Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Samfunn og utviklingskomite 03.06.2010 010/10 Bystyret 17.06.2010 041/10 Sakshandsamar: Bernhard Øberg Arkiv: FA-Q80 Arkivsaknr.: 09/326 Trafikktryggleiksplan 2010 Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 28.05.2010 Trafikktryggleiksplan 2010 36540 Bakgrunn for saka: Trafikktryggleiksplanen skal innehalde ein prioritert oversikt over kritiske punkt som kommunen meiner det bør setjast i verk tiltak for å utbetre. Oversikten skal syne kva tiltak som må gjerast, og kva kostnad tiltaket vil ha. Førde kommune si målsetjing med planen er å få til ei systematisering og rullering av trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Planen skal også ligge til grunn for søknad om tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til trafikktryggleiksføremål. Rulleringa av planen har vore annonsert i avisa Firda, på heimesida til kommunen, og med epost til alle skular og barnehagane i kommunen. Vi har motteke 13 nye innspel, fordelt på 11 ulike tiltak. Saksutgreiing: Nye innspel kan kort oppsummerast som følgjer: Busstopp ved Skora bustadfelt/ Angedalen Skora Vel ber om at det vert opparbeidd busstopp til bustadfeltet ved avkøyrsla til Angedalsvegen. Førde barneskule Det vert teke opp to tilhøve; vegen mellom skulen og Førdehuset, samt sandvolleyballbana. Skulen etterlyser betre separering av skuleborn og biltrafikk på strekninga mellom skulen og Førdehuset. I samband med bruk av sandvolleyballbana kjem ballen ofte ut i Kyrkjevegen, og når ballen skal hentast av elevar kan dette gje farlege trafikksituasjonar. 1
Sunde oppvekstsenter Skulen supplerer med to nye tilhøve: Utbetring av avkøyrsle frå E39, og gang- og sykkelveg opp til skulen. Rundkøyring/innkøyring til skulen må utbetrast for betre separering av skuleborn og biltrafikk. Utbetring av kommunal veg frå E39 og opp til ny barnehage. 60-sone på strekninga Skora-Ryggjabrua/Angedalen Slåtten FAU ber om permanent 60-sone på strekninga Skora-Ryggjabrua/Angedalen. Strekninga har i dag tidsavgrensa fartssone 60 km/t frå kl 08.00-16.00, måndag til fredag. 60-sone på strekninga Skora-Ryggjabrua/Angedalen Ove Aasen ber på vegne av fleire grunneigarar om permanent 60-sone på strekninga Skora- Ryggjabrua/Angedalen. Gamle Vievegen, ny tilkomst i aust, frå Moldtaksvegen Tore Steen ber på vegne av ei rekkje bebuaar i Gamle Vievegen, om at det vert etablert ny tilkomst til Gamle Vievegen i aust, frå Moldtaksvegen. Gamle Vievegen Frode og Randi Mette Steen ber om 4 tiltak i Gamle Vievegen; ny tilkomst i aust, vegbom, gatelys, og fartsdumpar. Veglys Hundvebakke - Korsavegen Steinar Ramberg peikar på at den bratte bakken mellom Hundvebakkke og Korsavegen manglar veglys. Vegen er mykje nytta av gåande og syklande. Gangveg E39 Flatene skule Kjell Tonning ber om at det vert opparbeidd gangveg frå vegkrysset ved E39/ Førde Terrasse og opp til Flatene skule. Tonning ber óg om Parkering forbudt -skilt i Gamlestøylsvegen. Veglys Angedalen skule FAU Angedalen skule peikar på at tiltak i gjeldande trafikktryggleikspaln om veglys i Angedalen, ligg langt nede i prioritet. Dei ser no føre seg eit spleiselag som får ned kostnaden pr andel. Veglys ved busstopp i Solheimsdalen Solheimsdalen Grendalag ber om veglys