KOMMUNIKASJONSPLAN SYNLEGGJERING OG PROFILERING AV VEST- TELEMARK. Utarbeidd av Vest- Telemark Næringsutvikling v/ Eivind Kaasin og Silje Hegg
|
|
- Charlotte Sunde
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 KOMMUNIKASJONSPLAN SYNLEGGJERING OG PROFILERING AV VEST- TELEMARK Utarbeidd av Vest- Telemark Næringsutvikling v/ Eivind Kaasin og Silje Hegg 1
2 INNHALDSLISTE OM PLANEN... 2 DEFINISJONAR... 3 BAKGRUNN... 3 SITUASJONEN I DAG... 3 UTFORDRINGAR... 4 KOMMUNIKASJONS- OG PROFILERINGSARBEIDET... 4 MÅL... 4 MÅLGRUPPER... 5 STRATEGI... 6 TILTAK... 6 NETTPORTALEN telemark.no... 6 SOSIALE MEDIER... 9 NYHENDEBREV... 9 SUKSESSFAKTORAR KOMPETANSEKRAV ANSVAR OG OPPFØLGING OM PLANEN 2
3 Me vil i denne planen trekke opp ein del tankar, og gje retning til ein del av det arbeidet som vert gjort i dag knytt til kommunikasjon og profilering av regionen, og legge ein plan for utvikling av dette. Planen vil ta for seg korleis Vest- Telemark står fram som region. Korleis kan ein syne fram aktiviteten og pulsen i Vest- Telemark på best mogleg måte, og nå måla om styrka Vest- Telemarkidentitet og auka tilflytting og arbeidsplassar? Planen vil skissere opp korleis stoda er i dag, og kva for mål, strategiar og tiltak ein har for arbeidet vidare. DEFINISJONAR Mål Med dette meinast ein tilstand, eit resultat eller eit mål ein ynskjer å nå. Dette bør vere målbare resultat eller mål. Det er viktig at måla på kvart enkelt arbeidsområde spring ut i frå dei overordna måla. Strategiar Overordna metodar, arbeidsmåtar som ein skal ta i bruk. Tiltak Konkrete aktivitetar som skal oppfylle måla. Ved å utføre tiltaka vil ein oppnå måla, eller resultata. Det er viktig at dette er konkrete oppgåver, og ikkje generelle føringar. Utfordringar Utviklingstrekk, moglegheiter, truslar m.m. som ein bør vera merksam på. BAKGRUNN Om kommunikasjon i dag Kommunikasjon, informasjon og historiefortelling står sentralt i samfunnet i dag. Dagens informasjonskvardag har vorte meir digital, og folk er tilgjengelege på nett store delar av døgnet. Alt skjer raskt, og vert fort gløymt. Ein må følgje med. Folk søker informasjon på nett, eller i sosiale medier. Informasjonssystema er heile tida i endring og ein må halde seg oppdatert og sjølv oppdatere. I dag kan ein i stor grad styre informasjonsflyt og kommunikasjon på eigenhand gjennom eigne kommunikasjonskanalar, mot eigne målgrupper som ynskjer informasjon. Variasjonane i moglege kommunikasjonskanalar er òg mykje større i dag enn tidlegare. Ein kan altså styre både form og innhald meir sjølv. Informasjon- og kommunikasjonsteknologien er heile tida i utvikling, og det er viktig at ein tek høgde for at ting kan endre seg raskt, og at ein difor må ha ein organisasjonsstruktur som er fleksibel og med allsidig kompetanse. SITUASJONEN I DAG Vest-Telemark som region Totalt har regionen om lag innbyggarar, og omfattar dei seks kommunane Vinje, Tokke, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Nissedal. Desse kommunane er saman organisert i regionrådet Vest- Telemarkrådet. Regionen har elles ei felles lokalavis, Vest- Telemark Blad som omfattar alle kommunane. Saman med regionrådet er avisa eit viktig element i å samle regionen. Vest- Telemark er sett saman av mange små stader, og noko av det karakteristiske ved regionen er alle dei små bygdene og grendene; grovt reikna 70 stk. Rundt om i regionen har ein sterke lokale identitetar, med rike og levande tradisjonar innan mat, kunst, kultur og handverk. Ein har også mange enkeltpersonar, prosjekt og institusjonar som saman målber og formidlar desse tradisjonane vidare i dag. Ein har også ein sterk språkkultur med ulike dialektar som folk nyttar og er stolte av. 3
