«Den vesle istida» fattige og nødlidende Mennisker af Frøgt for overhengende Fare og Uløcke ved ermelte grumme Sneebrede..

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "«Den vesle istida» fattige og nødlidende Mennisker af Frøgt for overhengende Fare og Uløcke ved ermelte grumme Sneebrede.."

Transkript

1 «Den vesle istida» fattige og nødlidende Mennisker af Frøgt for overhengende Fare og Uløcke ved ermelte grumme Sneebrede.. Atle Nesje Den vesle istida vert brukt om ein periode, spesielt i Europa og Nord-Amerika, som var prega av kjølege somrar og meir ekstremt klima i høve til den varmare perioden i middelalderen Dei este norske breane hadde dessutan si største utbreiing sidan slutten av siste istid jølv om det nst ulike opp atningar, vert den vesle istida i v rt land vanlegvis rekna for å ha vart frå tidleg på 1400-talet til tidleg på 1900-talet. I Noreg ser 1740-talet til å ha vore det verste tiåret under den vesle istida. Desse åra var det hungersnød og dei fleste breane nådde deira største utbreiing etter siste istid. Første halvdel av 1700-talet var karakterisert av kjølege og nedbørrike somrar og mange vintre med mykje nedbør. Vår- og hausttemperaturane var også låge, noko som gjorde vekstsesongen kortare. Ulike kjelder tyder på at sommartemperaturen i snitt var om lag ei grad kaldare enn i dag. Den vesle istida har vorte dokumentert gjennom rekonstruksjon av klimadata for tida før ein fekk systematiske meteorologiske målingar av til dømes temperatur og nedbør. I Noreg finst det til dømes gamle gardsdagbøker med mellom anna opplysningar om dato for såing og innhausting, når innsjøar vart islagde om hausten og isfrie om våren, og når snøen kom og smelta vekk. Desse opplysningane er mel- Figur 1. Kart over Vest-Noreg. Bergen Nordfjord Sunnfjord Folgefonna Olden Gaularfjellet Oppstryn Jostedalsbreen Jostedalen Sogn 50 km Jotunheimen 47

2 lom anna nytta til å rekonstruere vår-/ sommartemperaturar. For tidlegare tider finst det annalar og andre spreidde kjelder. Når det gjeld breane finst det skildringar, ofte av utanlandske turistar eller naturforskarar, om kvar brefrontane låg i høve til ulike terrengformer og spor i terrenget, til dømes moreneryggar. Studiar av sediment (avsetningar) i innsjøar nedstraums brear har, saman med datering av moreneryggar, vore nytta til å rekonstruere korleis breane har variert i storleik før, under og etter den vesle istida. Målingar av årringbreidde i tre har også vorte brukt til å rekonstruere årlege variasjonar i sommartemperatur gjennom den vesle istida. Naturskadar På grunn av at breutløparar frå Jostedalsbreen (fig. 1) under den vesle istida gjekk ned i dalane der folk hadde husdyr og beiteland om somrane, finst det talrike historiske dokument og skildringar av dei naturskadane som breane gjorde. På gardar i indre Nordfjord er dei første rapporterte skadane av brear frå året I 1684 vart gardar i Jostedalen (fig. 1) påført skade av breane. I tidsrommet fram mot slutten av 1700-talet vart gardar i indre Nordfjord påført store skadar som eit resultat av framrykkande brear, isras, fjellskred, steinsprang og jordskred. Dei historiske kjeldene tyder på at værlaget under den vesle istida var kjøleg med låge sommartemperaturar og mykje regn, medan vintrane i første halvdel av 1700-talet var nedbørrike. Kombinasjonen av låge sommartemperaturar og nedbørrike vintre med mykje snø på breane førte til at breane vaks mykje. Mellom 1710 og 1735 rykka til dømes fronten til Nigardsbreen i Jostedalen (fig. 2) fram om lag 2800 meter (eit snitt på omlag 110 meter i året!) og øydela mange av gardane i Mjølverdalen. Mathias Foss, som Figur 2. Nigardsbreen i Jostedalen. Pila markerar moreneryggen som vart danna då breen var på største under den vesle istida i Foto: Atle Nesje. var prest i Jostedalen på den tid, skreiv om utviklinga etter 1742:... men fra bemeldte Tid til Aarsdagen derefter 1743 havde Iisbræen ei allene skudt seg fram de 100 Alne (en alen = 0,68 cm) i Længden, foruden umaadelig i Breden, men endog borttaget Husene, omkastet dem, væltet dem for sig med en umaadelig Mængde af Jord, Gruus og store Stene fra Afgrunden og knuset dem i ganske smaa Stykker som endnu er tilsyne.... Dei fleste breutløparane frå Jostedalsbreen hadde på midten av 1700-talet si største utbreiing sidan slutten av siste istid. Dei ytste moreneryggane er tydlege vitnesbyrd om kor langt ut breane nådde då dei var på sitt største, noko som også syner seg som tydelege skilnader i vegetasjonen utanfor og innanfor desse moreneryggane. Naturskadar, skattereduksjon og økonomisk tilbakeslag I 1684 fekk to bønder på gardane Grov og Bergset i Krundalen, ein vestleg sidedal til Jostedalen, øydelagt beiteland og dei måtte i retten fordi dei ikkje var i stand til å betale dei pålagde skattane. Dette er den første av ei rekkje liknande tilfelle under den vesle istida. Landskylda (også kalla skyld eller bygsel) var den årlege leiga ein leiglending måtte betale for garden som vart brukt. Skylda (ofte kalla skatteskylda) var derfor eit nytta omgrep både for leiglendingsbruk og sjølveigde bruk. I 1670 vart det innført eit system som gjekk ut på at skatteskylda vart vurdert etter kor mange storfe ein hadde gjennom vinteren og kor mykje korn som 48

