Program for Hå Venstre 2011.



Like dokumenter
Program for kommunevalget Hå Venstre. Folk først. «Menneske er viktigare enn system. prioriterar folk først.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Politisk program for Jølster KrF

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Til veljarane i Tysnes

Kommunedelplan for oppvekst

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Hemsedal KRF Program

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Ål Venstre. Ål Venstre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

ROGALAND. best i jordvern? ROGALAND

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Teamarbeid og teambuilding

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Arbeidsprogram

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Vedlegg 2, del I. Kolleid

Eit trygt og godt lokalsamfunn

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Program OSTERØY HØGRE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Program for. Seljord Venstre

ETNE VENSTRE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Temamøte i styringsgruppa kommunereform 9. november Tenester

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Program for Masfjorden Venstre

Oversyn over økonomiplanperioden

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Retten til spesialundervisning

Bustadområde i sentrum. Vurdering

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11. desember 2018

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Kvalitetsplan mot mobbing

Strategidokument

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Transkript:

Program for Hå Venstre 2011. Sentrale satsingsområde : Miljø, Småbedrifter, Sosialt ansvar og Skule. Generelt : Hå kommune er for tida ganske svake på miljøpolitikk. Etter at stillinga som miljøvernleiar vart avvikla har det vore minimal fokus på miljøpolitikk i kommunen. Dette vil Venstre gjera noko med! Vassdraga som renn gjennom kommunen er svært viktige for miljø og trivsel i kommunen. Venstre vil gjera vassdraga til ei livsnerve gjennom målretta satsing på å redusere utslepp og på å nytta vassdraga aktivt til friluftsområde og turområde. Kampen om arbeidskrafta kjem til å bli hard i framtida og Hå kommune må gjera ein aktiv innsats for å bli ein meir attraktiv arbeidsplass. Både arbeidsvilkår og lønnsnivå må vera minst på linje med andre kommunar i regionen. Ein aktiv personalpolitikk som tar vare på dei tilsette og legg til rette for utvikling og vidareutdanning er svært viktig. Dette må også omfatta ein seniorpolitikk som gjer det mulig og attraktivt å arbeide fram til oppnådd pensjonsalder og gjerne lengre for dei som ynskjer det. Hå Venstre går inn for eit aktivt samarbeid mellom likeverdige kommunar på Jæren. Alle Jærkommunane har i stor grad dei same utfordringane og den beste måten å løysa desse på er gjennom eit tett og aktivt samarbeid. Kommunesamanslåing er ikkje aktuelt utan at det først har blitt eit fleirtal for det i ei folkeavrøysting. Hå kommune må bli miljøkommune! Venstre vil satsa på desse sakene : Tilsetja ny miljøvernleiar, direkte underlagt rådmannen, som får ansvar for og myndigheit til å gjera Hå til ein aktiv miljøkommune. Hå kommune må arbeida aktivt med å redusera CO2 utsleppa frå eiga verksemd minst i samsvar med nasjonale mål.

Støtta alternative energiformer der det er fornuftig. Både gass, biovarme og fjernvarme bør kunna nyttast der tilhøva ligg til rette for det. Arbeida aktivt for å redusera energiforbruket i alle kommunale bygg gjennom ENØK-tiltak og bruk av alternative energiformer. Støtta det flotte miljøprosjektet i Loen og sjå om erfaringane derifrå kan nyttast i andre deler av kommunen også. Venstre er for vindkraft, men ikkje overalt! Venstre var imot det prosjektet som nå er bygd på Høg-Jæren, men er positiv til nye prosjekt som blir planlagt i samsvar med fylkesdelsplanen for vindkraft. Jordvern er svært viktig for ein sentral jordbrukskommune som Hå. Vidare utbygging av bustader må difor i større grad leggjast til udyrka areal i søre deler av kommunen eller som fortetting i sentrumsnære områder. Dyrka mark skal så langt det er råd brukast til matproduksjon og jordbruk. Ta vare på det biologiske mangfaldet i kommunen, noko som mellom anna betyr å ta vare på dei få restareala og våtmarkene som er igjen i kommunen. Søre Hå frå Vigrestad til Sirevåg - kan i framtida bli eit fantastisk flott utbyggingsområde som er ideelt tilrettelagt for kollektivtrafikk med heile 4 togstasjonar og fleire trivelege bygder. Her er det areal nok til både næringsområde, bustadområde og fritidsbustader. Venstre vil laga ein samla plan for dette området slik at ein kan få ein betre og samanhengande infrastruktur og fleire felles anlegg til mange ulike formål. I dette området kan det enkelt leggjast til rette for vidare utbygging på lite produktive areal slik at dette vil også vera eit godt tiltak for jordvern på Jæren. Kollektivtilbudet til dette området må rustast kraftig opp slik at det å reisa kollektivt blir eit godt alternativ på linje med Bybanen på Nord-Jæren. Togstasjonane i området må rustast opp og det må vera gode parkeringsmuligheter nær stasjonen. Det må lagast ny vegforbindelse i første rekke mellom Stokkelandsmarkene og Brusand som bind dette området betre saman. Deretter må heile vegstrukturen i området gjerast betre og det må byggjast samanhengande gang- og sykkelvegar i området. Alle kommunale tilbod i området må sjåast i samanheng og opprustast i høve til ei framtidig utbygging. Det må regulerast inn fleire nye og attraktive bustad- og nærings-område og kommunen må delta aktivt i å marknadsføra denne delen av kommunen som eit alternativ til hardt pressa jordbruksareal lenger nord. Dei flotte tur og fritidsområda som finst i dette området må tas godt vare på og nyttast aktivt for å trekkja nye folk til området. Alle sentra i kommunen skal ha som mål å vera ein triveleg samlingsstad for innbyggjarane. Venstre vil laga nye sentrumsplanar for alle sentra i kommunen med fokus på gode møteplassar, trivelege buområde og sentrumsnære grøntområde. Eit hovudmål for slik planlegging må vera at så mange som råd skal kunna gå til fots både til jobb og til sentrum til butikken og andre sentrumsfunksjonar og til togstasjonen når dei treng å reisa vidare.