4 Telemark som region og omgrep er vel etablert. Det er ei merkevare og eit omgrep som mange kjenner til og har assosiasjonar til på ulikt vis. Slik sett har ein eit godt utgangspunkt for formidling. Arbeidet som er gjort Profileringa og marknadsføringa av Vest- Telemark som region er, og har vore, delt ut over mange ulike prosjekt og tiltak på fleire ulike måtar. telemark.no, Vandreregionen og Bygdelivsmeklaren er og har vore prosjekt gjennom regionrådet. Saman skal prosjekta og tiltaka, på ulikt vis, vera med på å nå målsetningane til rådet og regionen som i korte trekk handlar om meir tilflytting, sterkare identitet, utvikling og god infrastruktur. Kvart enkelt prosjekt har i stor grad hatt eit profilerings- og kommunikasjonsansvar på vegne av seg sjølv. Viktige element i kommunikasjonen som allereie er etablert er: Etableringa og bruken av ein felles grafisk profil Etableringa av nettportalen Vest- Telemark.no Både Vest- Telemark.no, Vest- Telemarkrådet, Vest- Telemark Næringsutvikling og Vandreregionen nyttar same ikon/logo. Dette har vore med på å knyte prosjekta og regionen saman. Samtidig kan det gjere det meir vanskeleg å skilje dei ulike organisasjonane og prosjekta frå kvarandre. Etableringa av Vest- Telemarkportalen har vore viktig. Her ynskjer ein å sjå kommunikasjonen om og frå regionen i ein heilskap. Arbeidet som er lagt ned her er godt, men grunna manglande ressursar og uklar prioritering, er ikkje arbeidet med portalen kome heilt i mål. UTFORDRINGAR Utfordringar for regionen Mykje lokalt engasjement, men liten eller manglande regional merksemd og glød. Dårleg folketalsutvikling. Regionen er lite synleg? Utnytte potensialet som ligg i den sterke Vest- Telemarkkulturen. Utfordringar for kommunikasjonen Nå fram til dei rette målgruppene, med rett bodskap. At kommunikasjonen utløyser handling dra på arrangement, flytte heim etc. Få folk til å engasjere seg og delta. Å vera levande og engasjert i kommunikasjonen. KOMMUNIKASJONS- OG PROFILERINGSARBEIDET I Vest- Telemarkrådet sin overordna visjon heiter det; Vest-Telemark ein levande region. Korleis vert ein oppfatta som levande, og kven ser at det er ein levande region? Kven formidlar livet og det levande? Dette er spørsmål me skal forsøke å svare på i denne delen. MÅL Måla i denne planen er knytt til måla i strategisk næringsplan for Vest- Telemark og arbeidsprogrammet og visjonen til Vest- Telemarkrådet. Dei to fyrste hovudmåla i desse planane er: Sterk regional samkjensle og styrka Vest- Telemarkidentitet Oppretthalde og auke folketalet og busetnaden i heile Vest- Telemark. 4
5 I lys av dette kan ein spesifisere dei overordna måla for arbeidet med følgjande: Folk er stolte av regionen. At folk er nyfikne på regionen og det som skjer. Eit styrka Vest- Telemarkfellesskap tommelen opp for naboen. Folk er kjend med aktiviteten og tilboda i regionen. Auka engasjementet i og for regionen. Tettare kontakt og jamn dialog med målgruppene. Folk flyttar til regionen. Folk besøker regionen. Folk blir verande i regionen. Regionen er synleg. Effektar på kortsikt Auka lesartal på heimesider, og følgjarar og aktivitet på sosiale medier. Auka blest, og engasjement i og for regionen. Tettare kontakt og dialog med målgruppene. Regionen er meir synleg. Effektar på lengre sikt Tilflytting Nye arbeidsplassar Eit sterkt fellesskap i Vest- Telemark Det er viktig å ha med seg at informasjons- og kommunikasjonsarbeidet i seg sjølv ikkje er nok til å utløyse desse effektane, men at dette er eitt av fleire element som saman skal skape endring. MÅLGRUPPER Kven vil vi nå? TYPE ALDER INTERESSEFELT STRATEGI EFFEKT Moglege tilflyttarar Jobb, bustad, arrangement, historie, kultur Heimatt- flyttarar Jobb, bustad, kultur, arrangement, historie, kultur, nytt frå regionen og heimstaden Fastbuande Vesttelar Arrangement, nytt i regionen og om heimstaden, historie, kultur Folk med tilknyting til regionen. (slekt, vener etc.) Kultur, historie, og arrangement Vera inkluderande, inviterande og open. Bygge på stadkjendsle, synleggjere på kjende saker og personar. Bygge på stadkjendsle, synleggjere gode intitiativ, personar og prosjekt. Vera inkluderande, inviterande og open. Tilflytting, at folk blir nyfikne på regionen. Tilflytting, folk er stolte av staden og regionen Folk er stolte av staden og regionen, blilyst Besøk. 5
