved rullering av ulike delplanar. Os formannskap rår til at det tidleg i komande kommunestyreperiode vert starta arbeid med vurdering av kommuneplanen samla og om det er nødvendig å foreta endringar i han. Behandling i Os Formannskap i møte 29.04.2003 Samrøøystes tilråding som innstillinga frå administrasjonen. Etter å ha vurdert kommuneplanen samla, finn ikkje Os formannskap å rå Os kommunestyre til å foreta endringar i kommuneplanen i inneverande valperiode ut over dei endringane som er gjort ved rullering av ulike delplanar. Os formannskap rår til at det tidleg i komande kommunestyreperiode vert starta arbeid med vurdering av kommuneplanen samla og om det er nødvendig å foreta endringar i han. Side 5 av 8
Vedlegg: Saksopplysningar: Kommunen har engasjert eit reklamefirma i Oslo til å utarbeida plan for Os i framtida. Eit par av medlemene er invitert til eit møte saman med representant(ar) for firmaet tysdag 14.sept. kl.0930 i Rådhuset. Vi må peika ut representantar og også leggja opp strategi. Møtet er rekna vara ca. ein halv time. Leiar Side 6 av 8
Sak 0046/04 MØTEBOK AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN, NY RULLERING Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: 142 Arkivsaksnr.: 03/03299 Saksnr.: Utval Møtedato 0091/04 Os Forvaltningsstyre 13.05.2004 0125/04 Os Formannskap 22.06.2004 0046/04 Os eldreråd 13.09.2004 Framlegg til vedtak/tilråding: Os eldreråd gjer framlegg om at det i rulleringa av kommuneplanen vert innarbeidd: 1. Offentleg område for sjukeheim/omsorgsbustader. Grunngjevinga er at det vert ein relativ stor auke i tal eldre fram mot år 2020. Kommunen må difor alt no ta omsyn til dette og ikkje la eventuelle sentrumsnære areal gå til andre føremål. 2. Fri tilgang til naturen. For eldre er det serleg viktig med dagleg mosjon. Det er difor viktig at allemannsretten vert respektert og at det vert lagt til rette for fri tilgang både i skog og mark, til fjells og langs stranda. 3. Gang- og sykkelvegar. Dersom det i ein slik overordna plan er høve til det må det innarbeidast gang- og sykkelvegar. Ikkje alle eldre er fysisk istand til å koma seg ut i naturen. Då er gangvegar eit godt alternativ. Det same gjeld for dei som likar ein frisk sykkeltur. leiar
Sak 0046/04 Vedlegg: Saksopplysningar: Frå Eining for arealbruk i Os kommune har det kome invitasjon til m.a. eldrerådet om innspel eller kommentar til arbeidet med rullering av arealdelen til kommuneplanen. Fristen for evt. kommentar eller innspel er sett til 04.10.d.å. Som medlemene sikkert kjenner til frå lokalpressa var det i lang tid drøftingar mellom fylkesmannen og kommunen om det framlegget som frå først av vart fremja. Det vart til slutt semje og planen vart godkjent av kommunestyret 24.06.03. Det kan vera fleire område som har interesse for oss. Eg vil peika på desse: 1. Område for sjukeheim/omsorgsbustader. Kommunen må syta for at det vert sett av nok offentleg areal til desse føremåla. Folketalsprognosen for tal eldre i Os viser for perioden 2005 til 2020 at: aldersgruppa 67-79 år aukar med 956 personar, 80-89 år aukar med 112 personar og over 90 år aukar med 31 personar. Det er dei eldste eldre som treng mest hjelp. Desse kjem då frå dei to eldste aldersgruppene. 2. Fri tilgang til naturen. For alle aldersgrupper er det viktig med dagleg mosjon. Men kanskje er det aller viktigast for oss eldre. All forsking har vist at fysisk aktivitet styrkjer både kropp og sjel. Det er difor svært viktig at det vert lagt til rette for fri ferdsel i skog og mark. Langs stranda så vel som til fjells. Allemannsretten må takast vel vare på. 3. Gang- og sykkelvegar. Ikkje alle eldre er i slik fysisk form at dei kan søkja ut i naturen. Men mange eldre er i slik fysisk form at dei syklar. For desse gruppene er det viktig at det i framtidige planar vert lagt til rette for slik aktivitet. Medlemene vert bedne om å tenkja igjennom om det er andre område som vi meiner bør takast med i ein slik overordna plan. leiar Side 8 av 8