3 i perioden vart om lag 75 av gardane påført ei eller anna form for naturskade. Ei samanstilling av naturskadar som førte til avtak i skylda i områda rundt Folgefonna, i Sunnfjord og i Nordfjord syner at dei fleste naturskadane skjedde i perioden (fig. 3). Figur 3. Rapporterte naturskadar som førte til avtak i skylda (skattereduksjon) i områda rundt Folgefonna, i Sunnfjord og Nordfjord (etter Grove og Battagel, 1983). vart sådd og hausta. I Sunnfjord var skattbar verdi uttrykt i form av vekta av smør eller fisk. Eininga var laup (18 kg). Av dei historiske kjeldene går det fram at det var ein stor nedgang i talet på husdyr mellom 1667 og 1723; av nitten prestegjeld i Sunnfjord hadde seks ein nedgang i husdyrtalet på mindre enn 15 prosent, medan åtte prestegjeld hadde ein nedgang på meir enn 20 prosent. Den største nedgangen i husdyrtalet var det i Olden, med 39 prosent. Reduksjonen i husdyrtalet på slutten av og første del av 1700-talet skuldast mest truleg det økonomiske tilbakeslaget på grunn av klimaforverringa og mindre fôr under den vesle istida. I 1723 reiste matrikkelkommisjonen rundt om i bygdene på Vestlandet og dei fann då at mange gardar låg svært utsett til med omsyn til naturskade, mellom anna i Olden og Oppstryn. Sytti prosent av gardane vart i 1723 rekna som utsette for naturskade og Brenndalsbreen og Tungøyane (Tungøen) i Oldedalen Ein av dei breutløparane frå Jostedalsbreen som gjorde stor skade under den vesle istida var Brenndalsbreen (i tidlegare tider også kalla Åbrekkebreen), som til slutt øydela garden Tungøyane (fig. 4). Brenndalsbreen er nabobreen til den kjende Briksdalsbreen i Oldedalen. Dei historiske dokumenta tyder på at garden vart påført store skadar over eit tidsrom på om lag år, då brefronten låg i munningen av Brenndalen ovanfor gardshusa på Tungøen. Elva frå breen førte til ei rekkje flaumskred og skadeflaumar over beiteland og dyrka mark. Informasjon om skadane som vart påført gardar rundt Jostedalsbreen kan vi lese i avtaksforretningar i Riksarkivet, Statsarkivet og bygdebøker. Innsyn i øydeleggingane får vi ved å granske avtaksforretningar på Tungøen, som garden heitte på den tid. I 1625 var landsskylda 2 løber og 1 pund smør, og garden hadde då temmelig avling. Dei tre brukarane hadde då ringe formue. Ei avtaksforretning i 1685 fastslo at Tungøen hadde blitt påførst skade på grunn av flaum i hovudelva i Oldedalen og av sideelva Brenna frå Brenndalsbreen. I 1693 vart det avteke 2 1/3 pund fordi garden hadde lide skade på grunn av flaum og snøfonn. Avtaket vart 49

