Sjukefråvær i den vidaregåande skulen - framlegg til handlingsplan for å førebyggje og redusere Dette dokumentet er utvikla av arbeidsgruppa i prosjektet Sjukefråvær i den vidaregåande skulen korleis blir det opplevd av lærarane?. Framlegga er basert på tre hovudkjelder: 1. Rapporten Mellom pengar og pedagogikk frå UNI Rokkansenteret, ein kvalitativ intervjuundersøking hausten 2010 med 25 informantar frå 3 vidaregåande skular i Hordaland 2. Ein workshop med deltakarar frå 6 andre vidaregåande skular i fylket, samt fylkestillitsvalde, arrangert 26. januar, og leia av NAV Arbeidslivssenter Hordaland 3. Diskusjonar i ei utvida arbeidsgruppe med repr. frå Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag, Norsk Skolelederforbund, Fylkeshovudverneombodet, HMTseksjonen, Opplæringsavdelinga, Personalseksjonen og NAV Arbeidslivssenter Hordaland. Framlegga vil i tråd med prosjektplanen verte oversendt Hovudarbeidsmiljøutvalet (HAMU) for vidare handsaming. Det vert så fylkesrådmannen og leiinga elles i HFK som avgjer kva for tiltak ein vil gjennomføre. Dette dokumentet vil følgje som vedlegg til prosjektrapporten, saman med rapporten frå UNI Rokkansenteret 1
Kva er bra? Forskingsrapporten og etterfølgjande drøftingar peikar på at det er mykje bra å ta vare på i skulane våre. Lærarane fortel om: - eit relativt lågt nivå på sjukefråværet - god kollegial støtte i kvardagen, og gode relasjonar til elevane - godt arbeidsmiljø, sosialt og fagleg Kva kan verte betre? På dei neste sidene kjem eit oversyn over dei tiltaka prosjektet legg fram, tiltak som ein trur kan virke til å førebyggje og evt. redusere sjukefråvær. Tiltaka er delt i tre bolkar: A. Arbeidsmiljø hmt personalarbeid B. Organisering C. Samhandling leiing 2
A. Arbeidsmiljø hmt personalarbeid 1 Systematisk leiaropplæring i hmt-arbeid, IA, personalarbeid og konflikthandtering Avd.leiarar, rektorar org.avd. -13 2 Systematisk hmt- og IA-arbeid som tema på informasjonsdag for rektorar Rektorar 2 x årleg 3 Systematisk arbeidsmiljøarbeid som regelmessig tema i plenumsmøte /avd.møte/seksjonsmøte og i digitale fora Rektor avd.leiar Kont. 4 Styrking av prosjektmidlar til AktivKvarDag Org.avd. HMT-seksj. rektor 5 Utvida kurstilbod i høve Meistring av truslar og vald (MATV) - Utvide målgruppa, fleire lærarar får tibod, eige kurs om handtering av atferdsprobl. blant elevar Aktuelle lærarar + miljøarb. HMT-seksj., 2 x årleg 3
B. Organisering 6 Utvikle retningsliner for vikarbruk ved sjukefråvær Alle lærarar Rektor Oppl.avd Kont. 7 Utgreie tiltak for betre ivaretaking av nytilsette, til dømes iverksetting av introduksjonsprogram og rettleiarordning Alle nytilsette Org.avd 8 Koordinering av kurs og samlingar, tilpassa årshjulet for skulane Org.avd. 9 Samordning av IKT-verktøy (Personalportalen, Extence, Kvalitetssystemet) Org.avd -12 10 Informasjon om ansvar og roller i leiinga på den einskilde skule Rektor, Oppstart skuleår 11 Avklare bruk av seniortid redusert leseplikt Lærar 55+ HTV *) *) HTV = Hovudtillitsvald 4
C. Samhandling - leiing 12 Møte om praktisering av arbeidstidsavtalen, under dette avsetting av tid til faglegpedagogisk utviklingsarbeid Alle lærarar HTV 13 Medarbeidarsamtaler med livsfaseperspektiv, med systematisk oppfølging Næraste leiar 14 Vurdere rutinar og ressursbehov ved fordeling av elevar med særskilte behov Alle lærarar 2012 15 Avklare drøftingsrutinar på fylkesnivå i forkant av rundskriv, instruksar m.m. Partane på fylkesnivå Org.avd., 16 Fellesskulering i hovudavtalen/avtaleverket - Medverknad, rolleavklaring/-forståing, samhandlingsrutinar, spelereglar Leiarar med pers.ansvar, plass-tv, HVO, VO Partane på fylkesnivå: Org.avd. HTV 5