6 Desse målgruppene har ulike kanalar, og nokre kanalar vil vera meir aktuelle enn andre. Dersom ein skal nå alle desse målgruppene må ein ta i bruk fleire kanalar, med ulikt innhald, og tilpasse kommunikasjonen i dei ulike kanalane til målgruppene. STRATEGI Overordna strategiar og arbeidsmetodar i profileringa av regionen. Synleggjere Marknadsføre Profilere Skryte Dele Inspirere Forankre Involvere Samarbeide Engasjere Være oppdatert på aktivitet og utvikling TILTAK Nettportalen - telemark.no Sosiale medier Nyhendebrev NETTPORTALEN Vest- Telemarkportalen vart lansert i ny drakt i 2011, og har sidan vore ei samleside for aktivitetar i regionen. Gjennom portalen har ein samla fleire regionale prosjekt og organisasjonar inn under same paraply. Portalen er sentral for korleis regionen står fram og har potensiale til å bli eit sterkt knutepunkt og ein viktig kommunikasjonskanal for regionen ut mot fleire målgrupper. Gjennom ei styrking av arbeidet med Vest- Telemark.no vil ein kunne få inntrykk av livet og pulsen i regionen, og portalen kan vera ein arena for formidling av dei gode historiene, og synleggjering av aktivitet. Inndeling av portalen Hovudside Denne sida skal synleggjere aktivitet, og samle informasjon om og frå Vest- Telemark. Sida skal være aktuell for alle, og bør rette seg mot alle målgruppene som er sett i planen. Aktørsider Vest-Telemarkrådet, VTNU m. fl. Desse sidene er retta mot målgrupper som allereie er knytt til regionen, og med eit spesielt 6
7 engasjement og interesse for regional utvikling og samarbeid. Eller med konkrete planar for etablering osv. Telejobb Telejobb er eit prosjekt som er eigd av Vest- Telemark Næringsforum (VTNF). Telejobb flytta i 2011 heimesida si inn under vest- telemark.no. VTNF har aldri kome heilt i mål med ambisjonane for heimesida, og ein bør vurdere dette arbeidet på ny. Det er nærliggande å tenkje at eit oversyn over bedrifter og ledige jobbar i regionen bør vera ein integrert del av portalen, og ikkje eit prosjekt for seg sjølv. Dette er eit viktig arbeid, og ei viktig teneste å ha. Bygdelivsmeklaren og regional vertskapsrolle Ein viktig funksjon knytt til Bygdelivsmeklaren har vore å rekruttere tilflyttarar, og meklaren har hatt ei regional vertskapsrolle. Arbeidet med å skaffe tilflyttarar til regionen bør i sterkare grad sjåast i samanheng med utviklinga av Vest- Telemarkportalen. Samstundes er det viktig at ein framleis har klare retningsliner for oppfølging når interesserte melder seg. Forankring og samarbeidspartnarar Det er viktig at ein samarbeider med dei ulike kommunane, Vest- Telemark Blad, Vest- Telemark Museum og andre relevante innhaldsleverandørar. Ein må arbeide for å skape ein delingskultur knytt til innhald, kompetanse og system. Origo felles arrangementskalender Vest- Telemark Næringsutvikling (VTNU) har leia arbeidet med å etablere ein felles arrangementskalender for regionen og kvar enkelt kommune. Felleskalenderen koplar alle kommunekalenderane saman, og distribuerer informasjonen vidare til reiselivsider, infoboksar og aviser i Telemark. Dette er ein svært god og viktig reiskap og eit prosjekt det er viktig å halde fram med. NETTPORTALEN telemark.no FORSLAG TIL FREKVENS Hovudmål: Vest- Telemark.no er den viktigaste kjelda til informasjon om regionen. Vest- Telemark.no verkar samlande og oppbyggande for regionen. Delmål Heilskapleg og ryddig samling av informasjon om regionen Portalen syner aktivitet og engasjementet i og for regionen Vest- telemark.no er kjent blant vest- telar og utflutte vest- telar. 250 unike besøk dagleg på heimesidene Retningsliner Portalen skal: Innehalde stoff frå alle delar av Vest- Telemark, og balansere mengda stoff frå ulike delar av regionen. Synleggjere mangfaldet i Vest- Telemarkkulturen, og det som skjer i regionen. Vera på nynorsk, og halde eit god språkleg nivå. Synleggjere ulike stemmer, knytt til alder, bakgrunn og stad. Strategi Samarbeid med relevante aktørar om innhald og system. Innhald og nytt frå heile Vest- Telemark. God internkommunikasjon, og gode publiseringsplanar. Vera merksam på andre aktørar og grenseoppgangen mot dei, som t.d. VTB Tiltak - redaksjonelt Viktig og relevant nytt om og frå regionen Eigne aktuelle saker, samt vidaresending til andre aktuelle saker frå andre kjelder. Dagleg / ved høve Arrangementskalender / Origo Kontinuerleg 7
