INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtar ny skulebruksplan for å sikre ein framtidsretta og høveleg skulestruktur. Det overordna målet for planen er å sikre alle elevar eit best mogleg tilbod. Andre overordna mål: Auke gjennomføringsgraden i den vidaregåande opplæringa til 80 %. Sikre ein desentralisert skulestruktur i Hordaland. Dimensjonere fagtilbodet betre, slik at det er meir i samsvar med næringslivets behov. Sikre alle ungdomar i fylket, uavhengig av om dei bur i distriktet eller i byen, ein reell valmoglegheit, med bredde i tilbodet. Sikre at så mange som mogleg får bu heime det første året dei går på vidaregåande skule. Styrke og vidareutvikle læringsmiljøa. Vidareutvikle vaksenopplæringstilbodet. 2. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Stor-Bergen Nord: a. Arna vgs og Garnes vgs vert slått saman og samlokalisert i Arna vgs sine lokalar. Fagtilbod og dimensjonering på den samanslåtte skolen vert som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), helse og oppvekstfag (HO) og medium og kommunikasjon (MK) vert vidareført. Design og handverk (DH) og teknikk og industriell produksjon (TIP) vert lagt ned. Påbygg til generell studiekompetanse (PÅ) ved Garnes vgs vert og lagt ned. Skolen må tilretteleggast for å kunne starte opp tilbod på MK. Arna vgs ST blir vidareført. HFK ønskjer å vurdere 8-13 skole i samband med Bergen kommune si planlagde utbygging av Seimsmyrane ungdomsskole. b. Osterøy vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST) og TOtilbodet ved skolen vert vidareført. c. Austrheim vgs vert oppretthalden, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at elektrofag (EL), helse og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP) og studiespesialiserande (ST) vert vidareført. Bygg- og anleggsteknikk (BA), restaurant og matfag (RM) og påbyggingskurs til generell studiekompetanse (PÅ) vert lagt ned. Fylkeskommunen arbeider for at Hordalandsavtalen med Sogn og Fjordane fylkeskommune vert vidareført og at Sogn og Fjordane fylkeskommune forpliktar seg til minst å dekke ein fast årleg sum slik at den økonomiske situasjonen for skolen vert meir føreseieleg. Skolen må rehabiliterast eller få nybygg. Det skal greiast ut om 8-13-skole kan vere ei berekraftig løysing for Austrheim vgs på sikt. Fylkestinget ønskjer at skolen vurderer å etablere TAF-modell retta inn mot lokalt næringsliv og mot barne- og ungdomsarbeidarfaget. d. Knarvik vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO), påbygg (PÅ) og TO-tilbod vert vidareført. TAFtilbod på BA, EL, HO og TIP vert og vidareført. Service og samferdsel (SS) vert lagt ned og flytta til Åsane vgs. Knarvik vgs skal samlokaliserast på Juvikstølen. Lokala på Kvernhusmyrane må erstattast. e. Tertnes vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma studiespesialiserande (ST) og studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO) vert vidareført. Tilbodet om studiespesialiserande med toppidrett vert og vidareført inntil vidare, men eventuell flytting kan vurderast når toppidrett symjing vert starta opp på Amalie Skram vgs. Design og handverk (DH) vert lagt ned og flytta til Knarvik vgs. Service og samferdsel (SS) og TO-tilbodet på Tertnes vgs vert flytta til den nye vidaregåande skolen i Åsane når denne står ferdig. Tertnes vgs vert utvida for å auke kapasiteten på ST.