ved busstopp ved avkøyrsla til Fauske, avkøyrsla til Solheim, og avkøyrsla til Stølen. Veglys Haukedalen Haukedalen samlingshus ber om veglys på strekninga mellom Haukedalen kyrkje og Frøysland skule. Trafikksituasjonen langs Angedalsvegen FAU ved Førde Ungdomsskule tek opp trafikksituasjonen frå Slåtten/Vieåsen til Førde Ungdomsskule. Dei kjem med framlegg til breiare fortau og breiare vegbane, samt ny gangog sykkelveg mellom sjukehuset og idrettsparken på Hafstad. Til sist ber dei om redusert fartsgrense og fartsdumpar. 2
I samband med handsaminga av trafikktryggleiksplanen for 2009, gjorde bystyret slikt vedtak i sak 059/09: 1. Trafikktryggleiksplan, 4. utgåve, av 11.12.09, vert godkjent med tillegg av følgjande punkt i lister over større tiltak: 17. Utbetre fortau i Angedalsvegen frå sentrum til Slåtten skule 18. Nytt fortau frå Vie senter til Viebrua, på vestsida av vegen. 2. Av fylkeskommunale vegprosjekt som treng trafikktryggleikstiltak er 609 Steinavegen 1. prioritet. Pri. Kritisk punkt Tiltak 1 Trafikkavvikling Halbrend skule, rundkøyring og betre separering av biltrafikk og skuleborn. 2 FV 481 Angedalsvegen Gjennomføre strakstiltak i samsvar med Rambøll sin risikovurdering. 3 FV 481 Vegkryss Angedalsvegen Kyrkjevegen. Dårleg sikt Gjennomføre tiltak i samsvar med godkjent reguleringsplan Fartsdempande tiltak, opphøgde gangfelt, utbetra gatelys, rydding; vegetasjon, postkassar / Førde kommune Flytte kryss lenger vestover, i samsvar med reguleringsplan, jfr risikovurdering frå Rambøll. 4 Rv 609 Steinavegen Bygging av fortau/gangveg frå E39 og ut til vegkryss til Nedre Fossheim. 5 Gamle Vievegen Gatelys (jfr uttale frå FAU Slåtten) 6 Fylkesveg Sunde - Masdal Fortau. (jfr skriv frå FAU Sunde), 7 Slåtten skule skuleveg. Gangveg mellom Vieåsen og Tefrevegen (aktualisert ved framtidig deling av Slåtten krins/vieåsen). 8 Angedalen skule - skuleveg Gatelys langs fylkesvegen frå Trollegjelet skulen. 9 Angedalen skule skuleveg. Betre sikt mellom Jon Slåtten og Tormod Svidal. 10 Hatlehaugen/Runnen Montere 20 stk gatelys 11 E 39 kryssing ved Førde Bygg Bygging av gangveg inkl.undergang. 12 Førde Barneskule skuleveg - undergang v/ Norleiv Erdal. Opprusting av undergang og gangsti. 3
13 Fossabrua, Angedalsvegen, Tefrevegen, Utbetring av gatelys ved Fossabrua, utbetre vegkryss Angedalsvegen/Vievegen, Utbetring fortau Angedalsvegen, Nedsett fartsgrense i Angedalsvegen fram til Slåtten skule, og gangveg Vievegengangbru Tefre. 14 Haugum barnehage Snuplass/rundkøyring 15 E39 Bruland - Sunde Gatelys 16 Firda Billag ringbussen Fartshumpar erstatta av fartsputer Punkt 1 er under arbeid, og vert såleis teken ut av planen for 2010. Rådmannen rår til slik prioritering av tiltak i 2010: Pri. Stad Tiltak Ansvar 1 E 39 Kryssing ved Førde Bygg Bygging av gangveg Vegvesenet inkl.undergang. 2 FV 481 Angedalsvegen Gjennomføre strakstiltak i samsvar med Rambøll sin risikovurdering. Fartsdempande tiltak, opphøgde gangfelt, utbetra gatelys, rydding; vegetasjon, Vegvesenet/ Kommunen 3 FV 481 Vegkryss Angedalsvegen Kyrkjevegen. Dårleg sikt postkassar Flytte kryss lenger vestover, i samsvar med reguleringsplan, jfr risikovurdering frå Rambøll. 4 Rv 609 Steinavegen Bygging av fortau/gangveg frå E39 og ut til vegkryss til Nedre Fossheim. Kommunen Vegvesenet 5 Gamle Vievegen Gatelys Kommunen 6 Førde barneskule Betre separering av Kommunen skuleborn og biltrafikk 7 Fylkesveg Sunde - Masdal Fortau. (jfr skriv frå FAU Sunde), Vegvesenet 8 Slåtten skule skuleveg. Gangveg mellom Vieåsen og Tefrevegen (aktualisert ved framtidig deling av Slåtten krins/vieåsen). Kommunen 4