8 Arbeide for bruk av kalenderen hjå arrangørar og publikum. Integrasjon med andre kalendersystem. Kringkaste / bleste kalenderen. Synleggjere arrangement. Forsøke å få eit utdrag av kalenderen på VTB sine heimesider, og andre relevante stader. Systemutvikling (teknisk forbetring) Komplett oversikt over aktuelle verksemder / ledige jobbar i regionen Halde oversikta over verksemder oppdatert, i samarbeid med Vest- Telemark Næringsforum. Synleggjere ledige stillingar i regionen til ei kvar tid. Kontinuerleg Komplett oversikt over ledige bustadar og tomter i regionen Presentere bustader, og kor ein finn ledige bustader og tomter Kontinuerleg Presentere stader / stadnamn osv. Presentasjon av alle bygdene i Vest- Telemark Presentasjon av ulike stadsnamn i regionen. Ei bygd annakvar veke Vest- Telemarkbloggen ulike personar skriv blogginnlegg Fritt val av tema knytt til regionen. Ta kontakt med personar med ulike interesser, uliks ståstad og alder (6 personar) Samarbeid med VTB / TA / Varden om publisering av innlegg. Presentere matkultur / tradisjonsmat Synleggjere lokal matproduksjon, produkt, og utsal m.m. Presentere oppskrifter m.m Samarbeid med inkubator / Høgskulen i Telemark / andre relevante organisasjonar og personar. Intervju med ulike personar knytt til mat i Vest- Telemark. Eit blogginnlegg annakvar veke. Ei sak annakvar veke. Presentere dialekt og språk Samarbeid med ulike ressurspersonar, mållag, historielag m.m. Presentere dialekt, ord og uttrykk Skriftleg, samt ein enkel videopresentasjon av personar som forklarar uttrykk. Kvar veke Presentere prosjekt / institusjonar / arrangement Oversikt og presentasjon av t.d, større idrettsarrangement (årlege), kunstgalleri m.m. Løfte fram organisasjonar / arrangement ved aktuelle høve. Ei ny sak annakvar veke. Presentere kunstnarar / kulturpersonlegdomar / gründerar / eldsjeler Etablere eit kunstnarregister over aktuelle kunstnarar Presentasjonar / intervju m.m Presentere musikk, kunst, verksemder m.m. Ei ny sak annakvar veke. Presentere kulturminner / handverk / tradisjonskunst / byggeskikk Bakgrunn, historikk, foto og intervju I samarbeid med Vest- Telemark Museum, og andre ressurspersonar / organisasjonar. Ein gong i månaden Presentere vandrevegar / turtips I samarbeid med VandreTelemark / Vandreregionen Presentere destinasjonar og organisasjonar Turtips både sommar og vinter Annakvar veke Tiltak teknisk Halde portalen i teknisk stand, og bidra til å vidareutvikle den. Kontinuerleg 8
9 Visuelt og teknisk. Google- optimalisering Integrasjon med sosiale medier Tiltak - marknadsføring Marknadsføring av portalen Annonser i sosiale medier, Vest- Telemark Blad og andre relevante stader. Plakat / flygeblad Anna relevant og aktuell marknadsføring Etter behov Tiltak som krev ekstern finansiering Etablering av heimesider for bygder under Vest- Telemarkportalen Hjelp til å opprette heimesider, overføre gamal informasjon etc. Opplæring og enkel support. Marknadsføre tilbodet til aktuelle bygder Kritiske punkt Ressurskrevjande / finansiering. Balansegangen mot Vest- Telemark Blad. God internkommunikasjon. Uregelmessig publisering grunna andre oppgåver i organisasjonen. SOSIALE MEDIER Det er allereie etablert profil på Facebook, Twitter og Instagram for Vest- Telemark.no. Svært mange er aktive i sosiale medier, og her er det viktig å vera aktiv og til stades. SOSIALE MEDIER Mål: Auka dialog og kontakt med følgjarar Vest- Telemark er ein synleg og aktiv aktør 2000 følgjarar på Facebook. 