Kulturhistoriske registreringar
|
|
- Inge Didriksen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Kulturhistoriske registreringar Kultur- og idrettsavdelinga, Seksjon for kulturminnevern og museum Rv Veg til Lerøy og Bjelkarøy Sund kommune Rapport
2 Innhald 1. INNLEIING Bakgrunn for undersøkinga Området Framgangsmåte Kjende fornminne og fornfunn på garden Tidsrom, arbeidsomfang, deltakarar og vêrtilhøve UNDERSØKINGA Lerøy Bjelkarøy Lok. 1 Dalsfjæra Andre førhistoriske kulturminne Nyare tids kulturminne KOMMENTAR VEDLEGG Innmålte punkter Funnliste Registreringsskjema Dateringsrapport... 17
3 Figurliste Framside Kulturlandskap og steingard, Lerøy, Sund kommune Figur 1.1. Oversiktskart, Lerøy og Bjelkarøy, Sund kommune... 1 Figur 1.2. Plankart... 2 Figur 1.3. Steingard på Bjelkarøy... 3 Figur 1.4. Mogleg gravrøys på Lerøy... 3 Figur 1.5. Funnstad for B10943, Lerøy... 4 Figur 2.1. Delar av undersøkingsområdet på Lerøy... 5 Figur 2.2. Delar av planområdet på Bjelkarøy... 6 Figur 2.3. Lok. 1, Dalsfjæra. Planteikning... 7 Figur 2.4. Utsikt mot lok Figur 2.5. Utsnitt av ØK-kart, Bjelkarøy...8 Figur 2.6. Prøvestikk 1, Lok. 1 - Dalsfjæra... 9 Figur 2.7. Prøvestikk 2, lok. 1 - Dalsfjæra....9 Figur 2.8. Lok. 1 - Dalsfjæra... 10
4 1. INNLEIING 1.1. Bakgrunn for undersøkinga Den arkeologiske undersøkinga på Lerøy og Bjelkarøy i Sund kommune fann stad på bakgrunn av melding om oppstart av reguleringsarbeid i samband med fast vegsamband frå Bergen til øyane i Raunefjorden, datert 27. april Traséen er planlagt å gå frå Hjellestad i Bergen kommune over til øya Store Kinna, vidare til Bjelkarøy, og så over til Lerøy (sjå fig. 1.1 og 1.2). I fyrste omgang er det planlagt å starte arbeidet med trasèen frå Lerøy til Bjelkarøy. Det er tidlegare kjent førhistoriske funn frå Lerøy, men ikkje frå Bjelkarøy. Etter synfaring ved Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga i mai 2004 vart potensialet for funn av ikkje registrerte fornminne vurdert som stort. Det var difor naudsynt med ei arkeologisk registrering i planområdet før fylkeskommunen kunne gi fråsegn i saka. Det aktuelle området i denne omgang var trasé over Lerøy, samt trasé over vestre delar av Bjelkarøy. Når det ligg føre planar om å forlengje traséen vidare mot Hjellestad, vil også resten av traséen måtte undersøkjast Området Planområdet er stort og variert. Traséen over Lerøy er planlagt frå Naustneset i vest og aust til Litle Bukkholmen på andre sida av øya. Herifrå er det planlagt bru frå Litle Bukkholmen til holmen Store Bukken, og derifrå bru til Bjelkarøy. På Bjelkarøy går traséen nord-nordaustover, først gjennom utmark dernest gjennom dyrka mark, for så å bli knytt opp mot eksisterande veg. Vest på Lerøy ligg det fleire gardar, bustadhus og hyttar. Området her består av dyrka mark, lauvskog samt ein del planta skog. Vegtraséen unngår for det meste dyrka mark, og går i hovudsak gjennom utmarksområde. Vegetasjonen er her lyng og brake, men det finst òg område med mykje og tett planteskog. Landskapet på Lerøy er særs kupert, med haugar og knausar med myrdrag innimellom. Også på sørsida av Bjelkarøy består vegetasjonen av lyng og brake, og området er kupert. Her er det ikkje planteskog, og området er difor meir ope. Den midtre delen av øya, frå aust til vest, er bebygd og oppdyrka Framgangsmåte Grunna topografien til undersøkingsområdet vart undersøkinga gjennomført manuelt med prøvestikking. Slik undersøking foregår ved at ein i område som vert vurdert å ha potensiale for funn graver ca. 40x40 cm prøveruter ned til steril undergrunn eller berg. Massane frå prøvestikket vert sålda. Prøvestikk Figur 1.1. Oversiktskart, Lerøy og Bjelkarøy, Sund kommune 1
5 Figur 1.2. Plankart. Eit utkast til vegtrasé over Lerøy og Bjelkarøy er merkt med svart. Delar av traséen er lagt om på Bjelkarøy. Område som vart undersøkt nærmare et merkt med raudt, og område der det vart observert ei mogleg gravrøys er merkt med grønt. Kartet er nedskalert. Frå Miljørapport