f. U.Pihl vgs og Åsane vgs vert samlokalisert ved U.Pihl vgs sine noverande lokalar i ein ny vidaregåande skole i Åsane. Fagtilbod og dimensjonering på den nye skolen vert som vist i tabell i saksutgreiinga.elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), idrettsfag (ID), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP), påbygg (PÅ), innføringskurs for minoritetsspråklege og TO-tilbod vert vidareført. Service og samferdsel (SS) vert overført frå Tertnes vgs og Knarvik vgs og samla i eitt fagmiljø på den nye skolen. ST vert lagt ned på U.Pihl vgs/åsane vgs og flytta til Tertnes vgs. HO-tilboda på Lønborg vgs vert overført til U.Pihl vgs/ Åsane vgs når denne er ferdigsstilt. Fengselsundervisninga vert organisert på same vis som før og innslusingsavdelinga held fram i lokala på Fossane som i dag. Skolen får eit stort nybygg og noko rehabilitering/ombygging/ tilpassing av eksisterande areal. 3. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Stor-Bergen Sentrum: a. Bergen Maritime vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen held fram med tilboda i elektrofag (EL) og teknikk og industriell produksjon (TIP), med auka kapasitet. Eigedomsavdelinga må undersøke om skolen sine arealbehov skal løysast ved leige eller kjøp av areal i naboeigedom. b. For Årstad vgs vert vedtak i sak 72/12 i desember ståande, med den justering at studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO) likevel ikkje vert etablert på skolen. Fagtilbod og dimensjonering vert som vist i tabell i saksutgreiinga. I den vidare planlegging og gjennomføring av ombyggingsprosjektet på Årstad vgs skal ein søke å finne plass til fleire elever på TIP og EL for om mulig å redusere behovet for utviding på Slåtthaug vgs. Samla elevtall på Årstad kan då bli i underkant av 1200 elever. 4. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Stor-Bergen Sør: a. Fana gymnas vert vidareført. Ny vurdering skal gjerast i 2016. b. Langhaugen vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma studiespesialiserande (ST) og musikk/dans/drama (MDD) vert vidareført. Kapasiteten på ST-tilbodet vert auka til sju parallellar. Skolen får konsertsal og fleire øvingsrom. Utvidinga vert vedtatt med atterhald om at eit framtidig tilbygg let seg realisere på skolen sin tomt. Utviding for auka kapasitet på ST vert utsett i tråd med pkt. 4a. c. Nordahl Grieg vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag (HO), medium og kommunikasjon (MK), studiespesialiserande (ST) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført. Innføringskurs for minoritetsspråklege vert flytta frå Fana gymnas til Nordahl Grieg vgs. Service og samferdsel (SS) vert flytta frå Nordahl Grieg vgs til Stend vgs. d. Sandsli vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma restaurant og matfag (RM) og studiespesialiserande (ST) vert vidareført, med noko redusert kapasitet på RM. Skolen kan om behova melder seg, med noko ombygging opprette fleire parallellar på ST. e. Slåtthaug vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP) og påbygg (PÅ) vert vidareført, men med auka kapasitet. Skolen vert utvida og bygd om. TO-tilbodet vert flytta til Stend vgs. I den vidare planlegging og gjennomføring av ombyggingsprosjektet på Årstad vgs skal ein søke å finne plass til fleire elever på TIP og EL for om mulig å redusere behovet for utviding på Slåtthaug vgs. f. Stend vgs vert vidareført, Dette inneber at utdanningsprogramma idrettsfag (ID), naturbruk (NA) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført. ID får dobla kapasitet. Skolen skal verte ein knutepunktskole for særskilt tilpassa opplæring og kapasiteten på TO-tilbodet vert auka. Skolen får også tilført service og samferdsel (SS) frå Nordahl Grieg vgs. Skolen vert rehabilitert og tilrettelagt for SS, auka ID og TO. Påbygg (PÅ) vert lagt ned og flytta til Slåtthaug vgs, men Stend vgs får opprette VG3 studieførebuande innan naturbruk. Det vert vurdert å oppretta til-
