Etablering av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. Vedlegg 1. Rapport Delprosjekt førebygging - miljøretta helsevern, smittevern og folkehelse. BAKGRUNN FOR SAKA For å nå målsettingane i St.meld. nr 47 (2008-2009) Samhandlingsreforma Rett behandling på rett stad til rett tid, vart det i 2009 etablert eit interkommunalt prosjektsamarbeid mellom kommunane i SIS (Jølster, Naustdal, Førde, Gaular og Flora), HAFS-regionen (Fjaler, Hyllestad, Askvoll og Solund) og Balestrand, Høyanger og Bremanger. Prosjektet er organisert slik: Organ Kven deltek Styringsgruppe Ordførarane i dei samarbeidande kommunane Helse Førde v/ utviklingsdirektør Prosjektgruppe Arve Helle, ordførar Fjaler kommune Håkon Myrvang, ordførar Naustdal kommune Håkon Fimland, kommunalsjef Førde kommune Jan Helge Dale, kommuneoverlege Flora kommune Kjell Idar Dvergsdal, helse- og sosialsjef Gaular kommune Arvid Eide, leiande fysioterapeut Fjaler kommune Arve Varden, rådmann Høyanger kommune Randi Ytrehus, kommunalsjef Bremanger kommune Vidar Roseth, samhandlingssjef Helse Førde ------ Prosjektmedarbeidarane Elisabeth Aven, Magni Håvardstun og Øystein Høyvik. Prosjektmedarbeidarar Elisabeth Aven, 100% engasjement, Førebygging Magni Håvardstun, 100% engasjement, Rehabilitering Øystein Høyvik, 50% engasjement, Koordinering Arbeidsgrupper Tilsette i og mellom kommunar Representantar frå dei tilsette og brukarane sine organisasjonar Andre ved behov Referansegrupper Brukarutvalet i Helse Førde Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Eldrerådet i den enkelte kommune Andre ved behov Prosjektsamarbeidet har sett fokus på fagområda koordinering, førebygging og rehabilitering, og det er utarbeidd delprosjekt for kvart av fagområda. Denne saka gjeld for delprosjekt førebygging, som har kartlagt fagområda miljøretta helsevern, smittevern og folkehelse i kommunane. Dei prosjekt-tilsette har arbeidd med å informere og rettleie kommunane i høve samhandlingsreforma, kartlegge status for fagområda og har i samarbeid med prosjektgruppa utarbeidd forslag til løysingar på ulike problemstillingar knytt til kartleggingane.
Nytt lovverk Samhandlingsreforma og ny Folkehelselov stiller større og tydlegare krav til kommunane om å setje fokus på det førebyggande helseabeidet. Kommunane må organisatorisk ruste seg til å ta ansvar for det kommunale førebyggande helsearbeidet på systemnivå. Dei må bygge opp system som gir oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar for utvikling av god og dårlig helse. Betre oversikt er grunnleggande for prioritering av målretta og effektive tiltak. Kommunane skal ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse og tilsetje legar som er samfunnsmedisinske rådgjevarar, med arbeidsoppgåver som folkehelsearbeid med epidemiologiske analysar (helseovervaking), og med kompetanse innan miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap, m.m., som er delegert frå kommunestyret. Samfunnsmedisinsk rådgjevar vert ein viktig premissleverandør for kommunal planlegging i det å utvikle gode styringsdata om sjukdommar og ulike helsebehov i befolkninga. Samfunnsmedisinsk rådgjevar skal bidra med kunnskap om helseforhold inn i kommunale budsjett-, plan- og vedtaksprosessar og ha ei sentral rolle i dialog med fastlegene. Den store utfordringa til kommunane generelt er å sikre seg tilstrekkeleg samfunnsmedisinsk kompetanse. Kommunar kan difor samarbeide med andre kommunar om tilsetjing av samfunnsmedisinsk rådgjevar, t.d. i eit interkommunalt samarbeid som det vert tilrådd i denne saka her. Kort oppsummering og konklusjon av kartlegging av miljøretta helsevern, smittevern og folkehelse i samarbeidskommunane. Generelt: Det er