4 Figur 4. Den stipla lina syner Brenndalsbreen sin maksimale posisjon under den vesle istida på midten av 1700-talet. X Der garden Tungøen låg før raset frå breen 12. desember Garden Aabrekk til høgre i framgrunnen. Terrassen framme til venstre syner at havnivået var om lag 85 m o.h. mot slutten av siste istid. Foto: Sigbjørn Myklebust. stadfesta i Garden hadde då lide meir skade. I 1728 vart bøndene på Tungøen tvinga til å flytte husa til ein høgareliggande stad der dei følte seg tryggare (fig. 4). Det står å lese:...og foruden alt dette var endnu det allerbedrøvligste at see, at disse fattige og nødlidende Mennisker, af Frøgt for overhængende Fare og Uløcke ved ermelte grumme Sneebrede, har nu i dette Aar 1728 maat fløtted deris Huse og Værelser paa et andet ringe sted, som de mener ved Guds Ophold og Beskiermelse at være tryggere,... I 1734 vart det avteke 12 merker og i 1745 vart det avteke 1 laup. Då var skylda redusert og garden gjekk inn under grannegarden Åberg. Gjennom første del av 1700-talet var garden utsett for skadeflaum fleire gonger. Men tidleg på 1740-talet låg fronten til Brenndalsbreen på kanten av fjellhammaren ovanfor husa, og under eit kraftig regnvær i byrjinga av desember 1743 rasa det isblokker frå breen som knuste husa på Tungøen. Lærar Martinus E. Bødal, som budde på garden Melheim i Olden (forfattaren sin tippoldefar!) skreiv ned følgjande om denne hendinga (fig. 5): 1743 Den 12 December udtog atter Tungøen af samme Tilfelde med Folk og Fæ og Indbo. Kun en Soldat som tjente der blev reddet samt en Gut ogsaa blev reddet. Den gutten hedde Knud og var fra Rødi i Lodalen Var der Skifte efter Gullak Tungøen og Kone. Kun 2 bedervede Kjör á 4 Mark hver, 1 Fjørpudde, 2 Væster, 1 Par Hoser, 1 Kvitel og 2 Forklæde og 1 Sok var i Behold foredes paa Gaarden 44 Naut og 2 Hæster. 50

5 Etter denne hendinga vart ikkje garden bygd opp att. Omlag 80 år tidlegare hadde Tungøen vore ein av dei beste gardane i Oldedalen. Oppe på Martinus E. Bødal Figur 5. Kopi av originaldokumentet der Martinus E. Bødal (foto: privat) skriv om hendingane på garden Tungøen i Oldedalen i desember Martinus E. Bødal ( ) var tippoldefar til forfattaren. terrassen der garden Tungøen låg på 1740-talet kan vi framleis sjå grunnmurane etter bygningane (fig. 6). Hugleik Tungøen Bøndene i indre Nordfjord utnemnde Hugleik Tungøen ( ) som talsmann for å få redusert skattane på grunn av skadane som breane og elvane har gjort på dyrka mark og beiteland. Hugleik Tungøen gjorde, saman med hjelpesmannen sin Johannes Paulsen Qvam (Kvamme), fleire reiser til Bergen, Christiania og København. Han arbeidde for at bøndene i indre Nordfjord skulle få betre kår etter uår og høge skattar. Det var ikkje så enkelt å sende brev til kongen i København, som på den tid var Frederik den 4. ( ), som var konge frå Breva kunne ta lang tid å få fram til kongen og dei kunne kome vekk på vegen. Eit av breva, datert 1702, byrja slik: Stormægtigste Konge, Allernaadigste Arve Herre. Vi Fattige elendige eders Kongel. Maj. ts allerunderdanigste Skat- Figur 6. I 1728 vart husa i Tungøyane flytta frå elvesletta til venstre og opp på terrassen midt på biletet. Der kan ein enno sjå tuftene etter gardshusa som vart øydelagde i raset den 12. desember Foto: Atle Nesje. 51