Både Nærbø og Varhaug sentrum bør gjennomgåast kritisk og på sikt gjerast om til trivelege nærings- og bustadområde. Areala som ligg nærast togstasjonane bør nyttast til intensive buområde og arbeidsintensive næringsareal. Sentrumsfunksjonane på Nærbø bør ikkje strekkast ut over enda større areal. Det eksisterande sentrumsområdet må gjerast meir attraktivt for publikum og næring. Meieritomta bør ikkje nyttast til funksjonar som gjer at mjuke trafikkantar må kryssa ein sterkt trafikkert veg for å nå desse utan at det vert laga gode løysingar for dette. Gjera fleire gater i bustadsområdene om til miljøgater som er trivelege og trygge for dei som bur der. Vassdraga som renn gjennom kommunen er svært viktige for miljø og trivsel i kommunen. Venstre vil arbeida aktivt for å forbetra vasskvaliteten i alle vassdraga i kommunen og nytta desse områda aktivt i friluftssamanheng. Arbeida aktivt for å byggja eit samanhengande nettverk av turveier i kommunen, t.d. langs vassdraga i kommunen der dette er mulig og gjera dei til attraktive friluftsområde for innbyggjarane. Samferdsel både kollektivtilbod og trygge bilvegar - er eit nøkkelområde for heile kommunen. Jærbanen er ryggrada i kollektivtilbodet i kommunen og må utviklast vidare. Trygge bilvegar er heilt nødvendig for å skapa livskraftige bygder der andre tilbod ikkje kan nyttast. Ved utbygging av nye bustadområde må ein ha som mål at eit kollektivtilbod må vera på plass før utbygginga tar til. Gode reisevanar må lærast tidlig. Dobbelsporet / bybanesatsinga må forlengast til heile Hå så snart som råd slik at pendlarar i heile kommunen kan reisa kollektivt til og frå Stavanger / Sandnes området. Første del av ei slik satsing er ei utbetring av kryssingsspora langs Jærbanen som vil kunna gi store deler av Hå togavgangar kvart 15 minutt. Alle jernbanestasjonar må rustast kraftig opp og gjerast tilgjengelige for alle brukargrupper. Det må finnast gode og trygge parkeringsalternativ for bil og sykkel i nærleiken. Fortsetja det gode arbeidet for å byggja eit samanhengande nettverk av gang- og sykkelstiar i kommunen. Byggja gang- og sykkelsti frå Nærbø til Kviamarka industriområde så snart som råd. Sats på småbedriftene! Hå skal framleis vera ein av landets fremste jordbrukskommunar. Bønder er i høgste grad også småbedrifter og må sjåast på som viktige arbeidsplasser i kommunen. Jordbruket må drivast på ein bærekraftig måte slik at dei matvarene som blir produsert i Hå er trygge og ettertrakta hjå forbrukarane.