mange som arbeider med miljøretta helsevern og smittevern, men ressursbruken på områda er marginal og fragmentert, grunna små stillingsbrøkar kombinert med andre stillingar. Det er vanskeleg å tenkje overordna strukturar og system når ein sit i driftsavdelingar, og i tillegg har små stillingsbrøkar. Det er òg vanskeleg å arbeide tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt. Miljøretta helsevern: Kommunane løyser dei oppgåvene som ligg til teknisk drift på ein god og kvalitetssikker måte, t.d. vatn, avløp, basseng, avfallshandtering, drikkevatn m.m. Oppgåver som ligg under helsetenesta vert løyst meir ulikt: Kommunane er gode på krisehandtering og smittevern. Dei har planar, men kommunane melder at dei treng hjelp til dette, og at dei ikkje deltek aktivt i kommunale planprosessar. Mange kommunar melder også at dei har system og rutinar for miljøretta helsevern i skular og barnehagar, men dei fleste svarar ikkje på om skulane og barnehagane er godkjende. Dei områda flest kommunar seier dei ikkje har gode system for er helseovervaking og planarbeid, klima, stråling, støy, luft og fukt, informasjon og publikumssaker og sosiale miljøfaktorar. Smittevern: Alle kommunane melder at dei har gode system og rutinar i høve; vaksinasjon, tuberkulosearbeid, smittehandtering og 1. gongsundersøking av flyktningar.
Når det gjeld familiegjenforeining og partnarar som kjem frå andre land som kjem til kommunane, så er det under halvparten av kommunane som seier at dei får melding om dei. Mange av kommunane seier at det ofte er tilfeldig at helsetenesta får informasjon om desse personane. Folkehelse: Seks kommunar har folkehelsekoordinatorar. Folkehelsekoordinatorane sine arbeidsmetodar er: Igangsetjarar og pådrivarar. Rådgjeving, opplysning og undervisning. Dei er bindeledd mellom offentlege, private og frivillige aktørar. Dei arbeider med planar, system og søknader, og implementering av dette i organisasjonen. Kommunale lærings- og meistringstilbod: Under halvparten av kommunane svarer at dei har eigne lærings- og meistringstilbod i kommunal regi. Nokre kommunar (nabokommunar) brukar Helse Førde sine tilbod, og ser ikkje behov for å lage eigne lokale tilbod (eks. Aktiv-på-dagtid). Om lag halvparten av kommunane melder at dei har eigne lærings- og meistringstilbod til barn og unge. Område som kommunane ønskjer samarbeid på: Miljøretta helsevern og smittevern: system- og metodeutvikling, planarbeid, kompetanse og personalressursar og helseovervaking med felles smittevernlege. Folkehelse: Frisklivssentral, lærings- og meistringstilbod, kompetanse og ressursar (folkehelsekoordinator), plan og system, nettverk, arrangement, rusførebygging og helseundersøkingar. Prosjektgruppa si tilråding På bakgrunn av kartlegging av fagfelta, faglege og økonomiske vurderingar, så tilrår prosjektgruppa at: samarbeidskommunane bygger opp eit interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. Personalgruppa vil vere slik: eitt årsverk samfunnsmedisinsk rådgjevar med smittevernskompetanse og tre årsverk med 3-4-årig fagutdanning innan helse, miljøhygiene, ingeniør, planarbeid, m.m. oppbygging av eit godt fagmiljø bør prioriterast framfor nærleik til kommunane, slik at Flora kommune, som har eit fagmiljø, vert tilrådd som vertskommune. det interkommunale samarbeidet blir organisert på rådmannsnivå i vertskommunen (Flora) på grunn av dei overordna arbeidsfelta. kommunane delegerer ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving til det interkommunale samarbeidet. I tillegg tilrår prosjektgruppa at alle kommunane nyttar seg av fylkeskommunen sitt system og fagnettverk for «Partnarskap for folkehelse», men dette må det lagast eiga sak på.