6 tebønder af Nord ords Fogderie i Inviigs Præstegield udj Stryens og Oldens Skibreeder, høylig og meget nødtvingende er foraarsaget for eders Kongl. Maj. ts at foredrage og hermed tilkiendegive, det os, efter voris ydmygeligste Andragene til velb. Hr. Amtmand Hans Nielsen, formedelst dend Fielskred og Vand vaade som os i saamaade er paakommen, og voris gaarder ved aftag er tilføyet, der haver beskicket Fogden tillige med Sorenskriveren og Otte upartiske Lavrettemænd, samme voris beskadigde Jorder af eldskred og Elvebrud grandgivelig at grandske og besikte, hvilket de og hørsomst har efterlevet, som deis forretning, der begynt er dend 26. Aug. Og endet dend 18. Septembr. 1693, utviser,.... I dette brevet kom dei inn på ei avtaksforretning som vart halden frå 26. august til 18. september 1693, men som det ikkje kom noko ut av, korkje nedsetjing av skylda, eller Kongl. Contributioner till denne Tid. Kong Frederik den 4. ville gjerne hjelpe bøndene, men han ville ikkje overlate avgjerda til andre. Det tok derfor ofte lang tid å få handsama søknadane og bøndene mista etter kvart tolmodet. I eit brev til visestatthaldaren, datert Christiania 29. januar 1707, skreiv Johannes Paulsen Qvam at Figur 7. Minnesteinar for Hugleik Tungøen og Johannes Paulsen Qvam i Oldedalen. Foto frå boka Oldedalen bygda mellom breane (red. Bernt Kristiansen, Oldedalen Utviklingslag, Vigmostad & Bjørke AS, 2003). Hugleik Tungøen mista livet i kulde og snøfôk i Sværeskardet på Gaularfjellet mellom Sværefjorden i Sogn og Gaular i Sunnfjord åtte dagar før jul i 1706 på veg til Christiania. I april og mai 1707 skreiv Johannes Paulsen Qvam tre supplikkar (søknader) til kongen, alle skrivne i København. I ein av dei, datert 5. mai, opplyste han at Hugleik Tungøen let etter seg kone og fem born, og i ein annan suplikk, datert 17. mai, at ulukka bar til på et eld kaldis Sverin (Sværefjellet mellom Sogn og Sunnfjord), ei mil frå folk. I 1966 vart det avduka ei minnestøtte i Oldedalen (fig. 7) med denne inskripsjonen: Bondeføraren Hugleik Tungøen død året I strid for eit bondesamfunn som var utarma av naturulukke, uår og store ytingar til jorddrott, var Hugleik Tungøen bøndene sin sendemann til kongen i København og til hans ombodsmenn i Christiania og Bergen. Under ei av desse ferdene sette han livet til i Sværeskaret 8 dagar føre jul I takksemd vart denne steinen reist året Minnesteinen skal stå og vise veg til det området og dei tuftene der ein av dei største sønene i bygda vart fostra. I 1996 fekk Johannes Paulsen Qvam ein minnestein i Oldedalen (fig. 7). Steinen har denne innskrifta: Johannes Paulsen Qvamme Som talsmann for folket i Indre Nordfjord gjekk han fleire turar til Christiania og København for å tale bøndene si sak i naudsåra rundt I takksemd vart denne steinen reist året

7 Kjelder Grove, Jean M. og Arthur Battagel. (1983). Tax records from western Norway, as an index of Little Ice Age environmental and economic deterioration. Climatic Change 5, Hoel, Adolf og Werner Werenskiold. (1962). Glaciers and Snowfields in Norway. Norsk Polarinstitutt Skrifter 114, 291 sider. Holmsen, Andreas. (1961). The transition from Tenacy to Individual Peasant Ownership in Norway. Scandinavian Economic History Review 9, Hovstad, Håkon. (1971). Pest og Krise. Den Norske Turistforenings Årbok og Indre Sogn Fogderi Tingbok 14a, 1684 (Fol.38-38b). Kraft, Jens. (1830). Topogra sk-statistisk Beskrivelse over Kongeriget Noreg 4, 962 sider. Nesje, Atle og Svein Olaf Dahl. (2003). The Little Ice Age - only temperature? The Holocene 13, Nesje, Atle og Øyvind Nordli. (2009). Historisk skattereduksjon som indikasjon på klimaendringer. Klima , Nesje, Atle, Jostein Bakke, Svein Olaf Dahl, Øyvind Lie og John A. Matthews. (2008). Norwegian mountain glaciers in the past, present and future. Global and Planetary Change 60, Nesje, Atle, Svein Olaf Dahl, Terje Thun og Øyvind Nordli, Ø. (2007). The Little Ice Age glacial expansion in western Scandinavia: summer temperature or winter precipitation? Climate Dynamics 30, Nordli, Per Øyvind, Øyvind Lie, Atle Nesje, og Svein Olaf Dahl. (2003). Spring-summer temperature reconstruction in western Norway : A data-synthesis approach. International Journal of Climatology 23, Paus, Hans. (1751). Gamle Forordninger og Privilegier udgivne for Kongeriget Norge II.2, København, 1108 sider. Rekstad, Johan. (1902). Iagttagelser fra bræer i Sogn og Nordfjord. Noregs Geologiske Undersøgelsers Aarbog fra 1902, 3,

Breutvikling i Noreg og observerte endringar dei siste 100 åra

Breutvikling i Noreg og observerte endringar dei siste 100 åra Breutvikling i Noreg og observerte endringar dei siste 100 åra Atle Nesje Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking (atle.nesje@geo.uib.no) Brear i Skandinavia

Detaljer

Den vesle istid klima og konsekvensar

Den vesle istid klima og konsekvensar Den vesle istid klima og konsekvensar Atle Nesje Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen (atle.nesje@geo.uib.no) INNHALD Termen den vesle istid Kor

Detaljer

Kva skjer med dei norske isbreane?

