OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 15.03.2005 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 16.03.2005 Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
MØTEBOK SØKNAD OM KJØP AV TOMT Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: 611 &50 Arkivsaksnr.: 04/01566 Saksnr.: Utval Møtedato 0151/04 Os Formannskap 14.09.2004 0162/04 Os Formannskap 21.09.2004 0047/04 Os eldreråd 13.09.2004 0038/05 Os Formannskap 15.03.2005 Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram for prinsipiell drøfting i formannskapet. Os, 15.03.05
Behandling i Os eldreråd i møte 13.09.2004 Leiaren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Gjennom sak nr. 0151/04 i Os formannskap, er Os eldreråd gjort kjent med at Os Røde Kors søkjer om å få overta kommunalt areal ved Gymnasvegen/Idrettsvegen. Eldrerådet gjer med dette formannskapet merksam på at dette er eit av dei areala som rådet har peikt på som aktuelt for t.d. omsorgsbustader. Eldrerådet ber difor formannskapet om at denne side av saka også vert vurdert under drøftingane. Av sakspapira går det fram at Os Røde Kors på sikt ønskjer å finna annan stad for aktivitetane sine. Eldrerådet ønskjer då å få vera med i drøftingane om kva noverande rødekorsareal skal nyttast til. Eit såpass attraktivt areal er også interessant for den målgruppa eldrerådet arbeider for. Behandling i Os Formannskap i møte 21.09.2004 Rådmann Lars Atle Skorpen Hansen var ugild i denne saka. Espen Aspenes (FrP) var ugild i denne saka. Lisbeth Axelsen (H) kom med framlegg om å utsetja saka til sak om ny brannstasjon er handsama. Axelsen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Søknad om kjøp av tomt til Os Røde Kors vert utsett til saka om ny brannstasjon er handsama. Behandling i Os Formannskap i møte 14.09.2004 Saka vart utsett. Saka vart utsett. Side 3 av 5
Vedlegg: Vedlegg 1 Brev Os Røde Kors, 09.07.04 Vedlegg 2 Saksframlegg Os formannskap 21.09.04 Vedlegg 3 Saksprotokoll Os formannskap 21.09.04 Vedlegg 4 Brev til Os Røde Kors, 22.09.04 Vedlegg 5 Svarbrev fra Os Røde Kors, 31.okt. 04 Vedlegg 6 Kart Kolskogen Saksopplysningar: Os formannskap handsama i møte 21.sept. 2004 søknad frå Os Røde Kors om tomt til nytt hus for Os Røde Kors/ Os Røde Kors Ambulanseteneste AS (vedlegg 1 og 2). Formannskapet fatta då følgjande samrøystes vedtak (vedlegg 3); Søknad om kjøp av tomt til Os Røde Kors vert utsett til saka om ny brannstasjon er handsama. Grunnlaget for utsettinga var ynskje om å få vurdert samlokalisering av redningsetatane i samband med bygging av ny brannstasjon i kommunen. I etterkant av formannskapet si handsaming vart også Os Røde Kors tilskriven med førespurnad om å gje innspel til ei eventuell fysisk deling av lagsdrifta til Os Røde Kors og ambulansetenesta (vedlegg 4). Os Røde Kors kommenterte dette i brev av 31.okt. 2004, og konkluderte med at dei opprettheld sitt ynskje om tomt til felles utbygging for både ambulansetenesta og lagsdrifta. Røde Kors ser først føremoner med samlokalisering av redningstenestene når politi og brannvesen i framtida evt. får krav om døgnkasernert drift (vedlegg 5). Nyleg vart ordførar på ny kontakta av Røde Kors v/kristian Strønen og Johannes Søfteland. Dei hadde vurdert konkrete tomtealternativ i Kolskogen, herunder ei lokalisering knytt til den tidlegare eigedommen til Oskraft AS (vedlegg 6). Denne eigedommen er no eigd av Knut Jarle og Espen Aspenes (Alutec AS). Det aktuelle arealet grensar til Os kommune v/den nye trassen for E39, og ein kan evt. sjå føre seg at to mindre parsellar, frå høvesvis Alutec AS og Os kommune, til saman kan gje ei god tomt til Os Røde Kors sitt føremål. har vore på synfaring i området, og fått klarlagt at Alutec AS er open for å selja det aktuelle området, og at vegtilkomst kan leggjast frå innkøyringa til Os vidaregåande skule og over deira eigedom. Dersom Os kommune vil gå vidare i prosessen for å sikre Røde Kors tomt i området, finn Alutec AS det rett at tomtepris vert fastsett ved hjelp av uavhengig takstmann/menn. Evt. kan Alutec AS også vurdera eit makebytte med anna areal som Os kommune eig mellom E39-trase og deira eigedom, som delvederlag for parsellen. Side 4 av 5
Os Røde Kors ynskjer ei rask attendemelding på om Os kommune kan være villig til å bistå med den aktuelle tomten. Dersom ein vel å gå vidare kan det være aktuelt å nytta steinmassar frå E39-arbeidet for å opparbeida arealet. Saka vert med dette lagt fram for Os formannskap for ny drøfting og evt. vedtak. Os, 15.mars 2005 Side 5 av 5