6 med funn vert dokumentert gjennom teikning og fotografering. Om det er trekol i kontekst med funn vert det tatt ut trekolprøve for datering. Med bakgrunn i tidlegare funn frå området, samt topografien på Lerøy og Bjelkarøy, vart området vurdert til å ha potensiale for funn av lokalitetar frå steinalder. Desse ligg oftast knytt til datidas strandline. På grunn av landhevinga etter siste istid finn ein i dag buplassar frå denne perioden gjerne meter over dagens havnivå. Men somme stader kan slike buplassar ligge enno høgare. Den arkeologiske registreringa vart konsentrert om område som i steinalder må ha vore kystnære, veldrenerte og som låg i le for vind. Slike plassar fins vest på Lerøy (der det òg er gjort funn tidlegare), sør for Storavatnet og heilt aust på Lerøy. På Bjelkarøy er det langt færre stader som ligg slik til at ein kunne forvente å finne lokalitetar frå steinalder. Berre i eit område midt på traséen var topografien slik at det ville vere formålstenleg å grave prøvestikk. Figur 1.3. Steingard på Bjelkarøy. Bilete tatt mot V. I heile undersøkingsområdet vart det i tillegg gjennomført ei overflateregistrering etter synlege kulturminne, som gravminne, tuftar, steingardar og liknande Kjende fornminne og fornfunn på garden På Bjelkarøy (gnr. 2) er det frå før ikkje kjent førhistoriske kulturminne. På Lerøy (gnr. 4) er det registrert ei gravrøys. Denne ligg på eit berg vest for Seljehølen og nordaust for Storavatnet. Ho er mykje utkasta, og det er difor vanskeleg å sjå om her er ei eller to røysar. No ser det ut som ei lang røys på 26 x 10 m, orientert nord-sør. Ei anna gravrøys ligg på Buarøy i eit dalsøkk i austre ende på øya. Ho ligg på ein knaus 25 m frå stranda i ei vik mellom to nes. Røysa er 17 m i diameter og 2 m høg, og er bygd av løftestor fjørestein. I tillegg var det kjent ein buplass frå steinalder på gnr. 4/30, 47. Ho skulle ligge i bakken i dalen sørover frå kaia, sør for nokre tyskartufter, og aust for vegen til Seglneset (fig. 1.5). Her vart flekker og avfall av flint og kvarts, kvartsitt og bergkrystall (B10943) oppsamla av Isak Undås i Lokaliteten skulle liggje mellom 13 og 13,40 moh. I dette området Figur 1.4. Mogleg gravrøys på Lerøy (markert med pil). Bilete tatt mot NV. 3
7 Figur 1.5. Funnstad for B10943, Lerøy. Bilete tatt mot NA. vart det gjort eit lausfunn av ei flintflekke under synfaringa i mai Vegtraséen er planlagt å gå tvers gjennom dette området. Elles vart det òg oppsamla flint av Isak Undås i 1955 nord for Lerøyvatnet. Truleg er dette gjort nær stranda på gnr. 4/ Tidsrom, arbeidsomfang, deltakarar og vêrtilhøve Den kulturhistoriske registreringa vart gjennomført den 8 9. juli og den juli 2004, av arkeologane Lars Øyvind Birkenes og Atle Jenssen ved Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Vêret var skiftande, men periodevis med mykje sol og høge temperaturar. 4
8 2. UNDERSØKINGA 2.1. Lerøy Ut frå tidlegare kjende funn, samt topografien til øya, vart sjansen til å kunne finne ikkje-registrerte kulturminne vurdert som størst på Lerøy. Undersøkinga vart difor starta her. Som nemnt ovanfor, var det frå før registrert ein steinalderlokalitet på gnr. 4/ 30. Denne skulle ut frå kartet ligge tett opptil vegtraseen. I tillegg vart det under synfaringa funne ei flintflekke i dette området. Det vart difor gjort ei undersøking for å få ei avgrensing på denne lokaliteten, og for å få vurdert eventuell grad av konflikt i høve til framlegget til reguleringsplan. I området der lokaliteten skulle ligge vart det grave totalt tretten prøvestikk. Berre i eitt av desse vart det gjort funn. Det var eit lite flintavslag funne i omrota massar. Det viste seg òg at undergrunnen i nesten Figur 2.1. Delar av undersøkingsområdet på Lerøy. Havnivå 10 meter over dagens nivå merkt med blått. Kartet er nedskalert. heile dette området var mykje omrota, noko som truleg må sjåast i samanheng med at det her hadde lagt ein fangeleir under siste verdskrigen. Berre mot aust-nordaust var undergrunnen intakt og uforstyrra, og difor med potensial for funn. Men heller ikkje her vart det påvist funn frå førhistorisk tid. Konklusjonen vert difor anten at buplassen som har lagt her må ha vorte så forstyrra og øydelagt av graving under krigen (og seinare) at den ikkje lenger kan finnast att. Det er òg mogleg at her har vore køyrt til masse annansteds frå, og at dei førhistoriske funna på det viset har vorte ført til staden. Ein siste moglegheit er at buplassen er feil plassert på kartet og kan ligge i nærleiken, men utanfor planområdet. Vidare nordaustover langsetter traseen endrar området karakter frå utmark til innmark. Her ligg det gardsbruk med tilhøyrande dyrka mark og fleire steingardar. Sør for Storavatnet, like nordaust for Grønhaugen, vart det òg grave prøvestikk. Heller ikkje her vart det gjort funn. I dette området er det frå før Sefrak-registrert ein ruin av ei utløe (Sefrak-id ). I tillegg ligg her òg ein gammal steingard. Ingen av desse kulturminna vil komme i konflikt med reguleringsplanen. 5
9 Figur 2.2. Delar av planområdet på Bjelkarøy, med nyaste utkast til traséval innteikna. Lokalitet 1 - Dalsfjæra - merkt med grønt. 6