Kva skjer med dei norske isbreane? Kva skjer med dei norske isbreane? Atle Nesje Institutt for geovitenskap, UiB Uni Research Klima AS Bjerknessenteret for klimaforskning atle.nesje@uib.no Der ligger et land mot den evige sne, heiter det

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Utviklinga av isbreane i Noreg dei siste åra

Utviklinga av isbreane i Noreg dei siste åra Utviklinga av isbreane i Noreg dei siste 10.000 åra Atle Nesje Institutt for geovitenskap, UiB NORCE - Uni Research Klima Bjerknessenteret for klimaforskning atle.nesje@uib.no Der ligger et land mot den

Detaljer

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

REFERAT FRÅ SYNFARING MØRKRIDSDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - YNSKJE

REFERAT FRÅ SYNFARING MØRKRIDSDALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - YNSKJE BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Strynefjellet landskapsverneområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland Forvaltningsavdelinga. Betre føre var. Oversikt over risiko i Rogaland. juni

Fylkesmannen i Rogaland Forvaltningsavdelinga. Betre føre var. Oversikt over risiko i Rogaland. juni Betre føre var Oversikt over risiko i Rogaland juni 2008 TEMA Ekstremt vêr og flaum Ras Svikt i kraftforsyninga Svikt i vassforsyninga Uønska hendingar innan helse Dyrehelse Store ulukker LEVE MED UVISSE.

Detaljer

Sidan siste istid, som tok slutt for omlag

Sidan siste istid, som tok slutt for omlag Breane på Vestlandet - har dei eksistert kontinuerleg sidan siste istid? Atle Nesje Der ligger et land mot den evige sne, heiter det i fedrelandssongen med tekst av Bjørnstjerne Bjørnson og melodi av Rikard

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar? Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar? Møte med NIFS-prosjektet, Oslo, 05.11.2014 Halvor Dannevig, Carlo Aall og Kyrre

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2 FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2016 var 775 laks (snittvekt 2,4 kg) og 240 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2016 vart det fanga 918 laks og 134 sjøaure, begge delar

Detaljer

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 206 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012 og 2013, då det berre vart

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR

LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR LANDFORMER SKAPTE AV ISBREAR Slogen Brekketindbreen Fyrst litt om istidene I løpet av kvartærtida (som starta for 2,6 millionar år sidan) har det vore over 30 kraftige klimasvingingar Vi har hatt istider

Detaljer

Statens vegvesen. Rv 5, Hp 3, Km 8,630 8,940. Fodnes fergekai. Vurdering av skredfare mot kaianlegget.

Statens vegvesen. Rv 5, Hp 3, Km 8,630 8,940. Fodnes fergekai. Vurdering av skredfare mot kaianlegget. Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Rune Dvergsdal Geo- og skredseksjonen v/jens Tveit Sakshandsamar/innvalsnr: Jens Tveit - 57655949 Oppdrag: Vurdering av skredfare ved Fodnes fergekai Dok. nr. i Sveis:

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

ROS-analyse. Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II PLANID Mai Øystre Slidre kommune

ROS-analyse. Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II PLANID Mai Øystre Slidre kommune ROS-analyse Mai 2019 Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II PLANID 201812 Øystre Slidre kommune Innhald Innhald... 2 1. Skildring av planområdet og utbyggingsføremålet... 2 2. Moglege uønskte

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015 Unntatt offentlighet Rapport Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015 Rapport-nr.: Rapport: Avdeling: Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE Noreg er eit land i Nord-Europa. Noreg er eit nordisk land. Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island vert kalla dei nordiske landa. Noreg, Danmark og Sverige har òg

Detaljer

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012 Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012 Oppgåve 1 (2 poeng) Ein dag har butikk A dette tilbodet: Du skal kjøpe 1,5 kg druer. I kva for butikk lønner det seg å handle? Oppgåve 2 (1 poeng) Tidlegare

Detaljer

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så

Detaljer

.ASJONALE -ATEMATIKK 1M 3KOLENR

.ASJONALE -ATEMATIKK 1M 3KOLENR Delprøve 1M Du skal prøve å svare på alle oppgåvene i dette heftet så godt du kan, sjølv om nokre av dei kan vere vanskelegare eller annleis enn du er van med. Somme svar skal du rekne ut, nokre gonger

Detaljer

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat Noregs vassdrags- og energidirektorat NOU Klimatilpassing Klimaet er i endring og vi må tilpasse oss endringane Styrken og omfanget av klimaendringane avheng av kor mykje Noreg og det internasjonale samfunnet

Detaljer

Lat Røykjadøla og Tverradøla få renne!