bod i Vg2 anleggsgartnar; gjerne i kombinasjon med andre tilbod som til dømes ved Stend eller Os vgs. g. Os gymnas vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen held fram med ST-tilbod, men med auka kapasitet. Fylkestinget vil at dei to skolane i Os starter ei prosess for samlokalisering for å etablere ei felles kombinert skole. h. Os vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), service og samferdsel (SS), teknikk og industriell produksjon (TIP) og TOtilbodet ved skolen vert vidareført. Påbygg (PÅ) vert lagt ned og flytta til Slåtthaug vgs. Skolen får nytt areal, m.a. erstatning for gamle brakkar og ny bygghall, noko ombygging og rehabilitering. Fylkestinget vil at dei to skolane i Os starter ein prosess for samlokalisering for å etablere ein felles kombinert skole. i. a: Fusa vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at helse- og oppvekstfag (HO), naturbruk (NA), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført. Det same gjeld TAF-tilbodet på HO, NA og TIP ved skolen. Restaurant og matfag (RM)) vert lagt ned. Behovet for arealutviding, som FEF-modellen viser, skal utgreiast. b: Fylkestinget ønskjer at skolen vidareutvikler akvakulturtilbodet med økt vekt på internasjonalisering. Behovet for arealutviding, som FEF-modellen viser, skal utgreiast. 5. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Stor-Bergen Vest: a) Fyllingsdalen vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at helse- og oppvekstfag (HO), musikk, dans og drama (MDD) og studiespesialiserande (ST), TO-tilbodet og arbeislivstreningstilbodet på bilskade og sykkelreperatør vert vidareført på skolen. Kapasiteten på ST og HO vert auka til fire parallellar, medan kapasiteten på MDD vert uforandra. Teknikk og industriell produksjon (TIP) på Fyllingsdalen vgs vert lagt ned. Skolen får litt utviding og noko ombygging. b) Laksevåg vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), medium og kommunikasjon (MK), teknikk og industriell produksjon (TIP), påbygg (PÅ) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført. I tillegg får skolen tilført design og handverk (DH) frå Olsvikåsen vgs. ST-tilbodet vert vidareført. Tilbodet til elevar med full opplæring i bedrift (LS lærlingskolen) vert vidareført. Gymnasbygget vert rehabilitert og ombygd. Det er ein føresetnad at prosjekta som er oppretta innan realfag, og i samarbeid med ungdomsskulen, vert vidareført. c) Olsvikåsen vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag (HO), studiespesialiserande (ST) og TOtilbodet ved skolen vert vidareført. HO får auka kapasitet. For å gje plass til dette vert design og handverk (DH) lagt ned på Olsvikåsen vgs og flytta til Laksevåg vgs. Studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO) vert og lagt ned. Påbygg (PÅ) vert lagt ned, og tilbodet i region vest vert samla på Laksevåg vgs. Innføringskurs for minoritetsspråklege vert lagt ned, og tilbodet på Bergen Katedralskole vert felles for regionane sentrum og vest. d) Askøy vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført. Kapasiteten på HO, BA, TIP og ST vert auka. Påbygg (PÅ) vert lagt ned, og tilbodet i region vest vert samla på Laksevåg vgs. Askøy vgs vert rehabilitert, bygd om og utvida. KEM-verkstad-fasilitetar vert vidareført inntil utbygginga på Årstad og Åsane er ferdig. e) Sotra vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Skolen held fram med to avdelingar som i dag. Utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), idrettsfag (ID), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO), og TO-tilbod ved skolen vert vidareført. HO, TIP og ST får noko auka kapasitet, medan BA, EL og DH får noko redusert kapasitet. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. Avdelinga på Bildøy vert rehabilitert og litt utvida for å få tilfredsstillande areal. På sikt vert skulen samlokalisert på Bildøy/Straume.
6. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Sunnhordland: a. Austevoll vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma naturbruk (NA), teknikk og industriell produksjon (TIP) og TO-tilbodet ved skolen vert vidareført med uendra kapasitet. Elektrofag (EL) og studiespesialiserande (ST) vert lagt ned. b. Bømlo vgs og Rubbestadneset vgs vert slått saman til ein skole, lokalisert til Rubbestadneset. PÅ og TO-tilbodet vert overført til Stord Saghaugen vgs. Service og samferdsel (SS) vert overført til Rubbestadneset vgs. c. Rubbestadnes vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga med tillegg av ST og Vg2 TIP. Dette inneber at utdanningsprogramma elektrofag (EL) og teknikk og industriell produksjon (TIP) vert vidareført. EL får auka kapasitet. Helse- og oppvekstfag (HO) og innføringskurs for minoritetsspråklege vert og vidareført. Blåbygget og internatbygget vert utfasa og erstatta med eit noko mindre, men betre tilrettelagt tilbygg. d. Fitjar vgs vert vidareført som i dag med same fagtilbod og dimensjonering. e. Stord vgs vert delt i to einingar, ein kombinertskole på Stord Saghaugen vgs og ein rein yrkesskole på Stord Vabakkjen vgs. Opplæringssenteret vert vidareført som ei avdeling under Stord Vabakkjen vgs. f. Stord Saghaugen vgs vert oppretta med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen vil tilby idrettsfag (ID), musikk, dans og drama (MDD), studiespesialiserande (ST), påbygg (PÅ), TO-tilbod og innføringskurs for minoritetsspråklege. ID, MDD og PÅ vert regionale tilbod for region Sunnhordland. Skolen vert knutepunktskole for TO i regionen, og er felles tilbod for Fitjar, Bømlo og Stord. Skolen får nybygg/tilbygg og rehabilitering av eldre bygningsmasse. g. Stord Vabakkjen vgs vert oppretta med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at skolen vil tilby bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), medium og kommunikasjon (MK), og teknikk og industriell produksjon (TIP). I tillegg vil skolen tilby teoriundervisning for elevar med full opplæring i bedrift (lærlingskole), og administrere det regionale VO-senteret. Skolen får nybygg/tilbygg og rehabilitering av verkstadareal. h. Etne vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma design og handverk (DH), medium og kommunikasjon (MK) og teknikk og industriell produksjon (TIP) vert vidareført som tilbod ved skolen. Kapasiteten på tilboda vert uforandra. Samordning av utdanningstilbod med Ølen vgs i Rogaland skal tilstrebast. Den vidare drifta av skolen vert vurdert på nytt når gjenkjøpsavtalen med Etne kommune kan innfriast. i. Kvinnherad vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), restaurant og matfag (RM), TO-tilbodet og innføringskurs for minoritetsspråklege vert vidareført som tilbod ved skolen. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned og flytta til Stord vgs. 7. Fylkestinget vedtek følgjande vedkomande skole- og tilbodsstruktur i region Voss og Hardanger: a. Norheimsund vgs og Øystese gymnas vert slått saman til ein skole lokalisert til Norheimsund. Fagtilbod og dimensjonering på den samanslåtte skolen vert som vist i tabell i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), helseog oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), TOtilbod og innføringskurs for minoritetsspråklege vert vidareført. Design og handverk (DH) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. I første omgang vil skolen ha to avdelingar, ein i Norheimsund og ein i Øystese. Fagtilboda vil halde fram på same lokalisering som i dag inntil den nye skolen vert samlokalisert i nytt bygg.