10 Det siste området som vart undersøkt ligg heilt aust på Lerøy, og søraust for Seljehølen, i eit område som vert kalla Litle Bukken. Om ein tenker seg at havnivået har vore om lag ti meter høgare i steinalder, må her ha vore eit sund den gongen. Totalt vart det grave fire prøvestikk i område der det var lausmassar i undergrunnen, men utan funn. Figur 2.3. Lok. 1, Dalsfjæra. Planteikning 1:100. 7
11 2.2. Bjelkarøy På Bjelkarøy var det frå før ikkje kjent automatisk freda førhistoriske kulturminne. Men her er Sefrak-registrert fleire bygningar frå historisk tid. Ingen av desse vil komme i direkte konflikt med reguleringsplanen. Men gamle steingardar vil verte råka av vegbygging. Vegtraseen over Bjelkarøy går i hovudsak over område som truleg ligg for høgt og for brattlendt til i høve til å kunne forvente å gjere funn frå steinalder. I eit tidleg utkast til veg over Bjelkarøy var traséen lagt gjennom området like aust for Dalsfjæra, på vestsida av Bjelkarøy. Då det var dette utkastet den arkeologiske undersøkinga tok utgangspunkt i, måtte dette området undersøkast. Figur 2.4. Utsikt mot lok. 1. Bilete tatt mot S Lok. 1 Dalsfjæra Austover frå Dalsfjæra strekk det seg eit flatt myrdrag, som ligg om lag moh. Mot aust er det ein bratt skrent, mot nord ein slak skråning som delvis er skogkledt og delvis er ope slåttemark. Mot sør stig terrenget ganske markert. Mot nordvest og sørvest ligg det fleire fritidsbustader. Om ein ser føre seg at sjøen har stått om lag fem eller ti meter høgare enn det den gjer i dag (sjå figur 2.5), har det som i dag er myr vore ein vik i førhistorisk tid. I skråninga nord for dette myrdraget vart det grave fire negative prøvestikk. På eit lite platå lengst mot søraust vart det og grave fire prøvestikk. I to av desse prøvestikka vart det gjort funn av gjenstandar som kan daterast til steinbrukande tid. I prøvestikk 1 (PS1) vart det funne ein ryggflekke og seksten avslag av flint (sjå funnliste til sist i rapporten). I prøvestikk 2 (PS2) vart det funne eit avslag av bergkrystall. Det vart òg tatt ut ein trekolprøve frå lag 2 i PS1. Denne vart sendt til NTNU i Trondheim for C14-datering. Ut frå topografien og dei tomme prøvestikka, ser ein at dette er ein liten lokalitet. I storleik er han om lag 4 x 6 meter N-S. Truleg har dette vore eit såkalla aktivitetsområde. Figur 2.5. Utsnitt av ØK-kart, Bjelkarøy, som synar havnivå 10 meter over dagens nivå (mørk blått). Lokalitet 1 er merkt med grønt. Kartet er skalert ned. 8
12 Figur 2.6. Prøvestikk 1, Lok. 1 - Dalsfjæra Figur 2.7. Prøvestikk 2, lok. 1 - Dalsfjæra. Frå prøvestikk 1 vart det tatt ut ei trekolprøve. Denne vart datert til ca ± 50 BP, dvs. innanfor tidsommet e. Kr. (som er innanfor perioden Romartid). Dette er ei datering som ikkje stemmer med ei datering til steinalder av funna som vart gjort på lokaliteten. Det er difor truleg at trekollaget (lag 2) anten representerar avsviing i samband med dyrking eller ein skogbrann i området. 9
13 Men ein kan ikkje sjå bort frå at prøven kan vere frå ein eldstad frå romartid. Lokaliteten ligg i dag på mellom moh. Dersom ein antar at lokaliteten i si tid låg i nærleiken av strandkanten, kan dette tyde på at han må daterast til ein gong i eldre steinalder. Men ein kan ikkje seie noko meir nøyaktig enn dette. Figur 2.8. Lok. 1 - Dalsfjæra. Bilete tatt mot NV. Funnmaterialet frå lokaliteten er så sparsamt at det vanskeleg lar seg gjere å datere han anna enn til steinalder generelt. Dette passer òg godt med plasseringa av lokaliteten i høve til førhistorisk havnivå Andre førhistoriske kulturminne Det vart observert ei mogleg gravrøys på Lerøy, på Kalsneset, sør på øya. Denne kan minne om ei langrøys frå bronsealder, og bør undersøkast nærmare (sjå fig. 1.4) 2.4. Nyare tids kulturminne Både på Lerøy og Bjelkarøy fins det kulturminne frå historisk (eller etterreformatorisk) tid. På begge desse øyane finst det fleire eldre bygningar og steingardar. Fleire av desse bygningane er eldre enn 100 år, og er Sefrak-registrert. Mange av steingardane er teikna inn på ØK-kart, men truleg ikkje alle. I samband med registreringa sumaren 2004 vart ikkje registrering av slike kulturminne prioritert, anna enn gjennom fotografering der mogleg konflikt med vegbygging kunne oppstå (sjå framside). På Lerøy er det i tillegg mange minne frå siste verdskrigen; bunkarar, skytestillingar, torpedobatteri m.m., men ingen av desse kjem i konflikt med reguleringsplanen for vegsamband mellom Lerøy - Bjelkarøy. 10