Lat Røykjadøla og Tverradøla få renne! Krundalen. L oktober 2009 NVE Konsesjonsavdelinga Boks 5091 Majorstua 0301 OSLO Lat Røykjadøla og Tverradøla få renne! Statkraft har lagt fram planar for å overføre åtte elvar på vestsida av Jostedalen

Detaljer

2014/

2014/ Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA I perioden 1986 til 2012 var gjennomsnittleg årsfangst 32 laks (snittvekt 2,9 kg) og 5 sjøaurar (snittvekt 1,5 kg). I 2012 vart det fanga 100 laks (snittvekt 3,5 kg), det

Detaljer

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune. SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune www.fylkesmannen.no/oppland Samandrag Fylkesmannen meiner at samfunnssikkerheit og beredskap er godt sikra i

Detaljer

Klima i endring? Sogn og Fjordane. Atle Nesje. Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking

Klima i endring? Sogn og Fjordane. Atle Nesje. Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking Klima i endring? Klimautfordringar for dei som bur i Sogn og Fjordane Atle Nesje Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen Bjerknessenteret for klimaforsking atle.nesje@geo.uib.no Innhald Vær

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging

Detaljer

HVORDAN PÅVIRKER KLIMAENDRINGER SKREDFARE. Astrid Flatøy Seniorrådgiver NVE

HVORDAN PÅVIRKER KLIMAENDRINGER SKREDFARE. Astrid Flatøy Seniorrådgiver NVE HVORDAN PÅVIRKER KLIMAENDRINGER SKREDFARE Astrid Flatøy Seniorrådgiver NVE Skred i framtidas klima Utløysingsfaktorer for skred: Topografi/ terrenget Veret /klima (regn, flaum, snø) auka nedbør og meir

Detaljer

Eksamen S1 hausten 2015

Eksamen S1 hausten 2015 Eksamen S1 hausten 015 Oppgåve 1 (5 poeng) Løys likningane nedanfor a) x 3x 0 b) 4 3x1 17 c) x lg 3 lg Oppgåve (3 poeng) Skriv uttrykka så enkelt som mogleg a) 8a a b 3 1 ab b) x yx y y xy x x yx y Oppgåve

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring» MEDBORGERNOTAT «Stortingsval 2017 - Veljarvandring» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Januar 2018 Stortingsval 2017 - Veljarvandring Resultat frå Norsk medborgerpanel I dette

Detaljer

2P eksamen våren 2018 løysingsforslag

2P eksamen våren 2018 løysingsforslag 2P eksamen våren 2018 løysingsforslag DEL 1 Utan hjelpemiddel Tid: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Hjelpemiddel: Del 1 Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar. Oppgåve

Detaljer

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Ved ordførar Nils P Støyva 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 1 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 2 1 Kartet viser Nordisland,

Detaljer

.ASJONALE -ATEMATIKK 1MX 3KOLENR

.ASJONALE -ATEMATIKK 1MX 3KOLENR Delprøve 1MX Du skal prøve å svare på alle oppgåvene i dette heftet så godt du kan, sjølv om nokre av dei kan vere vanskelegare eller annleis enn du er van med. Somme svar skal du rekne ut, nokre gonger

Detaljer

S1-eksamen hausten 2017

S1-eksamen hausten 2017 S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6

Detaljer

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe

Detaljer

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014 Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014 Oppgåve 1 (1 poeng) Rekn ut og skriv svaret på standardform 0,0003 500000000 0,002 Oppgåve 2 (1 poeng) Prisen for ei vare er sett opp med 25 %. No kostar varen

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2015 var 516 (snittvekt 5,1 kg). I 2015 vart det fanga 967 laks (snittvekt 5,6 kg; figur 1, stolpar). Sidan 2009 har

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Rådgivende Biologer AS

Rådgivende Biologer AS Bergen, 19. august 2016 Enkel undersøking av elvemusling i Røyrvikelva, Kvam herad Bakgrunn Steinar Kålås I august 2015 kom det inn melding til Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) at det var sett

Detaljer

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE Sogn og Fjordane Energi AS Bukta 6823 Sandane SAKSBEHANDLAR: ALF ERIK RØYRVIK ARKIVKODE: 2015/817-432.2 DATO: 24.04.2015 ÅLFOTBREEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE LØYVE TIL LANDING - SNØSCOOTER

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Klimatilpassing på regionalt nivå. Frå nasjonale og overnasjonale strategiar til praktisk handling i fylke, kommunar og næringsliv

Klimatilpassing på regionalt nivå. Frå nasjonale og overnasjonale strategiar til praktisk handling i fylke, kommunar og næringsliv Klimatilpassing på regionalt nivå Frå nasjonale og overnasjonale strategiar til praktisk handling i fylke, kommunar og næringsliv Oddvar Flæte Fylkesmann i Sogn og Fjordane 1 Nasjonale strategiar i klimapolitikken