SAKSUTGREIING (ØKONOMI) Prosjektgruppa tilrår ein betalingsmodell med slik fordeling; 50% likt mellom kommunane og 50% etter folketal. Dette fordi mange av arbeidsoppgåvene i det tilrådde interkommunale samarbeidet om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving vil ha ein overordna og planmessig karakter. Slike oppgåver er like ressurskrevjande om kommunen er liten eller stor. Dette er oppgåver som system- og metodeutvikling, planarbeid, samfunnsmedisinsk rådgjeving, m.m. Til samanlikning med andre interkommunale løysingar innan miljøretta helsevern, så vil den samfunnsmedisinske rådgjevarfunksjonen vere ein ny i tilsvarande samarbeid. Eit kostnadsoverslag i høve lønsmidlar og driftsutgifter synar at eit interkommunalt samarbeidet vil ligge på om lag kr 3 mill. årlag. For 2012 ville ei kostnadsfordelinga mellom kommunane vore slik: Kommune Folketal 2012 50% likt fordelt mellom kommunane 50% etter folketal Totalt 1401 Flora 11654 125 000,- 349 620,- 474 620,- 1412 Solund 851 125 000,- 25 530,- 150 530,- 1413 Hyllestad 1461 125 000,- 43 830,- 168 830,- 1416 Høyanger 4216 125 000,- 126 480,- 251 480,- 1418 Balestrand 1138 125 000,- 34 140,- 159 140,- 1428 Askvoll 3010 125 000,- 90 300,- 215 300,- 1429 Fjaler 2832 125 000,- 84 960,- 209 960,- 1430 Gaular 2848 125 000,- 85 440,- 210 440,- 1431 Jølster 3052 125 000,- 91 560,- 216 560,- 1432 Førde 12307 125 000,- 369 210,- 494 210,- 1433 Naustdal 2710 125 000,- 81 300,- 206 300,- 1438 Bremanger 3891 125 000,- 116 730,- 241 730,- Totalt 49970 1 500 000,- 1 499 100,- 2 999 100,- Summane over vil variere noko frå år til år, og vil bli regulert etter lønns- og kostnadsutvikling, folketal og vedteke budsjett. Dersom nokre av kommunane vel å ikkje vere med, må ein vurdere ulike alternativ i høve dimmensjonering av eit samarbeid sett i høve dei kommunane som ønskjer å vere med. FRAMDRIFTSPLAN Dersom alle kommunane vel å gå inn for denne tilrådinga ser ein føre seg slik framdrift: Alle kommunale vedtak om samarbeid på plass innan sommaren 2012. Oppstart av Interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving 01.01. 2013. Ein må rekne med ei viss forskyving av framdriftsplanen, dersom nokre av kommunane vel å ikkje vere med. Då må ein vurdere ulike alternativ i høve dimmensjonering av eit samarbeid sett i høve dei kommunane som ønskjer å vere med.
RÅDMANNEN SI VURDERING For å nå målsettingane som kommunen blir stilt overfor i samband med gjennomføring av den førebyggande delen av Samhandlingsreforma og ny Folkehelselov, vurderer Rådmannen at det er av avgjerande vekt at kommunen deltek og støttar opp om prosjektgruppa sitt forslag til interkommunalt samarbeid på dei førebyggande fagområda; miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. RÅDMANNE SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK 1... kommune vert ein av samarbeidskommunane i interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving, jf. saksutgreiing. 2. kommune delegerer med dette ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving til det interkommunale samarbeidet med Flora kommune som vertskommune. 3. Rådmannen kjem tilbake med ny sak i høve finansiering av samarbeidet.