14 3. KOMMENTAR I samband med den arkeologiske registreringa på Lerøy og Bjelkarøy i Sund kommune vart det funne eitt ikkje tidlegare registrert automatisk freda kulturminne. Dette er ein liten steinalderslokalitet, som ligg midt på eit av dei eldre utkasta til traséval over Bjelkarøy, og like aust for ei vik som kallast Dalsfjæra. Då ein no har gått bort frå dette alternative trasévalet, og heller har valt å leggje traséen lenger mot aust (sjå figur 2.2), har ein unngått å komme i konflikt med kulturminnet. Frå før er det kjent ein steinalderlokalitet på Lerøy (gnr. 4/30) (sjå figur 2.1). Det vart grave mange prøvestikk i dette området for å finne lokaliteten og avgrensinga på den, men det synte seg at massane her er særs omrota. Berre i eitt av prøvestikka vart det gjort eit funn av ei lita flis av flint. I tillegg vart det i samband med synfaringa her i mai 2004 funne ei flekke av flint. Det var diverre ikkje mogleg å lokalisere steinalderslokaliteten gjennom den arkeologiske undersøkinga. Mogleg er lokaliteten feil plassert på kartet og kan difor liggja i nærleiken, men utanfor planområdet. Ein må konkludere med at vegen ikkje er i konflikt i dette området. 11
15 12
16 VEDLEGG Innmålte punkter Funnliste Registreringsskjema Dateringsrapport 13
17 Innmålte punkter (med handhelde GPS): Nr 32V UTM Gard Gnr/bnr Kommune Målt objekt Målepunkt Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum ikke notert Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/30 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/8 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/8 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Lerøy 4/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Negativt prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Lok. 1 PS1 Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Lok. 1 PS2 Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Lok. 1 neg. prøvestikk Sentrum Bjelkarøy 2/2 Sund Lok. 1 neg. prøvestikk Sentrum Funnliste: Funnkontekst Gard Kommune Innhald/Kommentar Lausfunn i omrota Lerøy Sund 1 mikroavslag (1.5.3); flint prøvestikk Lok. 1, PS 1 Bjelkarøy Sund 1 smalflekke (1.1.2); flint; proksimal-delen Lok. 1, PS 1 Bjelkarøy Sund 5 vanlige avslag (1.5.2); flint; 1 brent; 1 med cortex Lok. 1, PS 1 Bjelkarøy Sund 2 vanlige avslag (1.5.2); bergart (mylonitt?) Lok. 1, PS 1 Bjelkarøy Sund 3 mikroavslag (1.5.3); flint; 1 med cortex Lok. 1, PS 1; frå Bjelkarøy Sund 1 ryggflekke (1.2.1); flint trekolprøva Lok. 1, PS 1; frå Bjelkarøy Sund 4 mikroavslag (1.5.3); flint trekolprøva Lok. 1, PS 1; frå Bjelkarøy Sund 1 kjernefragment (2.5); flint trekolprøva Lok. 1, PS 2 Bjelkarøy Sund 1 vanlig avslag (1.5.2); bergkrystall 14
18 REGISTRERING AV KULTURMINNE Automatisk freda kulturminne HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kulturminne yngre enn 1537 OBJEKT LOKALITETSNAMN HØGD OVER HAVET STEINALDERLOKALITET KOMMUNE DALSFJÆRA GARDSNAMN MOH. GNR/BNR SUND GRUNNEIGAR/BRUKAR. BJELKARØY ADRESSE 2/2 ØK - KART NGO -KOORDINAT MÅLEMETODE UTM-KART GPS måling x = y = WSKTRANS KONVERTERT ED 50 KOORDINAT WGS 84 KOORDINAT FILM NR. 2004:113 DIAS NEG. NR. FARGE NEG. NR. SV-KV NEG. NR. REGISTRERT DATO SIGNATUR ATLE JENSSEN LENDE OG LOKALISERING terrengskildring, plassering i terrenget, avstander, retninger, tilgang til minnet. Den registrerte steinalderlokaliteten ligg ved ein stad som heiter Dalsfjæra, på vestsida av Bjelkarøy. Han ligg på eit lite platå om lag 185 m aust for sjøen. Dette platået er tydeleg markert mot nord, der det fell bratt ned mot eit flatt aust-vest-orientert myrdrag. Aust for lokaliteten stig terrenget bratt, medan det stig meir gradvis mot sør. Tilgangen til dette minnet er god; frå "hovudvegen" over øya går det ein sti ned til hyttefeltet attmed Dalsfjæra. Frå denne stien er det berre kort veg til lokaliteten. 15
19 KULTURMINNEMINNESKILDRING Utstrekning, vegetasjon, orientering og plassering av enkelte objekt, felt. Bygningsmateriale, konstruksjon, kulturminnet sin samanheng med andre minne. Lokaliteten er liten, og måler berre om lag 4 x 6 meter N-S. Han ligg ope, og her er det berre vegetasjon i form av gras og lyng. Mot nord er det eit tett einerkratt, men dette ligg utanfor sjølve lokaliteten. På vestsida av lokaliteten er det myr, og gjennom denne renn det ei lita bekk fra sør til nord. Det ligg ingen andre kjente kulturminne i dette området. TILSTAND God. STRATIGRAFI I prøvestikk 1 vart det påvist tre lag: lag 1 = torv, lag 2 = trekolhaldig sand/grus, lag 3 = rustraud sand. I prøvestikk 2 vart det påvist fire lag: lag 1 = torv, lag 2 = mørk grå silt/sand, lag 3 = mørk gråbrun sand, lag 4 = ljosare grågrøn sand. FUNN I lag 2 i prøvestikk 1 vart det gjort funn av avslag og ein ryggflekke av flint, samt at det i prøvestikk to vart funne eit avslag av bergkrystall. DATERING Trekolprøve frå lag 2 i prøvestikk 1 gav ei datering til eldre romartid, mens funna og topografien til lokaliteten peikar mot ei datering til steinalder, gjerne slutten av eldre steinalder. KJELDER, REFERANSER Ikkje skildra tidlegare. Rapport, tidlegare undersøkingar og funn, skriftlege kjelder, SEFRAK, informantar, munnleg tradisjon. 16