Detaljer

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013 Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013 Oppgåve 1 (1 poeng) Per har lese 150 sider i ei bok. Dette er 30 % av sidene i boka. Kor mange sider er det i boka? Oppgåve 2 (1 poeng) På eit kart er avstanden

Detaljer

RAPPORT. Søk etter Flatsaltlav i Kasseelva. Utarbeida av: Steinar Slagnes

RAPPORT. Søk etter Flatsaltlav i Kasseelva. Utarbeida av: Steinar Slagnes RAPPORT Søk etter Flatsaltlav i Kasseelva Utarbeida av: Steinar Slagnes Dato: 26. Nov. 2014 1 INNHOLD 1. BAKGRUNN side 3 2. FØRSTE SØK ETTER FLATSALTLAV.side 4 3. ANDRE SØK ETTER FLATSALTLAV..side 8 4.

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Eksamen S1 hausten 2015 løysing

Eksamen S1 hausten 2015 løysing Eksamen S1 hausten 015 løysing Oppgåve 1 (5 poeng) Løys likningane nedanfor a) x 3x 0 x(x3) 0 x 0 x 3 0 3 x 0 x b) 3 1 17 x 4 lg 3 x1 34 lg 3 x1 34 3x 1 lg 34lg 3x 1 lg lg 34 lg lg 3x 1 34 3 x 33 3 3 x

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 207 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012, då det berre vart fanga

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og DEN NORSKE KIRKE KR 49/15 Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd Bodø, 16.-18. september 2015 Referanser: KR 24/14 Saksdokumenter: Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra 2017-2018 og 2018-2019

Detaljer

Skred Status og utfordringar i Region vest

Skred Status og utfordringar i Region vest Skred Status og utfordringar i Region vest Hanne Hermanrud Avdelingsdirektør, Veg- og transportavdelinga Statens vegvesen Region vest Skred og stengde vegar fører til mange og til dels alvorlege problem

Detaljer

Fuglestadelva, Hå kommune

Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane

Detaljer

Aktuelle masterprosjekter i naturgeografi våren 2014. Svein Olaf Dahl

Aktuelle masterprosjekter i naturgeografi våren 2014. Svein Olaf Dahl Aktuelle masterprosjekter i naturgeografi våren 2014 Svein Olaf Dahl Geographical extent of NW European ice sheets during the last glacial maximum (LGM), about 20 ka BP (Svendsen et al., 2004). Jostedalen

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre Møteinnkalling Naustdal-Gjengedal verneområdestyre Utval: Møtestad: Scandic Sunnfjord Hotell, Førde Dato: 22.02.2019 Tidspunkt: 13:00 15:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 95889475 eller på

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Indre Hordaland jordskifterett. Rettsbok. Sak: MYRLAND Gnr. 273 og 272 i Voss kommune. Oppstarta:

Indre Hordaland jordskifterett. Rettsbok. Sak: MYRLAND Gnr. 273 og 272 i Voss kommune. Oppstarta: Indre Hordaland jordskifterett Rettsbok Sak: 1230-2010-0011 MYRLAND Gnr. 273 og 272 i Voss kommune Oppstarta: 29.06.2010 Avslutta: 09.08.2010 JORDSKIFTERETTSMØTE Rettsmøtedag: 29.06.2010 Stad: Jordskifterettens

Detaljer

Nokre viktige landskapselement langs Langedalselva frå Karbø-bru til Klipphølen. Frå Per Ingebrigt Karbø 19/6-2016

Nokre viktige landskapselement langs Langedalselva frå Karbø-bru til Klipphølen. Frå Per Ingebrigt Karbø 19/6-2016 Nokre viktige landskapselement langs Langedalselva frå Karbø-bru til Klipphølen. Frå Per Ingebrigt Karbø 19/6-2016 Karbø-bru med kvernhus Knud Knudsen år 1880 Området mellom Godhølen og Karbø-brua Opp

Detaljer

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013 Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 01 Oppgåve 1 (1 poeng) Per har lese 150 sider i ei bok. Dette er 0 % av sidene i boka. Kor mange sider er det i boka? Går «vegen om 1»: 150 1% 5 0 100% 5 100 500

Detaljer

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!! Pressemelding: Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!! fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på

Detaljer

Er "dårleg klima" eller "dårleg planlegging" den største utfordringa?