b. Odda vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), TO-tilbod og innføringskurs for minoritetsspråklege vert vidareført. Idrettsfag (ID) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. Skolen har for mykje areal. Mogleg frigjering av gymnasbygningen vert utgreia nærare. Yrkesbygget må eventuelt byggast om før frigjering kan gjennomførast. c. Nye Voss vgs vert etablert med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Dette inneber at utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), elektrofag (EL), naturbruk (NA), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP) og TO-tilbod vert samla på Nye Voss vgs. Skolen vil og ha tilbod for lærlingar med full opplæring i bedrift (lærlingskole). Skolen vert samlokalisert på Skulestadmo. Skoleanlegget på Skulestadmo vert utvida og rehabilitert. Før skolen er fullt utbygd vil BA og TIP halde fram med undervisning på Bryn. Deretter kan lokala på Bryn fristillast. Utbygginga på Nye Voss vgs må skje samanhengande slik at samlokalisering skjer innan 2016. d. Fagtilbod og dimensjonering på Nye Voss gymnas vert som vedtatt i sak 72/12, men innføringskurs for minoritetsspråklege vert dimensjonert ned til 20 elevar, då tilboda og vert oppretthalde i Kvam og Odda. Skolen vert utbygd og rehabilitert som planlagt. e. Hjeltnes vgs vert vert oppretthalden som eiga eining til 2016, jfr. pkt. 6c. HFK set i gang eit prosjekt/mogelegheitsstudie med føremål å etablere nye utdanningsprogram og anna berekraftig aktivitet på Hjeltnes vgs, og tar kontakt med Ulvik herad og dei ulike næringslivsorganisasjonene for samarbeid. 8. Fylkestinget vedtek at det vert etablert tre sentrale vaksenopplæringssentre organisert under tre vidaregåande skolar: Bergen Katedralskole, Nye Voss gymnas og Stord Vabakkjen vgs. Dei tre sentra vil administrere VO-tilboda og arrangere kurs på eigne og andre skolar der det er stor nok etterspurnad. Bergen Katedralskole vil i hovudsak bruke dei tidlegare lokala til Bergen Handelsgymnasium til si VOverksemd. 9. Fylkestinget vedtek at forsøk med produksjonsskole etter dansk modell skal utgreiast med tanke på oppstart hausten 2014. I første omgang blir Laksevåg vurdert som produksjonsskoletilbod. 10. Dokumentet «Pedagogikk og arkitektur» (HFK 2003 rev. 2009) skal leggjast til grunn for alle nybyggog ombyggingsprosjekter på vidaregåande skolar i Hordaland fylkeskommune. Dokumentet skal fortløpande oppdaterast av fylkeskommunen, m.a. med nyare referansar og erfaringar/eksemplar frå vellukka utbyggingsprosjekt. 11. Fylkestinget vedtek alternativ 2 «Administrativ samordning av fagskulane» under kapittel 10 i skulebruksplanen, med justering til to fagskular med desentraliserte tilbod. a. Bergen tekniske fagskole og Bergen maritime fagskole vert slått saman til ein fagskule. b. Fusa fagskule vert oppretthalden som eigen helsefagskule. 12. Strukturendringane i pkt. 2-8 skal gjennomførast så raskt som mogeleg. Dette vil seie så snart det er tilstrekkeleg kapasitet på skolane som skal overta tilboda. Det er likevel eit grunnleggjande prinsipp at elevane må vere sikra tilfredsstillande lokalar før endringar i skole- og tilbodsstruktur vert gjennomført. Der det er behov for investeringar og bygningsmessige tiltak vert strukturendringane gjennomførte når byggeprosjekta er ferdige. Konkret tidspunkt for gjennomføring av tiltak vert fastlagt gjennom i investeringsbudsjett, økonomiplan og i den årlege klasseordninga. Eigedomsseksjonen vil utgreia framtidig bruk av skular som vert lagde ned. I utgangspunktet skal eigedomane seljast når fylkeskommunen ikkje lenger ser nytte i dei. 13. Fylkestinget sluttar seg til den skisserte utbyggingsrekkjefølgja/periodiseringa av tilrådde investeringsprosjekt. Tabellen i kapittel 13 i saksutgreiinga vert lagt til grunn for komande investeringsbudsjett og økonomiplanar med dei justeringar som følgjer av pkt. 1-12. 14. Y-nemnda sitt forslag til vedtak frå møtet 12.02.2013 følgjer saka.