20 17
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplan for Våga gnr. 83 bnr. 2 Sveio kommune Rapport 11
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplan for Dørøya, Espevær, gnr. 146 bnr. 154 m.fl., Bømlo
DetaljerKulturhistoriske registreringar i samband med reg.plan for Havlandet, Sakseid del av gnr 5-1, Bømlo kommune. Rapport 5 2 0 0 9. Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator Rapport 5 2 0 0 9 Kulturhistoriske
DetaljerTELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Siljan kommune Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Siljan Gardsnamn: Solvika Gardsnummer: 15 Bruksnummer:
DetaljerKULTURHISTORISK REGISTRERING
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Fyresdal kommune Hegglandsgrend Haugen øvre GNR. 44, BNR. 1 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Fyresdal Gardsnamn: Haugen øvre Gardsnummer:
DetaljerRAPPORT ARKEOLOGISK REGISTRERING. Sak: Linnestad Næringsområde nord
RAPPORT ARKEOLOGISK REGISTRERING Sak: Linnestad Næringsområde nord Gbnr 212/2 Kommune Re Saksnr 2007/03102 Rapport v/ Unn Yilmaz Rapportdato 26.10.2007 http://www.vfk.no/ Bakgrunn for undersøkelsen Hensikten
DetaljerKuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport 15 2 0 0 9
Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator
DetaljerMongstad sør, Statoil industriområde
Mongstad sør, Statoil industriområde Gnr. 127 bnr. 123 m.fl. i Lindås kommune Gnr. 129, bnr. 19 m.fl. i Austrheim kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR INDUSTRIOMRÅDE RAPPORT 2011
DetaljerSkulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune
Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187
DetaljerArkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr
Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr Heidi A Haugene Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN FOR LIA GNR/BNR 3/1, 3/2 ASKVOLL KOMMUNE
DetaljerErvesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39
Ervesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39 Rapport 44 2 0 0 9 Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for bygging av hytter og naust med tilhørande friluft- og fellesareal.
DetaljerArkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen
Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen Eikesdalen, gnr. 79 i Nesset kommune Kristoffer Dahle 4 Innhald Forord.......... 6 1.0 Samandrag......... 7 2.0 Bakgrunn og formål med
DetaljerDvergsnes Gnr. 96 Bnr. 2 og 64 Kristiansand kommune
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Dvergsnes Gnr. 96 Bnr. 2 og 64 Kristiansand kommune Rapport ved Linda Åsheim 2 R A P P O RT F R A A
DetaljerSOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE K U LT U R A V D E L I N G A RA P P O RT F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G R EGULERINGSPL AN R INDEBOTN G NR /B NR 19/1, 19/44, 64/5 SOGNDAL KOMMUNE Utsyn
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN SÆBØ 2 GNR./BNR. 1/24 VIK KOMMUNE Utsyn
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN HESJASLETTA GNR/BNR 26/28, 6/12, 6/17,
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med oppstart av reguleringsplan for Ytrebygda, gnr 30 bnr 15 m.fl.,
DetaljerFunn: Det ble registrert en steinalderlokalitet (R 89461)innenfor planområdet
Vår ref.: 04/05176 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med reguleringsplan på Kjærnes, gbnr. 111/1, 82, 125, 168, 187, 212, 235, i Ås kommune, Akershus fylke. V/Stig
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Spissøy, gnr. 27 og 29, Austevoll kommune. Rapport 6 2006 Forord Etter omorganiseringa
DetaljerHORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Saksnr 07 NOV, 2013 3Ls'S- u.off. Saksbeh.11:1(1 Kop 3L Vår ref.: (nyttast ved
DetaljerForord... 4. 1.0 Samandrag... 5. 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga... 6. 3.0 Området... 7
2 Innhald Forord.......... 4 1.0 Samandrag......... 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 6 3.0 Området......... 7 4.0 Kulturhistorisk riss........ 8 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 8 4.2
DetaljerTorkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2
NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING...
DetaljerFRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013
DetaljerBamble kommune Melbystranda-Myrås
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Bamble kommune Melbystranda-Myrås GNR. 88, BNR. 1 Fig.1: Lokalitet 1 sett mot NØ. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Bamble Gardsnavn:
DetaljerREGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART. Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda. Ålesund. Ørsta. Volda
REGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda Hareid Ålesund Langevåg Sulasund 61 Volda og Ørsta kommuner Fosnavåg Ulsteinvik 61 Saksbehandling etter
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G VARSEL OM REGULERINGSARBEID GBNR 56/45 NORDFJORDEID GNR/BNR
DetaljerDersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.
13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile
DetaljerRingheim gnr. 50 bnr. 2, 24, gnr 52 bnr 3, og gnr 53 bnr 1, med fleire. Voss kommune. Rapport 52 2010
Ringheim gnr. 50 bnr. 2, 24, gnr 52 bnr 3, og gnr 53 bnr 1, med fleire. Voss kommune Kulturhistoriske registreringar reguleringsplanendring for VANGSTUNNELEN Rapport 52 2010 Forord Etter omorganiseringa
DetaljerFagerdalen, Bergen kommune
Fagerdalen, Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR FAGERDALEN BUSTADOMRÅDE, OLSVIK BERGEN KOMMUNE RAPPORT 7 2014 Innhaldsliste: 1. Samandrag... 1 2. Området... 1 3. Nyare tids
DetaljerA R K E O L O GI S K E R E GI S T R E RI N G E R
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N A R K E O L O GI S K E R E GI S T R E RI N G E R Midtre Revøy Gnr 5, Bnr 15 Gnr 6, Bnr 2 og 10 Lyngdal kommune Oversiktsbilde tatt
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G LANDBASERT FISKEOPPDRETTSANLEGG PÅ ORTNESET GNR/BNR 131/
DetaljerTinn kommune Flisterminal Atrå
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Tinn kommune Flisterminal Atrå GNR. 71, BNR. 3 RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Tinn Gardsnavn: Mogan Gardsnummer: 71 Bruksnummer:
DetaljerKULTURHISTORISK REGISTRERING
TELEMARK FYLKESKOMMUNE REGIONALETATEN KULTURHISTORISK REGISTRERING TINN KOMMUNE SKINNARBU FRØYSTUL-MØSVATN GNR. 130, BNR. 8, 10 OG 15 Ill 1: Oversiktsbilde reguleringsplan område Møsvatn. Foto fra topp
DetaljerEspeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune. Rapport 26 2011
Espeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune Kulturhistoriske registreringar reguleringsplan for bustadfelt. Rapport 26 2011 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart
DetaljerBamble kommune Langbakken/Tangvald
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Bamble kommune Langbakken/Tangvald GNR. 38, BNR. 1 Fig.1: Lokalitet 2 Langbakken, sett mot NV. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Bamble
DetaljerRapport ved: Silje Hauge
N Æ R I N G S -, S A M F E R D S E L - O G K U L T U R A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISK REGISTRERING, AGNEFEST, HOLMSUNDET, ROSFJORD LYNGDAL KOMMUNE Ill. Utsikt mot
DetaljerTveite midtre gnr. 38 bnr. 1 m.fl., Sund kommune, Hordaland
Tveite midtre gnr. 38 bnr. 1 m.fl., Sund kommune, Hordaland KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN MIDTTVEIT/TÆLAVÅG RAPPORT 29 2010 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING MOSKOG INDUSTRIOMRÅDE FØRDE KOMMUNE Den Tronhjemske postveg. Bilete mot nord (Foto: Silje Ø. Foyn). 1 Kart 1. Planområdet
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G GNR/BNR 24/1, 25/22 MFL. SOGNDAL KOMMUNE 1. Sjakt A sett
DetaljerKragerø kommune Rv 38 Eklund - Sannidal
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Kragerø kommune Rv 38 Eklund - Sannidal Dette bildet, som ble fremskaffet av Sigmund Heldal fra Sannidal Historielag, viser området rundt Sannidal stasjon
DetaljerSøreide gnr. 36 bnr. 1, 3, 408 og 442, m.fl. og gnr. 35 bnr. 6 Bergen kommune
Søreide gnr. 36 bnr. 1, 3, 408 og 442, m.fl. og gnr. 35 bnr. 6 Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR SØREIDE SENTRUM. RAPPORT 24 2010 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet
DetaljerBamble kommune Tveiten Øde
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Bamble kommune Tveiten Øde GNR. 46, BNR. 1 Figur 1: Lokalitet 1 RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Bamble Gardsnavn: Tveiten
DetaljerNotat E 39 Svegatjørn Rådal
Notat E 39 Svegatjørn Rådal Statens vegvesens 3 prioriterte alternativ til massedeponi: Deponi 1 - Hordnesskogen, Deponi 2 - Hordnesveien, og Deponi 3 - Krokeide. Vurdering av og kulturmiljø Tine Eikehaug,
DetaljerRegistreringsrapport
s. n r 1 5 / 2 9 2 0 2. m a r s 2 0 1 6 Registreringsrapport Funn av nyere tids kulturminne. R e g u l e r i n g s p l a n f o r g b n r. 6 8 / 4 5 1 m f l. - B j e r k å s h o l m e n Asker kommune K
DetaljerSaksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32
Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet
DetaljerØstfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune Fylkeskonservatoren 2013/268 HOVSVEIEN 44 HALDEN KOMMUNE Figur 1. Nordaustre del av planområdet. I bakgrunnen skimtast sjakt 1-3. Mot SA. Jan Berge 2013/14 1 RAPPORT FRÅ ARKEOLOGISK
DetaljerFYLKESRÅDMANNEN Kulturavdelingen. Riksantikvaren Postboks 8196 Dep 0034 Oslo 17.04.2015
FYLKESRÅDMANNEN Kulturavdelingen Riksantikvaren Postboks 8196 Dep 0034 Oslo 17.04.2015 Dykkar ref.: 2011/032186-210 Saksbehandlere: A Skeiseid/L.H Vikshåland Saksnr. 15/6330-4 Direkte telefon: 51 51 67
DetaljerSkien kommune Griniveien
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Griniveien GNR. 57, BNR. 21 Fra planområdet. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Skien Gardsnavn: Søndre Grini Gardsnummer:
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAV D E L I NGA RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING DETALJREGULERING FOR THORSNES GNR/BNR 26/ 5 BALESTRAND KOMMUNE Sjakt 1 på Thorsnes, Balestrand kommune. Mot A. Foto:
DetaljerSøk regionale miljøtilskudd elektronisk
Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Skarpeid Gnr 35 Bnr 8, m.flere Søgne Kommune Figur 1 Flyfoto som viser Skarpeid, hentet fra Norge i
DetaljerSkredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune
Asbjørn Rune Aa Holteigvegen 19 6854 Kaupanger Tlf.45244907 Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune Rapport Juni 2015 Utgitt dato: 30.06..2015 Utarbeidd: Asbjørn Rune Aa Kontrollert: Eivind
DetaljerNOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage
Til: Aurland kommune Frå: Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: 2016-05-10 Oppdrag: 605659 Aurland barnehage AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE Alternativa for ny barnehage i Aurland ligg på matrikkelgardane
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING. Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE
RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE Kommune: Fjaler Gardsnamn: Solvika Gnr/Bnr: 29/2, 29/9, 29/8 Tiltakshavar: Adresse: Sunnfjord
DetaljerKlage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
DetaljerFlaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s 23. 4 Vurdert område s 46
Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune ADRESSE COWI AS Magasinvegen 35 5700 Voss Norway TLF +47 02694 WWW cowi.com INNHALD 1 Samandrag s 1 2 Innleiing s 2 3 Regelverk s 23 4 Vurdert område
DetaljerRAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 018/15 Areal- og forvaltningsutvalet PS 11.03.2015 008/15 Kommunestyret PS 18.03.2015
Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Nilsen, Haldis Karine Gnr/bnr - 84/1, PlanID - R135, K2 - L12 14/1279 Saksnr Utvalg Type Dato 018/15 Areal- og forvaltningsutvalet PS 11.03.2015 008/15 Kommunestyret
DetaljerTuftenes gnr. 76 bnr. 2,3,4,5,6,7,8,9,12,13,17,20,39 og 42, gnr. 77 bnr. 3, gnr. 203, bnr 5 og gnr 231 bnr.1.
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Tuftenes gnr. 76 bnr. 2,3,4,5,6,7,8,9,12,13,17,20,39 og 42, gnr. 77 bnr. 3, gnr. 203, bnr 5 og gnr
DetaljerSAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING Ordføraren si innstilling: ::: Sett inn innstillingen under denne linja ::: Sett inn innstillingen
DetaljerTELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Tokke kommune. Gråndalstjønn GNR. 77, BNR. 1
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Tokke kommune Gråndalstjønn GNR. 77, BNR. 1 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Tokke Gardsnamn: Gråndalstjønn Gardsnummer: 77 Bruksnummer:
DetaljerKulturhistorisk synfaring. Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune
Kulturhistorisk synfaring Konsesjonssøknad- Gjerstadfossen kraftverk Osterøy kommune 2017 Rapporttittel 1 1.Innledning I samband med konsesjonssøknad for Gjerstadfossen kraftverk i Osterøy kommune, har
DetaljerTELEMARK FYLKESKOMMUNE
TELEMARK FYLKESKOMMUNE Mest for saksbehandler: Normalt skal rapporter lages via K-2000, dvs. at saksbehandler oppretter rapportdokumentet for feltleder. Feltlederne har ikke egne passord i K-2000, og må
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerVINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål
VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)
DetaljerARKEOLOGISKEE REGISTRERINGER
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKEE REGISTRERINGER Svege Gnr 66 Bnr 15 og 18 Flekkefjord kommune Figur 1: Steinalder lokaliteten. Bilde tatt mot sørøst.