Er dårleg klima eller dårleg planlegging den største utfordringa? Er "dårleg klima" eller "dårleg " den største utfordringa? Klimatilpassingskonferansen Sogndal, 2. - 4. mai 2016 Halvor Dannevig, forsker, PhD Forskar, Vestlandsforsking Naturfarer, klimaendringer og

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014

Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014 Husdyrgjødsel Mineralgjødsel Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014 Praktisk bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel I dei siste 20 åra har ein bygd og utvida husdyrgjødsellager i Rogaland Formidling frå

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Nils-Arne Ekerhovd. NORKLIMA forskerkonferanse Bergen, oktober, Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF)

Nils-Arne Ekerhovd. NORKLIMA forskerkonferanse Bergen, oktober, Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF) Klimaendringars effekt på fiskebestandar i Barentshavet - betydning for fiskeri og samfunn Expected Change in Fisheries in the Barents Sea (FishExChange) Nils-Arne Ekerhovd Samfunns- og Næringslivsforskning

Detaljer

1P eksamen våren 2016

1P eksamen våren 2016 1P eksamen våren 2016 Tid: 2 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillate. Oppgåve 1 (2 poeng) Ved kommunevalet i haust fekk eit politisk parti 4,5 % av røystene.

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

Klimavariasjoner etter siste istid

Klimavariasjoner etter siste istid 1 Klimavariasjoner etter siste istid Atle Nesje 1,2, Anne Bjune 3, Carin Andersson Dahl 1,3, Eystein Jansen 1,2 og Aage Paus 4 1 Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen 2 Bjerknessenteret for

Detaljer

Forslag om tidligare fiskestart

Forslag om tidligare fiskestart Forslag om tidligare fiskestart Fram til og med sesongen 1996 åpna fisket i Eidselva 15.mai. I 1997 vart fiskestarten flytta til 1.juni, samt at fiskestopp vart flytta ut 14 dagar på hausten til 31.august

Detaljer

NOTAT Skredhendingar på kommunale vegar i Kvam herad

NOTAT Skredhendingar på kommunale vegar i Kvam herad KVAM HERAD NOTAT Til Leif Skår, Vatn - Avløp - Veg Dato: 01.12.2014 Skredhending: 28.10.2014 Synfaring 29.10.2014 mfl. Frå Tore Dolvik, kommunegeolog Vår ref: 14/1304-3/N-860//TORDOL Kopi til: Lars Ese

Detaljer

Elgen og klimaet. Innhald

Elgen og klimaet. Innhald Elgen og klimaet Ivar Herfindal Erling Solberg Bernt-Erik Sæther Reidar Andersen Innhald Klima Klimaeffektar på hjortevilt, generelt Elg og klima, globalt Elg og klima frå siste istid Elg og klima i dag

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune

Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune Asbjørn Rune Aa Holteigvegen 19 6854 Kaupanger Tlf.45244907 Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune Rapport Juni 2015 Utgitt dato: 30.06..2015 Utarbeidd: Asbjørn Rune Aa Kontrollert: Eivind

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking Spørjeundersøkinga er ein del av Beiteprosjektet i Hordaland. Spørjeskjema vart sendt ut til alle beitelaga som var aktive i organisert beitebruk i

Detaljer

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR? KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR? I DAG Basert på bestandsplanane som er godkjente i Hareid, Herøy og Ulstein: Prega av å vere utforma under lovverk av 1989 Enkelte problem med omgrepa Kan verte betre

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Last ned Tusen år i Sogn - Steinar Velle. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tusen år i Sogn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Tusen år i Sogn - Steinar Velle. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tusen år i Sogn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Tusen år i Sogn - Steinar Velle Last ned Forfatter: Steinar Velle ISBN: 9788282401234 Antall sider: 173 Format: PDF Filstørrelse: 19.71 Mb Tusen år i Sogn fortel om Sogn i norsk historie, og historier

Detaljer

ROS-analyse. Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde PLANID Mars Øystre Slidre kommune.

ROS-analyse. Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde PLANID Mars Øystre Slidre kommune. ROS-analyse Mars 2019 Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde PLANID 201904 Øystre Slidre kommune Innhald 1. Skildring av planområdet og utbyggingsføremålet... 2 2. Moglege

Detaljer

2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag

2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag 2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag DEL 1 Utan hjelpemiddel Tid: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Hjelpemiddel: Del 1 Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar. Oppgåve

Detaljer

Vestlandet ein stor matprodusent

Vestlandet ein stor matprodusent Vestlandet ein stor matprodusent Halvparten av sjømatproduksjonen i Norge skjer på Vestlandet Hordaland Vestlandet 2001 Mill. kr % av landet Mill. kr % av landet Jordbruk 499 4,7 3 084 29,2 Fiske og fiskeoppdrett

Detaljer

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr 1 * Mai 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap lder og vekst for aure frå Ullensvang statsallmenning

Detaljer