9 Angedalen skule - skuleveg Gatelys langs fylkesvegen Vegvesenet frå Trollegjelet skulen. 10 Angedalen skule skuleveg. Betre sikt mellom Jon Slåtten og Tormod Svidal. 11 Hatlehaugen/Runnen Montere 20 stk gatelys Kommunen 12 Førde Barneskule skuleveg - Opprusting av undergang Vegvesenet undergang v/ Norleiv Erdal. og gangsti. 13 Fossabrua, Angedalsvegen, Utbetring av gatelys ved Vegvesenet Tefrevegen, Fossabrua, utbetre vegkryss Angedalsvegen/Vievegen, Utbetring fortau Angedalsvegen, Nedsett fartsgrense i Angedalsvegen fram til Slåtten skule, og gangveg Vievegen- gangbru Tefre. 14 Haugum barnehage Snuplass/rundkøyring Kommunen 15 E39 Bruland - Sunde Gatelys Vegvesenet 16 Firda Billag ringbussen Fartshumpar erstatta av Kommunen fartsputer 17 Fv 481 Angedalsvegen Utbetre fortau frå sentrum Vegvesenet til Slåtten skule. 18 Fv Vie Senter - Viebrua, Nytt fortau på vestsida av Vegvesenet vegen. 19 Skora bustadfelt/ Angedalen Busstopp Vegvesenet 20 Sunde oppvekstsenter Utbetring av tilkomstveg Kommunen 21 Skora-Ryggjabrua/Angedalen Permanent 60-sone Vegvesenet 22 Gamle Vievegen Fartsdumpar. Kommunen 23 Hundvebakke - Korsavegen Veglys Kommunen 24 Solheimsdalen Veglys ved busstopp Vegvesenet 25 Haukedalen Veglys Vegvesenet 26 Førde Sentralsjukehus Hafstad Ny gang- og sykkelveg Kommunen Idrettspark 27 Gamle Vievegen Ny tilkomst i aust frå Kommunen Moldtaksvegen, vegbom, 28 E39 Flatene skule Gangveg Kommunen Kort grunngjeving for rådmannen si prioritering: 1. E 39 Kryssing ved Førde Bygg Arbeidet med å betre trafikkavviklinga ved Halbrend skule, ved å betre separering av biltrafikk og skuleborn, har pågått sidan 2006 og er no i 2010 inne i sluttfasen ved bygging av rundkøyring og busstopp i Liavegen. I fylgje tal frå Flatene skule og Halbrend skule kryssar 145 skuleborn E39 to gonger 5
dagleg til og frå skulen, og ei sikker kryssing av E39 bør kome på plass snarast, for å trygge tilhøva ytterlegare i og ved Halbrend skule. har i møte med rådmannen lagt fram konkrete planar for ulike kryssingspunkt av E39. Rådmannen finn det difor rett å prioritere dette tiltaket. 2. FV 481 Angedalsvegen Gjennomføre strakstiltak/fartsdempande tiltak i samsvar med rådgjevar Rambøll AS sin risikovurdering på strekninga Førdehuset - Fossabrua. 3. FV 481 Vegkryss Angedalsvegen Kyrkjevegen. Som eit ledd i arbeidet med å betre trafikktryggleiken i Angedalsvegen, skal vegkrysset flyttast lenger vestover, i samsvar med reguleringsplan, kfr óg risikovurdering frå rådgjevar Rambøll AS. 4. Rv 609 Steinavegen fortau/gangveg Tilhøva for skuleborn på vegstrekket på Rv 609, frå vegkrysset ved E39 og ut til vegkryss til Nedre Fossheim, er svært dårleg då det manglar fortau/gangveg på strekninga. 5. Gamle Vievegen - gatelys Gamle Vievegen er ein mykje nytta skuleveg for born i Slåtten skulekrins. Skulevegen til og frå Slåtten skule går for det meste over vegar med gateleys, men på vegstekket Gamle Vievegen er det ikkje gatelys. 