DetaljerKragerø kommune Reguleringsplan for Strand
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Kragerø kommune Reguleringsplan for Strand GNR. 70, BNR. 27 Figur 1 Utsikt mot øst RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Kragerø
DetaljerBustadområde i sentrum. Vurdering
Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
Side 1 av 7 S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G GANG OG SYKKELVEG GROV NEDRE, ATLØY GNR/BNR
DetaljerTurmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)
1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen
DetaljerVOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben
VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA
DetaljerSaksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2015/2374-9 Hildegunn Furdal Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen ehandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal
DetaljerReguleringsplan for Storøynå hytteområde, Kvaløy
Reguleringsplan for Storøynå hytteområde, Kvaløy Del av Gnr: 90 Bnr: 3 Vindafjord kommune, Rogaland 28.11.2011 - 2 - UOrienteringU...- 3 - UBakgrunnU...- 3 - UPlanprosessU...- 4 - UPlanstatus og rammebetingelsaru...-
DetaljerR A P P O R T F RÅ K U L T U R MI N N E R E GI S T R E R I N G
Side 1 av 7 S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F RÅ K U L T U R MI N N E R E GI S T R E R I N G BUS TAF ELT B1, K O LS ET, BREMANG ER GNR/ BNR
DetaljerBERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200407511-17 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit, Ekerhovd, Per Morten, Gåsemyr, Inger Lena Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 01.06.2010
DetaljerDu kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
DetaljerSaksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/2225-79
Saksframlegg Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/2225-79 Arkiv: L12 Områdereguleringsplan for SOS - Trudvang - Prestadalen og omkringliggande område Slutthandsaming i kommunestyret * Tilråding:
DetaljerAustevoll kommune TILLEGGSINNKALLING
Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 27.01.2014 Kl. 17.15 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.
DetaljerBEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust
Åseral kommune Arkiv: L13 Saksmappe: 06/00596-12 Sakshandsamar: Astrid Marie Engeli Dato: 08.05.2007 BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING Føresegner til bebyggelsesplan for felt
DetaljerRegistreringsrapport
Forside Ok! 12/24534 4. februar 2014 Registreringsrapport Uten funn av automatisk fredete kulturminner. Gylteåsen Frogn kommune Khalil Olsen Holmen Arkeologisk feltenhet, Akershus fylkeskommune SAKSNR
DetaljerKnibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Knibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune Rapport ved Hege Andreassen R A P P O RT F R A A R K E O L O G I S
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAV D E L I NGA RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING DETALJREGULERING AV GARTNERHAGEN GNR/BNR 28/48 FLORA KOMMUNE Utsyn over Gartnerhagen. Mot NA. Foto: Karoline Hareide
DetaljerGranvin herad Sakspapir
Granvin herad Sakspapir Styre, komite, utval Møtedato Saknr Sbh Formannskapet 23.11.2010 059/10 KJF Sakshandsamar: Kjersti Finne Arkivkode: K2-L12 Arkivsaknr: 10/79 Søknad om oppstart av detaljregulering
DetaljerBø kommune Torstveit Lia skogen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Bø kommune Torstveit Lia skogen GNR., BNR. Rydningsrøys RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Bø Gardsnavn: Diverse Gardsnummer:
DetaljerSÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.
Melding om vedtak Stein Erik Watne Hobbesland 4596 EIKEN DYKKAR REF: VÅR REF: SAKSHANDSAMAR: ARKIVKODE: DATO: 2012/597-34 Marit Eiken Direkte tlf.: 38 34 91 04 77 og 78 05.05.2015 SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING
DetaljerPorsgrunn kommune Stridsklev Ring/Malmvegen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Porsgrunn kommune Stridsklev Ring/Malmvegen GNR. 52, BNR. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Porsgrunn Gardsnavn: Gardsnummer:
DetaljerBamble kommune Lisbetstranda
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Bamble kommune Lisbetstranda GNR. 77, BNR. 1,2,7 RAPPORT FRA KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Bamble Gardsnavn: Gardsnummer: 77 Bruksnummer: 1,2,7
DetaljerKulturhistorisk registrering Kleppe Stølsområde, Folkedal Granvin Herad. Rapport 1 2012
Kulturhistorisk registrering Kleppe Stølsområde, Folkedal Granvin Herad Rapport 1 2012 Bakgrunn for synfaring Kleppe skal vera den gamle heimestølen til gardane i Folkedal. Her er og muntleg tradisjon
DetaljerKort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane
Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.
Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
DetaljerKjønstadmarka Kjønstad gnr/bnr 7/1 Levanger Kommune Nord-Trøndelag. Figur 1: Oversiktsbilde før avdekking. (Ruth Iren Øien)
Kjønstadmarka Kjønstad gnr/bnr 7/1 Levanger Kommune Nord-Trøndelag Figur 1: Oversiktsbilde før avdekking. (Ruth Iren Øien) 1 Figurliste... 2 Sammendrag... 3 Praktiske opplysninger.... 4 Bakgrunn for undersøkelsen:...
Detaljer! "!# $ % &''( ) )&*+) + Bakgrunn
! "!# $ % &''( ) )&*+) + Bakgrunn Nordland fylkeskommune mottok i 2009 melding om oppstart av arbeidet med reguleringsplan i forbindelse med utvinning av industrimineraler og bergarter, og da spesielt
DetaljerTilleggsinnkalling til Formannskapet
FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd
DetaljerKviteseid kommune Vråli
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Kviteseid kommune Vråli GNR. 7, BNR. 2 RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Kviteseid Gardsnavn: Vråli Gardsnummer: 7 Bruksnummer:
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Hæåk Gnr 105 Bnr 1,2 Lyngdal Kommune Rapport ved Hege Andreassen 1 R A P P O RT F R A K U LT U R H
DetaljerREGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN
Midsund kommune REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN DATO FOR PLANFORSLAG : 18.09.08 DATO FOR 1. REVISJON AV PLANFORSLAG : 17.11.08 DATO FOR 2. REVISJON AV PLANFORSLAG : 01.04.09 DATO KOMMUNESTYRETS
Detaljer