400 følgjarar på Twitter 200 følgarar på instagram Oppgåver Drifte profilane til Vest- Telemark.no Dagleg løfte fram og like dei som er gode på nett og sosiale medier. Følgje og like prosjekt, institusjonar og bedrifter på sosiale medier. Involvere brukarane i konkurransar, spørsmål etc. Vera aktiv og engasjerande. Halde seg oppdatert på utviklinga innan sosiale medier. NYHENDEBREV Ikkje alle er tilgjengelege eller held seg oppdatert gjennom sosiale medier. Det er difor viktig at ein tek omsyn til dette, og kjem i hug å informere og oppdatere også denne gruppa. NYHENDEBREV Mål Målretta kommunikasjon til enkeltpersonar, bedrifter, og organisasjonar. Folk som ikkje er på sosiale medier er oppdatert på aktiviteten i Vest- Telemark. Oppgåver Utsending av nyhendebrev annakvar veke Etablere lister over kontaktinformasjon, og rutiner for oppdatering av kontaktinformasjon. Halde kontaktlistene oppdatert 9
10 SUKSESSFAKTORAR Kva er viktig for at ein når måla? Engasjement både politisk og administrativt. Vilje til satsing og ynskje om utvikling. Trua på Vest- Telemark som region. Rett kompetanse / rette folk i jobben. Rett tiltak God intern kommunikasjon og felles forståing. Godt arbeid i dei andre prosjekta i organisasjonen. Godt samarbeid med andre aktørar som Vest- Telemark Blad, dei ulike kommunane osv. Engasjement på lokalt plan. KOMPETANSEKRAV Kva for kompetanse trengst? Journalistikk. Lokal og regional kunnskap. Kommunikasjons- og informasjonsfagleg kompetanse. Kompetanse på marknadsføring. Kompetanse på språk. ANSVAR OG OPPFØLGING Vest- Telemarkrådet er eigar og ansvarleg for portalen. Vest- Telemark Næringsutvikling driftar portalen i tråd med denne planen. Redaktøransvaret for telemark.no vil liggje hjå den som vert ansvarleg for portalen og / eller regionrådsleiar. 10
HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN
SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,
DetaljerInnspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL
Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar
DetaljerPLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
DetaljerKommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Foto: NUI / Eivind Senneset Nordhordland
DetaljerP.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
DetaljerUtviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje
Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre
DetaljerSkal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.
Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.
DetaljerSøknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016
Søknad Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Kort b eskrivelse Framtidsfylket vil i 2016
DetaljerPROSJEKTPLAN 2010-2012. Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark
PROSJEKTPLAN 2010-2012 Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark På bakgrunn av erfaringar gjort i prosjektet fleire folk til Vest- - og bydeutviklingsprosjekt, ynskjer vi å fortsette satsinga på å skape bulyst
DetaljerRAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS
S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg
DetaljerBruk av sosiale media i offentleg forvaltning ei opnare eller meir lukka forvaltning? v. Arnt Ola Fidjestøl, IKA Møre og Romsdal
Bruk av sosiale media i offentleg forvaltning ei opnare eller meir lukka forvaltning? v. Arnt Ola Fidjestøl, IKA Møre og Romsdal Fokus: Dialog og kommunikasjon på bekostning av dokumentasjon? Msn i gamle
DetaljerNOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020
NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan
DetaljerKoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii
KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:
DetaljerKommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal
Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for
DetaljerMarknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto
Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerArbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen
DetaljerNissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00
Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.
DetaljerInternevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa 30.11.2011
Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd Framlegg frå arbeidsgruppa 30.11.2011 Bakgrunn Styret i Destinasjon Voss, i fellesmøte med Voss Reiselivsråd 28.09.2011, gjorde slik vedtak om å gjennomføre
DetaljerSTRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017
STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 Visjon Me er framoverlent Verdiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit opent og ærleg samarbeidsorgan for kommunane i Sunnhordland,
DetaljerProsjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark
Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing... 3 2.1 Oppgåvedefinisjon... 3 2.2 Avgrensing... 3 2.3 Organisering...
DetaljerÅrsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
DetaljerUtviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017
Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Visjon: Vi vil gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. I tillegg vil vi vidareføre gudstenester,
DetaljerKommunikasjonsstrategi
Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er
DetaljerTENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
DetaljerForord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerPlanlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.
Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
Detaljer1. Mål med samhandlingsreforma
1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til
DetaljerForslag frå fylkesrådmannen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr
DetaljerEU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv
EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?
DetaljerForstudie Næringshage i Vinje
Forstudie Næringshage i Vinje Forord Dette forstudiet er laga med utgangspunkt i det potensialet som Rehabiliteringssenteret AIR ser rundt si verksemd. Arbeidet med rapporten er gjort i tett samarbeid
DetaljerLønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke
Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser
DetaljerSandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
DetaljerREGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)
SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde
DetaljerProsjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark
Kommunestrukturen i Vest-Telemark Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark Oppdatert 21. oktober 2015. Innhald 1. Mål og rammer... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 3 2. Omfang og avgrensing...
DetaljerTilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
DetaljerProsjektplan - «Liv i Vinje»
Prosjektplan - «Liv i Vinje» Utarbeida av: Vest-Telemark Næringsutvikling as, v/ole Dalen 6. januar 20 Vest-Telemark Næringsutvikling as - Adr.: Granlivegen A, 3850 Kviteseid T +47 35 06 84 00 M +47 4
DetaljerKOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar.
UTKAST 05.02.18 KOMMUNIKASJONSPLAN 2018-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar. INNHALDSLISTE 1. Forord 2. Situasjonen i dag 3. Kommunikasjonsspørsmål og bodskap
Detaljer«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
DetaljerDen nye seksjon for applikasjonar
Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera
DetaljerStemnehandboka for NKSF
Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store
DetaljerÅrsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
DetaljerSaman om å skape. Strategi for innbyggardialog
Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre
DetaljerArbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg
DetaljerSØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID
SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom
DetaljerREGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.
REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for
DetaljerKEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule
KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk
DetaljerKommunikasjonsplan Voss herad 2020
Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Innleiing God og målretta informasjon til rett tid er viktig for å lukkast best mogleg med å slå saman Voss og Granvin til Voss herad. Dette er viktig både i prosjektet
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerNy strategiplan for Høgskulen
Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla
DetaljerDokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.
Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om
DetaljerHyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon
Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag
DetaljerRAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
DetaljerUndervisningsopplegg for filmen VEGAS
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad
Detaljerehandel og lokalt næringsliv
ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel
DetaljerEtablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Viaduct og Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Forretningsideen
DetaljerFyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.
SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad
DetaljerReferat frå MINTA møte
Referat frå MINTA møte Dato: 15.12.2010 Deltakarar: NM på ski v/tore, Fleischer`s Hotel v/knut, Vossa Jazz v/ Trude, Voss kommune v/gunnhild, Festival Voss v/torgunn, VM2013 v/kristin,ekstremsportveko
DetaljerBarnehageplan for Vinje kommune 2015-2019
Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde
DetaljerInformasjonshefte Tuv barnehage
Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av
DetaljerSKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda
SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg
Detaljer9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten
Medlemsmøte i Haukeli Næringslag den 28.02.12 9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten Hans N. ynskjer velkomen og fortel kva vi har jobba med sidan sist
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn
Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla
DetaljerKartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme
Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme Spørjeundersøking på oppdrag frå Kultur og idrettsavdelinga AUD-rapport nr. 11-2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført
DetaljerSamfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene
Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar
DetaljerDialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane
Volda Bratteberg skule Dialog heim - skule Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Hovudmål God kommunikasjon mellom
DetaljerSamarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?
Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn
Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?
DetaljerKommunikasjonsplan for NAV Sandøy
Kommunikasjonsplan for NAV Sandøy NAV-reforma sitt mål: Fleire i arbeid og aktivitet, og færre på stønad Enklare for brukarane og tilpassa brukarane sitt behov Ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
DetaljerBarnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
DetaljerTittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse
Bolyst 2013 Tittel Øyliv i Sunnhordland Kort beskrivelse Dette er ei vidareføring av prosjektet "Flytt til LivOGLyst" som fekk støtte gjennom Bulystsatsinga i 2011. Prosjektet er eit samarbeid mellom øysamfunna
Detaljer1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.
DetaljerHusleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.
Notat Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i. Dette notatet kan vera eit diskusjonsgrunnlag for vurdering av fordeling av utgifter til husleige og drift i interkommunale samarbeid. Oversikt
DetaljerForslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet
Vest-Telemarkrådet Møte 17. Mars 2015 Sak 09/2015 Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet Bakgrunn: Ein legg no fram forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet.
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerLettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)
Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Søknadssum: 411 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Nasjonalbibliotekets digitale tjenester som grunnlag for nye tilbud Opplysninger
DetaljerBRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010
Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet
DetaljerINTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
DetaljerKOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar.
KOMMUNIKASJONSPLAN 2017-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar. Vedteken i Fellesnemnda 14.09.2017 (sist rev. 14.09.2017) 1. FORORD Ei kommunesamanslåing er ei omstilling
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
DetaljerFylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.
Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med
DetaljerRetningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune
Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Gjeldande frå 25. april 2018 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Kven kan opprette ei side?... 3 3. Bruk av sosiale media i kommunen
DetaljerINFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag
DetaljerKommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune
Kommunikasjonsplan Sunnfjord kommune Innleiing I løpet av dei neste to åra skal Sunnfjord kommune etablerast. Dette er ein prosess som involverer innbyggjarar, tilsette, folkevalde og andre aktørar i dei
DetaljerEvaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing
Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere
DetaljerMånadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerMeld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil 90 65 64 26 eller epost: line.bosnes@temark.no.
Møteinnkalling Seljord kontrollutval Dato: 09.09.2015 kl. 09:00 Møtestad: Kommunehuset Arkivsak: 15/09764 Arkivkode: 033 Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil 90
DetaljerLat deg bergta. Bulystprosjektet Bergteken Aurland kommune Prosjektleiar Silje Midttun
Lat deg bergta Bulystprosjektet Bergteken Aurland kommune Prosjektleiar Silje Midttun Aurland kommune 1715 innbyggjarar 2000 geiter Korleis lokka? Ein time seinare. Bulystprosjektet Bergteken Initiativ
DetaljerLotteri- og stiftingstilsynet
www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:
DetaljerF E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, 2012-2015 FOR
F E L L E S I K T - S T R A T E G I FOR K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, N I S S E D A L, S E L J O R D, T O K K E O G V I N J E 2012-2015 30.03. 2012 - INNHALD - 1 SAMANDRAG 3 1.1
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn
Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert
DetaljerHORDALANDD. Utarbeidd av
HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune
DetaljerMellom bakkar og berg. Felles oppsummering
Mellom bakkar og berg Felles oppsummering Mål for seminaret Føremålet er å etablere ein arena for dialog om berekraftig og miljøtilpassa bustad- og stadutvikling i bygdemiljø. Seminaret skal auke kunnskapen
DetaljerARBEIDSPLAN 2014-2015
ARBEIDSPLAN 2014-2015 SENTERPARTIET I SOGN OG FJORDANE Fylkesårsmøte sitt vedtak: a) Arbeidsplan 2014 2015 vert godkjent. b) Fylkesstyre får fullmakt til å gjere endringar gjennom året. 1 Innhald Innleiing...
DetaljerDesse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.
Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på
DetaljerVestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan
Vestlandsk Vidsyn 25. Sept 2013 Gro Rukan Framtidsfylket Trainee ei felles rekrutteringsordning for Sogn og Fjordane Agenda o Framtidsfylket AS o Bakgrunn for selskapet o Historikken til traineeordninga
Detaljer