6. Førde barneskule Ved Førde barneskule, med 241 elevar, er det i Elstervegen dårleg separering av skuleborn og biltrafikk som følgje av bringing og henting av skuleborn. Tiltak kan være bygging av fortau/gangveg og einvegskøyring. Tiltak 26 28 er prioritert nedst på lista då tiltaka er av ein slik storleik og art, at dei isolert sett ikkje kan forsvarast som trafikktryggleikstiltak for skuleborn. Tidlegare motteke tilskot Førde kommune har tidlegare motteke tilskot til trafikktryggleiksarbeidet: År Tiltak Tilskot kr. 2005 Utarbeiding av trafikktryggleiksplan 60.000 2006 Trafikktryggleiksplanarbeid Halbrend skule/ barnehage 60.000 2007 Gatelys, Bergum/Strandavegen Haugum barnehage 237.000 2008 Snuplass for buss, Holsen skule 358.000 2009 Fortau/gangveg Vie - Vieåsen 0 2010 Trafikkavvikling Halbrend skule 600.000 Bystyret har i perioden 2007 10 løyvd 2,0 mill kr til trafikktryggleikstiltak. Innan utgangen av 2010 forventar vi å ha brukt rundt kr 1,1 mill kr, ved ferdigstilling av Trafikkavvikling Halbrend skule. Restmidlane på 0,9 mill kr kan nyttast til tiltak nr 3 Vegkryss Angedalsvegen Kyrkjevegen i planen, som er kostnadsrekna til 0,6 mill kr. Dette avheng mellom anna av kommunen får frivillig avtale om grunnavståing. 6
Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Trafikktryggleiksplan 2010, dat. 28.05.10, vert godkjent. Handsaming i Samfunn og utviklingskomite 03.06.2010: Samrøystes vedtak SUK-010/10 Vedtak: Trafikktryggleiksplan 2010, dat. 28.05.10, vert godkjent. Førde, den 28.05.2010 Ole John Østenstad Rådmann Bernhard Øberg Leiar Teknisk forvaltning Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 19.03.2009 Brynjulf Loen vedk. tryggleikstiltak i trafikken 3 I 31.03.2009 Ulltang Grendalag Vedr. rullering av trafikktryggleiksplanen 7 I 14.10.2009 Region vest Statens vegvesen Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar - Aksjon skuleveg - 2010 5 I 16.12.2009 Solheimsdalen Grendalag Lyspunkt på busskura på Fauske, 6 U 08.01.2010 Region vest Statens vegvesen Solheimsdalen og Stølenkrysset Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar - Aksjon skuleveg 2010 - Søknad 8 U 16.02.2010 Solheimsdalen Grendalag Trafikktryggleiksmidlar 9 I 24.02.2010 Rune Hegrenes Angåande søknad om trafikktrygleiksmidlar 11 I 20.04.2010 Bebuarane på Hundvebakke v/steinar Ramberg Innspel til frafikktryggleiksplanen - belysning av gangveg Hundvebakke/Korsavegen. 12 I 28.04.2010 Kjell Tonning Innspel til trafikktryggleik ytre hafstad.2010. 14 I 02.05.2010 Solheimsdalen Grendalag Trafikktryggleiksplanen. 15 I 05.05.2010 Ove Aasen Innspel til trafikktryggleiksplan for Førde kommune 13 I 05.05.2010 Frode Steen Innspel trafikktryggingsplan 16 I 06.05.2010 Slåtten FAU Vedlegg til innspel trafikktryggleiksplanen 18 I 08.05.2010 Førde barneskule RE: Trafikktryggleiksplan 2010 17 I 09.05.2010 Sunde skule FW: Trafikktryggleiksplan 7
19 I 11.05.2010 Tore Steen Trafftryggleiksplan 20 I 19.05.2010 Skora Vel buss-stopp / skur ved Skora 22 I 25.05.2010 FAU v/svein G. Eriksen Trafikksituasjonen langs Angedalsvegen frå Slåtten til Førde Ungdomsskule 23 U 28.05.2010. Trafikktryggleiksplan 2010 24 I 07.06.2010 FAU v/ Slåtten skule INNSPEL TIL KOMMUNENS TRAFIKKTRYGGLEIKSPLAN 2010 8