Hå har tidvis vore ganske flink når det gjeld politikk for etablerarar og småbedrifter. Denne politikken vil vi støtta og byggja vidare opp omkring. Industriområdet i Kviamarka må øyremerkas til næringsmiddelindustri og Hå bør aktivt stø opp under ei livskraftig klynge av slike bedrifter i området. Venstre vil arbeida aktivt for å stimulera til meir næringsmiddelindustri. Satsinga på hamna i Sirevåg og tilknytt industri må vidareførast. Venstre vil vidareføra det interkommunale samarbeidet om etableringstiltak på Jæren. Industri høyrer til på industriområde. Mindre attåtnæringar i tilknyting til landbruket må kunna etablerast i LNF-områder så lenge desse ikkje fører til ulemper for miljø og nabolag. Turistsatsing knytt til friluftsliv, landbruk og matkultur og kulturturisme med røter i t.d. Jærmuseet og Hå Gamle Prestegard er naturlege satsingsområde i Hå. Ein god kommune for alle! Hå er ein god kommune for eldre. Denne politikken vil Venstre støtta og byggja vidare opp omkring. Eldre, funksjonshemma og andre som treng hjelpetiltak har same krav på aktivitetar og meiningsfylte liv som andre grupper. Dette må det leggjast vekt på ved fordeling av kulturmidlar og andre aktuelle budsjettpostar. Ordninga med støttekontakt og treningskontakt for dei som treng slike tiltak må styrkast. Venstre vil arbeida for å få til eit langsiktig samarbeid med dei andre Jærkommunane om felles legevakt og andre helsetiltak. Helsestasjonen på Nærbø treng sårt til fornying og ei ny løysing for denne må finnast snart. Hå har eit narkotikaproblem som må tas på alvor og som krev at alle gode krefter samarbeider. Venstre er positiv til å samarbeida med frivillige organisasjonar og andre som kan bidra positivt gjerne i samarbeid med skulen. Venstre er positive til å hjelpa flyktningar som treng hjelp. Hå kommune er godt i stand til å ta imot fleire flyktningar enn i dag og syta for at desse blir integrert og får meiningsfylt arbeid og fritid så snart som råd. Skule for framtida! Venstre vil satsa på skulen og ser ingen grunn til at ikkje Hå skal ha eit høgt kvalitetsnivå på alle trinn. Venstre vil sikra ressursar til skulane slik at vi kan ha ein skule på høgde med dei beste kommunane i landet. Det må sikrast gode ressursar også til elevar med spesielle behov gjennom å styrka samarbeidet mellom PPT og skulen, styrka sosiallærarfunksjonen på skulane og å gi større ressursar til spesialundervisning. Nytilsette lærarar må sikrast god oppfylging og rettleiing slik at dei trivest i skulen og kan ta vare på elevane på ein god måte.

Alle lærarar som har vore tilsett i 10 år eller meir skal ha rett på eit halvt års permisjon med løn til vidareutdanning. Ta vare på og byggja vidare på dei grendeskulane vi har. Venstre ser ingen grunn til å leggja ned nokon av desse. At det skal vera barnehageplass til alle som vil ha bør vera sjølvsagt i ein kommune som Hå og desse barnehagane skal ha eit godt pedagogisk innhald. Alle barnehagar må få like vilkår for drift. Leikeplassane rundt omkring i kommunen særleg på eldre felt treng sårt til opprusting. Leikeplassane er viktige både for borna og som møteplassar for dei vaksne og må haldast godt vedlike, både for å ivareta trivselen og sikkerheita. Kultur for trivsel og eit rikare liv! Venstre ser på alle frivillige organisasjonar i kommunen som ein stor ressurs og vil samarbeida aktivt med desse for at dei skal få betre arbeidsvilkår. Hå har fleire idrettslag der frivillige gjer ein fantastisk innsats. Denne innsatsen må kommunen visa at dei set pris på. Samarbeidet om bygging og drift av idrettsanlegg må vidareførast aktivt. Venstre vil arbeida aktivt for å realisera eit symjeanlegg av høg kvalitet på Varhaug på ein god måte. Det bør greiast ut om dette kan bli eit regionalt anlegg. Venstre vil bidra til bygging av nytt idrettsanlegg i Mattingsdal for å støtta det gode arbeidet som blir gjort der. Hå Gamle Prestegard er eit av dei fremste sentra for kunst og kultur i landet. Venstre vil byggja vidare på dette og vil stemma for budsjettrammer som gjer dette mulig. Jærmuseet er også i ferd med å bli eit leiande museum i landet. Hå må vera aktiv i det interkommunale samarbeidet omkring dette. Samarbeidet mellom Jærmuseet og Hå Gamle Prestegard må halda fram og nyttast aktivt i turistsatsinga og i profileringa av kommunen.